St.prp. nr. 66 (1999-2000)

Om Telenor

Til innhaldsliste

5 Marknadsutviklinga på teleområdet

5.1 Marknads- og konkurransesituasjonen på den norske telemarknaden

Med heimel i telelova har Post- og teletilsynet etablert ei ordning for registering av tilbydarar av offentlege telenett og offentlege teletenester. Pr. mars 2000 har tilsynet registrert om lag 40 tilbydarar i den norske marknaden. Dette er tilbydarar som eig og driv offentleg telenett, tilbyr offentleg telefonteneste og/eller tilbyr overføringskapasitet (leigde samband). I tillegg til desse er det nokre få konsesjonerte tilbydarar.

Stadig fleire brukarar går over frå vanleg telefontilknytning (PSTN) til tenesteintegrert digital tilknytning (ISDN). Talet på PSTN-liner blei såleis i 1999 redusert med 260.000, medan talet på ISDN-liner auka med 471.000. Dette medfører at Noreg truleg har høgast ISDN-penetrasjon i verda.

Mobilpenetrasjonen i Noreg har auka frå 47 til 61 pst. gjennom 1999.

Pr. februar 2000 hadde om lag 2,2 mill. personar tilgang til Internett anten heime eller på arbeidsplassen. Dette inneber ein internettpenetrasjon på om lag 50 pst.

Offentleg telefonteneste

Innføringa av fast forval frå 1. juni 1999 har lagt til rette for sterkare konkurranse på fasttelefoni. Dette har størst verdi for privatkundar og mindre bedrifter. Dei større bedriftene har og før dette hatt høve til å rute trafikken via alternative tilbydarar. Ved utgangen av 1999 hadde Telenor sine konkurrentar om lag 250.000 kundar med fast forval. Dette tilsvarer vel 10 pst. av det totale talet på fastnett-tilknytningar i Noreg. I tillegg bruker ein del abonnentar prefiks meir eller mindre aktivt for delar av trafikken. Telenor opplyser sjølv at trafikkminutt som går via andre operatørar utgjorde om lag 13 pst. av totale trafikkminutt ved utgangen av 1999, samanlikna med vel 3 pst. ved utgangen av 1998. Det er på samtalar til utlandet og samtalar til mobiltelefon at Telenor har lidd størst marknadstap.

Frå 1. juni 1999 blei og nummerportabilitet introdusert i fastnettet. Dette inneber at ein abonnent kan skifte aksessleverandør, men samtidig behalde telefonnumra sine. I utbreiing har førebels ikkje nummerportabilitet så stort omfang som fast forval, men det er likevel eit viktig virkemiddel for å leggje til rette for virksom konkurranse mellom alternative tilbydarar.

Frå 1. juli 1999 innførte Telenor lik pris på vanleg fasttelefoni over heile landet (Norgestakst). Samtidig blei prisane for samtrafikk, som er ein viktig innsatsfaktor i produksjon av telefoni, redusert vesentleg i 1999, først frå 1. mai med mellom 5 og 33 pst. og deretter frå 1. august med mellom 17 og 34 pst., avhengig av type samtrafikkteneste og tid på døgeret. Dette gjer at Noreg er mellom dei land i Europa som har lågast prisnivå for telefoni, både på sluttbrukar- og samtrafikksida.

På abonnementssida møter Telenor førebels liten konkurranse, men det er ikkje på dette området selskapet tener mest pengar. Sjølv om Telenor tapte ca. 10 pst. av trafikken i fjor og gjennomførte store prisreduksjonar, var og veksten i totalmarknaden høg. Det er viktig å vere klår over at for det meste av den trafikken som Telenor taper i sluttbrukarmarknaden, mottek selskapet inntekter gjennom samtrafikk som tilsvarer om lag halvparten av sluttbrukarpris, avhengig av type samtrafikkteneste.

I byrjinga av mars 2000 ga Post- og teletilsynet 2 nasjonale og 5 regionale lisensar til drift av radioaksessnett i frekvensbandet 26 GHz. I frekvensbandet 40 GHz blei det gitt 3 lisensar. I forkant av tildelinga blei det vist stor interesse frå marknaden, og tilsynet mottok fleire søknader enn venta. Radioaksessnetta gir alternative tilbydarar høve til å knytte til seg eigne kundar utanom Telenor sitt fastnett og vil medvirke til større konkurranse på abonnentnettsida.

