2 Programkategori 21.1 Administrasjon m.m.
Kap. 1300 Samferdselsdepartementet (jf. kap. 4300)
Post 01 Driftsutgifter
Som ledd i Regjeringa sitt vedtak om å overføre ressursar for å styrkje Nærings- og handelsdepartements ansvar for IT-samordning, vil ressursar tilsvarande eit årsverk bli overført frå Samferdselsdepartementet. Dette utgjer 400 000 kr på årsbasis. På dette grunnlag gjer ein framlegg om å redusere løyvinga på kap. 1300 Samferdselsdepartementet, post 01 Driftsutgifter, med 200 000 kr, jf. kap. 900 Nærings- og handelsdepartementet. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2000.
Kap. 1301 Forsking og utvikling mv.
Post 70 Tilskot til rasjonell og miljøvennleg transport
Det er løyvd 28,9 mill. kr på posten. På grunn av utsett framdrift og utbetalingstakt for forsøksprosjekt under ordninga, blei det overført ubrukte løyvingar på 12,1 mill. kr frå 1999 til 2000. Som ein del av Regjeringa sitt finanspolitiske opplegg gjer departementet framlegg om å redusere posten med 5 mill. kr, frå 28,9 mill. kr til 23,9 mill. kr. Departementet legg til grunn at reduksjonen vil få små verknader for planlagde prosjekt i 2000. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2000.