7 Sluttkommuniké frå Ministermøte i Det nordatlantiske rådet i Brussel 4. desember 2003
Idet vi møtest i dag, arbeider NATO for å tryggje freden gjennom sine operasjonar, spreier stabilitet gjennom partnarskap med andre og forsterkar verdifellesskapen med den mest omfattande utvidinga av NATO nokon gong. Atlanterhavsalliansen er no som før grunnlaget for fellesforsvaret og det sentrale transatlantiske tryggingsforumet. Vi har i dag gjort opp status for den pågåande omdanninga av NATO, der siktemålet er å stå klar til å møte dei truslar og tryggingsutfordringar frå alle hald som befolkningane, territoria og styrkane våre står overfor i det 21. hundreåret, og har peika ut arbeid som må gjerast før toppmøtet i Istanbul i juni neste år.
Vi ser fram til å ta opp sju nye medlemsland i Alliansen før Istanbul-toppmøtet, noko som vil gjere det euroatlantiske området tryggare å leve i for alle. Vi gler oss over at kollegaene våre frå desse landa, som sluttar seg til dette kommunikeet, har vore med oss i dag. Dei nye medlemslanda vil formelt tiltre Alliansen så snart ratifikasjonsprosessen er ferdig. Vi gler oss over den vesentlege innsatsen dei inviterte landa allereie gjer for tryggleiken, og over framgangen dei har hatt i reformarbeidet sitt, og oppmuntrar dei til å halde fram på denne vegen.
Vi avviser og fordømmer kategorisk alle former for terrorisme. Vi gjev uttrykk for djup medkjensle med alle offer for terrorisme og for vår urokkelege solidaritet med dei allianselanda som er råka. NATO er fast bestemt på å bruke alle tilgjengelege middel og å samarbeide fullt ut med andre internasjonale organisasjonar og med eigne partnarar om å slå ned dette vondet. Vi gler oss over framgangen i gjennomføringa av tiltakspakken frå Praha-toppmøtet, som skal gje NATO betre kapasitet til å svare på terrorisme, og over den permanente etterretningseininga mot terroristtruslar som nyleg er oppretta. NATO-operasjonen Active Endeavour, der vi samarbeider med Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen, er framleis eit viktig innslag i kampen mot terrorisme i Middelhavet, og operasjonen har vore med på å tryggje området gjennom antiterrorovervaking til sjøs, bordingsoperasjonar i det austlege Middelhavet og eskorte av utpeika allierte skip gjennom Gibraltar-stretet.
I Afghanistan leier Alliansen no den internasjonale tryggingsstyrken (ISAF) under FN-mandat. Denne operasjonen demonstrerer at vi står parat til verne om den felles tryggleiken ved å sende styrkar dit Alliansen vedtek. Målet er å hjelpe fram ein samla og suveren stat som er integrert i verdssamfunnet, mellom anna ved å hjelpe overgangsstyret i Afghanistan med å oppretthalde tryggleik og stabilitet og med å gjennomføre valprosessen i samsvar med Bonn-prosessen. Vi vedtok at ISAF gradvis skal utvidast ut over Kabul i samsvar med resolusjonar frå Tryggingsrådet i FN, mellom anna i form av styrkar i avgrensa omfang som kan utplasserast mellombels for å utføre spesifikke oppgåver, føresett at alle militære vilkår er oppfylte og at behova i samband med Kabul-oppdraget er stetta. Vi vil framleis vurdere omfanget av slike spesifikke oppgåver. Vi gler oss over at Tyskland som eit pilotoppdrag har sendt eit PRT-lag (Provincial Reconstruction Team), underlagt ISAF, til Kunduz. Vi reknar med at det vil bli etablert fleire slike PRT-einingar, og meiner at det kan bli aktuelt for ISAF å ta på seg den militære kommandoen over desse når militære behov og kapasitetar tilseier det. For å nå desse måla vil det vere nødvendig å rådføre seg med rammenasjonane for PRT og å hente inn bidrag derfrå, og nødvendige ressursar må stillast til disposisjon, mellom anna ved Kabul internasjonale lufthamn. Vi vil stadig vurdere korleis NATO skal medverke til stabiliseringsarbeidet i Afghanistan. Det er nødvendig å sikre tett samordning og samarbeid mellom ISAF og operasjon Enduring Freedom, og også med den afghanske nasjonalhæren. Styrkane våre vil også måtte arbeide nært saman med FN-hjelpestyrken til Afghanistan og andre internasjonale organisasjonar i området, mellom dei Den europeiske unionen.
