3 Problemstillingar i proposisjonen
3.1 Om behovet for endring av eigarforma
Spørsmålet om eigarform for selskap som Telenor vil i åra som kjem truleg bli viktigare både for selskapet si eiga konkurransekraft, og for utviklinga av dei industrielle samarbeidsrelasjonane i denne dynamiske marknaden.
Ein kan ikkje seie at målet om størst mogeleg verdiskaping og avkastning for eigarane blir nådd berre ved å sjå på rekneskapsresultata for nokre få år. Tala i rekneskapen må supplerast med verdivurderingar for å kunne gi eit tilnærma riktig bilete av dei reelle verdiar som blir skapte. Slike verdivurderingar gir likevel ikkje den same realisme sett over tid som den kontinuerlege verdivurderinga som skjer for børsnoterte selskap. Så lenge Telenor er eit heileigd statleg selskap har difor leiinga ei krevjande formidlingsoppgåve både i høve til eigar, långjevarar, kredittbyrå, partnarar og media/publikum når dei økonomiske resultata blir presenterte og evaluerte.
Det har vore eit problem at vedtak om utbytte frå selskapet ikkje konsekvent er blitt sett i samanheng med verdiskapinga til selskapet, jf. spørsmålet om ein bør halde kapital tilbake i selskapet for å kunne investere i prosjekt med høgare venta avkastning enn ved alternative plasseringar.
Bruk av eigenkapitalinstrument, mellom anna oppgjer i form av aksjar, er vanleg i samband med fusjonar, oppkjøp, restruktureringar m.m. Telenor har i dag ikkje høve til å tilby slike løysingar og vil difor ha ei ulempe i forhold til konkurrentar som og kan freiste med andre oppgjersformer enn kontante pengar. Særleg ved store transaksjonar vil aksjeteikning ofte kunne vere ein føresetnad for å kunne gjennomføre ein fornuftig handel.
Telenor si internasjonale satsing har i hovudsak vore basert på «joint ventures» med ulike samarbeidspartnarar. Ei vidareutvikling av modellen med prosjektsamarbeid vil kunne krevje eit meir forpliktande industrielt samspel mellom partane for å oppnå større økonomiske vinstar. Her vil og etter kvart spørsmålet om strategisk deleigarskap kunne bli aktualisert for å sikre eit langsiktig og stabilt samarbeid.
Ei endring av eigarforma til Telenor vil skape større avklaring rundt staten si eigarrolle. Dette vil vere ein fordel for selskapet som i dag på tilsvarande vis som eigaren risikerer å bli skulda for å blande saman roller.
Ei delprivatisering og børsnotering av Telenor vil gi selskapet større forretningsmessig handlefridom og vil difor vere fordelaktig for selskapet. Telenor vil då kunne konkurrere på like vilkår med andre børsnoterte IKT-selskap. Det finst og gode grunnar til at selskapet vil vere tent med at staten opprettheld ein strategisk eigarposisjon. For selskapet vil staten som strategisk eigar kunne medvirke til stabilitet i eigartilhøva og m.a. hindre at selskapet blir kjøpt opp og kontrollert av eit større internasjonalt konsern, jf. kap. 5.3 og 5.4.
3.2 Eigarstyring
Når staten i samband med børsintroduksjonen ikkje opnar for å selje seg heilt ut av selskapet, vil dette kunne ha innverknad på verdien av eigenkapitalen. Dess større den statlege eigardelen er, dess større behov er det for utøving av eit aktivt og profesjonelt statleg eigarskap.
Verdiane i selskap med stor aktivitet på IKT-området har auka mykje dei siste åra. Fordi verdiane er bygde på at mange ventar høg prosentvis vekst mange år framover, vil verdien av selskapa bli påvirka vesentleg av sjølv små avvik i prognosar for vekstrate eller små endringar i avkastningkrav, jf. kap. 6.6.
