3 Programkategori 21.2 Luftfartsformål
Kap. 1311 Tilskot til regionale flyplassar
AFIS-tilskot til Lista Lufthavn AS
Lista Lufthavn AS har søkt om å behalde AFIS-tilskotet, eller tilskot til flygeinformasjonstenesta, i ein overgangsperiode medan selskapet, Farsund kommune og andre lokale interessentar arbeider for å få etablert eit flyrutetilbod til og frå Farsund lufthavn, Lista. Vanleg praksis er at AFIS-tilskot skal ytast til ikkje-statlege lufthamner med fast rutetrafikk. Slik rutetrafikk blei nedlagd på Farsund lufthavn, Lista, seinhaustes 1999. Lista lufthavn AS fekk derfor etter vanleg praksis AFIS-tilskot til og med andre halvår 1999.
Samferdselsdepartementet vurderer tilhøva på Farsund lufthavn, Lista, som spesielle. Lista lufthavn AS, kommunen og andre lokale interessentar gjer ein stor innsats for å starte opp att eit flyrutetilbod ved lufthamna. Etter Samferdselsdepartementets oppfatning er det gode grunnar til å gjere unntak frå hovudregelen om at det berre skal ytast AFIS-tilskot der det er fast rutetrafikk.
Samferdselsdepartementet har derfor informert Lista lufthavn AS om at AFIS-tilskotet kan behaldast i ein overgangsperiode, men avgrensa til ut 2000. Frå 2001 vil det ikkje bli ytt AFIS-tilskot dersom det ikkje blir etablert rutetrafikk på lufthamna. Tilskotet er løyvd over kap. 1311 Tilskot til regionale flyplassar, post 60 Tilskot til ikkje-statlege flyplassar.
Kap. 1313 Luftfartstilsynet
Post 01 Driftsutgifter
Bemanningssituasjonen i Luftfartstilsynet
Luftfartstilsynet blei oppretta som ordinært forvaltingsorgan 1. januar 2000. Tilsynsfunksjonane som den daverande Luftfartsinspeksjonen hadde i Luftfartsverket, er førte vidare i det nye organet. I samsvar med føresetnadene har Luftfartstilsynet sett i gang oppbygging av kompetansen sin ved å hente inn ny kompetanse og ved å styrkje kompetansen blant dei som alt var tilsette. Opplegg for å vurdere og fastsetje behov for kompetanse på lengre sikt er under arbeid.
Det er utvikla kompetanse og regelverk for eksternt tilsyn med navigasjonstenester, slik at tilsyn på dette området kan setjast i verk. Tilsynet vil òg omfatte nye område som m.a. lufttrafikkteneste. Oppbygging av kompetanse her er sett i gang.
Luftfartstilsynet har sidan opprettinga arbeidd med å byggje opp sentrale administrative og økonomiske funksjonar. Ein del av desse funksjonane er førebels dekte med innleige og mellombels arbeidskraft. Behovet for arbeidskraft for å ta hand om administrative funksjonar er no klarlagt, og innleidde ressursar vil bli gjort om til faste stillingar.
Oppbygging og gjennomføring av tilsyn på nye og eksisterande tilsynsområde er avhengig av at Luftfartstilsynet blir tilført nødvendige personalressursar. Luftfartstilsynet meiner det vil vere behov for om lag 140 stillingar ved slutten av 2000. Departementet slutter seg til at Luftfartstilsynet kan auke bemanninga i 2000 ut over det opphavlege nivået på 120 årsverk, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (1999-2000). Føresetnaden er at auken skjer innafor vedteken løyving til Luftfartstilsynet i 2000. Departementet vil kritisk vurdere bemanninga ut frå Luftfartstilsynets tilråding om behov for auke, og vil i samband med dette nøye følgje utviklinga i Luftfartstilsynet òg når det gjeld kvalitet og kompetanseoppbygging.
