St.meld. nr. 40 (2001-2002)

Om barne- og ungdomsvernet

Til innholdsfortegnelse

5 Velferdspolitikk for barn og familiar

5.1 Gode levekår for alle

5.1.1 Innleiing

Det er stor variasjon i kva for typar problem barn som får hjelp frå barnevernet, har, og kor alvorlege eller omfattande problema er. Den store gjennomstrøyminga av barn i barnevernet avspeglar denne røyndommen. Dei fleste barn og unge som får med barnevernet å gjere, har berre behov for hjelp og støtte i ein kortare periode, medan somme har behov for permanent hjelp i store delar av oppveksten. Utsette barn og unge kan ha problem som gjeld fleire sider av livet, og vanskane kjem ofte til uttrykk på fleire oppvekstarenaer samstundes. Dermed kjem ein del barn og familiane deira i kontakt med fleire etatar og hjelpetenester. Resultatet av den hjelpa dei får, vil mellom anna vere avhengig av kor godt desse instansane kan samarbeide.

Familien, barnehagen, skolen og fritida utgjer dei sentrale rammene rundt livet til alle barn og unge. Det har skjedd store endringar på desse områda dei siste tiåra; barn og unge veks opp i eit anna sosialt og kulturelt landskap enn foreldra gjorde. Skolen får meir og meir å seie i livet til barn og unge, både når det gjeld utdanning og sosial trening. Å lykkast på skolen fagleg og sosialt er blitt enda meir nødvendig enn før fordi det i mindre grad finst alternative vegar som gjev kvalifisering til yrke og arbeid. Medan det i tidlegare generasjonar var mogleg for ungdom å gå inn i arbeidslivet og gjere karriere utan å ta utdanning, er det lite rom for dette i dag. Barnevernet har eit særleg ansvar for å hjelpe utsette barn og unge med å finne sine vegar inn i vaksensamfunnet.

Regjeringa ønskjer å sameine måla om ein god barndom og ei god ungdomstid med kvalifisering for framtida. Barn og unge med særskilde behov må sikrast ei best mogleg framtid gjennom samarbeid og tilrettelegging både lokalt og nasjonalt. Ein må ta omsyn til utsette barn og unge i alle politiske prosessar som har med deira situasjon å gjere. Ikkje minst i kommunal planlegging og politikk må omsynet til barn og unge vere gjennomgripande.

I den generelle barne- og ungdomspolitikken ønskjer regjeringa ein aktiv politikk for å stimulere barn og ungdom til deltaking og medansvar i samfunnet. Det er viktig å ha ein god dialog mellom barn, ungdom og vaksne, slik at også behova og interessene hos barn og ungdom blir tekne vare på. Barn og ungdom må bli høyrde, og synspunkta deira må ein ta på alvor. Dette gjeld også i barnevernsaker, sjølv om det er barnevernet som på vegner av samfunnet må ta dei endelege avgjerdene om kva som er det beste for barnet, og når den omsorga foreldra gjev, har så store manglar at barnet bør plasserast utanfor heimen.

Utjamning av levekårsskilnader, solidaritet, likeverd og mangfald står sentralt i barne- og ungdomspolitikken. Eit overordna mål er å sikre alle barn og unge likeverdige tilbod og utviklingsvilkår. For å motverke ulikskapar vil regjeringa leggje særskild vekt på å betre oppvekstkåra for dei dårlegast stilte, mellom anna gjennom ein handlingsplan mot fattigdom. Eit godt barnevern er ein viktig del av ein heilskapleg barne- og ungdomspolitikk.

Norske styresmakter har i dei seinare åra lagt vekt på å styrkje oppvekstmiljøet, mellom anna gjennom omfattande reform- og forsøksarbeid og gjennom utvikling av tilbod og tenester som er eigna til å dekkje dagens behov. Trass i den innsatsen som alt har skjedd, kan vi enno ikkje seie oss nøgde. Framleis finst det barn og unge som har det vanskeleg, somme av dei skaper også store problem for andre. Kriminalitet, mobbing, vald og rusproblem, vanskar med å strekkje til på skolen og problem med å få innpass på arbeidsmarknaden er ein del av røyndommen for nokre. Nokre barn veks opp i familiar med dårlege økonomiske og materielle kår, og nokre få barn opplever direkte fattigdom. Den offentlege politikken må utformast og organiserast slik at alle barn og ungdommar får gode utviklingsvilkår og den hjelp og støtte dei har behov for. For å sikre dette er det ikkje minst nødvendig med eit godt samarbeid mellom etatar og tenester i kommunane.

Barn som har langvarig kontakt med barnevernet, har behov for hjelp på ulike område, og dermed frå fleire hjelpetenester. Ofte er denne hjelpa for dårleg koordinert. For å lykkast i det førebyggjande hjelpearbeidet med barn og familiar er barnevernet heilt avhengig av eit breitt samarbeid med andre sektorar og tenester. I § 3-2 i barnevernlova heiter det: «Barnevernet skal medvirke til at barns interesser også ivaretas av andre offentlige organer». Vidare: «Barneverntjenesten skal samarbeide med andre sektorer og forvaltningsnivåer når dette kan bidra til å løse oppgaver som den er pålagt etter denne loven. Som ledd i disse oppgavene skal barneverntjenesten gi uttalelser og råd, og delta i den kommunale og fylkeskommunale planleggingsvirksomhet og i de samarbeidsorganer som blir opprettet». I § 3-3 heiter det at «Barneverntjenesten bør også samarbeide med frivillige organisasjoner som arbeider med barn og unge». Noko av bakgrunnen for innføringa av desse reglane i barnevernlova var at leiinga i kommunane og andre rundt 1990 oppfatta at barnevernet isolerte seg og var for lite oppteke av samarbeid med andre kommunale og fylkeskommunale faginstansar. Det mangelfulle samarbeidet blei sett på som noko av forklaringa på svak effektivitet og opphoping av saker, jf. utrykket «mappebarn» frå den tida. Mange kommunar har gjennom det siste tiåret betra barnevernet sitt og gjort erfaringar med alternative former for organisering av tenester for barn og unge. Likevel kan barnevernet framleis bli meir synleg i det førebyggjande hjelpearbeidet. For å kunne vere til hjelp for barn og familiar på ein heilskapleg måte må tenesta liggje langt framme i ei aktiv samarbeidsrolle. Barnevernet skal samarbeide med familien, barnehagen, skole og PP-teneste, helsetenestene og eventuelt frivillige organisasjonar. Som det går fram av kapittel 3 i barnevernlova, har barnevernet eit særleg ansvar for førebygging og samarbeid med andre tenester. Om barnevernet bør få eit hovudansvar i samordningsarbeidet, må det vere opp til kommunane å avgjere. Nokre kommunar har alt organisert tenester for barn og unge saman i ein oppvekstetat. Ei slik samordning kan i seg sjølv gje gode styrings- og samarbeidsformer. Like viktig for samarbeid og koordinering kan såkalla lågterskeltilbod gjennom helsestasjonar eller «familiesentralar» vere. Alle familiar med barn møter helsestasjonen. Fordi bruk av tilbodet ikkje blir opplevd som stigmatiserande, er det lett for foreldre å ta kontakt. Vidare kopling til barnevernet eller andre hjelpetenester kan ein etablere etter behov.

Barneverntenesta i kommunen kan vere koordinator for det kommunale samarbeidet om utsette barn og familiar. Ingen annan instans har dette hovudansvaret i dag. Ei slik praktisering av det ansvaret barnevernet har for koordineringa av det førebyggjande arbeidet for utsette barn og familiar, vil gje eit betre tenestetilbod i kommunen samstundes som det vil føre til auka legitimitet og autoritet for barnevernet. Barneverntenesta nyttar allereie i stor grad heilskaplege individuelle planar i saker om omsorgsovertaking, jf. barenvernlova § 4-15 og i saker der barn er plasserte etter åtferdsreglane, jf. barnevernlova § 4-28 om tiltaksplanar. I barnevernlova § 4-5 om oppfølging av hjelpetiltak heiter det også at barneverntenesta skal arbeide ut ein tidsavgrensa tiltaksplan. Barneverntenesta skal etter denne reglen halde seg orientert om korleis det går med barnet og familien og vurdere om hjelpa er teneleg, eventuelt om det er nødvendig med nye tiltak. I denne samanhengen bør barnevernet også vurdere om det er aktuelt med hjelp frå andre hjelpetenester.