Det har vore vanleg å leggje føringar på reduksjonar av det statlege eigarskapet i samband med børsintroduksjonar av teleselskap i andre europeiske land. For at dette ikkje skal bli oppfatta negativt av finansmarknaden, må føremålet med det statlege eigarskapet kommuniserast klårt. Regjeringa vil leggje til grunn at den norske staten skal vere ein langsiktig investor i Telenor, og at eigarskapet blir utøvd på vanleg forretningsmessig måte i samsvar med dette. Kapitalavkastningskravet bør liggje på samme nivå som for samanliknbare europeiske teleselskap. Kapitalstrukturen og utbyttepolitikken skal fremje verdiskapinga, jf. kap. 7.3.
Ei endring av eigarforma til Telenor vil føre til at særreglane for statsaksjeselskap i aksjelovgjevinga ikkje lenger vil gjelde. Særleg er det grunn til å merke seg at styret i vanlege aksjeselskap over ein viss storleik blir valde av bedriftsforsamlinga, og at generalforsamlinga ikkje kan vedta eit høgare utbytte enn det styret foreslår eller godtek. Innafor ramma av styret sitt forslag har dessutan bedriftsforsamlinga rett til å fastsetje den høgaste sum som kan bli utdelt som utbytte.
Når det gjeld aksjonærrettar basert på ulike eigardelar, er differensieringa særleg viktig for eigarstyringa ved overgangar mellom eigardelar på 2/3, 1/2 og 1/3.
Kjem eigardelen under to tredjedelar, kan ikkje lenger eigar suverent endre selskapet sine vedtekter. Men dette inneber på si side at eigar kan hindre vedtektsendringar så lenge eigardelen blir halden over ein tredjedel. Ved ein eigardel på over ein halvdel har eigar rett til å avgjere dei aller fleste viktige selskapssaker, med unntak av endringar i selskapet sine vedtekter.
Sjølv om staten etter ei delprivatisering og børsnotering opprettheld ein aksjemajoritet i selskapet, vil dei rettslege rammevilkåra for eigarstyringa bli noko endra slik at det blir større distanse mellom staten og selskapet. Dette vil influere på måten det statlege eigarskapet blir utøvd på, jf. m.a. verdipapirlovgjevinga og børsreglane.
Ei endring av eigarforma til Telenor kan føre til at lokaliseringsmessige omsyn får mindre fokus. Departementet vil elles peike på at Telenor sin lokaliseringsstrategi for den norske marknaden, etter omdanninga til aksjeselskap, har vore basert på selskapet sine eigne forretningsmessige vurderingar. At Telenor har oppretthalde eit nokså desentralisert lokaliseringsmønster har m.a. samanheng med at arbeidskrafta i distrikta ofte er meir stabil og at landsdekkjande nærvere skaper generell «goodwill» for selskapet.
I ein situasjon med delt eigarskap blir valet av personar til styreverva endå viktigare enn i dag. Som eineaksjonær kan staten direkte ta vare på staten sine eigarinteresser, medrekna dei samfunnsmessige omsyn. I eit børsnotert selskap skal heile marknaden ha lik kjennskap til kursrelevant informasjon samtidig. Dette inneber at aksjonærane ikkje kan komme effektivt i inngrep med ein god del saker, fordi dei ikkje vil kjenne til realiteten i dei på eit tidleg nok tidspunkt. Styring må såleis først og fremst skje gjennom val av kompetente styremedlemer.
Det blir elles vist til St.meld. nr. 18 (1998-99) Bedrifter hvor staten v/Nærings- og handelsdepartementet har eierinteresser, St.prp. nr. 33 (1993-94) Kapitalutvidelse i Norsk Hydro a.s og St.prp. nr 81 (1998-99) Kapitalutvidelse i Norsk Hydro ASA som ledd i et tilbud om å overta Saga Petroleum ASA.
3.3 Forretningsstrategi- og planar - Investerings- og finansieringsspørmål
Styret i Telenor AS har foreslått at følgjande hovudpunkt blir lagt til grunn for ei børsnotering av selskapet, jf. vedlegg 1.
Vedtak om børsintroduksjon av Telenor bør gjerast så snart som mogeleg. Målet bør vere å gjennomføre børsintroduksjonen i 2. halvår 2000. Det er i selskapet, staten og det norske samfunn si interesse at børsintroduksjonen skjer som ein offentleg emisjon, slik at Telenor blir tilført midlane og blir i stand til å realisere sin vekststrategi.
