8 Felles pressemelding frå generalsekretæren i NATO og formannskapet i EU etter Ministermøte NATO-EU 4. desember 2003
Utanriksministrane i Det nordatlantiske forsvarssambandet og Den europeisk unionen møttest i Brussel i dag for å gjere opp status for det utvida tilhøvet mellom NATO og EU.
Sidan det siste møtet vårt som vart halde i Madrid 3. juni 2003, har vi gjort vidare framgang i å utvikle den strategiske partnarskapen mellom dei to organisasjonane. Inngåinga av Berlin Pluss-ordningane, som gjev EU tilgang til dei kollektive kapasitetane og ressursane i NATO, gjorde at den EU-leidde operasjonen Concordia kunne setjast i verk 31. mars. I september gav NATO si støtte til denne operasjonen, som skal avsluttast 15. desember 2003. Etter at operasjonen er avslutta og kapasitetane og ressursane til NATO er tilbakeførte, vil vi samanlikne erfaringar og utveksle synspunkt på denne første operasjonen i pakt med Berlin Pluss.
Vi er fast bestemte på å byggje vidare på det vellukka samarbeidet på Vest-Balkan. Vi har ein felles framtidsvisjon for dei aktuelle landa: uavhengig stabilitet basert på demokratiske og effektive styringsstrukturar og ein framtidsretta, fri marknadsøkonomi som gjer vidare tilnærming til europeiske og euroatlantiske strukturar mogeleg. Rammeavtalen for ein utvida dialog mellom NATO og EU og ei samordna tilnærming til tryggleik og stabilitet på Vest-Balkan, som dei to organisasjonane underteikna den 25. juli 2003, fungerer som grunnlag for fellesinnsatsen vår. Vi ser fram til konsultasjonar om Bosnia-Hercegovina. Som eit første steg vil dei NATO-allierte ta føre seg ulike alternativ for den framtidige storleiken og strukturen på SFOR, og vil mellom anna vurdere ei mogeleg avvikling av SFOR innan utgangen av 2004, eventuelt med overføring til eit nytt EU-oppdrag innanfor ramma av Berlin Pluss-ordningane og til eit nytt NATO-hovudkvarter i Sarajevo.
Vi har med hell gjennomført vår første felles krisehandteringsøving, CME/CMX 03, som vart halden frå 19. til 25. november 2003. Denne øvinga var basert på dei ståande avtalane våre om konsultasjon og samarbeid i krisetider og andre relevante element frå Berlin Pluss-ordningane, og det var lagt vekt på korleis EU på det strategiske politisk-militære nivået planlegg med sikte på ein påtenkt EU-leidd operasjon med tilgang til ressursane og kapasitetane til NATO i tilfelle NATO som heilskap ikkje blir engasjert.
Vi står samla om å fordømme opptrappinga av terroriståtak mot våre land. Vi diskuterte kampen mot terrorisme under møtet i dag og var samde om å utvikle tettare samarbeid på dette området, først i form av eit seminar om terrorisme som vil bli støtta av både NATO og EU. Vi vil òg undersøkje korleis vi kan betre samordninga av tiltak mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen.
Utvikling av effektive militære kapasitetar er ei prioritert oppgåve både for NATO og EU. Å sikre konsekvens, innsyn og gjensidig forsterking i utarbeidinga av kapasitetskrav til dei to organisasjonane er hovudmålsetjinga til den felles kapasitetsgruppa for NATO og EU. Denne gruppa har i det siste diskutert korleis ein kan sikre samsvar mellom pågåande aktivitetar etter den europeiske kapasitetshandlingsplanen (ECAP) og kapasitetstilsegna frå Praha (PCC) og korleis NATO-reaksjonsstyrken og hurtigreaksjonselementa til EU kan forsterke kvarandre, i full respekt for autonomien til både EU og NATO.
NATO og Den europeiske unionen har felles strategiske interesser. Ved å samarbeide mot felles strategiske mål vil dei to institusjonane auke tryggleiken og stabiliteten i Europa og andre stader. I den nye strategiske situasjonen i det 21. hundreåret er eit tettare og meir tillitsfullt tilhøve mellom NATO og EU like viktig som alltid. April