7 Programkategori 22.1 Post
Kap. 1370 Kjøp av posttenester
Post 70 Betaling for ulønsame posttenester
Det er løyvd 130 mill. kr på posten. Ein gjer framlegg om å redusere løyvinga til betaling for ulønsame posttenester med 190 mill. kr.
I samband med fusjonen mellom Den norske Bank ASA og Postbanken AS blei det lagt til grunn at 150 mill. kr av utdelinga frå Postbanken skulle brukast til statleg kjøp av posttenester, jf. St.prp. nr. 1 (1999-2000). Samtidig blei det lagt til grunn at styret for Posten Norge BA i 2000 skulle vurdere behovet for portoauke. Etter framlegg frå styret for Posten har departementet godkjend følgjande nye portosatsar for A-post innanlands frå 1. juni 2000:
Vektgruppe | Takst kr |
Inntil 20 g | 4,20 |
21 - 50 g | 6,30 |
51 - 100 g | 8,00 |
101 - 250 g | 15,00 |
251 - 500 g | 26,50 |
Dei nye satsane fører til ein gjennomsnittleg portoauke på 4,6 pst. Inntektsverknaden av portoauken vil redusere behovet for statleg kjøp av posttenester i 2000 med 90 mill. kr. Ein gjer framlegg om å redusere løyvinga til betaling for ulønsame posttenester med ytterlegare 100 mill. kr. Dette må sjåast i samanheng med Regjeringa sitt samla finanspolitiske opplegg. Løyvinga på kap. 1370, post 70, blir dermed redusert med 190 mill. kr, frå 730 til 540 mill. kr. Ein viser til at det blir gjort framlegg om å løyve 200 mill. kr i tilskot til restrukturering av Posten Norge BA, jf. omtale under kap. 1371. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2000.
Kap. 1371 Etablering av Posten Norge BA
Tilskot til restrukturering ved etablering av Posten Norge BA
Fram til no er det løyvd i alt 1 140 mill. kr over kap. 1371 Etablering av Posten Norge BA, post 70 Tilskot til restrukturering, av ei forplikting som er rekna til 1 340 mill. kr. Kostnadene skal dekkjast av staten gjennom tilskot som var føresett løyvd i 1996-98. Forpliktinga for selskapet er sett til null i balansen.
I St.prp. nr. 1 (1999-2000) var det ikkje gjort framlegg om løyving på denne posten for 2000. Fleirtalet i samferdselskomitéen, alle utan Framstegspartiet og Høgre, sa likevel følgjande om restruktureringsmidlane i Budsjett-innst. S. nr. 13 (1999-2000):
«Flertallet forutsetter at gjenstående beløp på 200 mill. kr må tilføres selskapet senest i tilknytning til behandlingen av Revidert nasjonalbudsjett våren 2000»
Regjeringa er samd i at forpliktinga overfor Posten må oppfyllast i tråd med det som var føresett ved oppretting av selskapet. I tråd med dette gjer Regjeringa framlegg om at den gjenståande summen på 200 mill. kr blir løyvd over kap. 1371, post 70. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2000.
Kap. 5618 Inskotskapital i Posten Norge BA
Utbytte frå Posten Norge BA
Det er budsjettert med 86 mill. kr i utbytte frå Posten Norge BA for 1999. Utbyttet skal reknast som 30 pst. av årsresultatet etter skatt. På bakgrunn av eit urevidert årsresultat på rundt 600 mill. kr, har Posten med utgangspunkt i den vedtekne utbyttepolitikken lagt til grunn at generalforsamlinga gjer vedtak om eit utbytte for 1999 på 131 mill. kr. Dette er ein auke på 45 mill. kr i høve til det vedtekne budsjettet. Ein gjer etter dette framlegg om at løyvinga på kap. 5618, post 80 Utbytte, blir auka med 45 mill. kr, frå 86 til 131 mill. kr. Generalforsamlinga i Posten Norge BA fastset det endelege utbyttet. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2000.
Orientering om nytt prissystem for brevpost
Styret for Posten Norge BA vedtok 4. november 1999 eit nytt prissystem for innanlandsk brevpost. Det er planlagt å ta systemet i bruk frå 2. januar 2001. Posten ønskjer i større grad enn tidlegare å få eit prissystem for brevpost som tar utgangspunkt i faktiske kostnader for Posten, og med klarare reglar for bruk av systemet. Det er lagt til grunn at prinsippet om like satsar over heile landet innafor einerettsområdet skal førast vidare, slik som det er gjort vedtak om i postloven.
I St.meld. nr. 41 (1995-96) Om postvirksomheten i Norge er det lagt til grunn at prinsippet om like portosatsar over heile landet innafor einerettsområdet ikkje skal vere til hinder for at Posten på forretningsmessig grunnlag skal kunne gi rabattar. Rabattane skal vere nødvendige av omsyn til konkurransen, og skal gi eit positivt bidrag til det økonomiske resultatet i Posten. Det nye prissystemet vil ikkje bryte med desse vilkåra.
Den nye prisstrukturen har følgjande element:
Pris etter frankeringsmåte (frimerke (dyrast), frankeringsmaskin, frankopåtrykk (billigast)).