Tiltaksplanar i barnevernet blir særleg nytta ved omsorgsovertaking og plassering etter åtferdsreglane. For å oppnå eit godt samarbeid både innanfor og på tvers av forvaltningsnivå og tenester, og for å sikre at barn, unge og familiar med samansette problem får god og heilskapleg forebyggjande hjelp, vil dei aktuelle departementa vurdere om ein skal leggje større vekt på individuelle planar i det forebyggjande arbeidet. Ein slik individuell plan skal eventuelt påleggje nødvendig samarbeid mellom ulike tenester og etatar som har ansvar for hjelpetiltak for utsette barn og unge og familien deira.

5.1.2 Tryggleik og omsorg

Familien har hovudansvaret for velferd og utvikling hos barn og ungdom. Hovudoppgåva for det offentlege er å sørgje for gode rammevilkår for familiane, samstundes som ein må setje inn tiltak der familieomsorga viser teikn på å svikte. Dagens barn og unge møter ei omskifteleg verd, som også stiller store krav til foreldra. Gjennom foreldrepermisjon, foreldrerettleiing, økonomiske overføringar, barnehage og skole med fritidsordningar for dei yngste hjelper styresmaktene foreldra i å ta på seg det ansvaret dei har for utviklinga hos barn og unge.

Eit samfunn i rask endring stiller store krav til kompetanse og omstillingsevne. Samfunnet gjev ikkje ferdige svar på kva eller kven dei unge skal bli. Dagens barn og unge har mange fleire alternativ å velje mellom enn førre generasjon. Dette set også store krav til foreldre som rettleiarar for barn og unge. Foreldra og familien er ikkje blitt mindre viktig. Tvert imot kan det vere slik at oppsedinga frå foreldra, påverknaden deira og inngrepa deira i livet til barn og ungdom har endå meir å seie enn før. Krava til foreldra om deltaking og oppfølging av eigne barn mellom anna i forhold til skole, utdanning og fritidsaktivitetar, kan vere med på å forsterke skilja mellom barn og ungdom som har foreldre som gjev nok støtte og hjelp, og dei som har foreldre som av ulike grunnar ikkje maktar å følgje opp i same grad. Det blir stilt store og nye krav til det offentlege når desse skilnadene skal jamnast ut.

Tryggleik i familien er svært viktig for ei god personleg utvikling. Samstundes får jamaldergruppa gradvis ei stadig meir sentral rolle i livet til dei unge. Fellesskapet blant venner blir basis for spesielle samværsformer, interesser og aktivitetar. Her skjer det læring og utprøving som det oftast ikkje er mogleg å få til saman med vaksne. Jamalderfellesskapet kan også verke med til å utvikle negative livsstilar og åtferdsmønster som i for stor grad blir referanse og målestokk.

Forholdet mellom barn og ungdom og dei vaksne har endra seg mykje i løpet av ein generasjon. Kontakten og opplæringa som tidlegare skjedde i eit arbeidsfellesskap mellom unge og vaksne, er svekt. For samfunnet er det ei utfordring å styrkje samhandlinga mellom generasjonane.

5.1.3 Deltaking og medverknad

Rettane til barn og ungdom har fått større vekt dei seinare åra. Medan barn tidlegare blei sedde på som «eigedommen» til foreldre eller andre føresette, rettar dagens lovverk i større grad fokus mot dei rettane barn og ungdom sjølve har. Desse rettane omfattar vern mot forhold som kan føre til skade, både i og utanfor familien, og dessutan rettar som knyter seg til barnet som eit sjølvstendig handlande individ. FNs konvensjon om barnerettane er eit uttrykk for eit aukande medvit om, og ei prioritering og anerkjenning, av barna sine rettar, sjå kapittel 6.3.1 og 6.3.2.

Regjeringa ser det som viktig at alle barn og unge får høve til å delta aktivt og vere med på å utforme og gjennomføre barne- og ungdomspolitikken. I tillegg til at barn og ungdom kan verke med til å lyfte kvaliteten på barne- og ungdomspolitikken og gjere han meir treffsikker, er deltakinga viktig for opplæring i demokratiske haldningar og handlemåtar. Barn og ungdom som får sjansen til å vere med og bestemme, viser kreativitet, engasjement og ansvarskjensle. Erfaringar viser at der barn og unge har kome med innspel, har dei kome inn med verdifulle kunnskapar og opplysningar, slik at innsatsen og tilboda har blitt betre og meir i tråd med ønska og behova hos dei unge. Det er eit mål at alle kommunane i landet legg opp eit systematisk arbeid for å trekkje barn og ungdom aktivt inn i arbeidet for å betre oppvekstmiljøet – både i skolen, i fritida, i nærmiljøet og gjennom deltaking i kommunale plan- og avgjerdsprosessar. Eit døme på slikt arbeid er dei kommunale barne- og ungdomsråda. I tillegg er det viktig å stimulere til auka dialog mellom statlege styresmakter og barn og ungdom. I barnevernet er samarbeidet med Landsforeningen for barnevernsbarn viktig.

Skolen har eit spesielt viktig ansvar for opplæring i demokratiske verdiar og handlemåtar. Reformene i skole og opplæring på 1990-talet, Reform 94 og Reform 97, opnar opp for å styrkje engasjementet hos elevane og evna deira til å ta ansvar både i skolen og i samfunnet. Elevdemokrati, ansvar for eiga læring på alle trinn og medansvar frå elevane si side står sentralt. Målet er å etablere gode lærings- og oppvekstmiljø, styrkje læring og trivsel hos elevane og motivere dei til å ta ansvar for seg sjølv og andre. Det er ei utfordring for skolane å gjere ein innsats for barn og unge som tek imot tiltak frå barnevernet medan dei er elevar. Elevar og lærarar og heile miljøet i skolane vil kunne profittere på ei open og bevisst haldning til (med)elevar med særlege behov. Ein annan måte å møte denne utfordringa på er å gjere bruk av andre yrkesgrupper i skolen i tillegg til lærarane.

Deltaking og medverknad blir nærmare omtalt i ei St.meld nr. 39 (2001–2002) «Oppvekst og levekår for barn og ungdom i Norge»,

5.1.4 Likeverdig opplæring

Utdanning er viktigare i dag enn nokon gong, både som drivkraft i samfunnsutviklinga og for den enkelte. I aukande grad er utdanning avgjerande for likeverd og fordeling av samfunnsgoda. Å sikre barn og unge lik rett og like vilkår for utdanning og kvalifisering er eit sentralt mål for barne- og ungdomspolitikken. Dei siste åra er det gjennomført omfattande reformer for å styrkje utdanningssystemet, innanfor grunnskole og vidaregåande opplæring, og gjennom omlegging av høgare utdanning. Eit siktemål med reformarbeidet har vore å sikre ei jamnare rekruttering til vidaregåande opplæring og høgare utdanning. For barnevernet er det ei særleg viktig oppgåve å sørgje for, i samarbeid med skolestyresmaktene, at barn som er under tiltak utanfor heimen (mellom anna i institusjonar), ikkje får eit mangelfullt skoletilbod.

Med Reform 94 har all ungdom i Noreg fått ein lovfesta rett til vidaregåande opplæring. Utviding av retten til utdanning for ungdom er eit gode for dei fleste. Men auka krav til utdanning fører også til at fallhøgda blir større for barn og ungdom som ikkje greier å utvikle sine evner og anlegg innanfor utdanningssystemet. Dei sakkar akterut i forhold til jamaldrande og har problem med å få innpass i arbeidslivet. Ungdom med låg utdanning eller ikkje fullførd utdanning utgjer ei spesielt utsett gruppe som står i fare for å falle ut av arbeidsmarknaden. For å fange opp ungdom som ikkje er motivert til opplæring i skole eller i arbeidslivet, eller som avbryt opplæringa, er det oppretta oppfølgingsteneste i kvar fylkeskommune. Denne tenesta skal sikre eit tverretatleg samarbeid mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar. Oppfølgingstenesta gjer eit viktig og godt arbeid, men framleis er det unge som ikkje blir fanga opp. Regjeringa vil føre vidare innsatsen overfor ungdom som fell utanfor utdanningssystemet. Eit nært samarbeid mellom barnevern og oppfølgingsteneste vil i mange tilfelle vere til stor hjelp.

