St.prp. nr. 60 (1999-2000)

Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

4 Programkategori 21.3 Vegformål

Kap. 1320 Statens vegvesen (jf. kap. 4320)

Post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.

Det er løyvd 5 496 mill. kr på posten. Etter at budsjettet for 2000 blei vedteke har ein del budsjettføresetnader endra seg for ferjedrift og drift av riksvegnettet. For ferjedrift gjeld dette m.a. prisen på råolje. Endringane for drift av riksvegnettet gjeld i vesentleg grad vinterdrift med brøyting, strøing og salting. Det er særleg dei uvanleg store snømengdene på Vestlandet og i Nord-Noreg som har skapt problem for vinterdrifta. Auke i prisen på råolje (drivstoff til køyrety og maskinar og olje til asfaltlegging) har også innverknad på drifta av riksvegnettet. Meirkostnadene er rekna ut til totalt 340 mill. kr, fordelte med 145 mill. kr til ferjedrift og 195 mill. kr til drift av vegnettet. Det er noko uvisse om storleiken på meirbehovet. Dette gjeld i første rekkje prisen på råolje og kva kostnader dei store snømengdene vil medføre framover (opprydding etter eventuelle ras og flaum).

Inndekking av meirkostnader innafor budsjettramma i ein slik storleik som no er nødvendig, stiller store krav til val av omprioriteringar slik at dei negative verknadene blir minst moglege. Samferdselsdepartementet legg opp til å finansiere meirbehovet på 340 mill. kr på post 23 gjennom følgjande tiltak/omdisponeringar innafor vegbudsjettet:

Mill. kr
5 pst. auke i ferjetakstane frå 1. mai35
Omdisponering på post 23 Post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.105
Omdisponering frå post 30 Riksveginvesteringar110
Omdisponering frå post 32 Legging av fast dekke på riksvegar50
Omdisponering frå post 60 Tilskot til fylkesvegformål40
Sum340

Ein auke i ferjetakstane med 5 pst. kjem i tillegg til auken i takstane på 3,5 pst. som ligg inne i vedteke budsjett for 2000. På bakgrunn av overslag frå Statens vegvesen er den nye takstauken venta å gi meirinntekter på 35 mill. kr. Samferdselsdepartementet ser det som viktig i størst mogleg grad å føre vidare frå 1999 nivået på rutetilbodet i ferjedrifta. Det er likevel høve til å redusere tilbodet der det er trafikkmessig grunnlag for det. Ein reduksjon i tilbodet vil i tilfelle først bli gjennomført frå 1. september 2000. Omdisponeringane innafor post 23 vil m.a. føre til redusert sommardrift (grøntareal, rasteplassar, skiltvask m.m.).

På grunn av auka utgifter i samband med dagprøvekjennemerke, gjer departementet framlegg om ein parallell auke av utgifts- og inntektskapitlet med 8,5 mill. kr, jf. omtale av kap. 4320. Netto gjer ein framlegg om å auke posten med 208,5 mill. kr, frå 5 496,0 mill. kr til 5 704,5 mill. kr. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2000.

Post 30 Riksveginvesteringar

Det er løyvd 4 154,6 mill. kr på posten. Det er gjort framlegg om å omdisponere 110 mill. kr til post 23. Som ein del av Regjeringa sitt finanspolitiske opplegg, gjer ein framlegg om å redusere posten med enda 20 mill. kr. Situasjonen i 2000 er prega av at særs mange anlegg er i sluttfasen. Det vil bli prioritert å gjennomføre rasjonell anleggsdrift i størst mogleg grad. Innsparinga vil bli gjennomført ved å:

  • utsetje arbeid på større igangsette prosjekt der dette ikkje fører til utsetjing av opning for trafikk eller auke i kostnadene (etterarbeid som det er mogleg å utsetje til 2001).

  • redusere utbygginga av mindre investeringstiltak.

Samferdselsdepartementet gjer framlegg om å redusere vegpakke Drammen med 10 mill. kr tilsvarande tildelinga av ekstra midlar i samband med Stortingets handsaming av budsjettet for 2000. Plansituasjonen for Øvre Sund bru/Kreftingsgate er ikkje avklart, slik at det uansett ikkje ville ha vore aktuelt å nytte midlane til dette prosjektet.

Ein gjer framlegg om å redusere posten med 130 mill. kr, frå 4 154,6 mill. kr til 4 024,6 mill. kr. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2000.

Post 32 Legging av fast dekke på riksvegar

Det er løyvd 100 mill. kr på posten. Det er gjort framlegg om å omdisponere 50 mill. kr til post 23. I budsjettet for 2000 er det på denne posten fleire prosjekt som enno ikkje har starta opp. Rasjonell anleggsdrift vil bli prioritert også innafor denne posten. Ein gjer framlegg om å redusere posten med 50 mill. kr, frå 100 mill. kr til 50 mill. kr. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2000. Samferdselsdepartementet vil understreke at målsettinga om fast dekke på alle riksvegar innan 2003 står ved lag.

Post 60 Tilskot til fylkesvegformål

Det er løyvd 250,9 mill. kr på posten. Det er gjort framlegg om å omdisponere 40 mill. kr til post 23. Som ein del av Regjeringa sitt finanspolitiske opplegg, gjer ein framlegg om å redusere posten med enda 62 mill. kr. Reduksjonen vil bli gjennomført innafor Forsterkingsprogrammet og tilskotsprogramma Store prosjekt og Trafikktryggleikstiltak. Når det gjeld Trafikktryggleikstiltak, er det overført ubrukte løyvingar på om lag 79 mill. kr frå 1999 til 2000. Grunna plansituasjonen reknar Statens vegvesen ikkje med å kunne bruke alle disponible midlar i 2000 som til saman er på vel 190 mill. kr for tilskotsprogrammet.

Ein gjer framlegg om å redusere posten med 102 mill. kr, frå 250,9 mill. kr til 148,9 mill. kr. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2000.

Kap. 4320 Statens vegvesen (jf. kap. 1320)

Post 02 Diverse gebyr

Det er løyvd 219,9 mill. kr på posten. Dei to siste åra har det har vore ein sterk nedgang i utlånet av dagprøvekjennemerke. Årsaka er truleg endring av forskrift om dagprøvekjennemerke frå 1. juli 1998 som har redusert tidlegare misbruk vesentleg. Det er stor uvisse når det gjeld talet på utlån for 2000 og seinare år og dermed inntektsoverslaga. Det er for 2000 budsjettert med 37,4 mill. kr i inntekter frå dagprøvekjennemerke, basert på eit gebyr på 100 kr pr. lånedag og 374 000 lånedagar.

Teikning av ny forsikringsavtale, som er i samsvar med EØS-regelverket, har ført til auka kostnader med 10,5 mill. kr i året. Samferdselsdepartementet gjer framlegg om å auke gebyret frå 100 kr til 150 kr frå 1. juli 2000. Gebyret blei sist auka 1. juli 1998, jf. St.prp. nr. 42/Innst. S. nr. 137 (1997-98). For 2000 vil gebyrendringa auke inntektene med om lag 8,5 mill. kr. Inntektsauken er basert på 340 000 utlån i året.

Ein gjer framlegg om å auke posten med 8,5 mill. kr, frå 219,9 mill. kr til 228,4 mill. kr, jf. også omtale av kap. 1320, post 23. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2000.

