6 Sluttkommuniké frå Ministermøte i Forsvarsplanleggingskomiteen og Den kjernefysiske planleggingsgruppa i Brussel 1. desember 2003
Forsvarsplanleggingskomiteen og Den kjernefysiske planleggingsgruppa var samla til ministermøte den 1. desember 2003. Kollegaene våre frå dei sju landa som er inviterte til å bli medlemmer av Alliansen, tok del i diskusjonane i Forsvarsplanleggingskomiteen.
NATO-styrkar er tungt engasjerte i operasjonar for å sikre tryggleik og stabilitet i mange ulike militærgeografiske område. Krava som blir stilte til styrkane som deltek, også styrkane frå landa som er inviterte til å bli medlemmer av Alliansen, kan ikkje ventast å bli mindre, og vi må sikre at dei er best mogeleg skikka til dei oppgåvene dei vil bli sette til. Difor legg vi så stor vekt på omdanninga av dei militære kapasitetane til Alliansen og på å sikre kvalitet framfor kvantitet, og er fast bestemte på å rette opp manglar på fleire kritiske kapasitetsområde. Styrkane våre må ha tilstrekkelege mannskap med nødvendige kapasitetar til å kunne utføre og vidareføre avtala oppdrag der det er bruk for dei.
Vi har merkt oss det pågåande arbeidet med å fastslå korleis forsvarsplanleggingsprosessane i NATO best kan tene til å gjere styrkane våre meir allsidige ved å utvikle og oppretthalde styrkestrukturar som gjev auka reell utplasseringsevne og operativ evne. Fleirnasjonalt samarbeid der tilhøva ligg til rette for det, er ein velprøvd metode for å oppnå kostnadseffektive måtar å stette styrkebehova til NATO på. Men det trengst òg andre framgangsmåtar. Vi ser fram til at vi i tide til å kunne gjere vedtak på Istanbul-toppmøtet skal få høve til å vurdere konkrete forslag til korleis alliansestyrkane kan gjerast utplasseringsdyktige og allsidige nok gjennom etablering av utfordrande, men realistiske resultatmål. Dette arbeidet vil ta omsyn til ei rekkje tilknytte faktorar, mellom anna passande og breiare nasjonale bidrag til tryggleiken; kvaliteten på styrkane, særleg habiliteringsressursar; utvikling av resultatindikatorar for evne til utplassering og allsidig innsats; eventuelt utvikling av «reinvesteringsmål».
Desse initiativa vil vere viktige element i den omfattande gjennomgangen av forsvarsplanleggingsprosessen som vi bad om på siste møtet vårt. Vi streka under det viktige i å sikre at prosessen vert meir fleksibel, lydhøyr og resultatorientert, at han i aukande grad fokuserer på kapasitetane som NATO treng for å møte den nye tryggingssituasjonen og omfattar ein stegvis framgangsmåte for å rette opp manglane i Alliansen, med fokus på prioriterte nøkkelområde. Måla som er fastsette i forsvarsplanleggingsprosessen og evalueringane som er gjorde av gjennomføringa av desse, er avgjerande for regjeringane våre når dei skal vurdere på kva måtar dei væpna styrkane våre bør og kan medverke til tryggleik og stabilitet. Behova og vurderingane våre på dette kritiske området må vere klart formulerte og lett forståelege for eit breitt publikum. Vesentlege element i desse behova kan difor bli offentleggjorde i framtida, eventuelt med tilslutnad frå stats- og regjeringssjefane. Vi ser fram til at ein grundig gjennomgang av forsvarsplanlegginga skal bli avslutta på Istanbul-toppmøtet i juni neste år.
Forsvarsplanleggingsprosessane i NATO og dei relevante EU-prosessane må resultere i ei samkøyrd og gjensidig forsterkande kapasitetsutvikling, ikkje minst til støtte for maksimal kostnadseffektivitet i forsvarsutgiftene våre. I denne samanhengen må vi energisk halde fram med å gjennomføre dei sidene ved Berlin Pluss-ordningane som er relevante for forsvarsplanlegginga.
Vi ser med stor glede på framgangen til NATO-reaksjonsstyrken, mellom anna den vellukka etableringa av dei første rotasjonane og den vellukka fullføringa av øvinga som nyleg vart halden i Tyrkia. NRF vil bli ein utprega kvalitetsstyrke og ein katalysator for omdanninga av alliansekapasitetane. Forsvarsplanleggingsarbeidet i tilknyting til styrken må fullførast for å gjere NRF endå meir effektiv.
Vi tok òg føre oss framgangen i gjennomføringa av den nye integrerte kommandostrukturen. Dei to nye strategiske kommandoane, for operasjonar og for omdanning, er allereie oppretta til liks med nokre av dei underordna hovudkvartera, og arbeidet med sikte på å ha alle hovudkvarter operative innan juni 2006 er i rute. Denne nye strukturen vil gje dei robuste kapasitetane som trengst for å planleggje og gjennomføre operasjonar, lette omdanninga av dei militære kapasitetane i Alliansen, bevare og styrkje dei transatlantiske banda og sikre vesentlege innsparingar slik at ressursar kan omdirigerast til sektorar som i dag har utilstrekkeleg kapasitet.
På møtet vårt i Den kjernefysiske planleggingsgruppa gjekk vi gjennom status for dei kjernefysiske NATO-styrkane og arbeidet til Høgnivågruppa. Det har lenge vore eit mål for Alliansen å auke tryggleiken og stabiliteten med det lågaste styrkenivået som er tilstrekkeleg til å ta hand om fellesforsvaret og heile spekteret av allianseoppdrag. I tråd med dette målet held vi fram med å vurdere avskrekkingsbehova i det 21. hundreåret. Vi stadfesta prinsippa som ligg til grunn for tryggingsmålsetjingane til NATO slik det går fram av det strategiske konseptet for Alliansen.
Dei kjernefysiske styrkane med base i Europa som står til disposisjon for NATO, utgjer framleis eit vesentleg politisk og militært bindeledd mellom dei europeiske og nordamerikanske medlemmene av Alliansen. Dei vert haldne på det beredskapsnivå som den rådande tryggingssituasjonen tilseier. Vi merkte oss med glede at dei uavhengige kjernevåpenstyrkane til Storbritannia framleis medverkar til avskrekkingsevna og den samla tryggingssituasjonen for allianselanda, og stadfesta verdien av denne kapasiteten.
Vi diskuterte dei aukande farane ved spreiinga av kjernefysiske våpen, og uttrykte vår djupe uro over dei tilfella av brot på avtalen om ikkjespreiing av kjernefysiske våpen (NPT) som har skjedd i det siste, og som kan ha negative konsekvensar for stabiliteten og tryggleiken på regionalt nivå. Vi stadfesta at vi går heilt og fullt inn for NPT og målet om at avtalen må etterlevast av alle. Vi ser på NPT som hjørnesteinen i det globale kjernefysiske ikkjespreiingsregimet, og sa oss på nytt forplikta til å oppfylle alle tilsegner i avtalen. Vi oppmodar sterkt om at alle nasjonar samarbeider om å stanse spreiinga av kjernefysiske våpen.
Vi stadfesta at det er viktig å få i stand reelle og produktive meiningsutvekslingar mellom kjernevåpenekspertar i regi av NATO-Russland-rådet med sikte på å vinne auka gjensidig forståing og tillit og dermed auka tryggleik. Vi er oppmuntra over framgangen som er oppnådd i desse konsultasjonane, særleg utsiktene til ein serie feltdemonstrasjonar i ulike spørsmål som gjeld sikring av kjernevåpen.