4 NATO og dei nye tryggingstruslane
Internasjonal terrorisme står i dag, saman med spreiing av masseøydeleggingsvåpen, fram som den mest direkte tryggingstrusselen mot det internasjonale samfunnet. Terroråtaka 11. september 2001 sette på mange måtar ein ny tryggingspolitisk dagsorden. Ei lang rad med blodige åtak på uskuldige sivile, hjelpearbeidarar og moderate lokale krefter er stadige påminningar om kor sårbare vi er for denne trusselen.
NATO har hatt desse elementa i trusselbiletet under oppsyn i lang tid. Dei er mellom anna reflekterte i det strategiske konseptet for Alliansen som vart vedteke på toppmøtet i Washington i 1999. Men desse trugsmåla har sjølvsagt fått ein heilt annan aktualitet etter 11. september 2001. Toppmøtet i Praha hausten 2002 vedtok å styrkje den militære kapasiteten i Alliansen for å kunne møte dei nye tryggingsutfordringane. Kampen mot terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen står i dag som hovudoppgåver for Alliansen.
4.1 Internasjonal terrorisme
Etter terroråtaka 11. september har tiltak mot terrorisme stått øvst på dagsordenen i Tryggingsrådet i FN. 12. september 2001 vedtok Tryggingsrådet resolusjon 1368 som fordømde terroråtaka mot USA dagen før og viste til retten til sjølvforsvar som er nedfelt i artikkel 51 i FN-pakta. Dette stadefesta grunnlaget for den amerikansk-leidde internasjonale koalisjonen - Operation Enduring Freedom (OEF) - som framleis bekjempar Taliban og al Qaida-element i dei sørlege og austlege delane av Afghanistan. NATO på si side slo fast at åtaket var å rekne som ein artikkel 5-situasjon, og dermed eit åtak på Alliansen sjølv.
Kampen mot internasjonal terrorisme har frå første stund vore prega av svært brei internasjonal koalisjonsbygging og innsats på ei rekkje område i ulike internasjonale organisasjonar. Det er brei semje i Alliansen om at internasjonal terror best kan møtast gjennom ein kombinasjon av politiske, økonomiske, militære, juridiske og sosiale verkemiddel. Det er semje om å støtte opp om Tryggingsrådets leiarskap i dette arbeidet, samstundes som Alliansen har vist klar vilje til å bidra med viktige ressursar i kampen mot internasjonal terrorisme på dei felta der NATO har ei særskild rolle å spele.
Forutan denne kollektive innsatsen har ei rekkje NATO-land bidrege med styrkar, transport, spesialistar og støttepersonell til den USA-leidde kampanjen mot terroristnettverka i Afghanistan. Noreg deltok i denne operasjonen fram til september 2003. Etter dette har Noreg konsentrert innsatsen om den NATO-leidde stabiliseringsstyrken (ISAF).
Patruljeringa og overvakinga av det austlege Middelhavet ved hjelp av overflatefartøy og ubåtar held også fram. Formålet er å hindre terroråtak på sivile skip og å kontrollere trafikken i dette sårbare området. Operasjonen (Active Endeavour) er samstundes eit klårt uttrykk for solidariteten mellom NATO-medlemmene. Også denne operasjonen har Noreg teke del i.
Alliansen sin innsats mot terrorisme er i stor grad også bakgrunnen for den militære omstillinga som er sett i gang for å kunne møte dei nye truslane på ein effektiv måte. Arbeidet på dette feltet kom eit langt steg vidare i løpet av 2003 når det gjeld reaksjonsstyrken, kommandostrukturen og utviklinga av nye forsvarsevner. Også på etterretningssida er samarbeidet mellom dei allierte styrkt i løpet av fjoråret, m.a. gjennom opprettinga av ei permanent terroretterretningscelle ved NATO-hovudkvarteret.
Alliansen har i tillegg følgt opp tiltakspakken mot terrorisme som stats- og regjeringssjefane gav sin tilslutnad til på toppmøtet i Praha hausten 2002. Denne planen omfattar m.a. tiltak som skal auke evna til å handtere konsekvensane ved bruk av masseøydeleggingsvåpen og terroråtak på sivilbefolkninga, styrkje etterretningssamarbeidet, betre krisehandteringsmekanismane i Alliansen, intensivere samarbeidet med partnarlanda, styrkje samarbeidet med andre internasjonale organisasjonar og sivile styresmakter og setje fokus på dei økonomiske sidene av antiterrorarbeidet.
Alliansen har i året som gjekk drøfta korleis ein kan hjelpe dei nye medlemslanda med å overvake luftterritoriet deira og hindre at kapra fly kan brukast som terrorvåpen. Kampen mot internasjonal terrorisme inngår i dialogen mellom Alliansen og dei ulike partnarlanda. Samarbeidet mellom NATO og EU på antiterrorområdet er også i ferd med å bli styrkt, i første rekkje gjennom eit felles seminar om korleis dei saman kan stå betre rusta i kampen mot terrorisme.
4.2 Spreiing av masseøydeleggingsvåpen
Arbeidet med å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen er blitt intensivert etter 11. september 2001. Masseøydeleggingsvåpen i hendene på terroristar er ein av dei største truslane vi står framføre i dag. Arbeidet for å hindre spreiing av slike våpen er difor nært knytt til kampen mot terrorisme, sjølv om det lenge har vore erkjent i Alliansen at slik spreiing er ein fare i seg sjølv.