Ein gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 1314 Havarikommisjonen for sivil luftfart, post 01 Driftsutgifter, med 1 mill. kr mot tilsvarande reduksjon av kap. 1313 Luftfartstilsynet, post 01 Driftsutgifter, jf. omtale under kap. 1314. Departementet legg til grunn at denne reduksjonen ikkje skal gå ut over kompetanseoppbygginga i Luftfartstilsynet eller andre føresetnader frå Stortinget og vilkår for Luftfartstilsynet.
Kap. 1314 Havarikommisjonen for sivil luftfart
Post 01 Driftsutgifter
Det er tidlegare løyvd 8,5 mill. kr på posten. Den daverande Luftfartsinspeksjonen i Luftfartsverket har tidlegare distribuert rapportar med undersøkingsresultat til nasjonale og internasjonale fagmiljø. Frå og med 1. januar 2000 skal Havarikommisjonen for sivil luftfart sjølv distribuere desse rapportane og dekkje kostnadene ved distribusjonen. Ein gjer derfor framlegg om å auke løyvinga på kap. 1314 Havarikommisjonen for sivil luftfart, post 01 Driftsutgifter, med 1,0 mill. kr til 9,5 mill. kr, mot tilsvarande reduksjon på kap. 1313 Luftfartstilsynet, post 01 Driftsutgifter. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2000.
Kap. 2450 Luftfartsverket (jf. kap. 5450)
Post 24 Driftsresultat
Det er budsjettert med eit driftsresultat på 104 mill. kr. Som ein del av Regjeringa sitt finanspolitiske opplegg gjer ein framlegg om å auke driftsresultatet med 80 mill. kr, frå 104 mill. kr til 184 mill. kr. Auka overskot vil bli teke ut ved å auke trekket på reguleringsfondet i Luftfartsverket. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2000.
Departementet legg til grunn at reduksjonen ikkje vil få verknader for Luftfartsverkets planlagde investeringar i 2000. Investeringane i 2001 vil Rejeringa omtale i budsjettframlegg til hausten.
Post 92 Lån til Sandefjord Lufthavn AS
Ved handsaminga av St.prp. nr. 67/Innst. S. nr. 236 (1998-99) vedtok Stortinget å løyve 15,0 mill. kr på kap. 2450 Luftfartsverket, post 92 Lån til Sandefjord Lufthavn AS. Beløpet gjeld Luftfartsverkets lån til Sandefjord Lufthavn AS i samband med bygging av nytt kontrolltårn på Sandefjord lufthamn, Torp. I samsvar med låneavtalen mellom Luftfartsverket og Sandefjord Lufthavn AS blei det utbetalt 7,5 mill. kr i 1999. Resten av lånet skal etter avtalen betalast når bygget er ferdig.
Løyvinga på posten kan ikkje overførast frå 1999 til 2000. Resten av låneramma på inntil 7,5 mill. kr må derfor løyvast på nytt i 2000. Dette skjer ved at trekket på Luftfartsverkets reguleringsfond blir auka tilsvarande. På grunn av sjølvfinansieringa av Luftfartsverkets verksemd blir dermed også underposten Til investeringsformål på kap. 2450 Luftfartsverket, post 24, og inntektskapittelet 5450 Luftfartsverket, post 35 Til investeringsformål, begge auka med 7,5 mill. kr. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2000.
Kap. 5450 Luftfartsverket (jf. 2450)
Post 35 Til investeringsformål
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 7,5 mill. kr, frå 350,4 mill. kr til 357,9 mill. kr, som følgje av endringar på kap. 2450, post 92, jf. omtale under denne. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2000.
Bestillingsfullmakt for rullande materiell i Luftfartsverket
Bestillingsfullmakta for rullande materiell til Luftfartsverket er i 2000 som tidlegare år sett til 50 mill. kr, jf. St.prp. nr. 1/Budsjett-innst. S. nr. 13 (1999-2000). I samband med Luftfartsverkets planar for oppgradering av det rullande materiellet ved lufthamnene er det nødvendig å auke fullmakta for 2000. Ein legg derfor opp til at fullmakta blir auka til 100 mill. kr. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2000.