Vekststrategien bør iverksetjast før børsintroduksjonen og kan finansierast gjennom auka ekstern opplåning. Omfanget må vere tilpassa investeringspotensialet. Telenor finn at 30 mrd. kr vil vere ei forsvarleg ramme.
Dersom det oppstår svært gode investeringsalternativ i samband med strukturforretningar, der avgjerda om eventuell deltaking må bli teke på kort varsel, eller ved andre ekstraordinære forhold, bør det bli lagt til rette for kapitalinnskott frå staten gjennom ein tilstrekkeleg rask og effektiv avgjerdsprosess.
Styret si grunngjeving for denne tilrådinga er nærare omtalt i kap. 4.
Samferdselselsdepartementet har engasjert ein internasjonal investeringsbank for å få utført ei sjølvstendig vurdering av Telenor sin forretningsstrategi. Dokumentet frå investeringsbanken inneheld opplysningar som er børssensitive og blir difor ikkje lagt fram.
Banken trekkjer følgjande hovudkonklusjonar:
Børsintroduksjonen kan anten skje ved utferding av nye aksjar i selskapet (rein emisjon som inneber at provenyet blir tilført Telenor), ved eit sal av staten sine aksjar (dvs. provenyet blir tilført staten), eller ved ein kombinasjon. Banken ser det ikkje som føremålstenleg at denne avgjerda blir teken no, men vil ikkje tilrå ein rein emisjon sjølv om dette og etter banken si vurdering kan vere eit godt alternativ under gitte vilkår. Det klåre råd frå banken er likevel at denne avgjerda i alle fall bør bli teken nærare tidspunktet for børsintroduksjonen. Dette blir m.a. grunngitt med at selskapet sin vekststrategi bør få utvikle seg over ei viss tid, og at marknaden er i rask endring.
Når det gjeld tidspunktet for børsintroduksjonen, er banken samd i at denne bør skje så snart som råd er, og meiner sjølv at september 2000 kan vere eit godt alternativ.
Investeringsbanken meiner at selskapet bør ha ein kapitalstruktur som ikkje skiljer seg for mykje frå samanliknbare selskap. Gitt at selskapet har gode investeringsalternativ, kan selskapet auke gjelda si utan at det slår særleg negativt ut for kredittverdet til selskapet.
Investeringsbanken åtvarer mot å tilføre mykje eigenkapital til selskapet, dersom det ikkje kan dokumentarast konkrete behov for slik kapital. Telenor sitt forslag gjer det nødvendig med ein grundigare gjennomgang av investeringsplanane. Det blir vist til at investorar generelt ikkje verdset store likviditetsbehaldningar i selskap («cash mountains»), fordi det då lett oppstår frykt for at selskapet si leiing ikkje har det nødvendige press på seg til å prioritere fornuftig og til å drive selskapet effektivt nok.
Etter investeringsbanken si oppfatning har leiinga til Telenor dokumentert at dei fullt ut har den ekspertise og kapasitet som skal til for å få til ein vellukka børsintroduksjon. Leiinga i Telenor er likevel ukjent i det internasjonale investormiljøet, og vil difor måtte leggje opp eit program for å gjere seg kjent og vise seg fram for investorar og for media, særleg internasjonalt, i forkant av børsintroduksjonen.
Ein kan ikkje no sjå Telenor sitt forslag til forretningsstrategi som ferdig framstilt. Styret har og i brev av 4. april 2000 modifisert si tilråding, jf. vedlegg 2. Styret understrekar at det viktigaste er at Telenor får høve til å gjennomføre ein klår vekststrategi, og at selskapet blir posisjonert som eit vekstselskap. Dette inneber at selskapet må ha ein sterk kapitalbase som gir grunnlag for ekspansjonsinvesteringar. Styret har elles ikkje innvendingar mot at den endelege avgjerda, om det skal vere ein rein emisjon eller ein kombinasjon av emisjon og utsal av staten sine aksjar, blir teken nærare tidspunktet for gjennomføringa av børsintroduksjonen. Styret meiner og at konklusjonen på dette punkt må sjåast i samanheng med sjølve dimensjonen på aksjesalet. Det vil virke positivt på verdien av selskapet at det over tid er konsistens i dei avgjerder som staten tek som eigar.
