7 Militær omforming av Alliansen
NATO har dei siste åra arbeidd målretta med å styrkje den militære handlingsevna i Alliansen. For å gje NATO evne til å møte dei nye tryggingsutfordringane der behovet oppstår, er det avgjerande at dei allierte militære styrkane blir sette i stand til å reagere raskt og effektivt. Allierte styrkar og militære ressursar elles må gjerast meir tilgjengelege og allsidige. Tre viktige svar på denne utfordringa er etableringa av den allierte reaksjonsstyrken NATO Response Force (NRF), ein ny kommandostruktur og styrkt forsvarsevne i tråd med vedtaka frå Praha-toppmøtet (Prague Capabilities Commitment - PCC).
7.1 NATO Response Force (NRF)
NRF skal kunne reagere særs raskt og med global rekkevidde. Styrken skal kunne ta på seg alle typar krisehandteringsoperasjonar, frå fredsbevaring til skarpe oppdrag. NRF skal òg vere ei drivkraft og ein katalysator i arbeidet med omforming av forsvarsevna i Alliansen meir generelt. Deltaking i NRF er ei sentral plikt for alle allierte. Dei forpliktande innmeldingane av styrkar til NRF vil vere eitt av dei aller viktigaste bidraga for å vareta den kollektive tryggleiken i framtida. Planen for utvikling av NRF er ambisiøs. Dei ulike bidraga skal omfatte alle fellesoperative kapasitetar med 5 til 30 dagars beredskap. Når NRF blir fullt operativ i oktober 2006 er det venta at styrken vil omfatte ca 21 000 personar frå alle forsvarsgreiner. Den første NRF-styrken, som er av førebels karakter, står under kommando av sjefen for NATOs fellesoperative hovudkvarter i Brunssum i Nederland det første året. Dette ansvaret vil i framtida rotere mellom dei tre NATO-hovudkvarter i Europa.
For å kunne dra nytte av ei slik reaksjonsevne må NATO og dei medlemslanda som er med i NRF raskt kunne fatte nødvendige politiske vedtak knytta til ei utplassering. Konsensus blant nasjonane vil sjølvsagt framleis vere ein føresetnad for innsetjing av styrken i skarpe operasjonar, men det vil vere viktig å sikre gode og raske avgjerdsmekanismar i alle deltakarland.
Etter at eit politisk vedtak er gjort, skal styrken på sjølvstendig grunnlag og utan støtte i inntil ein månad vere i stand til å løyse ei rekkje ulike oppdrag som til dømes:
krisehandtering, også fredsbevarande operasjonar
evakuering av sivilt personell frå kriseområde
handtering av til dømes åtak med masseøydeleggingsvåpen og humanitære katastrofar
kontraterrorismeoperasjonar
embargooperasjonar.
Reaksjonsstyrken vil gje NATO ei reell evne til raskt å kunne bidra til å forhindre spreiing og eskalering av konfliktar. Det er avgjerande for NATO som militærallianse at utviklinga av denne styrken lukkast. Noreg vil bidra til dette, fullt medvetne om at styrkebidrag til NRF må fylle særs høge krav til trening og sertifisering.
7.2 Kommandostruktur
Kommandostrukturen vart i 2003 omforma for å setje Alliansen betre i stand til å handtere den typen oppdrag som følgjer av det nye trusselbiletet. Han er no organisert i to separate søyler, ei for leiing av operasjonar og ei for arbeidet med omforming og kompetansebygging, inkludert eksperimentering, trening og øvingar.
Dette inneber ei straumlinjeforming av kommandolinjene i NATO ved at talet på hovudkvarter vert redusert og tilpassa nye utfordringar. Det øvste hovudkvarteret med operativt ansvar, Allied Command Operations (ACO), finn ein i Mons i Belgia. Under dette hovudkvarteret finn ein to permanente hovudkvarter, eitt i Brunssum i Nederland for Nord-Europa og eitt i Napoli for Sør-Europa, i tillegg til eit mindre hovudkvarter i Lisboa. Det taktiske nivået består av seks Joint Force Component Commands og seks Combined Air Operations Centres. Combined Air Operations Centre på Reitan blir nedlagt. Det øvste hovudkvarteret for omforming, Allied Command Transformation (ACT), finn ein i Norfolk, USA.
I Noreg har ein grunn til å vere godt nøgd med resultatet. Rett nok vert det noverande hovudkvarteret i Stavanger lagt ned, men Noreg har fått ein viktig del av omformingskommandoen ved opprettinga av eit Joint Warfare Centre (JWC) på Jåttå, underlagt ACT. Militær omdanning vil framleis vere eit nasjonalt ansvar, men hovudkvarteret i Stavanger vil spele ei sentral rolle i å leggje forholda til rette for at dei allierte i samarbeid kan utvikle relevante militære styrkar som kan samvirke. JWC vil få ansvar for planlegging og gjennomføring av utdanning, trening og øvingar og utarbeiding og utprøving av doktrinar og konsept. I sum skal dette vere med på å styrkje NATO si evne til effektiv og koordinert bruk av land-, sjø-, og luftstyrkar.
7.3 Alliert militært samvirke
Tilliten til NATO er basert på den militære evna til Alliansen. Militær evne har i sin tur samanheng med evna til å operere effektivt saman. Gapet i teknologi og kapasitet mellom USA og dei europeiske allierte har difor skapt uro i lang tid. På toppmøtet i Praha i 2002 vedtok ein å auke dei militære kapasitetane i Alliansen (Prague Capabilities Commitment - PCC) for å redusere gapet i teknologi over Atlanteren, for å få til betre utnytting av ressursane og for å få til auka samla evne til å setje inn styrkar over lange avstandar og til å gjennomføre høgteknologiske militære operasjonar. Ikkje minst i lys av operasjonane i Afghanistan, på Balkan og i Middelhavet, er det avgjerande å støtte opp om NATO si evne til omforming ved at dei enkelte medlemslanda følgjer opp sine tilsegner i PCC.
PCC søkjer å forplikte kvart medlemsland til å gjennomføre konkrete tiltak, parallelt med vektlegging av fleirnasjonalt samarbeid og fellesfinansierte løysingar. Noreg har ytt bidrag til målsetjinga om ei vidareutvikling av nisjekapasitetar og rollespesialisering. Sentrale norske tilsegner er knytte til område som presisjonsstyrte luft-til-bakke-våpen, fleirnasjonal strategisk sjøtransport, strategisk lufttransport og tankflykapasitet, ubemanna luftfartøy, vern mot masseøydeleggingsvåpen, etablering av ein ISTAR-kapasitet (Intelligence, Surveillance, Target Aqusition and Reconnaissance) og utvikling av ein alliert luftboren kapasitet for bakkeovervaking.
Innanfor PCC har Noreg ei leiande rolle i arbeidet med fleirnasjonale løysingar for strategisk sjøtransport. Arbeidet har hatt god framdrift, og ni allierte har signert ein avtale som gjev tilgang til kapasitetar for strategisk sjøtransport i form av skip på beredskapskontraktar og fulltidscharter. Eit senter i Nederland - Sealift Coordination Centre (SCC) - står sentralt i å koordinere og effektivisere bruken av desse skipa og nasjonane sin bruk av eigne og innleigde transportskip. Med basis i eit vellukka prøveår vart dette senteret etablert på permanent basis hausten 2003 under norsk leiing.