4 Sluttkommuniké frå Ministermøte i Forsvarsplanleggingskomiteen og Den kjernefysiske planleggingsgruppa i Brussel 12. juni 2003
Forsvarsplanleggingskomiteen og Den kjernefysiske planleggingsgruppa i Det nordatlantiske forsvarssambandet var samla til ministermøte i Brussel den 12. juni 2003. Kollegaene våre frå dei sju landa som er inviterte til å slutte seg til Alliansen, deltok i diskusjonane i Forsvarsplanleggingskomiteen.
Effektive militære styrkar som kan utplasserast overalt der Alliansen bestemmer, er avgjerande for at Alliansen skal kunne nå sine tryggingsmål i vid forstand og oppfylle sin kjernefunksjon, det kollektive forsvaret av medlemslanda. Styrkane våre må ha dei avanserte kapasitetane som trengst for å utføre heile spekteret av oppdrag, også evna til å forflytte seg på kort varsel til eit kriseområde og halde operasjonar gåande over tid. Å sikre desse kapasitetane er hovudfokuset for den kollektive forsvarsplanleggingsprosessen i NATO og for omdanninga av Alliansen, som vi utveksla synspunkt på i dag.
Vi godkjende ei ny ministerrettleiing om å utarbeide ei ramme for forsvarsplanlegginga i NATO og nasjonane fram til og etter 2010. Denne rettleiinga tek omsyn til behovet for å rette opp manglane som vart påviste då vi gjekk gjennom dei nasjonale planane. Vi streka under behovet for å prioritere kvalitet framfor kvantitet når styrkestrukturane våre skal tilpassast, og å samle ressursbruken om styrkar og kapasitetar som lett kan utplasserast. Vi streka òg under behovet for å skaffe tilstrekkelege midlar til desse kapasitetane ved å gå inn for ein realauke i forsvarsutgiftene og å bruke disponible midlar meir effektivt, idet ein minner om at NATO har svært lite behov for styrkar som ikkje kan utplasserast.
Vi tok føre oss framgangen i utviklinga av NATO sin reaksjonsstyrke. Vi godkjende det samla konseptet for styrken, og ser fram til ei vellukka fullføring av det arbeidet som enno står att å gjere. Opprettinga av denne styrken vil vere eit viktig steg for å sikre NATO kapasitet til å gripe inn på kort varsel, og ein katalysator i utviklinga av avanserte kapasitetar. Sidan nasjonane berre har eitt sett styrkar, bør arbeidet med reaksjonsstyrken og tilsvarande arbeid i EU vere gjensidig forsterkande.
Vi er òg blitt samde om dei nye og effektiviserte kommandoordningane for NATO. Desse vil gje god kapasitet til å planleggje og utføre operasjonar, leggje til rette for modernisering og auka samvirkeevne mellom dei allierte styrkane og styrkje dei transatlantiske banda. Det blir to kommandoar på strategisk nivå - ein til å leie alle allianseoperasjonar og ein som skal gje rettleiing og oppmuntring i omdanninga av styrkar og andre kapasitetar. Det andre nivået, det operative, blir samansett av to ståande kommandoar for kombinerte styrkar, som kan mønstre eitt landbasert hovudkvarter for fleirnasjonale, kombinerte innsatsstyrkar (CJTF), og eit robust, men meir avgrensa ståande, kombinert hovudkvarter som kan stille kapasitet til eitt sjøbasert CJTF-hovudkvarter. På det tredje nivået - komponentnivået eller det taktiske nivået - vil eit mindre tal kommandoar for kombinerte styrkekomponentar eller fleirnasjonale luftoperasjonssenter (nokre av dei flyttbare) forsyne det andre nivået med fagkunnskap innan dei ulike forsvarsgreinene. Desse nye kommandoordningane byggjer på og tek fullt ut omsyn til kommandokapasitetane innanfor den nye NATO-styrkestrukturen, der alle dei planlagde høgberedskapskorpsa og maritime hovudkvartera no har nådd full operativ kapasitet. I den nye kommandostrukturen for den omdanna Alliansen vil det i tillegg bli oppretta eit NATO-senter for kombinert krigføring, med eit underordna opplæringssenter for kombinerte styrkar og eit felles analyse- og lærdomssenter, og ei rekkje nasjonalt eller fleirnasjonalt støtta elitesenter som vil gje høve til å forbetre opplæringa, styrkje samvirkeevna, teste og utvikle doktrinar og utføre eksperiment for å evaluere nye konsept. Den nye strukturen vil vere meir effektiv, og vil venteleg føre til utgifts- og personellinnsparingar som kan brukast til å rette opp eksisterande manglar i Alliansen. Rask gjennomføring av den nye kommandostrukturen er avgjerande for å sikre kontinuiteten i kommandoordningane og framdrifta i omdanningsprosessen. Vi gjev difor pålegg om at den nye strukturen må bli iverksett snarast råd, og ber om at dei militære styresmaktene i NATO rapporterer til oss om framdrifta på møtet som vi skal ha i desember.
