11 Barnevernet i det nye hundreåret
11.1 Barnevernet i sentrum
Mot slutten av det hundreåret vi nyleg gjekk ut av, skjedde det mykje positivt med barnevernet. Fleire barn og unge fekk hjelp, spekteret av tiltak blei breiare og meir nyansert, og det blei rekruttert fleire fagfolk til feltet. Det er denne utviklinga som har blitt karakterisert som ein periode då barnevernet kom ut av velferdspolitikken sin skugge. I eit slikt perspektiv ser regjeringa det som ei utfordring å sikre at barnevernet blir verande utanfor skuggen i åra som kjem. Barnevernet i det nye hundreåret bør og skal vere ein integrert og sentral del av tilbodet frå velferdssamfunnet til problemutsette barn og unge og familiane deira.
Trass i den positive utviklinga på 1990-talet tyder ein gjennomgang av dagens situasjon på at barnevernet framleis er ei relativt tilbaketrekt teneste. På den bakgrunnen kan det vere grunn til å hevde at barnevernet enno ikkje er heilt ute av skuggen. Dette kan ha fleire uheldige konsekvensar:
Barnevernet kjem ofte for seint inn til å kunne yte den hjelpa utsette barn og familiane deira har behov for
Samarbeidet med andre etatar og tenester fungerer for dårleg
Legitimiteten til barnevernet i befolkninga blir verande relativt låg
Det er for lite politisk medvit og engasjement rundt arbeidet til barnevernet i kommunane.
11.2 Førebyggjande hjelp til barn og familiar
I dei aller fleste tilfella der det er aktuelt å kople inn barnevernet, vil det å hjelpe familien også vere den beste hjelpa barnet kan få. Det er då også alt slik at det er hjelpetiltaka som aukar mest i barnevernet. Spørsmålet som blir reist i denne meldinga, er likevel om den hjelpa som blir ytt, kjem tidleg nok og er nok heilskapleg og systematisk. Ofte synest det å vere slik at dei enkelte hjelpetiltaka blir sette inn for seint til å få den ønskte effekten, samstundes som hjelpa ikkje i stor nok grad blir sett inn i samanheng med den totale situasjonen familien er i. I dag innser fagfolk meir og meir kor viktig det er å stimulere den heilskaplege situasjonen i familien og ressursane som finst der, samstundes som det blir sett inn hjelpetiltak der familiane har særleg behov. Dette krev eit visst fokusskifte i det kommunale barnevernet både når det gjeld haldningar og metodisk opprusting. Dette inneber også eit mindre tilbaketrekt barnevern. Meldinga drøfter ei rekkje konkrete tilnærmingar som er eigna til å hjelpe barn og unge i familien på ein heilskapleg måte, og der samarbeidet med familien er vesentleg. Etter regjeringa si oppfatning er det behov for at slike metodar i større grad skal inngå i tilnærminga til utsette barn og familiar enn tilfellet er i dag. Ei slik perspektivdreiing er også i tråd med den politiske plattforma til regjeringspartia (Sem-erklæringa). På kort sikt vil dette innebere ein viss kostnadsvekst i form av auka ressursar til det kommunale barnevernet. På lang sikt vil ein slik snunad kunne føre til innsparingar, fordi ein etter alt å dømme vil kunne førebyggje mange av dei dyraste tiltaka utanfor heimen.
11.3 Barnevernet som koordinator i arbeidet for utsette barn og unge
Lova pålegg barnevernet eit vidt samarbeidsansvar med andre tenester, mellom anna fordi barnevernet er avhengig av samarbeid for å kunne utføre det arbeidet det etter lova er sett til å gjere: oppdage problem og setje inn tiltak som kan førebyggje ytterlegare problemutvikling. Den store gjennomstrøyminga av barn og unge i barnevernet gjer det også naturleg med eit breitt samarbeid. For dei aller fleste skal problema finne løysinga si utanfor barnevernet sine eigne arenaer. I dag er det ingen etat som har eit klart hovudansvar for å samordne innsatsen for utsette barn og unge i kommunane. Regjeringa meiner det er viktig å sikre ein slik funksjon i framtida, mellom anna for å unngå dobbeltarbeid og gråsoner mellom tenestene, men først og fremst for å sikre ein koordinert førebyggjande innsats når det gjeld utsette barn og unge. Ein slik koordinerande instans skal sørgje for god kommunikasjon mellom tenestene, og for at det skjer noko i tide. Etter regjeringa sitt syn er det mykje som taler for at barnevernet bør kunne ta på seg denne oppgåva. Det kan her vere ein fordel at barnevernet ikkje har sektorinteresser i vanleg forstand (skole, helse, kultur), men har som hovudoppgåve nettopp å sikre at problemutsette barn og unge kan leve eit liv som er så godt som mogleg. Koordinatoren skal også i nokon grad sjå til at andre etatar og tenester gjer ein innsats for spesielt utsette. Eit kommunalt barnevern med denne formelle og reelle koordinator- og pådrivarrolla vil nødvendigvis måtte bli eit nærverande og synleg barnevern. Gjennom å leggje dette ansvaret til ei av tenestene i kommunen (barnevernet), vil det førebyggjande arbeidet samstundes bli lyfta fram i lyset, både politisk og som eit tverretatleg satsingsområde i kommunane.