Vi gjev Det faste rådet i oppdrag å utarbeide ein fullstendig strategi for NATO-engasjementet i Afghanistan i tide til Istanbul-toppmøtet, i nært samråd med andre internasjonale organisasjonar og det afghanske overgangsstyret. Vi gler oss over at Hikmet Çetin frå Tyrkia er utnemnd til stillinga som sivil seniorrepresentant for NATO i Afghanistan.
Alliansen støttar den polske leiinga av ein fleirnasjonal divisjon i Irak. Det nordatlantiske rådet vil jamleg vurdere NATO-bidraget til stabiliseringsinnsatsen. Vi gler oss over vedtakinga av tryggingsrådsresolusjon 1511 om Irak, og forpliktar oss til full gjennomføring av denne for å gjenopprette stabile og trygge tilhøve i landet og føre styringsansvar og styringsmakt tilbake til folket i Irak. Vi gler oss difor over avtalen om den politiske prosessen som vart underteikna i Bagdad den 15. november 2003. Fred, stabilitet og gjenreising i Irak har framleis høg prioritet.
Tryggingssituasjonen i den strategisk viktige Balkan-regionen er stabil, men utsett. Vi stadfester vår støtte til territorial integritet og suverenitet for alle land på Balkan. Vi ønskjer oss varig stabilitet og fred i regionen.
Oppdraga på Balkan er framleis i utvikling. Den betra tryggingssituasjonen i Bosnia-Hercegovina vil gje rom for ytterlegare reduksjonar i SFOR innan neste vår. I månadene framover vil allianselanda vurdere ulike alternativ for SFOR når det gjeld framtidig struktur og omfang, og vil mellom anna vurdere avvikling av operasjonen innan utgangen av 2004, overføring til eit nytt EU-oppdrag innanfor ramma av Berlin Pluss-ordningane og til eit nytt NATO-hovudkvarter i Sarajevo. Vi gjev Det faste rådet og militærstyresmaktene i NATO i oppdrag å drøfte Bosnia-Hercegovina med tilsvarande instansar i EU, i samsvar med avtala tekstar og prosedyrar og innanfor ramma av Berlin Pluss. Vi vil i aktuelle tilfelle rådføre oss med alle andre involverte partar, også styresmaktene i Bosnia-Hercegovina.
I Kosovo er KFOR-nærværet framleis avgjerande. Vi gler oss over framlegget frå kontaktgruppa om å fastsetje ein dato for å vurdere framgangen i Kosovo når det gjeld å oppfylle internasjonalt vedtekne normer. Vidare framgang i retning av ein prosess for å bestemme den framtidige statusen til Kosovo, i samsvar med FN-resolusjon 1244, vil vere avhengig av utfallet av denne vurderinga. Vi oppmuntrar alle partar til å arbeide konstruktivt for å oppfylle dei avtala normene og å støtte det arbeidet Harri Holkeri gjer som spesialrepresentant for Generalsekretæren i FN. Direkte dialog mellom Beograd og Pristina om praktiske spørsmål av gjensidig interesse er framleis eit avgjerande kriterium og eit uomgjengeleg element i den «normer før status»-politikken som verdssamfunnet legg til grunn; vi oppmodar Beograd og Pristina til å samtale vidare i god tru.
Vi står fast på at vi vil hjelpe landa på Balkan til å bli fullt integrerte i dei euroatlantiske strukturane. Vi oppmuntrar til regionalt samarbeid mellom dei balkanske landa. Vi forventar at dei tek hand om og gjennomfører presserande reformer. Dei må oppfylle alle internasjonale tilsegner, mellom anna om å samarbeide fullt ut med Den internasjonale forbrytardomstolen for Det tidlegare Jugoslavia (ICTY) når det særleg gjeld å stille for retten alle som er tiltala av domstolen, først og fremst Radovan Karadzic og Ratko Mladic men òg Ante Gotovina, slik resolusjon 1503 frå Tryggingsrådet i FN krev.