Verdigrunnlaget for skolen har heimel i opplæringslova og den generelle delen av læreplanen. Opplæringa skal, ifølgje opplæringslova, tilpassast evnene og føresetnadene til den enkelte. Det er viktig for skolen å utvikle ei inkluderande og tilpassa opplæring for alle barn og unge dei møter, og grunnskolen skal ikkje berre utvikle elevane fagleg, men også personleg og sosialt. Dette er lovfesta i opplæringslova. Førebyggjande og haldningsskapande arbeid i skolen gjer det mogleg å nå dei fleste barn og unge og foreldra deira. Skolen har handlingsrom for å setje i verk både generelt førebyggjande arbeid og innsats retta mot spesielt utsette barn eller grupper.

Fordi skolen og andre tenester har eit felles ansvar for barn og unge, er gode samarbeidsrutinar viktig. Arbeidet for eit godt lærings- og oppvekstmiljø krev kontinuerleg og langsiktig innsats. Ein føresetnad for at skolane skal lykkast i dette arbeidet, er at det blir etablert eit tett samarbeid med foreldre, nærmiljø, andre offentlege tenester og ikkje minst elevane sjølve.

Skolen disponerer etter måten store økonomi- og personalressursar. Det er ei utfordring for skolane å nytte ressursane på ein slik måte at dei også kjem utsette grupper til gode. I den seinare tid har det blitt fokusert på problemløysande metodar med dokumentert effekt. Vidare må ein leggje vekt på systemretta tiltak, også med fokus på førebyggjande arbeid. Systemarbeidet i skolen kan mellom anna vere knytt opp mot organisering av undervisninga for å skape gode lærings- og utviklingsarenaer for barn og unge. Forsking tyder på at lærarar bruker meir tid på «oppdragelse» no enn før, og dette bør ein vurdere å synleggjere meir i skole- og læreplanar.

I samband med St.meld. nr. 23 (1997–98) «Om opplæring for barn, unge og vaksne med særskilde behov» blei det sett i gang eit treårig kompetanseutviklingsprogram for pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og skoleleiarar (Samtak). Programmet blir gjennomført i perioden 2000–2002. Sosiale og emosjonelle vanskar er eitt av satsingsområda saman med systemretta arbeid.

Metodane MST og PMT som er utvikla for å hjelpe åtferdsvanskelege barn og unge (sjå omtale i kap 9.8.3), skal prøvast ut og evaluerast i skolen med fokus på både sjølve skolegangen og heim-skole-samarbeidet. Det er også ei målsetjing å utvikle og evaluere praktiske, skolebaserte tiltaksmodellar for å førebyggje og meistre alvorlege åtferdsproblem.

HEMIL-senteret ved Universitetet i Bergen har utvikla eit tiltaksprogram mot mobbing og antisosial åtferd i skolen som har vist seg effektivt, og som alle kommunar får tilbod om å delta i. Foreldrerettleiingsprogrammet, jf. kapittel 5.2.7, er samstundes utvida og tilpassa skolen. Hovudmålet er å fremje kontakt og kommunikasjon mellom barn, foreldre og lærarar. Satsinga på foreldrerettleiing i skolen vil bli ført vidare.

Ifølgje opplæringslova skal alle kommunar ha ei pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Hovudarbeidsområdet for denne tenesta er mellom anna utgreiingar og rettleiing knytt til barn og unge med særlege behov for spesialpedagogiske tenester. Tilsette i PPT har ofte høgare pedagogisk eller psykologisk kompetanse som det er viktig for skolar og barnehagar og få tilgang på. Det er framleis ei utfordring for tenesta å arbeide systemretta og tverrfagleg og å setje fokus på foreldresamarbeid.

Det er viktig at kommunane legg til rette for eit systematisk samarbeid mellom den pedagogisk-psykologisk tenesta og barnevernet. Samarbeidet bør ikkje avgrense seg til det som er strengt lovpålagt (informasjonsplikt, undersøking av meldingar osv.), men så langt regelverket tillèt, innebere eit samarbeid om det enkelte barn til beste for barnet.

5.1.5 Helse og livsstil

For å sikre eit godt helsefremjande og førebyggjande arbeid blant barn og ungdom er det nødvendig med samordning og samarbeid på tvers av etatar og sektorar og mellom offentleg og frivillig innsats. Samstundes skal arbeidet vere målretta ut frå spesielle behov eller risikosituasjonar.

Psykososiale problem er truleg det helseproblemet som aukar mest blant barn og unge. Det er rekna ut at ca. 50 000 barn og unge har behov for tenester frå psykisk helsevern for barn og unge, jf. St.meld. nr. 50 (1998–99) Utjamningsmeldinga. Ein reknar med at mellom 10 og 20 prosent av alle barn har så vidt store plager at dette går ut over måten dei fungerer på i dagleglivet. Om lag ein tredjepart av dei, det vil seie 4–7 prosent av heile barne- og ungdomsbefolkninga, er barn og unge som ein reknar med er alvorleg plaga, og som ein reknar med treng behandling.

Gjennom Opptrappingsplan for psykisk helse 1999–2006er det lagt opp til ei omfattande utbygging av psykisk helsevern for barn og ungdom. Det er teke utgangspunkt i ein auke av dekninga til alle under 18 år frå 2, 2 prosent til 5 prosent. Dette skal både skje gjennom utbygging av fleire døgnplassar til ungdom, fleire dagplassar til barn og unge og fleire fagpersonar til poliklinisk verksemd. I løpet av dei seinare åra er det lagt ned eit stort arbeid i fylka for å betre samarbeidet mellom psykisk helsevern for barn og unge og barnevernet. Dette samarbeidet må halde fram.

Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2001 slutta Stortinget seg til at det skal liggje føre ein politisk vedteken plan i kommunane for det psykososiale helsearbeidet. Planen skal også omhandle barn og unge og vurdere dei retningsgjevande føringane frå Helsedepartementet om at 20 prosent av øyremerkte tilskot skal gå til barn og unge. Det er ei utfordring for kommunane å utvikle gode tiltak og tiltakskjeder for barn og unge.

Styrking og utvikling av det psykiske helsearbeidet i kommunane er også ein sentral del av opptrappingsplanen. Eit viktig siktemål er fleire og betre tenester for barn og unge. Målsetjinga er at det ved utløpet av planperioden skal vere etablert 800 nye stillingar innanfor helsestasjons- og skolehelsetenesta, her medrekna helsestasjonar for ungdom. For å styrkje det psykososiale arbeidet blant barn og unge i kommunane skal det også setjast inn 260 årsverk ut over dagens nivå. Desse stillingane skal mellom anna hjelpe til å betre støttekontakttenesta og kultur- og fritidstilbodet for dei som har, eller er særleg utsette for, problem av psykososial karakter. Dei skal dessutan kunne setjast inn med tanke på å førebyggje psykososiale problem. Det vil vere viktig at stillingane får ankerfeste innanfor kommunen på ein måte som gjer det mogleg å dra nytte av eksisterande kompetanse, og at tenestetilbodet er integrert i det ordinære tilbodet i kommunen. Samstundes må ein sikre at ein når dei som har særleg behov for psykososiale tenester. Det er viktig at ressursauken kjem barn og unge innanfor barnevernet til gode.

Regjeringa har sett i gang eit arbeid med å gjennomgå og ajourføre opptrappingsplanen for psykisk helse, både når det gjeld brukartiltak, informasjon, kommunale og spesialiserte tenester og kompetansetiltak. Opptrappingsplanen har lagt vekt på barn og unge. Fleire tiltak skjer mellom anna i samarbeid med Barne- og familiedepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet. I tillegg blir det no arbeidd med ein heilskapleg strategi for psykisk helse hos barn og unge for å styrkje mellom anna satsinga på førebyggjande tiltak og oppbygging av kompetanse. Strategien blir utarbeidd i samarbeid med organisasjonen Voksne for Barn og andre sentrale aktørar.