Som ansvarlege for den kollektive forsvarsplanlegginga i Alliansen gjekk vi gjennom styrkeplanane til medlemslanda og dei inviterte landa.
Vi merkte oss med glede at de fleste allianselanda held fram med å omstrukturere styrkane sine for å gjere dei mindre, meir fleksible, meir moderne og meir effektive til bruk i heile spekteret av oppdrag som Alliansen kan ta på seg. Gjennomføringa av eksisterande planar, mellom anna i samband med kapasitetstilsegna frå Praha, vil gje viktige forbetringar. Likevel vil manglar framleis gjere seg gjeldande på ei rekkje kritiske kapasitetsområde, særleg når det gjeld talet på fullt utrykkingsklare einingar og formasjonar med nødvendige støtteeiningar som kan operere under forhold der støtta frå vertsnasjonen er heilt eller delvis fråverande. Det krevst difor vidare innsats for å rette på desse manglane, særleg for å få balanse mellom kamp- og støtteeiningar.
Vi rosar dei inviterte landa for det dei har gjort til no for å tilpasse styrkane sine med sikte på deltaking i alliansestrukturane, og ser fram til å ta opp desse landa som medlemmer neste år. Vi og kollegaene våre frå desse landa innser likevel at mykje meir må gjerast, mellom anna i samband med forsvarsgjennomgangane som nyleg er sette i gang, for å fullføre den omstruktureringa som styrkane må gjennom for å kunne dekkje heile spekteret av allianseoppdrag. Dette er ein langsiktig prosess som vil krevje vedvarande innsats.
I Praha peika stats- og regjeringssjefane på kor viktig omdanninga av dei militære kapasitetane våre er. Sidan forsvarsplanleggingsprosessen vil spele ei viktig rolle i dette arbeidet, og er avgjerande for at NATO skal ha evne til å forsvare og tryggje medlemslanda, gav vi Forsvarsgjennomgangskomiteen i oppdrag, på bakgrunn av råd frå militærstyresmaktene i NATO, å sjå nærare på denne prosessen og om nødvendig gjere fleire endringar slik at han betre kan medverke til omdanninga av dei militære kapasitetane i Alliansen. Prosessen må vere fleksibel og omsynsfull og fokusere meir på kapasitetar for heile spekteret av allianseoppdrag. Det bør leggjast meir vekt på nasjonale planleggingssyklusar, og også utviklinga i tilhøvet mellom NATO og EU bør takast med i vurderinga. Den allierte kommandoen for omdanning vil spele ei viktig rolle i denne gjennomgangen og det påfølgjande arbeidet med å utvikle kapasitetane. Vi ser fram til å vurdere framgangen i dette arbeidet på møtet vårt i desember 2003, der vi om nødvendig vil gje fleire rettleiingar, og ventar oss ein sluttrapport med tilrådingar på vårmøtet i 2004.