Vi oppmodar regjeringa og alle politiske aktørar i den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia til å arbeide vidare mot full gjennomføring av Ohrid-avtalen. NATO-støtta til EU-operasjonen Concordia demonstrerte på ein vellukka måte kor effektive Berlin Pluss-ordningane er. NATO har gjort ei førebels evaluering av erfaringane, og vi vil utføre ei liknande evaluering saman med EU.
Vi oppmodar Albania, Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia til å arbeide vidare med dei reformene som er nødvendige for å fremje deira kandidatur til NATO-medlemskap. Vi vil at dei skal lukkast, og vil framleis støtte reformarbeidet deira gjennom MAP-prosessen. Vi stadfester at den pågåande utvidingsrunda ikkje vil bli den siste, og at døra til NATO står open.
Vi registrerer framgangen som Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro har hatt i arbeidet med å bli deltakarar i Partnarskap for fred (PFP); vi gler oss over reell framgang i forsvarsreformene og vil halde fram med å hjelpe begge landa til å oppfylle fastsette NATO-vilkår for PFP-medlemskap. Vi ser fram til å ta dei opp i PFP så snart dei har oppfylt dei vilkåra Alliansen set, mellom anna om fullt samarbeid med ICTY når det særleg gjeld å arrestere og utlevere til domstolen alle som er tiltala for krigsbrotsverk. Vi oppmodar begge landa til å sjå føre seg Istanbul-toppmøtet som ein realistisk frist for å innfri dei uoppfylte vilkåra. Vi vil vurdere kor langt dei to landa er komne på vegen mot eventuell tiltreding til PFP før Istanbul-toppmøtet.
Vi gjev Det faste rådet i oppgåve å vurdere og utvikle dei politiske og operative sidene ved NATO-strategien for Balkan innan Istanbul-toppmøtet.
NATO og Den europeiske unionen har felles strategiske interesser, og vi går sterkt inn for å betre samarbeidet oss imellom. Sidan siste møtet vårt har samarbeidet mellom NATO og EU hatt konkret framgang, og utviklar seg på ein konstruktiv måte. Vi avtala ei samordna tilnærming til Vest-Balkan. Vi ser fram til vidare konkret samarbeid med EU, mellom anna gjennom Berlin Pluss-ordningane. Ei felles krisehandteringsøving mellom NATO og EU vart gjennomført med hell i november. Samrådet og samarbeidet mellom NATO og EU i spørsmål av felles interesse knytte til tryggleik, forsvar og krisehandtering, til dømes kamp mot terrorisme, gjensidig forsterkande kapasitetar og sivil beredskapsplanlegging, vart trappa opp og vil bli utvikla vidare. Vi har gjeve Det faste rådet i oppgåve å vurdere korleis den strategiske partnarskapen mellom NATO og EU kan forsterkast innan Istanbul-toppmøtet, slik dei to organisasjonane er samde om, mellom anna gjennom opne og effektive konsultasjonar med EU der organisasjonane respekterer kvarandre som sjølvstendige partar. NATO og EU vil òg kunne støtte eit seminar om terrorisme.
NATO-partnerskapsordningane, som gjer så mykje for tryggleiken og stabiliteten i heile det euroatlantiske området, vert stadig viktigare og meir verdifulle. Partnarskap for Fred har på ti år utvikla seg til å bli ein svært effektiv reiskap for samarbeid på område som fredsstøtteoperasjonar og kamp mot terrorisme. Istanbul-toppmøtet bør byggje vidare på framgangen frå Praha med sikte på å endre fokus for PFP i pakt med utvidinga og dei nye truslane som Alliansen no konsentrerer seg om. Vi har difor pålagt Det faste rådet å utarbeide forslag til korleis PFP kan tilpassast for å bli betre eigna til å ta hand om tematiske hovudspørsmål og behova og kapasitetane til individuelle partnarar, leggje til rette for forsvarsreformer som oppmuntrar til militær omdanning og auka samvirkeevne og å fremje regionalt samarbeid og gjensidig støtte. I samband med dette vil rådet vurdere om og korleis utvalde partnarskapsaktivitetar i enkelttilfelle kan opnast for andre land som måtte vere interesserte i å delta. Desse nye tiltaka bør gje rom for meir fokusert og djuptgåande praktisk samarbeid. Vi er samde om å fokusere særskilt på dei strategisk viktige regionane Kaukasus og Sentral-Asia.