Etter reforma av spesialisthelsetenestene er psykisk helsevern for barn og unge overførd til helseføretaka. Sosialdepartementet greier no ut spørsmålet om framtidig organisering av dei delane av tiltaksapparatet for rusmiddelmisbrukarar som framleis er lagde til fylkeskommunen. Barne- og familiedepartementet har sendt på høyring framlegg til framtidig organisering av dei oppgåvene innanfor barnevernområdet som i dag ligg i fylkeskommunen. Dette inneber nye utfordringar til framtidig organisering av samarbeidet. Departementa har derfor sett i gang eit arbeid for å sikre ei god samordning mellom desse tenestene i framtida, uavhengig av kva for forvaltningsløysingar som blir valde.

Livsstil er meir enn helseåtferd. Livsstil kan definerast som eit mønster av stabile vanar som er typiske for den gruppa ein tilhøyrer eller ønskjer å tilhøyre. Livsstilsvanar tileignar ein seg tidleg. Både kosthald, fysisk aktivitet og ulykkesførebygging er avhengig av tilrettelegging og innsats frå dei vaksne, både i heim, barnehage og nærmiljø. Etter som barnet veks til, vil skolen og fritidsorganisasjonane vere viktige i tilrettelegginga av gode sosiale samanhengar og situasjonar. Samstundes vil dei vere viktige både i å førebyggje mobbing, vald og kriminalitet og i å hindre bruk av tobakk og rusmiddel. Det er ei utfordring å få barn og unge til å delta aktivt til beste for eige liv. For unge er påverknaden frå jamaldrande avgjerande, både for val av livsstil og helsevanar.

Det er arbeidd ut ein eigen tverrdepartemental strategiplan mot eteforstyrringar. Strategiplanen legg vekt på både førebyggjande og kompetansehevande tiltak og på behandlingstiltak. Mellom dei førebyggjande tiltaka som blir retta inn mot auka kunnskap og medvit hos unge om problematikk knytt til eteforstyrringar, er undervisningspakken «Kropp, kultur og kommunikasjon.»

Eit nytt prosjekt «TENK» som er under utvikling, er eit nytt nettbasert interaktivt undervisningsopplegg for lærar og elevar som fell inn under den førebyggjande strategien i planen.

Boks 5.1 Prosjektet «TENK» – mobilisering for egenverd og mediaforståelse»

Barne– og familiedepartementet og Undervisnings- og forskingsdepartementet (Læringssentret) har initiert eit internettbasert undervisningsopplegg som kan hjelpe til med å bevisstgjere barn og unge om media og verkemiddel og metodar som reklamen bruker. Prosjektet har som målsetjing å lage ein utvida skoleprosjektpakke for å møte problematikken rundt eteforstyrringar hos unge menneske og overdrive fokus på sjablongidol og usunne kroppsideal. Prosjektet baserer seg på at førebygging er det mest effektive middelet for å hindre problem og unngå at unge menneske blir sjuke, og at dette handlar meir om sjølvtillit enn om sjukdom. Det er no utvikla internettsider som både rettar seg mot elevar i ungdomsskolen og vidaregåande skole (elevsona) og ei eiga lærarsone der lærarar kan få kunnskap om dette temaet. Internettsidene er prøvde ut og utvikla i samarbeid med lærarar og elevar ved St. Hallvard videregående skole. Prosjektet blir også heile tida evaluert av ein forskar frå Nord-Trøndelagsforskning.

Utfalding gjennom idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet er ein viktig del av oppveksten for barn og ungdom. Grunnlaget for livsstil, aktivitetsvanar og god helse gjennom heile livsløpet blir lagt i barne- og ungdomsåra. Det er veldokumenterte positive samanhengar mellom fysisk aktivitet og helse, og det er ein klar samanheng mellom fysisk aktivitetsnivå og risikoen for å utvikle ei rekkje folkesjukdommar. Det er sterke haldepunkt for at livsstil og aktivitetsvanar i befolkninga går i ei uheldig retning. Aktivitetsnivået blant ungdom viser ei negativ utvikling, barna er mindre fysisk aktive, og det er sosiale skilnader i livsstil med konsekvensar for helsa. Ei stor utfordring ligg i ein koordinert innsats med bidrag frå fleire samfunnssektorar for å skape gode vilkår for variert fysisk utfalding i kvardag og fritid.

5.1.6 Eit godt fritidsmiljø

Eigenaktivitet og kreativitet er berande prinsipp i regjeringa si satsing på barn og ungdom. Barn og ungdom er aktive utøvarar, skaparar og brukarar i kultur- og fritidsverksemd. Kultur- og fritidspolitikken må utformast slik at behov og interesser hos barn og ungdom blir tekne på alvor, og at det blir gjeve rom for engasjement og deltaking. Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane speler ei sentral rolle her. Kultur- og fritidspolitikken må tilretteleggjast slik at alle grupper av barn og ungdom får høve til å delta i eit aktivt og mangfaldig kulturliv. Regjeringa ser det som viktig at innsatsen retta mot barn og unge på kultur- og fritidsområdet blir styrkt og utvikla vidare. Dei frivillige organisasjonane på kulturfeltet er viktige og skal sikrast gode kår. Kultur- og kyrkjedepartementet arbeider for tida med ei ny kulturmelding som etterb planen skal leggjast fram for Stortinget tidleg på våren 2003. Barn og unge vil vere eit tema i denne meldinga. Kultur på barne- og ungdomsområdet vil også bli omtalt i meldinga til Stortinget frå Barne- og familiedepartementet om oppvekst og levekår for barn og unge.

Gode og trygge møteplassar står sentralt i arbeidet med å sikre eit godt fritidsmiljø. Barn og ungdom er meir enn andre avhengige av det fysiske og sosiale nærmiljøet for leik, utfalding og samvær med jamaldrande. Nærmiljøet er gjerne den viktigaste ramma for aktivitetar og samvær – og for tilhøyrsle til eit større fellesskap utanfor familien. Tilgangen på og utforminga av møtestader i nærmiljøet og i lokalsamfunnet har mykje å seie for korleis barn og ungdom kan møtast, og for kva dei kan gjere. Både barnehagar, skolar, fritidsklubbar, idrettsanlegg, frivillige organisasjonar og andre offentlege og private møteplassar er viktige.

Problem knytte til vald, mobbing, kriminalitet, rus og rasisme blant barn og ungdom har kome meir i framgrunnen dei seinare åra. Nokre få barn og unge med innvandrarbakgrunn er utsette for kjønnsskamfaring. Situasjonen vekkjer uro. Regjeringa ønskjer eit breitt engasjement for å snu utviklinga. For å få til den nødvendige satsinga er det lagt opp til styrkt innsats og betre samordning både i kommunar og på statleg nivå. Det er eit særleg behov for å styrkje og vidareutvikle det tverrsektorielle samarbeidet mellom ulike etatar og tenester lokalt. Vidare er det behov for styrkt samarbeid mellom offentlege styresmakter, barn og ungdom, foreldre, frivillige organisasjonar og grupper. Som døme på samarbeid kan ein nemne at regjeringa gjennom dokumenta Innsats mot tvangsekteskap 2002 og Handlingsplan mot kjønnslemlestelse sette i verk tiltak som inneber eit konkret samarbeid mellom alle dei nemnde partane.

Rusmiddelmisbruket blant ungdom har endra seg dei seinare åra. Spreiinga av heroin og amfetamin, det aukande talet på unge som har erfaring med misbruk av hasj og ecstasy, og ei gliding i retning av meir liberale haldningar til narkotika, gjev grunn til bekymring. Ulike ungdomskulturelle aktivitetar med stor tiltrekkingskraft synest å ha ei nokså liberal haldning til narkotika, noko som lett kan føre til rekruttering blant nye brukargrupper. Det er særleg bekymringsfullt at enkelte nye typar narkotika blir knytte saman med populære og mediafokuserte livsstilar.

Narkotikamisbruket blant ungdom er aukande både i landet i det heile og i Oslo. Bruk av alkohol har også stige blant ungdom. Det går føre seg ei gradvis tilnærming mellom by og bygd når det gjeld rusmiddelbruk blant ungdom, og skilnadene er ikkje lenger så markante som dei var nokre få tiår tidlegare. I arbeidet med å førebyggje rusmiddelmisbruk må heile samfunnet, og ikkje berre styresmaktene, engasjere seg. Det er blant venner, i familien eller saman med skole- og arbeidskameratar at haldningar blir forma. Det er derfor viktig at desse miljøa mobiliserer mot rusmiddelmisbruk, samstundes som styresmaktene gjennom lovverk og kontrolltiltak signaliserer klare haldningar mot rusmiddelmisbruk.