Ev 39 Rennfasttunnelane i Rogaland - forskotering av brannsikringstiltak

Byfjordtunnelen og Mastrafjordtunnelen på Ev 39 (heretter omtalt som Rennfasttunnelane) blei opna for trafikk i 1992. Etter opninga blei regelverket for brannsikring av vegtunnelar innskjerpa. PE-skum som blei brukt til vatn- og frostsikring i Rennfasttunnelane, tilfredsstiller ikkje gjeldande regelverk. Stavanger kommune har bede Statens vegvesen om å utarbeide ein tiltaksplan for brannsikring av PE-skum i Rennfasttunnelane.

Kostnadane for brannsikring av tunnelane er rekna til om lag 22 mill. kr for eit areal på om lag 29 500 m2. Vegdirektoratet har godkjend ein dispensasjonssøknad frå vegkontoret som inneber at det i første omgang skal setjast i verk brannsikring av om lag 16 000 m2. Dette er kostnadsrekna til 12,1 mill. kr. Brannsjefane i Stavanger og Rennesøy har akseptert ei første sikring i samsvar med dispensasjonen under føresetnad av at det på lengre sikt blir utarbeidd ein tiltaksplan for brannsikring av det resterande PE-skummet. Den første delen av brannsikringa vil kunne starte hausten 2000.

I 1991 løyvde Stortinget 31 mill. kr i sysselsetjingsmidlar til Rennfastprosjektet, jf. St.prp. nr. 1 (1991-92). Føresetnaden var at beløpet skulle vere eit rentefritt lån som blir refundert når bompengeselskapet Tungenes Ferjeterminal AS har nedbetalt den resterande gjelda. Det er lagt opp til at dette skal skje i 2004/2005.

Etter tilråding frå Statens vegvesen vedtok styret i Tungenes Ferjeterminal AS i desember 1999 å gå inn for å forskotere midlar til brannsikring. Selskapet si gjeld til staten på 31 mill. kr er føresett redusert tilsvarande. Det er lagt til grunn ordinære føresetnader for forskoteringssaker, dvs. refusjon utan kompensasjon for prisstiging og renter. Det er vidare lagt til grunn at ein eventuell auke i kostnadene på inntil 10 pst. skal finansierast av bompengeselskapet. Dette inneber at selskapet har sagt seg villig til å finansiere inntil 13,3 mill. kr. Eventuell ytterlegare kostnadsauke blir dekt av staten, og ein eventuell kostnadsreduksjon blir trekt frå forskotet.

Rogaland fylkeskommune slutta seg til forskoteringssøknaden i møte i utval for samferdsel i januar 2000.

Samferdselsdepartementet tilrår at bompengeselskapet får høve til å forskotere inntil 13,3 mill. kr i 2000 til brannsikring av Rennfasttunnelane. Beløpet skal betalast tilbake, utan kompensasjon for renter og prisstiging, ved at gjelda på 31 mill. kr som bompengeselskapet har til staten blir redusert tilsvarande.

Tidspunktet for resten av brannsikringa må vurderast i samband med handlingsprogrammet for perioden 2002-2011. Samferdselsdepartementet føresett at kostnadene blir dekte innafor fylkesfordelt ramme til Rogaland.

Ev 39 Solasplittkrysset i Rogaland - forskotering

Prosjektet Solasplitten er omtalt i St.prp. nr. 14 (1998-99) Om delvis bompengefinansiering av prosjekter og tiltak på Nord-Jæren i Rogaland. Toplankryss med Ev 39 (Solasplittkrysset) er planlagt bygd som første etappe av prosjektet for å gi tilkomst til Forus Industriområde (nord). Krysset er planlagt finansiert med statlege midlar.

Ny rv 510 Solasplitten vil utgjere hovudsambandet mellom Ev 39 (Stavanger) og Stavanger lufthamn, Sola. Utbygginga av krysset omfattar ramper og overgangsbru, samt rundkøyringar der rampene skal knyttast til veglinja for ny rv 510. Det er vedteke reguleringsplan for krysset. Kostnadsoverslaget er 39 mill. kr, og uvissa i overslaget er +/- 10 pst.

Kostnadsoverslaget for krysset omfattar ikkje kostnadene ved bygging av kommunal veg frå krysset og inn til industriområdet. Stavanger kommune skal byggje den kommunale vegen samtidig med at krysset blir bygd. Det ligg føre vedteken reguleringsplan for den kommunale vegen. Utbygginga vil føre til avlasting av eksisterande kryss på Ev 39 lengre sør.

Finansieringsselskapet Motorveien Stavanger Sandnes AS har søkt om å forskotere utbygginga av krysset slik at anleggsarbeidet kan starte i 2000, og anlegget opne for trafikk i 2001. Selskapet vil stille 14 mill. kr til disposisjon i 2000 og 25 mill. kr i 2001. Det er lagt til grunn at forskoteringa blir refundert med 19 mill. kr i 2003 og 20 mill. kr i 2004.

Ved ein eventuell kostnadsauke på inntil 10 pst. vil forskoteringa frå selskapet auke tilsvarande. Ein slik auke er det lagt opp til å få refundert i 2004. Ein eventuell kostnadsauke utover 10 pst. er det lagt opp til at staten dekkjer. Dette fører til at selskapet har sagt seg villig til å forskotere inntil 43 mill. kr. Eventuelle kostnadsreduksjonar kjem til fråtrekk i forskotet.

Forskoteringssøknaden er tilrådd av Rogaland fylkeskommune i møte i Utval for samferdsel 4. mai 2000.

Samferdselsdepartementet går inn for at finansieringsselskapet Motorveien Stavanger Sandnes AS får høve til å forskotere inntil 43 mill. kr til bygging av Solasplittkrysset på Ev 39. Summen blir refundert, utan kompensasjon for renter og prisstiging, i 2003 og 2004.

Rv 94 Skaidi x Ev 6 - Hammerfest - forskotering

Prosjektet er omtalt i St.meld. nr. 37 (1996-97), side 125, St.prp. nr. 64 (1997-98), side 8, og St.prp. nr. 1 (1999-2000), side 129. Prosjektet omfattar bygging av 2,3 km tunnel forbi ei rasfarleg strekning, samt opprusting av eksisterande veg over ei 0,7 km lang strekning. Rv 94 mellom Kvalsund og Hammerfest er ei av dei mest trafikkerte vegstrekningane i Finnmark og einaste tilkomst til regionsenteret Hammerfest.

I samband med handsaming av St.prp. nr. 64 (1997-1998) blei det lagt til grunn at prosjektet skal gjennomførast som føresett i St.meld. nr. 37 (1996-97), men at sluttfinansieringa først skal skje etter 2001. Det er av den grunn i St.prp. nr. 1 (1999-2000) lagt opp til anleggsstart hausten 2000, slik at prosjektet kan opnast for trafikk til vintersesongen 2002/2003.

Statens vegvesen har no til disposisjon ein tunnelrigg som kan starte opp tunneldrifta i mai/juni 2000. Med oppstart så tidleg i 2000 kan tunnelen takast i bruk som alternativ til dagens veg i spesielt rasutsette periodar og ved stengt veg alt i vintersesongen 2001/2002. Dette krev imidlertid at ein vesentleg del av restbehovet pr. 1. januar 2001 på om lag 75 mill. kr blir stilt til disposisjon i 2001.

Hammerfest kommune har i samarbeid med Kvalsund kommune og Finnmark fylkeskommune søkt om å forskotere inntil 40 mill. kr til prosjektet i 2001 under føresetnad av at summen blir refundert i januar 2002. Hammerfest kommune vedtok forskoteringa i kommunestyremøte 3. april 2000, Kvalsund kommune i kommunestyremøte 30. mars 2000 og Finnmark fylkeskommune i møte i utbyggings- og samferdselsstyret 5. april 2000.

