Forslag til vedtak om ein del saker under Vegformål
II
Stortinget samtykkjer i at:
Bompengeselskapet får høve til å forskotere inntil 13,3 mill. kr i 2000 til brannsikring av Byfjordtunnelen og Mastrafjordtunnelen på Ev 39. Beløpet blir refundert - utan kompensasjon for renter og pristiging - ved at gjelda på 31 mill. kr som bompengeselskapet har til staten blir redusert tilsvarande.
Finansieringsselskapet Motorveien Stavanger Sandnes AS får høve til å forskotere inntil 43 mill. kr til Ev 39 Solasplittkrysset. Beløpet blir refundert - utan kompensasjon for renter og prisstigning - i 2003 og 2004.
Hammerfest kommune, Kvalsund kommune og Finnmark fylkeskommune får høve til å forskotere 40 mill. kr i 2001 til bygging av tunnelen gjennom Stallogargoflågan på rv 94. Beløpet blir refundert - utan kompensasjon for renter og prisstiging - i 2002.
Bompengeselskapet får høve til å utvide bompengeordninga på Ev 39/rv 542 Trekantsambandet, inkl. arm til Bømlo, for å delfinansiere omlegging av rv 542 ved Stokkajuvet i samsvar med vilkåra i denne proposisjonen.
Vegdirektoratet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare regler for finansieringsordninga, jf. pkt. 4.
Bømlo kommune får høve til å forskotere 15 mill. kr til omlegging av rv 542 ved Stokkajuvet mot refusjon - utan kompensasjon for renter og prisstiging - innafor den fylkesfordelte rammen til Hordaland i løpet av perioden 2002-2011.
Bompengeselskapet får høve til å krevje inn om lag 8 mill. kr i bompengar på ferjesambanda Krokeide - Hufthamar, Krokeide - Austevollshella og Husavik - Sandvikvåg for å finansiere utlegging av overskotsmassar frå Ev 39 Trekantsambandet ved Hundvåkøy/Huftarøy.
Vegdirektoratet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare regler for finansieringsordninga, jf. pkt. 7.
Bompengeselskapet får høve til å finansiere rv 566 Hannisdalslinja i Osterøy kommune i Hordaland med bompenger i samsvar med føresetnaden i denne proposisjonen.
Vegdirektoratet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare regler for finansieringsordninga, jf. pkt. 9.