11.4 Legitimiteten til barnevernet
Det er eit mål at barnevernet skal bli respektert for dei oppgåvene tenesta utfører, og at barnevernet dermed oppnår legitimitet hos brukarar, samarbeidspartnarar (andre tenester), i samfunnet og befolkninga elles. For å oppnå ein slik status er det viktig at barnevernet er tydeleg og kommuniserer mest mogleg ope om sine verdiar og si rolle, ikkje minst om kva for prinsipp som ligg til grunn for avgjerder og tiltak. Den dobbeltrolla barnevernet har som hjelpar og kontrollør, står sentralt i dette biletet. I dei fleste sakene er det samsvar mellom prinsippet om det beste for barnet og det biologiske prinsippet, som tilseier at det skal svært mykje til for å ta barnet ut av familien. Men samstundes har barnevernet plikt til å seie ifrå når nok er nok og familien ikkje er ein god nok omsorgsbase lenger. Tryggleik i forhold til denne dobbeltrolla må vere ein del av den profesjonelle identiteten hos barnevernet. Regjeringa vil ikkje gå inn for ei deling av barnevernet, til dømes i ei hjelpeteneste og ein annan del for å setje i verk tiltak utanfor heimen. Regjeringa ser det slik at eit barnevern som har den nødvendige kompetansen i førebyggjande familiearbeid, også vil oppnå legitimitet når det viser seg nødvendig med tvangsinngrep. Ei eventuell rolle som sentral koordinator i kommunen vil på same måten kunne få positiv effekt på legitimiteten.
11.5 Politisk medvit og engasjement
Nærmiljøstudiar har vist at oppvekstmiljøet for barn og unge er eigna til å engasjere og samle både politikarar og lekfolk. Det bør gje grunn til optimisme også når det gjeld å skape større engasjement rundt barnevernet og det førebyggjande arbeidet for utsette barn og unge. Når medvitet om arbeidet til barnevernet i dag synest å vere for lågt, kan det ha samanheng med at barnevernsnemdene og helse- og sosialstyra i stor grad har falle bort, utan at det har kome noko nytt organ som sikrar behovet for å setje barnevernet på den politiske dagsorden. Under den førre barnevernlova med barnevernsnemder og helse- og sosialstyre, fekk lokalpolitikarane direkte informasjon om korleis vanskelegstilte barn og familiane deira hadde det. Når lekfolka no er blitt borte som obligatorisk innslag i det kommunale barnevernet, kan det ha ført til at politikarane er dårlegare informerte, og dermed i mindre grad kjenner ansvar for verksemda til barnevernet Det overordna ansvaret ligg i alle fall like fullt hos dei folkevalde.
Auka forståing av kor viktig førebygging er, vil kunne auke motivasjonen og handlingsrommet hos lokalpolitikarane. Førebygging av barne- og ungdomsproblem er eit område som ingen har ansvar for aleine. Ei meir sentral rolle for barnevernet i det førebyggjande samarbeidet i kommunen vil kunne hjelpe til å auke det politiske engasjementet på dette området.
11.6 Barnevernet i framtida
Det nye barnevernet har høg kompetanse på ulike former for førebyggjande familiearbeid og kjem tidleg inn med tiltak til utsette barn og familiar. Ein viktig grunn til at det førebyggjande arbeidet fungerer bra, er at barnevernet samarbeider godt med andre etatar og tenester i kommunen (særleg skole og helse). I mange kommunar har barnevernet fått ei koordinerande pådrivarrolle i forhold til samarbeidspartnarane sine. Denne sentrale posisjonen i arbeidet for oppvekstvilkåra for barn og unge fører til at tenesta til kvar tid står høgt oppe på den politiske dagsorden.
I det nye barnevernet speler nivået over kommunen på lag med barnevernet i kommunane. Forsterkningstiltak blir sette inn saman med kommunale ressursar, og ikkje i etterkant av hjelpetiltaka når det kanskje er for seint. Særleg småkommunane har stor nytte av ulike konsultasjonstenester og behandlingsmetodar for barn og unge og familiar, tenester som i forvaltningssystemet ligg til fylkeskommunen eller staten.
Det nye barnevernet har som målsetjing å arbeide heilskapleg – til beste for barnet, og ikkje kvar for seg ut frå etats- eller profesjonsgrenser. Gode resultat hjelper til å forsterke denne tendensen i åra som kjem.