Samferdselsdepartementet går inn for at Hammerfest kommune, Kvalsund kommune og Finnmark fylkeskommune får høve til å forskotere 40 mill. kr til bygging av tunnelen gjennom Stallogargoflågan på rv 94 i 2001. Forskoteringsbeløpet blir refundert, utan kompensasjon for renter og prisstiging, i januar 2002.

Delvis bompengefinansiering og forskotering av ny veg ved Stokkajuvet på rv 542 i Hordaland

Innleiing

Riksvegstrekninga ved Stokkajuvet på rv 542 i Hordaland har lite tilfredsstillande standard. Dette vil bli enno dårelgare når Trekantsambandets arm til Bømlo blir opna for trafikk våren 2001. Prosjektet er sist omtalt i St.prp. nr. 1 (1999-2000), s. 123, jf. og Budsjett-innst. S. nr. 13 (1999-2000), s. 44.

Samferdselsdepartementet gjer framlegg om omlegging av rv 542 ved Stokkajuvet i Bømlo. Kostnadene for prosjektet er rekna til 30 mill. kr. Sunnhordland Bru- og Tunnelselskap A/S søker om å utvide bompengeordninga på Ev 39/rv 542 Trekantsambandet med 15 mill. kr, medan Bømlo kommune vil forskotere staten sin del på 15 mill. kr.

Figur 4.1 Oversiktskart Stokkajuvet

Figur 4.1 Oversiktskart Stokkajuvet

Planstatus og kostnadsoverslag

Reguleringsplan for prosjektet blei godkjend i oktober 1996. Eksisterande veg skal erstattast med ein 1 740 m lang parsell, der 300 m er i tunnel. Etter at den nye vegen er ferdig, vil den eksisterande vegen fungere som gang- og sykkelveg og lokalveg. Byggjestart er planlagt straks etter at prosjektet er vedteke, eller så snart det er rasjonelt ut i frå samla anleggsaktivitet på Trekantsambandet.

Kostnadsoverslaget for prosjektet er rekna til 30 mill. kr (2000-kr) med ei uvisse på +/-10 pst.

Vanskelege stigingsforhold, smal vegbane og dårlege sikttilhøve gjer at strekninga er ein flaskehals på vegnettet på Bømlo. Det er venta større problem når Trekantsambandets arm til Bømlo blir opna for trafikk våren 2001, fordi ein da ventar trafikkvekst på strekninga. I tillegg vil trafikantane oppleve eit stort standardsprang på vegnettet når den nye vegen som blir bygd i samband med Trekantsambandet, blir kopla til eksisterande veg like ved Stokkajuvet. Dette vil også innebere redusert trafikktryggleik.

Netto nytte-/kostnadsforholdet i Trekantsambandet, som dette prosjektet er ei utviding av, blei rekna til 0,8, jf. St.prp. nr. 36 (1995-96). Dersom nytte og kostnader ved Stokkajuvet blei rekna inn i dette forholdet, ville det endre seg marginalt.

Finansiering

Prosjektet er føresett finansiert ved:

  • 50 pst. bompengar (15 mill. kr)

  • 50 pst. forskotering av statlege midlar frå Bømlo kommune (15 mill. kr)

I St.prp. nr. 36 (1995-96) om Trekantsambandet er det føresett 15 år med etterskotsvis bompengeinnkrevjing frå opningsåret. Ved å auke kostnadsramma med 15 mill. kr for å finansiere ei omlegging ved Stokkajuvet, er det venta at nedbetalingstida vil auke med 3 månader. Det er såleis forventa at Trekantsambandet vil bli nedbetalt i 2016, noko som er innafor ramma av det Stortinget har lagt til grunn.

Bømlo kommune har i brev av 7. desember 1998 søkt Hordaland fylkeskommune om godkjenning av forskotering av 15 mill. kr til omlegging av rv 542 ved Stokkajuvet. Kommunen er innstilt på å forskotere beløpet over ein femårsperiode.

Ved ei eventuell kostnadsoverskriding på prosjektet skal inntil 10 pst. av overskridingane dekkjast av selskapet og staten i forhold til partane sin del av dette prosjektet. Kostnadsauke utover 10 pst. skal dekkjast av staten, jf. standardavtalen. Den statlege delen av dei samla løyvingane til prosjektet er føresett dekt av den fylkesfordelte ramma til Hordaland.

Lokale vedtak

Sunnhordland Bru- og Tunnelselskap A/S har vedteke å finansiere 50 pst. av kostnadene ved prosjektet, dersom staten løyver den andre halvparten.

Bømlo kommune har i kommunestyremøte 8. februar 1999 gjort følgjande vedtak:

  • «Bømlo kommune tar ansvar for å skaffa forskotering av finansiering for halvparten av kostnadene med ny vegtrase rv 542 Stokkajuvet, innafor ein totalkostnad på 30 mill. kr.

  • Den kommunale delen av den endelege rentekostnaden blei å belasta Wärtsilafondet. Dette må innarbeidast ved revisjon av økonomiplanen for 2000-2003.

  • Bømlo kommune har ingen merknader til at Sunnhordland bru- og tunnelselskap A/S finansierer halvparten av kostnaden.»

Kommunane Stord, Fitjar og Sveio har i eigne vedtak støtta finansieringsopplegget.

Fylkestinget har i møte 24. mars 1999 gjort følgjande vedtak:

  • «Fylkestinget gir Bømlo kommune løyve til å forskotere 15 mill. kr til realisering av utbetring/trafikksikring av Stokkajuvet på rv 542, og at midlane blei refundert på vanlege vilkår innafor handlingsprogrammet for Nasjonal transportplan 2002-2011.

  • Fylkestinget rår til at Sunnhordland Bru- og tunnelselskap får løyve til å utvide den totale prosjektramma for bompengefinansiering av Trekantsambandet, ved å gi et tilskot på 15 mill. kr til utbetring/trafikksikring av Stokkajuvet på rv 542. Fylkestinget viser her til at kommunane Bømlo, Stord, Sveio og Fitjar samtykkjer i eit slikt opplegg.»

Samferdselsdepartementets vurderingar og tilrådingar

Samferdselsdepartementet vil vise til at det er forhold som taler mot å utvide den totale prosjektramma for Trekantsambandet. Hovudregelen bør vere at prosjekt som kommunar eller andre ønskjer å forskotere, bør vere prioritert i handlingsprogrammet for inneverande planperiode. Dette prosjektet er ikkje prioritert i handlingsprogrammet for Hordaland for perioden 1998-2007. Vidare har kostnadsauke på Trekantsambandet ført til at prosjektet er blitt dyrare.

Det er også gode grunnar til å gjennomføre prosjektet. Når Trekantsambandet blir knytt til eksisterande veg ved Stokkajuvet, vil problema ved Stokkajuvet bli forsterka, både med omsyn til tryggleik og trafikkavvikling. Prosjektet vil framfor alt auke trafikktryggleiken i området, men også betre framkjømda, spesielt for tungtrafikken. Ei gjennomføring av dette prosjektet parallelt med Trekantsambandet vil gi grunnlag for ei rimelegare gjennomføring.

