6 Programkategori 21. 5 Jernbaneformål
Kap. 1350 Jernbaneverket
Post 30 Investeringar i lina
Det er løyvd 1 189 mill. kr på posten. Som ein del av Regjeringa sitt finanspolitiske opplegg gjer ein framlegg om å redusere post 30 med 30 mill. kr frå 1 189,1 mill. kr til 1 159,1 mill. kr. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2000.
Etter samråd med Jernbaneverket gjer Samferdselsdepartementet framlegg om at reduksjonen i løyvinga blir teke på mindre enkeltståande investeringstiltak i eksisterande nett med minst skadeverknad for jernbanedrifta. Departementet legg til grunn at investeringar i krengjetogtiltak, store anlegg og tryggingstiltak blir skjerma frå reduksjonen.
Post 90 Kapitalinnskot i eigne aksjeselskap (ny post)
Jernbaneverket - oppretting av aksjeselskap
I St.meld. nr. 39 (1996-97) Norsk jernbaneplan 1998-2007 (NJP) er det for Jernbaneverket lagt til grunn eit årleg effektvitetskrav på 1-2 pst. I tråd med dette har fleire av Jernbaneverkets eigne leverandør-/produksjonseiningar blitt utsette for konkurranse frå norske og europeiske jernbaneentreprenørar når det gjeld leveransar til Jernbaneverket. Desse konkurrentane er ofte representerte ved Jernbaneverkets søsterorgan i Danmark og Sverige. For å nå effektvitetsmåla i NJP (1998-2007) har produksjonseiningane i Jernbaneverket i aukande grad delteke i konkurransar om levering av jernbanetekniske entreprenøroppdrag til andre aktørar i samsvar med meirinntektsfullmakta knytt til kap. 4350, post 02 Sal av utstyr og tenester mv. Samferdselsdepartementet har tidlegare orientert om at Jernbaneverket deltek i konkurransar om eksterne oppdrag, m.a. sal til Gardermobanen AS, jf. St.prp. nr. 1 (1998-1999), side 133.
Jernbaneverket orienterte i februar i år Samferdselsdepartementet om at Jernbaneverkets eiga entreprenøreining BaneService, i samarbeid med eit dansk entreprenørfirma, hadde fått tildelt eit mindre oppdrag frå Banestyrelsen i Danmark etter anbodskonkurranse. Oppdraget hadde ei totalramme på 8 mill. kr, og Jernbaneverkets del var 1 mill. kr. Oppdraget blei tildelt i samband med bygginga av Øresundssambandet. For å handtere dette oppdraget fann Jernbaneverket det føremålstenleg å opprette eit aksjeselskap som stod som kontraktspartnar saman med det danske entreprenørselskapet. Aksjeselskapet, BaneService prosjekt AS, som har ein aksjekapital på 100 000 kr, har ingen eigedelar eller tilsette.
Jernbaneverket har som statleg forvaltningsorgan ikkje fullmakt til å opprette eigne aksjeselskap og treng derfor Stortingets samtykke til ei slik etablering. Samferdselsdepartementet ser klårt at saka burde vært lagt fram for Stortinget før aksjeselskapet blei oppretta. Departementet legg opp til at slike saker i framtida skal leggjast fram for overordna styremakt. I denne saka har departementet likevel ikkje funne grunn til å krevje at selskapet blir avvikla. For å sikre at Jernbaneverkets konkurranseposisjonering og avgrensing av kommersiell risiko skal vere synleg for tredjepart, kan det argumenterast for at deltaking i anbods-/tilbodskonkurransar og andre leveransar av kommersiell karakter til framande, bør handterast skilt frå andre delar av verksemda, til dømes gjennom aksjeselskap. Departementet legg imidlertid til grunn at det etablerte aksjeselskapet ikkje har tilsette eller eigedelar, slik at bruken av selskapet ikkje får verknad for organiseringa av Jernbaneverket, inkludert Jernbaneverkets forvaltingsansvar og rettane til dei tilsette. Dessutan legg departementet til grunn at leveransar frå Jernbaneverket til kommersielle oppdrag ikkje skal gå utover dei kjerneoppgåvene Jernbaneverket har som forvaltar av det nasjonale jernbanenettet. Det skal heller ikkje takast omsyn til eksterne oppdrag når Jernbaneverkets totale ressurssituasjon skal vurderast og tilpassast.
På denne bakgrunn gjer ein framlegg om at Jernbaneverket får fullmakt til å opprette aksjeselskap med aksjekapital tilsvarande minimumskravet i aksjelova (100 000 kr), og at det blir oppretta ein ny post på kap. 1350 - post 90 Kapitalinnskot i eigne aksjeselskap. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2000.
Styrking av jernbanetilbodet mellom dei skandinaviske landa
Jernbanetilbodet mellom dei skandinaviske hovudstadene har på 1990-tallet blitt sterkt redusert, samstundes som reiseaktiviteten generelt har vore aukande i denne marknaden. Departementet viser til nærare omtale i St.prp. nr. 1 (1999-2000). Ei arbeidsgruppe samansett av representantar frå departementa og jernbaneforvaltningane i Noreg, Sverige og Danmark, samt NSB, SJ og DSB, overleverte i januar 2000 ein sluttrapport; «Mot bedre tider for det skandinaviske togtilbudet?», til transportministrane i dei tre landa.
I rapporten blir det gjort framlegg om infrastrukturtiltak for gradvis å kunne utvikle eit betre togtilbod med redusert reisetid mellom dei tre hovudstadene. Det blir vidare gjort framlegg om eit meir langsiktig samarbeid med betre samordning av infrastrukturplanlegging, organisering og trafikkplanlegging.
Med utgangspunkt i tilrådingane frå arbeidsgruppa inngjekk dei tre transportministrane i februar 2000 ein intensjonsavtale om saman å medvirke til å leggje tilhøva til rette for ein konkurransedyktig persontransport med jernbane mellom Stockholm, Oslo og København. Regjeringa legg opp til å følgje opp dette i samband med statsbudsjettet for 2001, m.a. med nødvendige forslag til infrastrukturtiltak på norsk side.
For å samordne utviklinga av togtilbodet har NSB BA og SJ blitt samde om å skipe eit felles selskap som skal drive togtrafikk på strekningane Oslo - Gøteborg - København og Oslo - Stockholm. Selskapet er under etablering. Målsettinga er å introdusere eit tilbodskonsept i løpet av 2001/2002 med moderne krengjetog som vil gi kundane kortare reisetid, fleire ruteavganger og høgare reisekomfort. Det nye selskapet har inngått leigeavtale med SJ om materiell som vil bli bygd om og tilpassa det nye konseptet.
Kap. 1354 Statens jernbanetilsyn
Post. 01 Driftsutgifter
Det er løyvd 10,1 mill. kr på posten. På bakgrunn av Åsta-ulykka og den alvorlege togbrannen på Lillestrøm ønskjer Samferdselsdepartementet å setje ytterlegare fokus på tryggleiken rundt jernbanedrifta. Ein gjer derfor framlegg om å auke budsjettet for Statens jernbanetilsyn med 1,5 mill. kr, m.a. for å styrkje bemanninga, slik at tilsynet kan gjennomføre nødvendige revisjonar for å sikre at jernbanen blir driven i samsvar med fastsett regelverk. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2000.