1 Innleiing
I Finansdepartementets proposisjon om omprioriteringar og tilleggsløyvingar på statsbudsjettet for 2000, som Finansdepartementet legg fram samstundes med Samferdselsdepartementets proposisjon, er det gjort framlegg om endringar av løyvingar på Samferdselsdepartementets budsjett for 2000. Desse gjeld programkategoriane 21.1 Administrasjon m.m., 21.2 Luftfartsformål, 21.3 Vegformål, 21.4 Særskilte transporttiltak, 21.5 Jernbaneformål og 22.1 Post. Endringane blir nærare omtalte i Samferdselsdepartementets proposisjon. I denne proposisjonen blir det også gjort framlegg om vedtak for Vegformål.
Omtalen i denne proposisjonen gjeld følgjande saker:
Under 21.1 Administrasjon m.m.:
Ein gjer framlegg om å redusere løyvinga på driftsbudsjettet med 200 000 kr mot tilsvarande auke på Nærings- og handelsdepartementets budsjett.
Det blir tilrådd å redusere løyvinga til rasjonell og miljøvennleg transport med 5 mill. kr.
Under 21.2 Luftfartsformål:
Departementet orienterer om at Lista Lufthavn AS får behalde AFIS-tilskotet ut 2000.
Det blir orientert om behovet for å auke bemanninga i Luftfartstilsynet.
Ein gjer framlegg om å auke løyvinga til Havarikommisjonen for sivil luftfart med 1 mill. kr mot tilsvarande reduksjon i løyvinga til Luftfartstilsynet.
Driftsresultatet for Luftfartsverket blir tilrådd auka med 80 mill. kr ved å auke trekket på reguleringsfondet.
I samsvar med låneavtalen går ein inn for å løyve dei resterande 7,5 mill. kr til Sandefjord Lufthavn AS til bygging av nytt kontrolltårn på Sandefjord lufthamn, Torp.
Bestillingsfullmakta for rullande materiell til Luftfartsverket blir tilrådd auka frå 50 til 100 mill. kr.
Departementet orienterer om at Luftfartsverket har konvertert ansvarleg lånekapital i Oslo Lufthavn AS til eigenkapital i selskapet og om korleis dette er gjort i statsrekneskapen for 1999.
Det blir orientert om arbeidet med helikoptertryggleiken på norsk kontinentalsokkel, m.a. at det vil bli sett ned eit offentleg utval.
Det blir orientert om innføringa av nytt økonomisystem i Luftfartsverket.
Under 21.3 Vegformål:
For å dekkje meirbehovet til drift av riksvegar og ferjedrift blir det gjort framlegg om omdisponeringar på vegbudsjettet. Vidare blir det gjort framlegg om å redusere vegbudsjettet med netto 73,5 mill. kr.
For å dekkje inn auka utgifter gjer departementet framlegg om å auke gebyret for dagprøvekjennemerke frå kr 100 til kr 150.
Departementet tilrår at bompengeselskapet får høve til å forskotere midlar til brannsikringstiltak i Rennfasttunnelane i Rogaland.
Departementet gjer framlegg om at finansieringsselskapet Motorveien Stavanger Sandnes AS får høve til å forskotere midlar til bygging av Solasplittkrysset på Ev 39.
Det blir tilrådd at kommunane Hammerfest og Kvalsund og Finnmark fylkeskommune får høve til å forskotere midlar til bygging av tunnelen gjennom Stallogargoflågan på rv 94 i 2001.
Departementet gjer framlegg om at omlegging av rv 542 ved Stokkajuvet blir dekt med midlar frå bompengeselskapet og forskotering av Bømlo kommune.
For å finansiere utlegging av overskotsmassar frå Ev 39 Trekantsambandet ved Hundvåkøy/Huftarøy gjer departementet framlegg om at bompengeselskapet får høve til å krevje inn bompengar på ferjesambanda Krokeide - Hufthamar, Krokeide - Austevollshella og Husarvik - Sanvikvåg.
Departementet gjer framlegg om at bompengeselskapet får høve til å finansiere vegparsellen Hannisdalslinja på rv 566 i Osterøy kommune med bompengar.
Det blir orientert om forsert utbygging av arm til rv 159 samleveg Lørdagsrud - Strømmen kirke.
Det blir orientert om etablering av 3 ekstra bomstasjonar på Nord-Jæren i Rogaland i samband med Nord-Jæren-pakken.
Departementet tilrår at prosjektet rv 580 Midtun - Hop i Bergen kommune kan starte opp for bompengemidlar i 2000.
Departementet orienterer om samanslåing av postar under kap. 1320 frå og med budsjettet for 2001.
Under 21.4 Særskilte transporttiltak:
Det blir orientert om nytt fordelingsprinsipp for avgiftskompensasjon for rutebilar, samt gjort framlegg om at kap. 1330, post 60, får føyd til stikkordet «kan overførast».
Departementet legg opp til at det ikkje blir gitt kompensasjon for autodieselavgift for ekspressbussruta frå Finnmark til Oslo.
Under 21.5 Jernbaneformål:
Det blir gjort framlegg om å redusere investeringsbudsjettet i Jernbaneverket med 30 mill. kr.
Departementet gjer greie for at Jernbaneverket har danna eit aksjeselskap i samband med oppdrag i tilknyting til Øresundsambandet. Ein gjer framlegg om å løyve midlar til aksjekapitalen i selskapet.
Det blir orientert om ei styrking av jernbanetilbodet mellom dei skandinaviske landa.
For ytterlegare å setje fokus på jernbanetryggleiken gjer ein framlegg om å auke budsjettet for Statens jernbanetilsyn med 1,5 mill. kr.
Under 22.1 Post:
Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på kap. 1370, post 70, med 190 mill. kr.
Det blir gjort framlegg om å løyve 200 mill. kr som siste rest av tilskotet til restrukturering i samband med etablering av Posten Norge BA.
På grunn av betre årsresultat i Posten Norge BA gjer ein framlegg om å auke løyvinga på kap. 5618, post 80 Utbytte, med 45 mill. kr.
Det blir orientert om nytt prissystem for brevpost.
Departementet orienterer om samarbeid mellom dei nasjonale postselskapa i Norden.
Under 22.2 Telekommunikasjonar:
Regjeringa gjer framlegg om å innføre ei eingongsavgift for dei som får konsesjon for etablering og drift av tredje generasjon mobilsystem i Noreg.