8 Programkategori 22.2 Telekommunaksjonar
Tildeling av nye mobilkonsesjonar - eingongsavgift
Det blir vist til St. meld. nr. 24 (1999-2000) om tilgang til mobilnett og om innføring av tredje generasjon system for mobilkommunikasjon (m.a. UMTS). I samband med Stortingets handsaming av meldinga slutta fleirtalet seg til framlegget frå regjeringa om å nytta tilbodsinnbyding, og ikkje auksjon, som tildelingsmekanisme ved tildeling av konsesjonar for tredje generasjon mobilsystem, jf. Innst. S. nr. 146 (1999-2000). Fleirtalet slutta seg og til ordninga med avgift for frekvensar, tilsvarande ordninga for DCS 1800. Med bakgrunn i røynslene frå andre land som har nytta auksjon som tildelingsmekanisme og som på denne måten har drege inn store inntekter til fordel for staten, ønskjer Regjeringa i tillegg å gjere framlegg om innføring av ei eingongsavgift som blir pålagt dei som blir tildelt konsesjon for etablering og drift av tredje generasjon mobilsystem i Noreg. Denne tildelingsavgifta blir føreslått sett til 100 mill. kr pr. konsesjon. Staten vil på denne måten samla kunne få inn 400 mill. kr ved konsesjonstildelinga i haust. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2000.