Vektintervall blir vidareført for frimerke og frankeringsmaskin
I staden for dei noverande vektintervalla for ferdigtrykt frankering (store kundar) vil ein få jamt stigande prisskala for kvart gram i auka vekt.
Det vil bli prisar med utgangspunkt i talet på brev for masseinnlevert brevpost.
Det blir tillegg for uhandterlege sendingar.
Det noverande lukka rabattsystemet vil gå ut og bli erstatta av ein open og fleksibel prisstruktur. Med det nye prissystemet vil fleire kundar enn før over heile landet få tilgang til ein lågare pris enn den «normale» portotaksten. Av omsyn til marknaden, kvalitet og kostnader blir det lagt opp til at ein etter kvart skal få to hovudkategoriar av tilbod, prioritert og økonomi.
Det er framleis for tidleg å seie kva for konkrete verknader det nye prissystemet vil få for kundane. Private kundar og små bedrifter som ikkje vil nytte fakturerte frankeringsmetodar, vil i alle høve få ein noko høgare porto enn tidlegare, medan andre kundar vil kunne få ein gunstigare pris. Det ser ikkje ut til at det nye prissystemet isolert sett vil føre til auka behov for statleg kjøp av posttenester. Dei konkrete løyvingane vil departementet kome tilbake til i samband med statsbudsjettet for 2001.
Samarbeid mellom dei nasjonale postselskapa i Noreg, Sverige og Danmark
For å møte den omfattande konkurransen på lettgods- og ekspressmarknaden i Norden og internasjonalt, danna dei nasjonale postselskapa i Noreg, Sverige og Danmark 1. januar 2000 selskapet Pan Nordic Logistics (PNL). Dei tre postselskapa eig kvar 1/3 av selskapet. PNL er ei vidareføring av det nordiske samarbeidet gjennom NordPack. Stortinget blei orientert om samarbeidet mellom dei nordiske postselskapa i St.meld. nr. 16 (1998-99) Om virksomheten til Posten Norge BA, jf. kap. 2.1.
Gjennom deltakinga i samarbeidet om PNL ønskjer Posten Norge BA (Posten) å kunne tilby produkt og løysingar som er konkurransedyktige i marknaden og sikre at Posten blir valt som distribusjonskanal for varestraumar inn i Noreg. For Posten skal PNL vere reiskapen for å skape ein nordisk konkurranseplattform, ved storleik skape forhandlingsstyrke overfor tredjepart, å etablere logistikksystem med end-to-end kontroll og å skape føresetnader for effektivisering og uttak av synergigevinstar, m.a. ved at produkt- og IT-utvikling skjer på ein stad i Norden.
Tilhøvet mellom postselskapa og PNL er regulert i avtalar. I Norden skal PNL også inngå avtalar med ein eller fleire stykkgodstransportørar som kan innhente og distribuere gods mellom 35 og 1 000 kg. Utanfor Norden skal PNL inngå avtalar/alliansar med transportør(ar) innan lettgods, stykkgods og kurér/ekspressfrakt.
PNL kjøper tenestene sine der dei er best og billigast. Dette gjeld innhenting, distribusjon, fortolling og internasjonal transport. Selskapet er forplikta til å nytte postverka i Norden for sal og marknadsføring. PNL skal oppretthalde og tilby dei tenester postselskapa til ein kvar tid er forplikta til å syte for i samsvar med gjeldande regelverk, m.a. konsesjonar. Postselskapa skal til PNL levere innhentings- og distribusjonstenester m.m. om PNL ønskjer det, dvs. om dei er konkurransedyktige. For tenester Posten er pålagt å utføre etter konsesjonen, vil PNL vere underleverandør til Posten. Ansvaret for oppfylling av konsesjonsvilkåra blir hos Posten.
Frå 1. juli 2000 vil Posten overføre den internasjonale lettgods- og kurértrafikken sin til PNL. Posten i Sverige overførte trafikken sin til PNL 1. mai 2000, og Post Danmark vil gjere det same 1. juni 2000. Nye produkt og løysingar frå PNL blir gradvis introduserte frå 1. mai 2000 til 1. februar 2001.
Overføringa frå postselskapa til PNL skjer ved at dei frå dei nemnde datoane inngår avtalar med kundane i eige namn, men for PNLs rekning. I samband med internasjonal lettgods, har PNL vidare teke over ansvaret for produkt- og varemerkeutvikling, utvikling av internasjonale produksjonsprosessar, utvikling av sal- og marknadsføringsprosessar, utvikling av felles IT-system og internasjonal transport. PNL har og ansvaret for å få fram grunnlaget for avgjerder om ulike alliansar/oppkjøp for å skape konkurransekraftige logistikknettverk i og utafor Norden.
Samferdselsdepartementet legg til grunn at Posten, så lenge dei samfunnspålagte oppgåvene blir oppfylte, har stor fridom til å inngå alliansar og samarbeidsavtalar for å utvikle betre og meir kostnadseffektive løysingar i tenesteproduksjonen sin, jf. St.meld. nr. 16 (1998-99). Med dei utfordringane Posten står overfor, har departementet derfor ingen merknader til at postselskapa Noreg, Sverige og Danmark vidarefører samarbeidet gjennom PNL for å kunne møte dei skjerpa kundekrava og den sterke konkurransen frå andre nordiske og internasjonale postoperatørar.