Samferdselsdepartementet meiner derfor at fordelane med prosjektet er større enn dei relativt små ulempene ein noko lengre bompengeperiode på Trekantsambandet utgjer, og vil tilrå at Trekantsambandet blir utvida med dei nemnde tiltaka på rv 542.

Dei fleste som kjem til Bømlo via Trekantsambandet vil passere Stokkajuvet. Samferdselsdepartementet merker seg at dei fleste av dei som betaler bompengar vil ha nytte av Stokkajuvet. Oppstart av prosjektet bør skje straks etter prosjektgodkjenning frå Stortinget eller så snart det er rasjonelt ut frå samla anleggsaktivitet på Trekantsambandet, slik at Stokkajuvet kan vere ferdig snarast mogleg etter at Trekantsambandets arm til Bømlo er ferdig.

Bømlo kommune har gitt uttrykk for at den føreset refusjon av forskotet på 15 mill. kr i løpet av ein femårsperiode, dvs. innan 2005. Refusjonstidspunktet er derimot ikkje nemnt i kommunestyrevedtaket. Fylkestingsvedtaket legg til grunn at midlane skal betalast tilbake innafor handlingsprogrammet for planperioden 2002 - 2011. Samferdselsdepartementet legg fylkestingsvedtaket til grunn og føreset at refusjonstidspunktet blir avklara i det vidare arbeidet med handlingsprogrammet for perioden 2002-2011 og at refusjonen skjer innan utløpet av 2011. På vanleg måte vil det ikkje bli gitt kompensasjon for renter og prisstiging. Vidare føreset Samferdselsdepartementet at prosjektet blir gjennomført innafor kostnadsramma på 30 mill. 2000-kr. Omfanget av prosjektet må om nødvendig avgrensast slik at kostnadsramma ikkje blir overskriden. Dette må avklarast før ein inngår ein utvida bompengeavtale og avtale om forskotering. Om det likevel skulle bli overskridingar i høve til kostnadsoverslaget, skal dette dekkjast som føresett ovanfor. Dette er i samsvar med standardavtalen. Samferdselsdepartementet tilrår derfor at Sunnhordland Bru- og Tunnelselskap A/S får løyve til å utvide bompengeperioden på Trekantsambandet med om lag 3 månader for å finansiere 50 pst. av dei planlagte omleggingane på rv 542 Stokkajuvet. Samferdselsdepartementet tilrår vidare at Bømlo kommune får høve til å forskotere 15 mill. kr som blir refundert, utan kompensasjon for renter og prisstiging, innafor den fylkesfordelte ramma til Hordaland i løpet av perioden 2002-2011.

Bompengefinansiering av delprosjekt på ny rv 546 Huftarøy - Hundvåkøy i Hordaland

Innleiing

Prosjektet er m.a. omtalt i St.prp. nr. 68/Innst. S. nr. 225 (1998-99) og St.prp.nr. 1/Budsjett-innst. S. nr. 13 (1999-2000). Departementet har tidlegare lagt til grunn at kostnadene ved deponering av masse frå Ev 39 Trekantsambandet må dekkjast av Ev 39 Trekantsambandet. Eventuelle meirkostnader ved å leggje ut massane mellom Huftarøy og Hundvåkøy må dekkjast innafor det ordinære riksvegbudsjettet til Hordaland. Fleirtalet i samferdselskomiteen har i handsaming av saka tilrådd at utlegging av overskotsmasse i fyllingar mellom Hundvåkøy og Huftarøy kan dekkjast av bompengar, jf. m.a. Budsjett-innst. S. nr. 13 (1999-2000).

Utlegging av masse frå Trekantsambandet blei avslutta i 1999. Det er no lagt ut omlag 220 000 m3 masse i fyllingane. Av dette er om lag 190 000 m3 overskotsmasse frå den undersjøiske tunnelen mellom Føyno og Sveio i Trekantsambandet. Det er planlagd å leggje ut totalt om lag 250 000 m3 steinmasse i fyllingane.

Figur 4.2 Oversiktskart Huftarøy - Hundvåkøy

Figur 4.2 Oversiktskart Huftarøy - Hundvåkøy

Bakgrunn

Austevoll Bruselskap AS har søkt om å få krevje inn bompengar på ferjene til Austevoll i ein periode på tre år for å finansiere eit delprosjekt på det planlagde brusambandet mellom Huftarøy og Hundvåkøy. Det er søkt om å få krevje inn bompengar på ferjesambanda Krokeide - Hufthamar, Krokeide - Austevollshella og Husavik - Sandvikvåg. Bompengeinntektene skal finansiere frakt og utlegging av steinmasse som er lagt ut i fyllingar mellom Huftarøy og Hundvåkøy. Deponering av masse er gjort i samsvar med godkjend reguleringsplan for prosjektet og ferdig utarbeidd byggjeplan. Dei undersjøiske fyllingane vil ikkje få konsekvensar for skipstrafikken i området.

Hovudprosjektet som dette prosjektet er ein del av, omfattar ny veg mellom Huftarøy og Hundvåkøy med ei totallengd på om lag 3,8 km. Tiltaket omfattar m.a. tre bruer og to steinfyllingar i sjø. Prosjektet er omtalt i St.meld. nr. 37 (1996-97) Norsk veg- og vegtrafikkplan (NVVP) 1998-2007. Hovudplan for prosjektet blei vedteken i 1992. Reguleringsplan for prosjektet blei vedteken våren 1998.

Både fylkestinget og Austevoll kommune har vedteke finansieringsordninga for prosjektet. Fylkestinget har vedteke førehandsinnkrevjing på ferjesambanda, og Bergen kommune og Fitjar kommune, der ferjeleia Krokeide og Sandvikvåg ligg, har også godkjend førehandsinnkrevjing på ferjene.

Søknad om bompengefinansiering av heile prosjektet blei handsama av Vegdirektoratet i november 1996. Saka blei da sendt tilbake til vegkontoret i påvente av handlingsprogrammet for 1998-2007.

Vegdirektoratet mottok ein ny søknad om bompengefinansiering av prosjektet i juni 1998. Etter handsaming av prosjektet i Vegdirektoratet i juli 1998 blei saka på nytt sendt tilbake til vegkontoret. Vegdirektoratet viste til St.meld. nr. 46 (1990-91) Endring i rammebetingelser for bompengeprosjekt, der hovudregelen er at ein ikkje bør tillate førehandsinnkrevjing av bompengar utover tre år rekna frå vedtak om førehandsinnkrevjing til vedtak om bygging av prosjektet. I handlingsprogrammet for 1998-2007 som blei handsama av fylkeskommunen hausten 1997, er prosjektet berre prioritert med ei oppstartløyving på om lag 18 mill. kr mot slutten av tiårsperioden.

Vegdirektoratet konkluderte med at det ut i frå dei rammene som låg til grunn for handlingsprogrammet for Hordaland fylke, ikkje ville vere grunnlag for å realisere anlegget før 2007. Først når Nasjonal transportplan for perioden 2002-2011 er handsama, og handlingsprogrammet for denne perioden er fastlagt, vil ein vite om prosjektet blir prioritert. Det ville derfor ikkje vere i samsvar med dei retningslinjene som Stortinget har fastlagt, å fremje ein stortingsproposisjon om førehandsinnkrevjing av bompengar før prosjektet blir prioritert i handlingsprogrammet for 2002-2011.

Nærare omtale av delprosjektet

I forhold til dei tidlegare søknadene om bompengefinansiering av sambandet er prosjektet no avgrensa til å gjelde utlegging av stein frå Trekantsambandet i fyllingar mellom Huftarøy og Hundvåkøy.