I arbeidet med å sikre eit godt fritidsmiljø er det viktig at tilsette i kultur- og fritidssektoren samarbeider med andre offentlege etatar og tenester lokalt, som til dømes skole, politi og barnevern, gjennom forpliktande rutinar for samarbeid. Det er også viktig med eit godt samspel mellom det offentlege arbeidet og innsats i regi av frivillige organisasjonar og ungdomsmiljø. Erfaringar viser at aktivitetar og engasjement frå barn og ungdom sjølve i det førebyggjande arbeidet verkar positivt i ungdomsmiljøa. Ansvarleggjering av barn og ungdom er eit positivt signal om at dei blir tekne på alvor. Det er ei utfordring å involvere alle grupper av barn og ungdom i arbeidet med å skape eit godt fritidsmiljø lokalt.

Rusproblem er aukande og spreier seg til nye grupper. Regjeringa har som mål å redusere det totale alkoholforbruket og styre meir av alkoholomsetninga inn i lovlege former. Regjeringa vil derfor arbeide ut ein eigen handlingsplan mot rusproblem som vektlegg både førebyggjande tiltak og betre behandlingstilbod for rusmisbrukarar. I barnevernsaker er rusmisbruk hos foreldra ofte grunnlag for tiltak, særleg i dei tilfella der det er aktuelt med omsorgsovertaking.

5.2 Tenester for barn og familiar

5.2.1 Innleiing

Alle familiar med barn i Noreg er omfatta av ein aktiv fordelingspolitikk med siktemål anten å kompensere barnefamiliane for nokre av meirutgiftene ved å ha barn, eller bidra med tenester eller overføringar for å stø opp om omsorga familien skal gje barna. Dei viktigaste ordningane er barnetrygd, fødsels- og adopsjonspengar og eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, kontantstøtte og tilbod om barnehageplass. I møtet mellom familien og barnevernet veit barnevernet at det kan ta utgangspunkt i desse ordningane når opplegget for den enkelte familien skal drøftast.

5.2.2 Barnetrygd

Barnetrygda er den viktigaste økonomiske støtteordninga for barnefamiliane. Eit sentralt formål med barnetrygda er at ho skal kompensere for nokre av utgiftene i samband med det å ha barn. Barnetrygda verkar omfordelande mellom familiar med og utan barn. Den som forsørgjer barn under 18 år og er busett i Noreg, har rett til barnetrygd. Ordinær barnetrygd er 972 kroner per månad per barn (2001).

Barne- og familiedepartementet har i Ot. prp. nr. 57 (2000–2001) og i Ot. prp. nr. 11 (2001–2002) kome med framlegg til ny lov om barnetrygd. Ny barnetrygdlov blei vedteken av Stortinget i 2002. Lova tek til å gjelde frå 1. januar 2003. Barnetrygdlova som gjeld i dag, blei vedteken i 1946, og det har ikkje vore gjennomført noka total lovrevidering sidan den gongen. Gjeldande barnetrygdlov har inga formålsformulering. Departementet kjem med framlegg om at ei formulering som framhevar at formålet med barnetrygda er at ho skal vere eit bidrag til utgiftene ved å forsørgje barn, kjem med i den nye lova.

Sosialdepartementet har 13. september 1977, med heimel i barnetrygdlova § 1 første ledd tredje punkt, fastsett forskrifter om kven som skal ha retten til barnetrygd for barn som ikkje veks opp hos foreldra sine eller hos adoptivforeldre. Forskrifta regulerer først og fremst utbetaling og disponering av barnetrygd for barn som er under omsorg av barnevernet i samsvar med reglane i barnevernlova.

Etter gjeldande regelverk skal barnetrygda for fosterbarn og barn i institusjon nyttast til ekstraordinære utlegg og til oppsparing på eigen konto, ikkje til dekning av daglege utgifter og småinnkjøp av ulik art. Barnetrygda skal setjast inn på kontoen til barnet av fosterforeldra, eventuelt av barneverninstitusjonen. Til større utbetalingar må fosterforeldra hente inn samtykke frå tilsynsføraren til barnet eller, dersom barnet er plassert i institusjon, frå tilsynsansvarleg for institusjonen. Dei oppsparte midlane er meint å kome barnet til nytte seinare, til dømes til utdanning. Både fosterforeldre og institusjonar må føre rekneskap for bruken av barnetrygda.

Når den nye lova tek til å gjelde, vil den forskrifta som gjeld no, falle bort. Dei allmenne reglane for utbetaling og disponering av barnetrygd skal gjelde for desse barna som for barn elles. Barnetrygd vil då bli utbetalt til fosterforeldra eller til den barnevernsinstitusjonen der barnet bur. Barnetrygda blir såleis også for desse barna eit tilskot til dagleg underhald, på same måten som for alle andre barn.

5.2.3 Fødsels- og adopsjonspengar

Alle kvinner er dekte av ei trygdeyting i samband med fødsel eller adopsjon av norsk eller utanlandsk barn. Fødselspengeperioden er 52 veker med 80 prosent lønnsdekning eller 42 veker med full lønn. Fødsels- og adopsjonspengar blir rekna ut etter inntekta til den av foreldra som har permisjon. Ved inntekt over 308 160 kroner (6 gonger grunnbeløpet i folketrygda) blir det ikkje gjeve fødsels- eller adopsjonspengar for den overskytande delen. Etter avtale kan full lønn utbetalast av arbeidsgjevar.

Kvinner som ikkje har tent opp rett til fødsels- eller adopsjonspengar, får utbetalt ein eingongsstønad. Eingongsstønaden utgjer 32 138 kroner (2002). Stortinget fastset kor stor eingongsstønaden skal vere. Ein betaler ikkje skatt av eingongsstønaden.

5.2.4 Kontantstøtta

I St. prp. nr. 1 Tillegg nr. 3 (1997–98) blei det gjeve denne grunnen for å innføre ei kontantstøtteordning:

«For å sikre en reell valgfrihet for barnefamiliene når det gjelder omsorgsform for barna, foreslår regjeringen å innføre en kontantstøtteordning. Reell valgfrihet innebærer både at det finnes barnehagetilbud til dem som ønsker det og at familier som ønsker andre omsorgsformer gis økonomisk muglighet for dette valget. Ordningen vil også bidra til mer rettferdig fordeling av offentlige midler mellom de familier som henholdsvis har og ikke har barnehageplass».

Kontantstøtte til småbarnsforeldre blei innførd 1. august 1998 og er utforma slik at familiar med barn på eitt og to år som ikkje nyttar heiltids barnehageplass, har rett til støtte. Full kontantstøtte er 36 000 kroner per år (2002). Det blir ikkje utbetalt kontantstøtte for fosterbarn og for barn som bur i institusjon.

Grunngjevinga for ikkje å utbetale kontantstøtte til fosterbarn er at dersom barn mellom 1 og 3 år blir plasserte i fosterheimar etter barnevernlova, vil det ofte bli gjeve særleg kompensasjon for at ein av fosterforeldra skal kunne vere heime med barnet på heiltid (forsterka fosterheim). Dersom det blir avgjort at barnet bør vere i barnehage, vil kommunen dekkje utgiftene til dette. I dei formaliserte fosterforholda utfører fosterforeldra sine oppgåver på vegner av barneverntenesta, dei får dekt utgiftene sine og mottek godtgjering for arbeidet dei utfører. Val av omsorgsløysing er ein del av oppgåvene for barne­verntenesta. Grunngjevinga for ikkje å utbetale kontantstøtte til institusjonar der barnet bur (i dei tilfella der opphaldet blir regulert av reglane i barnevernlova) er at desse institusjonane vil få dekt utgiftene sine via tilskot frå det offentlege. Dersom ein reknar med at opphaldet i institusjonen vil bli lenger enn tre månader, skal ein eventuell rett til kontantstøtte ta slutt frå og med kalendermånaden etter at opphaldet tek til.