På dette første møtet vi har hatt som kjernefysisk planleggingsgruppe etter Praha-toppmøtet, gjorde vi opp status for kjernevåpenstyrkane i NATO og tok opp spørsmål og aktivitetar i samband med dette. Vi stadefesta prinsippa som ligg til grunn for kjernevåpenstyrkane, og som går fram av det strategiske konseptet for Alliansen. Vi legg framleis stor vekt på dei kjernefysiske styrkane med base i Europa som er underlagde NATO, og som utgjer eit sentralt politisk og militært bindeledd mellom dei europeiske og dei nordamerikanske medlemmene i Alliansen.
Vi gledde oss over Moskva-avtalen frå mai 2002 mellom USA og Russland om reduksjonar i talet på strategiske angrepsvåpen, som nyleg tok til å gjelde. Vi var samde om at denne avtalen representerer eit viktig steg på vegen mot å skape gunstigare vilkår for aktiv tryggings- og samarbeidsfremjande innsats og for auka internasjonal stabilitet.
Alliansen har som mål å auke tryggleiken på globalt plan, og vi vil styrkje utsiktene til å nå dette målet ved framleis å støtte rustingskontroll og ikkjespreiing. På dette punktet sa vi oss uroa over alle brot på kontrollverket for Ikkjespreiingsavtalen, og særleg over fråsegnene som nyleg kom frå Den demokratiske folkerepublikken Korea om at landet hadde trekt seg frå avtalen og at det hadde kjernevåpen. Vi bad Korea innstendig om straks å avvikle alle kjernevåpenprogram på ein slik måte at det kan etterprøvast og ikkje kan gjerast om. Vi ber alle nasjonar arbeide vidare for å stanse spreiinga av kjernefysiske våpen. Vi sa oss som før fast bestemte på å medverke til gjennomføringa av konklusjonane frå tilsynskonferansen for NPT i 2000, og gledde oss over at Cuba og Aust-Timor har tiltredd avtalen.
Vi gler oss over invitasjonane til Bulgaria, Estland, Latvia, Litauen, Romania, Slovakia og Slovenia, og ser fram til å møte dei i dette forumet som fullverdige alliansemedlemmer. Vi slutta oss til eit fasedelt program for å informere desse landa om kjernevåpenspørsmål i Alliansen, spesielt med sikte på at dei skal kunne delta effektivt i diskusjonar om kjernevåpenpolitikken i Alliansen når dei blir medlemmer. Dersom dei støttar fullt opp om det strategiske konseptet til NATO, også den vesentlege rolla kjernevåpenstyrkane har i den allierte strategien for å tryggje freden og hindre krig og alle former for tvang, vil dei nye medlemslanda styrkje tryggleiken for alle i det euroatlantiske området.
Vi var tilfreds over å merkje oss at den samla stridsevna i NATO når det gjeld fly som kan levere både konvensjonelle og kjernefysiske våpen, er ytterlegare justert som følgje av rettleiinga vi gav i juni i fjor og at beredskapskrava til desse flya er ytterlegare senka. Vi gler oss over det pågåande arbeidet til høgnivågruppa, der ein framleis diskuterer avskrekkingsbehova i den nye tryggingssituasjonen og gjev råd til ministrane når det trengst.
Vi gledde oss over avtalen med Den russiske føderasjonen om ein arbeidsplan for konsultasjonar mellom kjernevåpenekspertar i regi av NATO-Russland-rådet. Vi er samde om at planen på kort sikt bør fokusere på kjernevåpentryggleik, men sa òg klårt frå om at dei tillits- og tryggingsskapande tiltaka for kjernevåpen som NATO føreslo i desember 2000, burde takast opp i desse konsultasjonane. Vi ser fram til dei neste praktiske stega mot vidare gjennomføring av denne viktige arbeidsplanen.