Ein av grunnane til at Austevoll bruselskap A/S i denne omgang har valt å søke om bompengefinansiering av ein del av prosjektet, er tilgangen på fyllmasse. Det er overskotsmasse frå den undersjøiske tunnelen mellom Føyno og Sveio i Trekantsambandet som er brukt i dette delprosjektet. Det har vore problem med å få godkjent plassering av steinmasse på Føynosida av anlegget. Ved å nytte ein del av steinmassen i fyllingane mellom Huftarøy og Hundvåkøy løyser ein problemet med plassering av steinen. Samtidig blir det eit godt utgangspunkt for å realisere eit framtidig brusamband mellom Hundvåkøy og Huftarøy.

Det er behov for om lag 250 000 m3 stein i fyllingane. Av dette er 220 000 m3 alt på plass. Kostnaden med dette er om lag 8 mill. kr, som svarar til bompengeinntekter i 3 år. Delprosjektet vil vere 100 pst. bompengefinansiert.

Talet på bilar til/frå Austevoll var i 1997 206 000. I perioden 1999-2001 er det rekna med ein gjennomsnittleg trafikk på 222 000 biler i året. Dersom bompengetaksten utgjer eit tillegg på 4 takstsoner, vil takstane auke med:

  • 15 kr for lette bilar

  • 60 kr for tunge bilar

Dersom ein tar omsyn til rabattbruk, kan ein rekne med ei inntekt på 12 kr pr. bil i gjennomsnitt. Inntekta i ein 3 årsperiode blir da om lag 8 mill. kr.

Samferdselsdepartementets merknader

Samferdselsdepartementet har merka seg at det ikkje er gjort framlegg om å krevje inn bompengar på ferjestrekninga Hufthamar - Austevollshella som er tenkt avløyst av bru. Departementet vil peike på at det er uheldig at det ikkje er lagt opp til å krevje inn bompengar på det sambandet som ved ei eventuell realisering av brusamband har direkte nytte av tiltaket. Vidare er det usikkert når, og om, vegsambandet mellom Huftarøy og Hundvåkøy vil bli realisert. Samferdselsdepartementet ser på det som prinsipielt vanskeleg å godta bompengeinnkrevjing til eit prosjekt som betalarane kanskje aldri vil få nytte av. Departementet har derfor gått inn for at Trekantsambandet skulle dekkje kostnadene ved masseplasseringa, og vil òg vise til at utlegging av steinmasse no er avslutta.

Austevoll kommune argumenterer for at det ikkje bør krevjast inn pengar på ferja mellom Huftarøy og Hundvåkøy. Etter kommunen sitt syn må ein sjå innkrevjingsopplegget i samanheng med korleis øykommunen Austevoll har finansiert veg- og brubygging sidan midten av 1960-talet. Dei tidlegare store veg- og brusambanda i kommunen er i vesentleg grad finansiert ved bompengar på ferjesambanda i kommunen.

Med bakgrunn i den lokale tilslutninga og at fleirtalet i samferdselskomiteen har tilrådd at utlegginga av overskotsmassane kan dekkjast av bompengar, vil Samferdselsdepartementet likevel leggje fram framlegg om bompengefinansiering av prosjektet. Departementet legg til grunn at ei godkjenning av bompengefinansiering av steinfyllingane ikkje er bindande for den framtidige prioriteringa av bruprosjektet. Denne proposisjonen gir Austevoll Bruselskap AS berre løyve til å krevje inn 8 mill. kr, noko som vil gi ei innkrevjingstid på om lag 3 år. Det vil ikkje bli tatt stilling til bompengefinansiering av hovudprosjektet før det eventuelt ligg føre ein ny søknad om slik finansiering. Ein slik søknad må ein sjå i samanheng med korleis prosjektet blir prioritert i Nasjonal transportplan og påfølgjande handlingsprogram for perioden 2002-2011.

Bompengefinansiering av Hannisdalslinja på rv 566 i Osterøy kommune i Hordaland

Innleiing

Osterøy Bruselskap A/S har søkt om å få finansiere bygginga av Hannisdalslinja på rv 566 med ei utviding av bompengeordninga på Osterøybrua.

Hannisdalslinja var saman med Tiråstunnelen ein del av opplegget for bompengefinansiering av Osterøybrua - Kvisti bru med tilstøytande vegar - som Stortinget handsama i 1990, jf. St.prp. nr. 5/Innst. S. nr. 78 (1989-90). Totalkostnaden for heile prosjektet var i utgangspunktet 340 mill. kr (2000-kr), og 80 pst. skulle dekkjast med bompengar. På grunn av auka kostnadsoverslag og reduserte trafikkprognosar blei det i 1992 lagt fram ein proposisjon basert på stegvis utbygging av prosjektet, jf. St.prp. nr. 37/Innst. S. nr. 110 (1992-93). Stortinget vedtok at første byggjesteg skulle omfatte kryss på Herland, brukonstruksjonen og kryss på Kvisti. Kostnadsoverslaget for første byggjesteg var på 265 mill. kr (2000-kr), og bompengar skulle dekkje 45 pst. Det blei samstundes peika på at gjennomføring av Tiråstunnelen og Hannisdalslinja i vesentleg grad kunne betre økonomien i prosjektet. Stortinget gjekk derfor inn for at bompengeselskapet skulle vere med å finansiere desse to prosjekta dersom bompengeinntektene blei høgare enn forventa.

Økonomien i selskapet utvikla seg vesentleg betre enn venta som følgje av redusert rentenivå. Andre byggjesteg i prosjektet, Tiråstunnelen, blei vedteke ved handsaming av St.prp. nr. 1 (1996-97), jf. Busjett-innst. S. nr. 14 (1996-97). Kostnadsoverslaget for andre byggjesteg var på 75 mill. kr (2000-kr), der 55 pst. skulle finansierast med bompengar.

Osterøybrua stod ferdig i oktober 1997 og Tiråstunnelen i mars 1998. Sluttkostnaden for første og andre byggjesteg var til saman 420 mill. kr (2000-kr), og bompengar har dekt rundt 40 pst. av kostnadene.

Finansieringa av Tiråstunnelen bygde på at trafikken med tunnel ville bli på 1 200 ÅDT. Trafikkutviklinga etter opning av tunnelen viser at trafikken vil liggje vesentleg høgare. I 1999 blei det registrert ein ÅDT på 1 560. Den sterke veksten i trafikken er bakgrunnen for at Osterøy Bruselskap A/S søkjer om å få finansiere neste byggjesteg, Hannisdalslinja, fullt ut med bompengar.

Omtale av prosjektet

Hannisdalslinja er ein del av tilførselsvegsystemet til Osterøybrua. Prosjektet omfattar bygging av 6,1 km ny veg langs Hannisdalen mellom Rolland og Hauge i Osterøy kommune. Prosjektet har tilgjengelege overskotsmassar frå bygging av Tiråstunnelen. Dette reduserer behovet for fjelluttak frå sidetak. Byggjestart er planlagd sommaren/hausten 2000. Det er lagt opp til ei byggjetid på 1,5 år.

Prosjektet er med på å forsterke verdien av Osterøybrua. Vegen vil fungere som ny hovudveg mellom fastlandet og tettstadene Valestrand og Lonevåg. Vegen på denne strekninga har i dag særs låg standard med lite tilfredsstillande tilhøve for fotgjengarar og syklistar, samt vanskelege stigings- og kurvaturtilhøve for trafikken. Desse forholda vil bli vesentleg forbetra ved bygging av ny veg.