I 2004 er det ti år sidan NATO vedtok eit initiativ om masseøydeleggingsvåpen. Initiativet tok sikte på å førebu Alliansen politisk og militært på å møte dei utfordringane spreiing av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen utgjer. Blant dei allierte har det vore noko ulike syn på korleis dette best kan følgjast opp. Terroråtaka 11. september 2001 førte til større samforstand om at det er naudsynt å møte truslane på fleire plan og at forskjellige verkemiddel må takast i bruk. Innsatsen i NATO er innretta både på å verne eigne styrkar, befolkningar og territorium mot bruk av masseøydeleggingsvåpen og på å styrkje mekanismane som skal hindre spreiing av slike våpen.
Dei allierte har mellom anna oppretta ein felles bataljon som skal handtere biologiske og kjemiske hendingar og hendingar som involverer radioaktiv stråling (CBRN). Også dei såkalla Praha-initiativa frå toppmøtet i 2002 er viktige i denne samanhengen. Dei omfattar mellom anna oppretting av fleirnasjonale mobile laboratorium med personell og utstyr for prøver og analysar, utvikling av eit system for overvaking av sjukdom som skuldast biologiske stridsmiddel og utvikling av ein database med oversikt over dei samla lagera av legemidlar som stilles til disposisjon for Alliansen.
NATO har sidan tidleg på 1990-talet arbeidd med eit rakettforsvarssystem for trygging av utplasserte allierte styrkar. På NATO-toppmøtet i Praha i 2002 vart det gjort vedtak om at Alliansen skal gjennomføre ein studie om korleis den aukande rakettrusselen mot land, styrkar og tettfolka område kan møtast. Denne studien skal i sin tur vere eit bidrag til ein studie om rakettforsvar som no vert drøfta innanfor Alliansen, og som skal ferdigstillast innan 2005. Sjølv om det i NATO er semje om behovet for å vurdere ulike typar tryggingstiltak, er det ulike oppfatningar av trusselbildet, og følgjeleg ulike vurderingar av behovet for omfattande rakettforsvar. Frå norsk side har ein lagt stor vekt på at også dei tradisjonelle ikkjespreiingsregima får brei omtale i studien. Ein auka trussel må møtast med eit breitt spekter av verkemiddel. Styrking av det multilaterale avtaleverket innanfor nedrusting og ikkjespreiing må stå sentralt. Rakettforsvar kan berre vera eit mogleg tiltak.
Ikkjespreiing av masseøydeleggingsvåpen er også eit høgt prioritert samarbeidsområde innanfor NATO-Russland-rådet. I 2003 har dei allierte og Russland mellom anna arbeidd med å utvikle ei felles vurdering av globale trendar innan spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Russarane har også medverka positivt og vore interesserte i det tilstøytande arbeidet med eit avgrensa rakettforsvar. Tidlegare russisk skepsis til rakettforsvar er nå avløyst av ønskje om eit nært samarbeid med USA og NATO på dette feltet.
Sivil trygging har vore eit særleg prioritert område i NATO sidan terroråtaka mot USA. Noreg er framleis ein av pådrivarane for eit nærare samarbeid om sivil trygging i NATO og for å trekkje partnarlanda og Russland med i ulike samarbeidsaktivitetar. Innanfor NATO-Russland-rådet har russiske vitskapsfolk og ekspertar på medisinsk vern mot kjemiske og biologiske våpen mellom anna teke aktivt del i konferansar og drøftingar med kollegaer frå allierte land. Også norske ekspertar har delteke svært aktivt på dette feltet.
Også i Partnersamarbeidet har ikkjespreiing av masseøydeleggingsvåpen fått ein meir sentral plass etter 11.september. Det er spesielt vern av sivilbefolkninga mot bruk av masseøydeleggingsmiddel som har stått i fokus. Saman med Sverige og Finland har Noreg vore ein pådrivar i arbeidet med å utvikle retningslinjer og minimumsstandardar for vern av sivilbefolkninga mot masseøydeleggingsmiddel. På ein konferanse i Trondheim i januar i år, der 35 allierte og partnarland var representerte, var det semje om å utarbeide ein katalog med retningslinjer og standardar. Siktemålet er å medverke til å gjere sivilbefolkninga meir merksam på risikoane og å auke kunnskapen om spreiingsfaren blant dei landa som ligg utsett til. Samarbeid om etterretning og overvaking er her særs viktig.
Det er òg eit ønske i Alliansen om eit utvida samarbeid med landa i Middelhavsregionen for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Frå norsk hald understrekar ein behovet for full oppslutning om ikkjespreiingsavtalen i FN, som dei siste åra har vore under press. Den positive utviklinga i Libya og til ei viss grad Iran mot slutten av fjoråret viste at det nyttar å øve press på statar som utgjer ein spreiingstrussel. Avgjerda i desse landa om å tillate inspeksjonar frå IAEA understrekar også behovet for å halde fram med å styrkje verifikasjonsmekanismane for eksisterande ikkjespreiingsavtalar. Dette har vi frå norsk side understreka også i NATO.
Sterk og godt koordinert internasjonal innsats er naudsynt for å lukkast i kampen mot internasjonal terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Difor er det så viktig at NATO-landa framleis arbeider målretta og godt seg i mellom, men òg med EU og Russland og med andre partnarland.