Ved innføringa av kontantstøtte blei det av mange uttrykt bekymring for at ordninga ville gjere arbeidet vanskeleg for barnevernet. I sakene med plassering på institusjon blei dette sett på som eit lite vesentleg problem. Men det blei peikt på at kontantstøtta kunne svekkje motivasjonen hos foreldra til å ta imot barnehageplass som eit frivillig hjelpetiltak, og at samarbeidet mellom foreldra og barnevernet kunne svekkjast dersom barnehageplass som hjelpetiltak i større utstrekning kom til å bli gjennomførd som pålegg. Det blei ikkje innført særordningar av noko slag for denne gruppa av barn, men det blei uttrykt av dåverande regjering eit behov for å vurdere kontantstøtta særskilt i forhold til denne gruppa.

Kontantstøtteordninga blei evaluert frå starten. Eit av prosjekta i evalueringa tok opp barnevernbarn og bruk av kontantstøtte i året 1999 (Clausen 2001). Det blei følgt opp gjennom ei evaluering som også inneheld opplysningar frå 2000. Hovudproblemstillinga var å sjå på om bruk av barnehage som hjelpetiltak i barnevernet blei sjeldnare etter innføringa av kontantstøtta.

Prosjektet byggjer på data om alle barn i kontantstøttealder med barneverntiltak i 1999 og 2000, til saman nær 5 400 barn. I 1999 låg den gjennomsnittlege månadlege delen av kontantstøttemottakarar blant foreldre til barnevernbarna på 59 prosent. Den gongen mottok 75 prosent av alle foreldre til barn i same aldersgruppe kontantstøtte. Tal frå begge åra viser at kontantstøtte i mindre grad er i bruk i familiar med barn som mottek tiltak frå barnevernet, enn blant familiar med barn i same aldersgrupper generelt. Til dels kan dette forklarast med at 17 prosent av barnevernbarna i dei aktuelle aldersgruppene budde i fosterheim eller institusjon. Rapportane indikerer også meir generelt at dei barnevernbarna som ikkje mottok kontantstøtte, levde under meir belasta familieforhold og mottok fleire barneverntiltak enn kontantstøttemottakarane. Det var liten skilnad i bruk av kontantstøtte blant barnevernbarn med ulikt etnisk opphav.

Kontantstøtteordninga ser i liten grad ut til å ha påverka bruk av barnehage som hjelpetiltak frå barnevernet si side. Det er stor stabilitet over tid når det gjeld delen av barnevernbarn i denne aldersgruppa som får barnehage som hjelpetiltak. Denne delen har lege på om lag 40 prosent kvart år i perioden 1993–2000. Til no synest det ikkje mogleg å fastslå om kontantstøtta har ført til nokon nedgang i bruk av barnehage som barnevernstiltak for denne aldersgruppa (Baklien m.fl. 2001). Dette kan tyde på at bekymringa som kom fram om at ordninga ville svekkje foreldra sin motivasjon for å ta imot barnehageplass som hjelpetiltak, ikkje har slått til. Noko av forklaringa kan vere at barnehageplass som barneverntiltak blir sett i verk på grunnlag av ei undersøking av den totale situasjonen barnet og familien er i. Når barnehage som hjelpetiltak blir sett i verk, vil utgiftene til barnehageplass bli dekte av barneverntenesta.

Det er ein stor del blant dei som tek imot kontantstøtte, som har «forhold i heimen» som grunn for at barnevernet grip inn. Dette er ein omfattande kategori som inneheld mange ulike forhold, men generelt vil det ofte vere saker som er mindre graverande enn ulike typar omsorgssvikt som kan føre til omsorgsovertaking. Det er blant barna der familien ikkje tek imot kontantstøtte (barnehagebarna) vi finn dei største prosentdelane som har vore utsette for ulike typar omsorgssvikt. Dette tyder på at barnehage ofte er det tiltaket som først blir sett inn der omsorga i småbarnsfamilien sviktar. Derfor er samarbeidet mellom barnehagen og barneverntenesta i kommunen særleg viktig.

Det ser altså ut som om familiane med størst behov for barnehageplass som barneverntiltak, framleis tek imot dette. Evalueringa tyder på at svært få av desse utsette familiane har endra åtferd som resultat av ordninga med kontantstøtte, og at barnehage framleis er eit sentralt tiltak i det førebyggjande barnevernsarbeidet.

Generelt sett mottek ein etter måten stor del av dei som tek imot tiltak frå barnevernet, også økonomisk sosialhjelp, særleg einslege forsørgjarar (hovudsakleg mødrer). Gjennom å kople data om barnevern og kontantstøtte til sosialhjelp konkluderer evalueringa med at kontantstøtta har påverka utbetalinga av sosialhjelp til denne gruppa. Men dersom ein legg utbetaling av full kontantstøtte til grunn, vil dette meir enn vege opp nedgangen i utbetalt sosialstønad. Medan ein einsleg forsørgjar med sosialhjelp som ikkje fekk kontantstøtte i 1999, i gjennomsnitt fekk eit årleg bidrag på nesten 39 000 kroner, ville ein einsleg forsørgjar med sosialhjelp som også fekk utbetalt full kontantstøtte, i gjennomsnitt få utbetalt nesten 50 000 kroner årleg i sosialhjelp og kontantstøtte til saman. I perioden 1997–2000 uaka utbetalingane av sosialhjelp til familiar som ikkje mottok kontantstøtte, men utbetalingane heldt seg relativt stabile for kontantstøttemottakarane. Funna kan derfor tolkast slik at kontantstøtta har gjort den gruppa av familiar som er i jamleg kontakt med hjelpeapparatet, mindre avhengig av sosialhjelp.

5.2.5 Barnehagar

Regjeringa vil at alle familiar som ønskjer det, skal ha tilbod om ein godt tilpassa barnehageplass til ein rimeleg pris. Regjeringa fører vidare og styrkjer den treårige satsinga på kvalitetsutvikling i barnehagane som har pågått sidan 2001. Barnehagen skal gje eit godt, tilpassa tilbod til alle barn, uavhengig av økonomisk, sosial og kulturell bakgrunn. Barnehagen skal vere inkluderande, også for barn med spesielle behov, til dømes barn med funksjonshemmingar, tospråklege barn og for barn til flyktningar som nyleg har kome til landet. Barnehagen blir også brukt som førebyggjande tiltak for barn med vanskelege oppvekstvilkår. Desse barna blir derfor prioriterte ved opptak.

Barn har eit grunnleggjande behov for tryggleik og omsorg. Barn treng vaksne som har tid, som snakkar med dei, deler erfaringar og formidlar verdiar. I tillegg til omsorg frå familien er barnehagen det viktigaste omsorgs- og læringstilbodet til barn etter spedbarnsalderen og fram til skolestart. Dette gjeld ikkje minst der heimemiljøet til barnet ikkje aleine kan gje det som er nødvendig for ein god oppvekst. Samanhengen mellom vanskelege oppvekstvilkår og risikoen for å utvikle avvikande åtferd som ungdom og vaksen, er etter kvart veldokumentert. Det er derfor ei særleg viktig samfunnsoppgåve å setje inn tiltak for barn som er i ein utsett livssituasjon. Samstundes som det blir sett inn hjelpetiltak i familien, kan det vere nødvendig å skaffe barna andre arenaer for omsorg og utfalding, mellom anna barnehageplass. Barnehage som hjelpetiltak har heimel i barnevernlova.

Barnehagen er også ein stad der ein tidleg kan avdekkje problem og setje i verk tiltak for å hjelpe barn og familie. Dess tidlegare hjelpetiltak blir sette i verk, dess større sjanse er det for å hindre barnet i å utvikle problemåtferd i skolen og seinare i livet. Barnehagepersonalet må vere godt skolert når det gjeld oppfølging i samarbeid med heimen og det offentlege tenesteapparatet. Barnehagepersonalet skal vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta si side.

Barnehagen er eit viktig førebyggjande tiltak for barnet i førskolealder fordi han gjev eit godt og alternativt kvardagsliv for barnet. Barnehagen er dessutan eit generelt tilbod som alle får, og som dermed ikkje stigmatiserer barn eller familiar i ein utsett livssituasjon. Barnehagen er viktig når det gjeld likeverdige utviklingsvilkår, motverking av marginalisering og utjamning av levekårsskilnader. Å satse på gode barnehagar kan spare samfunnet for store sosiale og økonomiske kostnader på sikt.