Tryggleiken i det euroatlantiske området heng nøye saman med tryggleik og stabilitet i Middelhavsområdet. Vi ønskjer vidare framgang i tillegg til den som er oppnådd etter Praha-toppmøtet når det gjeld å oppgradere Middelhavs-dialogen. Vi gjev Det faste rådet i oppdrag å vurdere korleis dette tilhøvet kan forbetrast ytterlegare, ved at det innan toppmøtet i Istanbul, i samråd med alle deltakarane i Middelhavs-dialogen, blir utarbeidd alternativ for utvikling av ei vidare og meir ambisiøs ramme for Middelhavs-dialogen. Dette initiativet vil gjere samarbeidet meir handgripeleg på ei rekkje område som til dømes forsvarsreform og samvirkeevne, mellom anna gjennom PFP-liknande instrument, og vil gje større rom for at deltakarane i Middelhavs-dialogen kan ta del i enkeltståande partnarskapsaktivitetar. Innsatsen frå vår side vil utfylle og forsterke andre initiativ som mellom andre Den europeiske unionen og Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) har lansert i Middelhavsområdet.
NATO-Russland-rådet, der NATO-medlemslanda og Russland samarbeider som likeverdige partnarar på område av felles interesse, yter framleis verdifulle bidrag til tryggleiken i heile det euroatlantiske området. Den politiske dialogen har utvikla seg på fleire viktige område, mellom anna når det gjeld Afghanistan og Balkan. Det praktiske samarbeidet har nådd eit nytt nivå, mellom anna innan fagmilitære prosjekt, og ved å fokusere på auka samvirkeevne har vi lagt grunnlaget for framtidig militært samarbeid, potensielt i form av felles fredsbevarande operasjonar. Vi gler oss over framgangen som er oppnådd når det gjeld tillitsskapande tiltak på området kjernevåpen og trygg handtering av kjernefysisk og radiologisk materiale. Vi ser fram til å få godkjent eit ambisiøst arbeidsprogram for 2004. Vi er forplikta til å byggje vidare på denne framgangen og å styrkje tilhøvet mellom NATO og Russland ytterlegare.
Vi er framleis forplikta til å få i stand eit nærare tilhøve mellom NATO og Ukraina i samsvar med charteret om ein særskild partnarskap, og gler oss over framgangen siste året i gjennomføringa av NATO-Ukraina-handlingsplanen og Ukrainas årlege målplan for 2003. Vi ser fram til den konkrete gjennomføringa av den årlege målplanen i 2004 med avvikling av frie val på president, forbetringar i mediefridomen, forsterka kontroll med våpeneksporten og framgang i og finansiering av forsvarsgjennomgangen. Vi oppmodar Ukraina til å arbeide vidare med alle reformer som er nødvendige for at landet skal kunne bli fullt integrert i dei euroatlantiske strukturane, og vil aktivt vurdere alle mogelege alternativ for å støtte Ukraina i dette arbeidet.
Vi følgjer nøye med på utviklinga i Georgia. Vi ber dei georgiske styresmaktene halde frie val i januar neste år som planlagt. Vi går inn for sjølvstende, suverenitet og territorial integritet for Georgia. Alliansen er framleis forplikta til å utvikle ein partnarskap med Georgia gjennom å nytte heile spekteret av partnarskapsinstrument.
Den delen av alliansepolitikken som går ut på å støtte rustingskontroll, nedrusting og ikkjespreiing, vil framleis spele ei viktig rolle for å nå tryggingsmålsetjingane til Alliansen, som mellom anna er å hindre spreiing og bruk av masseøydeleggingsvåpen (WMD) og leveringsmiddel for slike våpen. Vi strekar under det viktige i at eksisterande internasjonale rustingskontroll- og nedrustingsavtalar og multilaterale ikkjespreiings- og eksportkontrollsystem vert etterlevde, fullt ut gjennomførte og ytterlegare forsterka. Ei snarleg innlemming av alle inviterte land i alle aktuelle eksisterande ikkjespreiingssystem vil kunne spele ei positiv rolle i så måte. Særskilt strekar vi under at vi er forplikta til å forsterke ikkjespreiingsavtalen, den fremste ikkjespreiings- og nedrustingsmekanismen, og til å sikre at alle statane som er partar i avtalen fullt ut etterlever han. Vi vil òg styrkje fellesinnsatsen for å sikre kjernefysisk og radiologisk materiale.