Den samfunnsøkonomiske lønsemda for Kvisti bru (Osterøybrua), som Hannisdalslinja opphavleg var ein del av, blei lagt fram i St.prp. nr 5 (1989-1990), jf. Innst. S. nr. 78 (1989-1990). Nytte-/kostnadsforholdet for det samla prosjektet blei rekna til 2,5, som er halde for å vere eit svært lønsamt prosjekt.

Figur 4.3 Oversiktskart Hannisdalslinja

Figur 4.3 Oversiktskart Hannisdalslinja

Det er utarbeidd detaljplan etter veglova for parsellen. Planen blei godkjend i 1992. I samband med forarbeida til NVVP 1998-2007 blei detaljplanen for prosjektet gjennomgått etter dei retningslinjer Vegdirektoratet har gitt for kvalitetssikring av vedtekne planar i høve til miljø. Planen blei vurdert til å ha få miljøkonfliktar, og ved å leggja til landskapsvurderingar i byggjeplanfasen vil alle viktige miljøomsyn vere ivaretekne. Miljøvernavdelinga hos fylkesmannen hadde i november 1995 ikkje merknader til gjennomgangen.

Sommaren 1999 blei det gjort ei intern vurdering av planen for å sikre at det ikkje var kome til nye moment i høve til dei miljømessige vurderingane som blei gjort i 1995. Gjennomgangen gav ikkje grunnlag for å endre konklusjonen frå 1995.

Kostnadsoverslaget for prosjektet er 100 mill. kr (2000-kr) og har ei uvisse på +/- 10 pst.

Finansiering og finansieringsanalyse

I NVVP 1998-2007 er det ikkje lagt opp til statlege løyvingar til parsellen i planperioden. Osterøy Bruselskap A/S ønskjer derfor å ta opp eit lån for å dekkje anleggskostnadene slik at prosjektet kan byggjast før 2002. Det er vidare lagt til grunn at heile lånet skal betalast med bompengar som er kravde inn på Osterøybrua.

I finansieringsanalysen for prosjektet er det lagt til grunn følgjande føresetnader:

  • Årsdøgntrafikken i 1999 på 1 560 køyretøy

  • Eingongsauke i trafikken ved opning på 6 pst., og årleg trafikkvekst etter opning på 1,7 pst.

  • Lånerente på 8 pst. frå 2006. Noko lågare lånerente fram til 2006 på grunn av underskrivne avtalar om rentebinding for ein del av bompengeselskapet sitt lån

  • Årleg prisstiging på takstar, innkrevjingskostnader og anleggskostnader på 2 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnader på 3,1 mill. kr

  • Gjennomsnittleg inntekt pr. køyrety på 43,77 kr (som for 1999).

Samferdselsdepartementet vil gjere merksam på at samla trafikkvekst dei første 10 åra etter opning under desse føresetnadene vil bli på om lag 25 pst. Det er ikkje lagt opp til å endre noverande innkrevjingssystem med omsyn til bomstasjonar og takstar. Med desse føresetnadene vil lånet vere nedbetalt i 2014, og innkrevjingsperioden for Hannisdalslinja vil bli på 13 år frå 2001.

Normalt skal ein innkrevjingsperiode ikkje vere på lenger enn 15 år, jf. St.meld. nr. 46 (1990-91) Om endrede rammebetingelser for bompengeprosjekter. Dersom Osterøybrua med tilførselsvegar blir definert som eitt prosjekt, vil innkrevjingsperioden bli 17 år frå Osterøybrua blei opna til Hannisdalslinja er føresett nedbetalt.

Departementet vurderer føresetnadene i finansieringsanalysen som nøkterne. Med ein årleg trafikkvekst på 1,7 pst (som føresett) og berre 3 pst. eingongsauke ved opning, vil innkrevjingsperioden for Hannisdalslinja auke med 1 år, dvs. ein innkrevjingsperiode på 14 år. Det vil bli ein auke i innkrevjingsperioden på 1 år dersom kostnadene aukar med 10 pst., eller den årlege trafikkveksten blir berre 1 pst. Dersom den årlege trafikkveksten blir 1 pst. og eingongsauken ved opning blir berre 3 pst, vil innkrevjingsperioden auke med 2 år, dvs. ein innkrevjingsperiode på 15 år.

Det ligg føre vedtak i fylkestinget av 23. mars 1999 om å garantere for lån som Osterøy Bruselskap A/S tar opp for å finansiere Hannisdalslinja med inntil 90 mill. kr. Samla garantisum for Osterøybrua med tilførselsvegar er da inntil 310 mill. kr.

Bruselskapet si forskotering av statlege midlar til Tiråstunnelen skal bli refundert i 2001. På grunn av auka kostnader ved bygging av Tiråstunnelen, er den statlege refusjonen auka frå 31 til 38 mill. kr, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (1998-99), s. 110.

Lokale vedtak

Osterøy kommune slutta seg til Osterøy Bruselskap A/S si finansiering av Hannisdalslinja, og tilrådde at bompengesøknaden av november 1998 blei imøtekomen i kommunestyrevedtak 11. november 1998.

Fylkestinget behandla saka i møte 23. mars 1999 og gjorde følgjande vedtak:

  1. «Fylkestinget tilrår at Osterøy bruselskap A/S får løyve til å finansiera vegparsellen Hannisdalslina i Osterøy kommune, kostnadsrekna til 100 mill. kr, fullt ut med bompengar.

  2. Fylkestinget godkjenner at Hordaland fylkeskommune gjev garanti for lån som Osterøy bruselskap A/S tek opp til finansiering av prosjektet med inntil 90 mill. kr, slik at samla garantisum for Osterøybrua med tilførselsvegar blei inntil 310 mill. kr.»

Samferdselsdepartementets vurderingar og tilrådingar

Hannisdalslinja er tredje og siste del av bru med tilførselsvegar på Osterøya.

Samferdselsdepartementet ser positivt på at utbygginga skal finansierast fullt ut med bompengar. Den samla bompengedelen på heile prosjektet (Osterøybrua med kryss, Tiråstunnelen, og Hannisdalslinja) vil dermed bli i overkant av 50 pst. Prosjektet var opphavleg eit delprosjekt av Osterøybrua - Kvisti bru med tilstøytande vegar, som blei delt opp i ei stegvis utbygging grunna auka kostnadsoverslag og reduserte trafikkprognosar. Samferdselsdepartementet ser det som viktig at Hannisdalslinja som er ein del av kommunikasjonssystemet på Osterøy og som vil forsterke verdien av Osterøybrua, no kan realiserast. Departementet legg vidare vekt på at prosjektet ikkje fører til takstauke. Eventuelle overskridingar i høve til kostnadsoverslaget for Hannisdalslinja skal dekkjast på vanleg måte i samsvar med standardavtalen.

Samferdselsdepartementet vil på dette grunnlaget tilrå at Osterøy Bruselskap A/S får høve til å finansiere vegparsellen Hannisdalslinja med bompengar. Det skal skrivast ein tilleggsavtale til gjeldande bompengeavtale.

Forsert utbygging av arm til rv 159 samleveg Lørdagsrud - Strømmen kirke

Bakgrunn

Samlevegen ved Strømmen er ein del av vegprosjektet rv 159 Knatten - Vigernes x rv 22, omtalt m.a. i St.meld. nr. 34 (1992-93) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1994-97, side 169. Vegen skal klassifiserast som fylkesveg. Det er lagt opp til å finansiere heile prosjektet gjennom bompengeordninga i Oslo og Akershus, jf. St.prp. nr. 96 (1987-88) Om hovedvegene i Oslo-området.