Regjeringa vil halde fram arbeidet med å leggje til rette for at barnehagepersonale, foreldre, barnevern og andre offentlege tenester utviklar ein meir open dialog innanfor dei rammene lovverket set. Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid er heilt nødvendig for å skape gode velferdstilbod for barn og foreldre. Dette kan ein gjere ved felles kompetansetiltak for ulike faggrupper, til dømes tilsette frå barnehagar, skolar, skolefritidsordningar, barnevern og helsestasjon. I tråd med St. meld. nr 27 Barnehage til beste for barn og foreldre, har Barne- og familiedepartementet sett i verk forsøksprosjekt som har som mål å betre samarbeidet mellom barnehagen, barnevernet og foreldra.

5.2.6 Helsestasjons- og skolehelsetenesta

Helsestasjonstenester, her medrekna svangerskapsomsorg og skolehelseteneste, er lovpålagde tenester i kommunane. Helsestasjon for ungdom, som er ei utviding av skolehelsetenesta, har også blitt eit tilbod i mange kommunar.Skolehelsetenesta har som mål er å arbeide for å fremje den totale helsa og førebyggje sjukdom, skade eller lyte hos elevane. I rettleiing for tenestene blir det understreka kor viktig det er å auke den helsefremjande og primærførebyggjande innsatsen gjennom å leggje vekt på dei ressursane og føresetnadene kvar familie har for sjølv å kunne fremje og ta vare på helsa si.

Helsestasjons- og skolehelsetenesta tilbyr mellom anna helseundersøkingar, vaksinasjonar, heimebesøk / oppsøkjande verksemd, foreldrerettleiing og rettleiing til barn og unge, tobakkskade- og rusførebygging, rettleiing i tema samliv, seksualitet og prevensjon, nettverksarbeid, helseopplysning og medverknad i rehabilitering av barn og unge.

Helsestasjonane i kommunane har mange møtepunkt med gravide, foreldre, barn og ungdom. Det er derfor mange høve der ein kan oppdage behov som gjev grunn til vidare oppfølging. Tilsette i helsetenesta har gjennom sin kompetanse og si erfaring gode sjansar til å gje råd og rettleiing, og til å drøfte behovet for ytterlegare hjelp med komande foreldre, foreldre, barn og ungdom. Helsestasjons- og skolehelsetenesta har ei viktig oppgåve i å fange opp barn og unge og familiar med særskilde behov. Målet er å kunne følgje dei opp med spesielt tilrettelagde tilbod, til dømes oftare rettleiing og rettleiing i samtalegrupper for å styrkje foreldrekompetansen og sosial kompetanse hos barn og unge.

Helsestasjonane og skolehelsetenesta fungerer ulikt i kommunane. Mange har kome langt i arbeidet med foreldre og barn/ungdom, medan andre framleis har mykje å vinne på vidare utvikling. Tilsette i helsestasjonane har viktig kunnskap i forhold til barn og unge og foreldra deira, og er sentrale deltakarar i eit tverrfagleg og tverretatleg samarbeid.

Helsestasjonane og skolehelsetenesta har eit medansvar knytt til avdekking av omsorgssvikt. Tenesta skal arbeide for å gje foreldre og barn nødvendig hjelp og støtte og må sørgje for å vise vidare ved behov, til dømes til barnevernet. Helsestasjons- og skolehelsetenesta har som utfordring å informere publikum om det ansvaret og dei tilboda barnevernet har, på ein god måte, ikkje minst for å kunne samarbeide med barnevernet om å gje tidleg hjelp og støtte til utsette familiar. Dersom tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid skal fungere godt, må dei instansane som samarbeider, oppleve å vere likeverdige samarbeidspartnarar. I denne samanhengen er det behov for samarbeidsrutinar med fokus på korleis instansane kan utfylle kvarandre mot målet å betre oppvekstkåra for barn og unge.

5.2.7 Foreldrerettleiing

I 1995 blei det starta opp eit foreldrerettleiingsprogram av Barne- og familiedepartementet i samarbeid med dåverande Sosial- og helsedepartementet og dåverande Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Med utgangspunkt i nyare kunnskap om barn og samspel ville ein frå staten si side intensivere innsatsen med å førebyggje psykososiale problem og redusere samspelvanskar mellom foreldre og barn. Målsetjinga for programmet var å støtte og styrkje foreldre i deira rolle som oppsedarar og omsorgspersonar for eigne barn. Programmet skulle utformast som eit tilbod til alle foreldre som ønskte det, og der foreldra sine eigne kunnskapar og ressursar skulle stå sentralt. Vidare blei det lagt vekt på å styrkje fellesansvaret hos fedrar og mødrer.

Dette innebar mellom anna å etablere tiltak og arenaer der foreldre fekk rettleiing og høve til å utveksle erfaringar seg imellom. Vidare var det viktig å byggje opp kompetanse og etablere nye metodar og arbeidsmåtar for fagfolk som var engasjerte i foreldrerettleiing. Og sist, men ikkje minst, var det avgjerande å få til ei styrking av samarbeidet mellom fagfolk og etatar som arbeider med barn og unge i kommunane.

Ein føresetnad for programmet var at foreldrerettleiinga skulle ta i bruk eksisterande strukturar og fagleg mangfald. Reint konkret var programmet tenkt integrert i den lokale verksemda knytt til helsestasjonar, barnehagar og skolar. Det var ønskjeleg at kommunale ressursar blei brukte heilskapleg, og at det blei etablert gode rutinar for samarbeid.

I samband med foreldrerettleiingsprogrammet er det gjeve ut bøker for fagfolk som arbeider på helsestasjon, i barnehage, i barnevernteneste og i skole. Det er også gjeve ut tre små bøker for foreldre i tillegg til mange temahefte med informasjon og rettleiing til foreldre. Temahefta omhandlar mellom anna adoptivfamiliar, mobbing blant barn og unge, sorg hos små barn, sjuke barn i familien, fedrar og barn, barn og unge i høve til medieverda, samspel i skolen og samspel foreldre/skolebarn. Programmet inneheld også nokre videoar. For nærmare informasjon sjå www.foreldreveiledning.dep.no. Hovudprinsippet i foreldrerettleiingsprogrammet om å styrkje foreldra sin eigen kompetanse som foreldre, er også relevant for kommunane sitt arbeid med barn og foreldre.

Ei evaluering av første fase av programmet (1995–1998) viste at helsestasjonane var dei mest aktive, medan skolar og pedagogisk-psykologisk teneste var lite delaktige. Lokale fagfolk har hatt stort utbytte av dei kompetansetiltaka som programmet har utløyst, og den omfattande materiellproduksjonen i form av bøker, temahefte og videoproduksjonar er i stor grad teken i bruk.

Foreldrerettleingsprogrammet er eit generelt tilbod, samstundes som det er viktig å nå dei som har størst behov. Programmet vil bli utvikla vidare både i forhold til foreldre med små barn og foreldre med barn og ungdom i skolealder. Det inneber fleire kompetansetiltak, materiellproduksjon, forsøksverksemd og ei auka satsing for å betre det tverrfaglege og tverretatlege samarbeidet. For å sikre at foreldrerettleiing skal kunne bli eit reelt tilbod til alle interesserte foreldre, er det behov for ein større grad av differensiering og ei meir målretta satsing overfor foreldre og familiar som har store eller spesielle behov. Ei videreføring av foreldrerettleiing i flyktning- og asylmottak er eitt døme på dette. I tillegg vil vi nemne at det blir planlagt eit temahefte om ungdom og homofili, og at det er i gang arbeid med eit hefte om eteforstyrringar hos barn og unge. Det er sett i gang etterutdanning om foreldrerettleiing ved somme høgskolar.

5.2.8 Familievernet

Familievernet er «en spesialtjeneste som har familierelaterte problemer som sitt fagfelt» (lov om familievernkontor, § 1). Familievernkontora har to lovpålagde oppgåver. Dei skal gje tilbod om rådgjeving og familieterapi/behandling der det ligg føre vanskar, konfliktar eller kriser i familien. Kontora er vidare pålagde å drive mekling etter ekteskapslova og barnelova. I tillegg driv kontora verksemd som er retta utetter i form av informasjon og rettleiing til publikum og resten av hjelpeapparatet.