Alliansen støttar Initiativet for Spreiingstryggleik (PSI), som har som mål å etablere ein meir samordna og effektiv basis for å hindre og stanse leveransar av masseøydeleggingsvåpen, leveringssystem og tilknytt materiale som blir transportert til og frå statar og ikkje-statlege aktørar og som gjev grunn til frykt for spreiingsfare, i tråd med nasjonale lovverk og relevante internasjonale regelverk og instansar som til dømes Tryggingsrådet i FN.
Vi står fast på å sikre vernet av sivilbefolkninga. Vi gler oss over framgangen i gjennomføringa av Handlingsplanen for sivil beredskapsplanlegging, som tek sikte på å forbetre den sivile beredskapen mot eventuelle terroristangrep på sivilbefolkninga med kjemiske, biologiske og radiologiske stoff. Vi ser fram til full gjennomføring av planen for å forsterke den nasjonale beredskapen og evna til å reagere på sivile naudsituasjonar.
Som vi alltid har sagt, støttar vi fullt opp om CFE-avtalen som ein hjørnestein i det europeiske tryggingssystemet, og stadfester at vi går inn for ei snarleg iverksetjing av den tilpassa avtalen. Vi minner om at oppfylling av dei resterande tilsegnene frå Istanbul når det gjeld Georgia og Moldova vil skape grunnlag for at allianselanda og andre partar kan komme vidare i ratifikasjonen av den tilpassa CFE-avtalen. Vi gler oss over innstillinga til ikkje-CFE-landa som har sagt at dei aktar å be om å få tiltre den tilpassa CFE-avtalen når han trer i kraft. Når desse landa tiltrer, vil det vere eit viktig tilskot til tryggleiken og stabiliteten i Europa.
Vi appellerer til Georgia og Russland om å løyse alle uavklara spørsmål seg imellom, slik det er nemnt i felleserklæringa deira frå Istanbul av 17. november 1999, og ber om at partane tek opp att forhandlingane på eit passeleg høgt nivå. Vi merkjer oss framgangen i første halvdel av 2003 når det gjeld tilbaketrekking av russiske militærstyrkar frå Moldova. Vi seier oss leie for at denne framgangen har stansa opp og at den utvida fristen den 31. desember 2003 som vart avtala i samarbeid med OSSE, ikkje vil bli innfridd. Det er avgjerande at innsatsen blir intensivert slik at tilbaketrekkinga kan fullførast tidleg i 2004. Vi vil framleis hjelpe til i denne prosessen gjennom OSSE.
På grunnlag av prinsippa som for alltid er nedfelte i Washington-traktaten, viser NATO i dag at vi er forplikta til multilateralisme gjennom effektiv handling og felles engasjement for dei transatlantiske banda, for dei grunnleggjande tryggingsoppgåvene til NATO, medrekna fellesforsvaret, for dei demokratiske verdiane vi har felles og for FN-charteret. Som eit ledd i førebuingane til Istanbul-toppmøtet inviterer vi Det faste rådet til å intensivere konsultasjonane om utfordringane og truslane Alliansen står overfor, og korleis vi best kan svare på desse.
Vi legg framleis stor vekt på å gjennomføre tiltak for å styrkje effektiviteten i organiseringa av NATO-hovudkvartera, mellom anna gjennom moderne styrings- og økonomisystem, sunn og oversiktleg leiing av dei nye hovudkvarterprosjekta og forbetringar i kjønnsfordelinga og mangfaldet i den internasjonale staben i Alliansen.
Vi takkar Lord Robertson of Port Ellen varmt for den leiarrolla han har hatt i omdanninga av NATO. Vi er trygge på at den nye generalsekretæren, Jaap de Hoop Scheffer, vil halde fram med å utvikle NATO og byggje vidare på dei resultata Alliansen har oppnådd, og vi lovar han vår fulle støtte.