Vegprosjektet rv 159 Knatten - Vigernes x rv 22 blei opna i juli 1998. Det opphavlege kostnadsoverslaget for dette prosjektet var 679 mill. 2000-kr. På bakgrunn av m.a. planendringar, underkalkuleringar, endra marknadsforhold og trafikkomleggingar gjekk kostnadene vesentleg opp, jf. St.prp. nr. 64 (1997-98). Prosjektet er også utvida, m.a. er tilstøytande vegnett i Lillestrøm utvida som følgje av nye føresetnader knytte til ny Lillestrøm terminal. Den endelege sluttsummen for prosjektet blei 906 mill. 2000-kr, jf. St.prp. nr. 1 (1999-2000).

Målet med prosjektet, inkludert samlevegen ved Strømmen, er å avlaste eksisterande vegnett i Strømmen-/Lillestrømområdet og å oppnå vesentlege positive verknader både for trafikkavvikling, trafikktryggleik og miljø. Nytte-/kostnadsforholdet var opphavleg utrekna til 1,8, jf. St.meld. nr. 34 (1992-93). Prosjektet er framleis vurdert som lønsamt og som eit godt miljøprosjekt.

Prosjektomtale

Samlevegen ved Strømmen er siste etappe av prosjektet. Vegparsellen går frå avkøyring frå rv 159 ved Lørdagsrud til kryss med rv 120 ved Strømmen kirke. Parsellen har ei lengd på 2,8 km, der 0,8 km er tunnel. Det skal byggjast to-felts veg fram til Stasjonsvegen og tre-felts veg derifrå og til kryss med rv 120. Det skal i tillegg byggjast 2 800 m gang- og sykkelveg, fortau og 470 m med tilstøytande vegar.

Planstatus og kostnadsoverslag

Reguleringsplanar er godkjende både i Lørenskog og Skedsmo kommunar. Opphavleg kostnadsoverslag var 130 mill. kr. På bakgrunn av m.a. miljøtiltak og at omfanget av gang- og sykkelvegar i Strømmen er utvida, har kostnaden auka. Kostnadsoverslaget er no 248 mill. kr. Av dette er alt 17 mill. kr finansiert ved at avrampe frå rv 159 til tunnel under Blåkollen blei utført saman med hovudanlegget. Restbehovet er etter dette 231 mill. kr.

Forseringsopplegg og lokal handsaming

Etter initiativ frå Skedsmo kommune og Thongruppen har det vore drøftingar med Statens vegvesen Akershus med sikte på å framskunde utbygginga i høve til eventuell prioritering i perioden 2002-2005. Etter drøfting med AS Fjellinjen og orientering i Samferdselsstyret i Akershus fylkeskommune var det lokal semje om eit opplegg der midlar til gjennomføringa blir lånte opp av AS Fjellinjen innafor avtalt lånetak for selskapet. Rente for dette er, med ein rentefot på 7,5 pst. og tilbakebetaling i åra 2003-2005, utrekna til 35 mill. kr. Framlegget går ut på at rentene skal dekkjast med 60 pst. av Thongruppen og 40 pst. av Skedsmo kommune. Beløpet skal forskotsbetalast før anlegget startar opp, og eventuelle meirkostnader som følgje av endring i rentenivå eller kostnadsoverslag skal dekkjast med bompengar.

Skedsmo kommune har handsama saka prinsipielt i møte 21. april 1999 og gått inn for det skisserte opplegget. Akershus fylkesting gjorde slikt vedtak 15.-16. juni 1999:

  • «Fylkestinget anbefaler at riksveganlegget Lørdagsrud - Strømmen kirke forseres, slik at det kan bli gjennomført i årene 2000 - 2002 gjennom ekstra opplåning i AS Fjellinjens regi.

  • Lånet nedbetales i årene 2003 - 2005 gjennom riksvegbevilgninger skaffet til veie gjennom bompengeordningen i Oslopakke 1.

  • Renter for ekstra låneopptak, foreløpig beregnet til 34 mill. kr forskuddsbetales til Statens vegvesen Akershus av Skedsmo kommune og Thongruppen før anlegget starter opp.»

Samferdselsdepartementets vurdering

Samferdselsdepartementet er positiv til ei slik forskotering og forsering som omtalt. Forseringa blir finansiert ved at AS Fjellinjen tek opp lån ut over tidlegare godkjent låneramme og mot at renter for det ekstra låneopptaket blir dekt og forkotsbetalt av Skedsmo kommune og Thongruppen før anlegget startar. Departementet føresett at lånet vil bli nedbetalt i åra 2003-2005 med bompengar frå Oslopakke 1. Refusjonen vil skje innafor Akershus sin del av bompengane som blir delt etter den etablerte delingsnøkkelen mellom Oslo og Akershus.

Saka blir omtalt til orientering.

Nord-Jærenpakken i Rogaland - etablering av bomstasjonar

I St.prp. nr. 14 (1998-1999) Om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak på Nord-Jæren i Rogaland, var det lagt opp til 17 bomstasjonar, eventuelt supplert med 1-2 stasjonar dersom det oppstår problem i forhold til omkøyring. I St.prp. nr. 1 (1999-2000) går det fram at det skal opprettast 19 bomstasjonar. Lokalt er det no semje om eit opplegg som fører til at det blir oppretta til saman 20 bomstasjonar. Bakgrunnen for å etablere nok ein bomstasjon, er å få til eit best mogleg innkrevjingssystem, særleg for å unngå problem med omkøyring. Ein av dei tre nye bomstasjonane ligg på fylkesvegnettet, medan to ligg på kommunale vegar.

Da Nord-Jærenpakken blei lagt fram, blei kostnadene ved etablering av innkrevjingssystemet oppgitt til om lag 40 mill. kr, jf. St.prp. nr. 14 (1998-99). Etableringskostnadene er no rekna til 59 mill. kr, medrekna. 6 mill. kr til tiltak på vegnettet. I tillegg er kostnadene ved kjøp av brikker vurderte til 15 mill. kr. Det er føresett at desse utgiftene i all hovudsak vil bli dekte gjennom depositum for brikkene, men det kan bli nødvendig for bompengeselskapet å ta opp eit kortsiktig lån. Totalt er det derfor aktuelt for bompengeselskapet å ta opp inntil 74 mill. kr i lån i samband med etableringa av innkrevjingssystemet for Nord-Jærenpakken.

Rv 580 Midtun - Hop i Bergen kommune

Prosjektet er omtalt i St.meld. nr. 37 (1996-97), St.prp. nr. 45 (1998-99) og St.prp. nr. 1 (1999-2000). Prosjektet inngår som ein del av utbygginga av hovudvegnettet i Bergensområdet, jf. St.prp. nr. 118 (1984-85), og er føresett delvis bompengefinansiert. Det er kostnadsrekna til 296 mill. kr, som er i tråd med St.prp. nr. 1 (1999-2000).

