6 Samarbeidet mellom NATO og EU
Forholdet mellom NATO og EU er viktig for europeisk tryggings- og forsvarspolitikk. Dei føreståande utvidingane av NATO og EU er ei markering av rolla dei to organisasjonane har spela i arbeidet med å spreie demokratiske verdiar til heile Europa. Samstundes har begge organisasjonane interesse av eit nært samarbeid med nabolanda lengre aust og sør. Eit tett samarbeid mellom EU og NATO er viktig for å sluttføre arbeidet med stabilisering og reform på Balkan. EU har eit mykje breiare register av verkemiddel å spele på enn NATO. Samstundes representerer NATO, og USA si rolle i og interesse for utviklinga i Europa, ein særs viktig transatlantisk dimensjon.
Det er liten tvil om at samarbeidet mellom NATO og EU bør kunne utviklast vidare, ikkje berre når det gjeld krisehandtering, men òg på område som kamp mot internasjonal terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Tryggingsstrategien til EU, som peikar ut nettopp desse truslane i tillegg til den trusselen statssamanbrot utgjer, fell godt saman med NATOs eige trusselbilete. På denne bakgrunnen ønskjer vi frå norsk hald at ein får til eit toppmøte mellom NATO og EU i Istanbul. Den viktigaste saka på eit slikt toppmøte vil vere å markere overføringa av den militære NATO-operasjonen i Bosnia-Hercegovina til EU. Men vi ønskjer også ei felles fråsegn om innsatsen mot terrorisme.
Når det gjeld krisehandtering tok NATO og EU eit viktig skritt framover i 2003 då ein i mars månad vart samde om eit rammeverk for krisehandtering, som opnar for at NATO kan gje støtte til militære operasjonar for krisehandtering som vert planlagde og leidde av EU. Dette rammeverket blei testa ut då NATO overførte leiinga av den fredsbevarande operasjonen i Makedonia til EU i slutten av mars. Den nye operasjonen, Concordia, var den første militære operasjonen som EU leidde. Han talde 400 soldatar. I samsvar med NATO-EU-avtalen hadde også Noreg høve til å ta del i operasjonen. Vi stilte med eit mobilt feltteam på 4 soldatar og ein stabsoffiser til styrkehovudkvarteret i Skopje. Vi fekk dermed plass i deltakarkomiteen for operasjonen. Dette gav oss høve til å følgje den daglege utviklinga av operasjonen, sjølv om EU hadde hand om den overordna politiske og strategiske styringa. Operasjonen vart avslutta i desember 2003.
EU sine førebuingar av operasjonen vart prega av at det var kort tid mellom semja med NATO og overtakinga av operasjonen. Noreg og dei andre allierte utanfor EU som bidrog til operasjonen, fekk i liten grad delta i førebuinga av Concordia. Saman med dei andre allierte utanfor EU har vi overfor EU gjeve uttrykk for misnøye med handsaminga av den tidlege planleggingsfasen. Når NATO-operasjonen i Bosnia-Hercegovina i løpet av 2004 vert overført til EU, er det etter norsk syn særs viktig at det rammeverket som ligg iføre blir nytta fullt ut. Dette vil gje oss god tilgang til informasjon i alle delar av planlegginga.
Nettopp for å styrkje koordineringa mellom dei to organisasjonane fekk EU høve til å stasjonere offiserar i SHAPE og i det sørlege NATO-hovudkvarteret ved Napoli, og ein NATO-offiser vart send til den militære staben i EU i samanhang med planlegginga av Concordia i Makedonia (EUMS). Desse ordningane vil i 2004 etter alt å dømme bli omdanna til permanente ordningar. I desember 2003 vedtok EU å setje i gang forarbeid med sikte på oppretting av ei EU-celle ved SHAPE, samstundes som NATO var invitert til å opprette ei liaisonordning ved EUMS.
Frå norsk side har vi overfor EU lagt stor vekt på at vår deltaking i arbeidet med krisehandtering i EU ikkje måtte avgrensast til konkrete operasjonar. Eit samarbeid i fredstid må omfatte både generisk planlegging av EU-leidde operasjonar og styrke- og forsvarsplanlegginga i EU. Frå norsk side har det i denne samanhengen vore streka under at slik tett kontakt er viktig for å kunne tilpasse våre eigne bidrag til EUs behov. Difor arbeider ein frå norsk hald m.a. aktivt for å sikre så god tilgang som mogeleg til den nye forsvarsmateriellorganisasjonen (European Defence Agency - EDA) som er under oppretting.
Det er òg viktig for det framtidige samarbeidet mellom dei to organisasjonane at utviklinga av militære kapasitetar blir sett i samanheng og vert gjensidig forsterkande. Dette arbeidet kom for alvor i gang i 2003. Det vart halde fleire møte med fokus på utveksling av informasjon om dei to prosessane for styrkte kapasitetar som har mange fellestrekk.
I 2003 ble dei to organisasjonane samde om ei felles overordna politisk tilnærming til Vest-Balkan. Dette er ei naturleg utvikling på bakgrunn av at begge organisasjonane er sterkt engasjerte i regionen. Samstundes må vi frå norsk side erkjenne at vi og fleire andre allierte hadde ønskt eit tettare og meir forpliktande samarbeid mellom NATO og EU om utfordringane på Vest-Balkan enn det vi til no har sett, men ikkje alle allierte EU-land er samde om det.
Dei to organisasjonane har òg for første gong halde ei felles krisehandteringsøving. Formålet var å øve på Berlin Pluss-ordningane. Gjennomføringa av øvinga vart vellukka og ein fekk konstatert at Berlin Pluss fungerte. I framtida vil det bli halde slike felles øvingar med jamne mellomrom. Dette er ein viktig del av det auka samarbeidet mellom dei to organisasjonane på det tryggings- og forsvarspolitiske området.