Forvaltningsstyresmakta for familievernkontora blei ved lovfestinga i 1998 overførd frå staten til fylkeskommunane. Det finst i dag familievernkontor i alle fylka i landet, og fylkeskommunane har ansvar for å planleggje, dimensjonere og organisere tenesta i sine respektive fylke. På landsbasis omfattar tenesta no 64 kontor med rundt 500 tilsette. Familievernkontora behandlar årleg ca. 23 000 saker med bortimot 80 000 involverte personar. I tillegg kjem ca. 7 500 meklingar. Omkring halvparten av familievernkontora er knytte til kyrkja, medan den andre halvparten er fylkeskommunale kontor. Dei private, kyrkjelege kontora blir finansierte gjennom driftsavtalar med fylkeskommunane. Familieverntenesta har hovudsakleg vore finansiert gjennom øyremerkte midlar fram til 2001 då det statlege driftstilskotet blei innlemma i det fylkeskommunale rammetilskotet.

Familievernet er ei «lågterskelteneste». Klientane kan oppsøkje familievernkontora utan tilvising frå andre, og tilbodet er gratis både når det gjeld familiebehandling og mekling. Familievernet er den einaste tenesta som arbeider primært med fokus på relasjonelle problem i familien. Den sentrale oppgåva for tenesta og spesialkompetansen er knytt til parforholdet. Målsetjinga er å hjelpe para til betre kommunikasjon og samhandling, anten dei vel å halde fram med samlivet eller skilje lag, og å ta vare på situasjonen til barna under slike forhold. Familievernkontora tek også imot familiar som er i akutt krise, knytt til situasjonar som død, sorg, overgrep, rusproblem og sjølvmord. Så mange som ei av ti saker er statistisk sett klassifiserte som «høgrisikosaker».

I dei seinare åra har familievernet fått nye oppgåver gjennom den lovpålagde meklinga. Med dette utgangspunktet har tenesta utvikla større kompetanse når det gjeld å gje hjelp til barn, både indirekte ved å mekle mellom foreldra og direkte ved at barna er saman med dei vaksne i terapisituasjonen. Formålet med meklinga er å kome fram til ein avtale mellom foreldra om foreldreansvar, samvær og kvar barnet skal bu fast. Godt over halvparten av all mekling blir utført av familievernkontora, og på grunn av sin høge kompetanse har familievernet i stor grad teke dei vanskelegaste meklingssakene.

Familievernet har alt i alt ei sentral rolle i arbeidet med å hjelpe vanskelegstilte barn. Ein del av desse barna må ein også rekne med er i kontakt med barnevernet. Tenesta har også tradisjonelt drive eit viktig utetterretta, førebyggjande arbeid. Det går ut på rettleiing, informasjon og undervisning/konsultasjon retta mot hjelpeapparatet og publikum. Tilsette i familievernet utfører rettleiing og undervisning først og fremst overfor førstelinjetenesta, samstundes som mange kontor har samarbeidsprosjekt med andre tenester, til dømes barnevernet. Som ein del av det samla fylkeskommunale tenestetilbodet er familievernet ein viktig samarbeidspartnar og leverandør av fagleg kompetanse til andre tenester.

Personalet i familievernet er tverrfagleg samansett, og dei tilsette arbeider gjerne i team der fleire profesjonar deltek samstundes i rådgjevings- og behandlingssituasjonen. Bemanninga er normalt bygd opp av sosionom med vidareutdanning i familieterapi, psykolog og lege (psykiater). Ifølgje ei undersøking gjennomført av NIBR 1998 var bemanninga i familievernet bygd opp av sosionomar 55 %, psykologar 33 %, psykiatrar 5 %, teologar 2 % og andre faggrupper 6 %. Samla sett hadde 57 % av terapeutane sosialfagleg bakgrunn, medan dei helsefaglege profesjonane utgjorde 38 %.

På bakgrunn av organisering, oppgåver og kompetanse innanfor famlievernet kan ein derfor slå fast at familievernet er ei viktig teneste i forhold til barnevernet, både på familie- og individnivå og i forhold til barneverntenesta i det heile. Regjeringa vil satse på å styrkje kontakten mellom familievernet og barnevernet. Mellom anna vil det bli arrangert fagkonferanse der gode samarbeidserfaringar frå ulike kommunar og fylke blir utveksla.

Familievernet står overfor nye utfordringar i tida som kjem. Tenesta har for det første behov for ytterlegare å utvikle sin kompetanse på barn og relasjonar barn – vaksen. Det tradisjonelle perspektivet der paret har vore behandlingseininga, er no utvida med fokus på familien som heilskap. Ei slik perspektivutviding er nødvendig av omsyn til meklingsoppgåva, men også som følgje av den sentrale plassen barnet og barnet sin situasjon har fått i familiepolitiske tiltak generelt. Familievernet har alt tileigna seg mykje kompetanse på dette området, og det er ei prioritert oppgåve for forvaltningsstyresmaktene å satse på vidare kompetansebygging og utvikling i forhold til denne utfordringa.

Stadig nye grupper spør etter kompetansen innanfor familievernet. Det gjeld til dømes minoritetsgrupper, familiar med funksjonshemma barn og andre grupper av spesielt utsette familiar. Desse gruppene opplever gjerne spesielle vanskar i familiesituasjonen, og dei treng derfor tilpassa tilbod.

Barne- og familiedepartementet har i samarbeid med tidlegare Sosial- og helsedepartementet teke initiativ til å etablere eit permanent tilbod til familiar med funksjonshemma barn. Tiltaket er sett i gang i 2002. Målet er å gje eit landsdekkjande tilbod som er forankra ved familievernkontora. Tiltaket blir gjennomført av Samlivssenteret ved Modum etter oppdrag frå Barne- og familiedepartemetnet. For nærmare omtale, sjå kapittel 6.1.3.

Ei tredje utfordring for familievernet er samarbeidet med andre og nærståande tenester. Dette gjeld ikkje minst barnevernet, men også psykiatrien, delar av tiltak for rusmiddelmisbrukarar, pedagogisk-psykologisk teneste og andre. Hittil har samarbeidet i stor grad skjedd på initiativ frå det enkelte kontoret eller lokal institusjon eller teneste, og dermed hatt eit noko tilfeldig preg. Regjeringa vil no satse på eit meir planstyrt og systematisk samarbeid mellom familievernet og andre tenester. Mellom anna vil ein ta sikte på å spreie erfaringar frå kommunar og fylke der det er utvikla gode modellar for samarbeids- og informasjonsutveksling.

Departementet har nyleg lagt fram framlegg til ein plan for Kompetanseutvikling i familievernet. Siktemålet med planen er nettopp å styrkje ei systematisk og heilskapleg kompetanseutvikling for heile tenesta. Planen tek opp dei utfordringane familievernet står overfor, og lanserer tiltak for å setje tenesta i stand til betre å møte dei. Planen inneheld både kortsiktige og langsiktige tiltak. Arbeidet med å setje i verk kompetansetiltaka starta i 2002.

Boks 5.2 Kompetanseutvikling i familievernet

Kompetanseplanen som rettar seg mot tilsette i familievernet, vil setje i verk tiltak innanfor fem hovudutviklingsområde:

Vidareutvikle parterapi, til dømes knytt til identitet og sjølvforståing, høgrisiko og kriseintervensjon, det fleirkulturelle perspektivet, det samiske perspektivet og nye familieformer.

Auke kompetanse med vekt på metodar retta mot barn og familiar, til dømes Multisystemisk terapi (MST), foreldretrening (PMT og Webster-Stratton) Familierådslag m.m.

Styrkje og vidareutvikle samarbeidet med relaterte tenester, til dømes helsestasjon, barnevern, barnehage.

Auke kunnskapen i familievernet om utetterretta, førebyggjande verksemd.

Auke kompetansen om mekling i saker der det er stor konflikt mellom foreldra.

Sentralt i den vidare utviklinga av tenesta er det å opprette eit fagleg råd som skal hjelpe departementet, fylkeskommunane og tenesta elles. Planen er meint å vere «rullerande», og tiltaka skal vurderast og oppdaterast kvart år.

Til forsiden