Ved handsaminga av St.prp. nr. 45 (1998-99) hadde samferdselskomitéen ingen merknader til forslaget om at meirinntektene som følgje av takstauken i bompengeringen i Bergen i 1999 og 2000 skulle gå til prosjektet Midtun - Hop, jf. Innst. S. nr. 180 (1998-99). Fleirtalet i komiteen gjekk imidlertid inn for at inntektene i 2001 skulle fordelast med 1/3 til Ytrebygdsvegen og 2/3 til miljøtiltak, gang- og sykkelvegbygging, trafikksikring, tiltak for kollektivtrafikk og ressursar til planlegging. Den statlege innsatsen i 2001 er føresett å utgjere om lag 72 mill. kr, som i hovudsak er meint å gå til miljøtiltak, bygging av gang- og sykkelvegar og kollektivtrafikktiltak.

Dette fører til at prosjektet Midtun - Hop ikkje vil få midlar i 2001. Dei øyremerka bompengeinntektene til Midtun - Hop i 1999 og 2000 er ikkje nok til å drive anlegget rasjonelt både i 2000 og 2001. I St.prp. nr. 1 (1999-2000) gjekk Samferdselsdepartementet derfor inn for å utsetje anleggsstart til etter 2000. Samferdselskomitéen hadde ingen merknader til dette.

Den samla innsatsen (statlege løyvingar og bompengar) til miljøtiltak, bygging av gang- og sykkelvegar og kollektivtrafikktiltak i Bergen i 2000 og 2001 er venta å utgjere om lag 200 mill. kr. På grunn av plansituasjonen er det ikkje realistisk å rekne med at omfanget av slike tiltak i 2000 og 2001 vil kunne bli så store.

På denne bakgrunn er det teke initiativ lokalt for å sikre oppstart av prosjektet Midtun - Hop i 2000 ved at prosjektet blir tilført statlege midlar i 2001 innafor den ramma som er føresett til Bergen. Bergen kommune gjorde 3. november 1999 følgjande vedtak i formannskapssak nr. 571/99:

«2 a Formannskapet forutsetter at 60 millioner av statens midler i 2001 benyttes til Hop - Midtun. Sammen med de midlene som er avsatt av bompengeinntektene i 1999-2000, fører det til at anlegget starter opp i 1. halvår 2000. Det er en forutsetning at arbeidet med grunnavståelser er avklart i forhold til dette.

2 b I år 2002 disponeres 60 millioner av trafikantbetalingen til tiltak i tråd med vedtak i sak 73/97.»

Bergen kommune har opplyst at vedtaket i pkt. 2b er under føresetnad av at det blir vedteke bompengeinnkrevjing også etter 2001.

Bergen kommune handsama saka på nytt i formannskapet 9. februar 2000 som orienteringssak. I tillegg hadde formannskapet ein føresetnad om at saka blei lagt fram for Stortinget i løpet av mars månad, slik at prosjektet kan startast opp snarast.

Fylkesutvalet i Hordaland fylkeskommune handsama saka 30. mars 2000 og vedtok:

«Fylkesutvalet i Hordaland ser det som viktig at arbeidet med avlastningsvegen mellom Hop og Midttun blei starta opp så snart råd er slik at den kan stå ferdig til bruk rundt årsskiftet 2002/03.

Fylkesutvalet støttar difor opp om vedtaket i Bergen formannskap om at midlane som vart avsett til m.a. Ytrebygdsvegen, miljøtiltak, gang- og sykkelvegutbygging, trafikksikring, tiltak for kollektivtrafikk og ressurser til planlegging i 2001, inntil 60 mill. kr av dei statlege løyvingane til Bergen i 2001, blei omdisponert til arbeidet med vegprosjektet Hop - Midtun.»

Samferdselsdepartementet vil peike på at prosjektet Midtun - Hop vil avlaste Nesttun sentrum for gjennomgangstrafikk, og føre til at problema med miljø- og trafikktryggleik i sentrumsområda blir reduserte. Prosjektet vil også ha positiv effekt for trafikkavviklinga i området ved at gjennomgangstrafikken og lokaltrafikken blir skild. Ved at prosjektet får midlar i 2001 kan det startast opp sommaren 2000. Med ein anleggsperiode på knapt tre år kan prosjektet opnast for trafikk rundt årsskiftet 2002/2003.

På bakgrunn av vedtak i Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune legg Samferdselsdepartementet til grunn at prosjektet blir tildelt midlar innafor dei om lag 70 mill. kr som er føresette til Bergen over kap. 1320, post 30, i 2001, jf. St.prp. nr. 45 (1998-99). Omdisponeringa er endeleg. Samferdselsdepartementet tilrår at prosjektet Midtun - Hop blir starta opp for bompengemidlar i 2000. Endeleg tildeling i 2001 vil bli avklart i samband med budsjettet for 2001.

Samanslåing av postar

Post 31 Tilskot til rassikring

Ved handsaminga av St.prp. nr. 1 (1997-98) blei det vedteke å opprette ein ny post på kap 1320 Statens vegvesen - post 31 Tilskot til rassikring, jf. Budsjett-innst. S. nr. 13 (1997-98), side 31. Midlane på posten kan nyttast til tiltak innafor rassikring både på riks- og fylkesvegnettet, dvs. tilsvarande midlane på kap 1320, underpost 30.4 Særskilte rassikringstiltak.

Rassikring av riksvegar blir i dag finansiert over kap. 1320, underpost 30.1 Stamvegar, underpost 30.2 Øvrige riksvegar, underpost 30.4 Særskilte rassikringstiltak, og post 31 Tilskot til rassikring. Vidare blir rassikring av fylkesvegar i dag finansiert over kap. 1320, underpost 30.4 Særskilte rassikringstiltak, post 31 Tilskot til rassikring, og underpost 60.2 Store fylkesveganlegg.

Departementet viser til Budsjett-innst. S. nr. 13 (1999-2000), side 50, der eit fleirtal i komitéen bad regjeringa vurdere å innlemme rassikring som ein del av ordinære riksvegløyvingar ved handsaminga av Nasjonal transportplan.

Samferdselsdepartementet legg opp til at kap. 1320, post 31, blir innlemma som ein del av ordinære riksvegløyvingar frå og med statsbudsjettet for 2001. Departementet meiner det er ein føremon å iverksetje tiltaket frå og med 2001 og vil vise til at post 31 heller ikkje ligg inne som ein eigen post i Norsk veg- og vegtrafikkplan 1998-2007. I dei årlege budsjettproposisjonane vil det bli gitt ein samla omtale og oversikt over rassikringsinnsatsen.

Post 32 Legging av fast dekke på riksvegar

Kap. 1320 Statens vegvesen, post 32 Legging av fast dekke på riksvegar, blei oppretta i statsbudsjettet for 2000. Formålet med posten er å finansiere legging av fast dekke på alle riksvegar som framleis har grusvegstandard, over ein periode på fire år, med unntak av dei riksvegstrekningane som har kulturhistorisk verdi. Pr. 1. januar 2000 var det 245 km riksvegar som ikkje hadde fast dekke, inkludert 45 km riksveg med kulturhistorisk verdi.

Samferdselsdepartementet legg opp til at kap 1320, post 32 Legging av fast dekke på riksvegar, blir ein del av kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar, frå og med statsbudsjettet for 2001. Grunnen til ei slik omlegging er at legging av fast dekke på riksvegar er ein aktivitet innafor riksveginvesteringar på lik linje med ei rekkje andre tiltak. Ved meir omfattande utbetringar blir dessutan prosjekta finansierte gjennom løyvingar både frå post 30 og post 32. Samferdselsdepartementet vil understreke at målsettinga om fast dekke på alle riksvegar innan 2003 står ved lag. Departementet legg opp til å rapportere om framdrifta i dekkeleggingsprogrammet i dei årlege budsjettproposisjonane.