Kapitalutviding i Oslo Lufthavn AS
Riksrevisjonen orienterte i Dok. nr. 3:2 (1999-2000) om kapitalsituasjonen i Oslo Lufthavn AS i forhold til krav i aksjeloven om forsvarleg eigenkapital og handleplikt for styret i samband med dette. Årsrekneskapen for 1998 viste at aksjekapitalen på 210 mill. kr var tapt, og at selskapet hadde ein negativ eigenkapital på 354 mill. kr. Riksrevisjonen rekna med at departementet ville følgje opp spørsmålet om kapitalutviding i form av budsjettframlegg, jf. også Innst. S nr. 109 (1999-2000).
På ekstraordinær generalforsamling i Oslo Lufthavn AS 8. desember 1999 blei det vedteke å auke aksjekapitalen i selskapet med 40 mill. kr til 250 mill. kr, ved at Luftfartsverket som eineaksjonær teikna seg for 40 000 nye aksjar à kr 1 000,-. Dette skjedde til kurs kr 17 500,- pr. aksje, til saman 700 mill. kr. Differansen mellom dette beløpet og auken i aksjekapitalen på 660 mill. kr er tilført overkursfondet, som er ein del av den bundne eigenkapitalen i selskapet. Auken i eigenkapital har skjedd ved konvertering av 700 mill. kr av den ansvarlege lånekapitalen som Luftfartsverket har skote inn i Oslo Lufthavn AS. I statsrekneskapen for 1999 kjem dette fram i form av ei meirutgift på 700 mill. kr under kap. 2450 Luftfartsverket, post 94 Aksjeinnskot, og ein tilsvarande reduksjon i forbruket under post 95 Innskot ansvarleg lånekapital. Med auken i eigenkapitalen legg Oslo Lufthavn AS opp til at krava i aksjeloven om forsvarleg eigenkapital er oppfylte for 1999.
Departementet vil presisere at den negative eigenkapitalen som oppstod i 1998 heng saman med at Oslo Lufthavn AS dette året hadde vesentlege driftsinntekter først etter at hovudflyplassen blei teken i bruk 8. oktober 1998, medan det var store utgifter heile året til utbygging og drift. Den spesielle situasjonen for 1998 gir ikkje grunn til uro over økonomien i Oslo Lufthavn AS eller endringar i føresetnadene for finansieringa av hovudflyplassen.
Helikoptertryggleiken på norsk kontinentalsokkel
I samband med handsaminga av Dok. nr. 8:88 (1997-1998), jf. Innst. S. nr. 207 (1997-1998), bad Stortinget Regjeringa vurdere flytryggleiken og moglege tiltak på norsk kontinentalsokkel og leggje dette fram for Stortinget på eigna måte.
I St. prp. nr. 68 (1998-1999) uttalte departementet at saka ville bli utsett til førstninga av 2000, fordi det m.a. venta på ei konsekvensutgreiing om flykontrolltenesta frå Luftfartsverket.
Luftfartsverket har laga ei konsekvensutgreiing om etablering av kontrollert luftrom for undervegsflygingar mellom fastlandet og oljeinstallasjonar. Utgreiinga inneheld ein analyse av risikoforbetring m.m., men er ikkje av det omfang eller innan den frist som departementet la til grunn. Luftfartsverket vil sende si vurdering til departementet i mai 2000.
Vidare vil departementet setje ned eit offentleg utval som skal vurdere organiseringa av ansvar og roller for styremaktene når det gjeld helikopterverksemda på norsk kontinentalsokkel, og utarbeide konkrete mål/tiltak for å fremje flytryggleiken. Dette arbeidet er rekna å ta om lag to år.
Departementet legg opp til å kome tilbake med framlegg for Stortinget i 2002.
Nytt økonomisystem i Luftfartsverket
Riksrevisjonen tok i Dok. nr. 1 (1999-2000) opp innføringa av nytt økonomisystem i Luftfartsverket. Saka blei satt «Til observasjon». Luftfartsverket har orientert Samferdselsdepartementet om ytterlegare forseiningar og kostnadsauke i samband med dette tiltaket. Departementet vil kome tilbake til saka i samband med framlegg til statsbudsjett for 2001.