1 Bakgrunn
16. desember 1999 blei den norske og den svenske regjeringa samde om at arbeidet med å slå saman Telenor AS og Telia AB skulle avbrytast. Ved handsaminga av St.prp. nr. 58 (1998-99) Om sammenslåing av Telenor AS og Telia AB fekk forslaget om delprivatisering fleirtal i Stortinget. I si fråsegn til Stortinget ved regjeringsskiftet sa statsminister Stoltenberg følgjande om Telenor: «Skal vil ligge teknologisk i front innen informasjons- og kommunikasjonsteknologien, trenger Telenor ny kapital og nye impulser. Privat kapital og kompetanse bør også bidra. Derfor vil Regjeringen foreslå at Telenor blir et børsnotert selskap.» Etter samanbrotet i Telenor/Telia-fusjonen har departementet arbeidd parallelt med avvikling av det samanslåtte selskapet og med førebuing for delprivatisering og børsnotering av Telenor, jf. St.prp. nr. 59 (1999-2000) Om avviklingen av sammenslåingen av Telenor AS og Telia AB.
Telekommunikasjonsmarknadene verda over er inne i ein rask endringsprosess. Dei viktigaste drivkreftene er teknologiutvikling, globalisering, utbreiing og bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og industriell restrukturering. Ulike teknologiar og system for informasjon og kommunikasjon, som IT, tele og media, smeltar saman. Denne såkalla konvergensutviklinga er eit viktig grunnlag for ny produkt- og tenesteutvikling og fører til at marknader og industri driv over i andre struktur- og organisasjonsformer. Til dømes har dei fleste europeiske land delprivatisert og børsnotert sine statlege telekommunikasjonsselskap.
Det blei innført full konkurranse i telemarknaden i Noreg frå 1.1. 1998. Konkurransen er virksom og samfunnsmessige mål blir følgde opp gjennom regulering. I denne situasjonen ser Regjeringa det ikkje lenger som føremålstenleg at staten fullt ut eig Telenor. Staten må utøve sitt eigarskap på ein profesjonell måte, som er med på å utvikle selskapet både på den norske og internasjonale marknaden til beste for aksjonærane, dei tilsette og det norske samfunnet.