På dette tidspunkt finn departementet å kunne trekkje følgjande konklusjonar.
Børsintroduksjon av Telenor bør skje så snart som råd er.
Gjeldsgraden i selskapet kan aukast noko, men det er viktig å oppretthalde ein soliditet som kan sikre selskapet mot uventa tilbakeslag.
Under elles like vilkår, vil ein kombinasjon av emisjon/statleg sal av aksjar vere fordelaktig fordi eigar og selskap då har felles interesser og kan samarbeide effektivt, og dermed leggje til rette for at børsintroduksjonen kan bli ein suksess for alle involverte partar.
Regjeringa ber om fullmakt til å redusere staten sin eigardel ned til 51 pst. Regjeringa vil vurdere nærare om dette skal skje ved emisjon og/eller spreiingssal. Føremålet med å be om slik fullmakt no, er mellom anna ønsket om å kunne handle raskt dersom det oppstår ein situasjon der selskapet har behov for meir eigenkapital ved større oppkjøp eller strategiske eigarskapsløysingar. Ein framgangsmåte med særskilt framlegg for Stortinget om fullmakt til å akseptere slike aksjeutvidingar vil kunne vere tidkrevjande, noko som kan resultere i tap av interessante forretningar. Den tradisjonelle framgangsmåten er lite tilpassa ein slik dynamisk bransje som den Telenor opererer i. Det blir såleis lagt til rette for at selskapet kan arbeide i marknaden på kommersielle vilkår og at vanleg forretningsmessig praksis blir følgd ved avgjerder om eventuelle framtidige emisjonar.
3.4 System for godtgjering for dei tilsette og leiinga i Telenor
For at Telenor skal kunne overleve som eit sjølvstendig norsk selskap, vil det vere svært viktig å rekruttere unge talent, og samtidig klare å halde på og vidareutvikle dyktige medarbeidare og leiarar. Dersom Telenor skal kunne hevde seg i konkurransen om kompetanseressursane på sine satsingsområde, må selskapet difor kunne tilby belønningssystem, som saman med dei faglege utfordringane, gjer det attraktivt og interessant å arbeide i Telenor, jf. kap. 6.2.
3.5 Småspararar
Ved dei aller fleste store privatiseringar i Europa, medrekna ved sal av aksjar i teleselskap, har det vore brukt tiltak for å stimulere småspararane si interesse for å kjøpe aksjar. Rabatt har vore det mest brukte tiltaket, men lojalitetsaksjar har og vore mykje brukt, anten åleine eller i kombinasjon med rabatt. Dessutan er det vanleg praksis å gi småspararar preferanse ved sjølve aksjetildelinga.
Regjeringa legg opp til at småspararar blir gitt preferanse ved aksjetildelinga, men at det ikkje blir gitt rabattar, jf. kap. 6.3.
3.6 Departementstilknytning for eigarskapet
M.a. for å medvirke til at marknaden har tillit til at eigar- og regulatørfunksjonane i telesektoren er organisert på ein føremålstenleg måte, legg Regjeringa opp til at forvaltninga av det statlege eigarskapet til Telenor blir overført til Nærings- og handelsdepartementet så snart børsintroduksjonen er gjennomført.
Som ledd i arbeidet med å opne telesektoren for allmenn konkurranse frå 1. januar 1998, blei Arbeids- og administrasjonsdepartmentet gjort til klageorgan i konkurransesaker i telesektoren. Når eigarskapet til Telenor blir overført til eit anna departement, fell grunngjevinga for denne særordninga bort. Ansvaret for desse sakene vil difor bli ført tilbake til Samferdselsdepartmentet frå same tidspunkt som endringa av departementstilknytning for eigarskapet blir gjennomført, jf. kap. 7.2 og kap. 9.