I St.meld. nr. 24 (1999-2000) Om tilgang til mobilnett og om innføring av tredje generasjons system for mobilkommunikasjon, jf. Innst. S. nr. 146 (1999-2000), er det lagt opp til at Telenor blir pålagt å gi konkurrerande tilbydarar høve til å leie faste aksessliner frå abonnentsida av lokalsvitsjen og fram til abonnenten. Føremålet med dette er å gi andre tilbydarar høve til å bruke Telenor sitt aksessnett for å kunne tilby mellom anna breibandstenester til eigne kundar. Konkurrentane vil på denne måten kunne ta over heile kundeforholdet utan å måtte byggje eiget tilknytningsnett. Telenor har nyleg lansert eit slikt produkt under namnet «Operatøraksess».

Ved årsskiftet var det totalt 2.744.793 mobilabonnement. Dermed overgår for første gong talet på mobilabonnement talet på vanlege telefonabonnement (PSTN) i Noreg, noko som inneber at mobilmarknaden blir stadig viktigare både for kundane og leverandørar av utstyr og tenester. Dette er og bakgrunnen for at fleire aktørar søker alternative måtar å tilby mobiltenester på.

I St.meld. nr. 24 (1999-2000) Om tilgang til mobilnett og om innføring av tredje generasjons system for mobilkommunikasjon er det ikkje lagt opp til å påleggje mobiloperatørar med eiget nett å gi tilgang til såkalla virtuelle mobiloperatørar.

Internett

Konkurransen i internettmarknaden er sterk. På oppringt aksess hadde operatørane tidlegare store abonnementsinntekter, men desse har langt på veg falle bort etter introduksjonen av ulike former for gratisabonnement. Telenor er marknadsleiar og hadde ved utgangen av 1999 om lag 400.000 internettkundar. Tele2 har og ein sterk marknadsposisjon på internettområdet, og Enitel har gjennom oppkjøpet av Telia Norge ein stor kundebase av internettbrukarar. Forutan desse selskapa er det fleire aktørar som tilbyr ulike internett-tenester spesielt retta mot bedriftsmarknaden.

Overføringskapasitet

Etter oppkjøpet av Telia Norge si verksemd kan ein sjå Enitel som ein av dei største utfordrarane til Telenor på telemarknaden i Noreg. Frå å vere eit reint teletransportselskap har Enitel gått over til å satse sterkare på eit vidare tenestespekter innan telefoni, Internett og datakommunikasjon til sluttbrukarane. Sidan 1998 har selskapet satsa på utbyggjing av eiget telenett som innan 2001, etter planen, vil strekkje seg ut ca. 6.500 km og ha ca. 1.700 aksesspunkt til sluttkundar. Nettet vil knytte saman 60 byar og tettstadar.

Andre utfordrarar innan transportnett er Bane Tele (Jernbaneverket), Eltele og UPC Norge.

5.2 Strukturendringar på den internasjonale marknaden

Utviklinga på tele- og IT-området skaper store strategiske utfordringar.

Internasjonalt skjer det omfattande foretaksstrategisk posisjonering og restrukturering på dette området. I tillegg skjer det kraftig trafikkvekst og prisfall, sterk globalisering, og stadig fleire av aktivitetane i samfunnet og folk sitt privatliv kjem i kontakt med denne informasjons- og kommunikasjonsteknologien (IKT). Teleselskapa er etter dette ikkje lenger aktørar i stabile handlingsmiljø som har utbyggjing av samfunnet sin basisinfrastruktur i tradisjonell forstand, som sitt einaste forretningsgrunnlag.

Bakgrunnen for dette er at den teknologiske utviklinga, med framveksten av digitalteknikken som felles basis for kommunikasjon og datahandsaming, har ført til at tradisjonelt skilte teknologiar, marknader og forretningsroller for respektivt telekommunikasjon, elektronisk datahandsaming og - innhaldsformidling, smeltar saman (konvergens). Resultatet er at grensene mellom tradisjonelle teletenester, IT- og medietenester blir brotne ned, og det blir skapt grunnlag for samarbeid og konkurranse mellom aktørar og bransjar som før levde side om side. Typiske resultat av denne utviklinga er nye «multimedia»-produkt som kombinerer lyd, tekst, bilete og databaseinformasjon.

Digitaliseringa har og ført til ei slik teknologisk samansmelting internt i telesektoren, t.d. ved etablering av tenesteintegrerte nett (som ISDN) og ved utvikling av ein felles teknologisk plattform for produksjon av tenester gjennom mobil- og fastnett.

Gjennombrotet for Internett har vore ei sterk drivkraft i denne konvergensprosessen.Tekniske karakteristika ved Internett opnar for framvekst av mange nye og meir spesialiserte produkt for næringsliv, forvaltning og privatpersonar. Internett er ikkje ein eigen fysisk infrastruktur, men eit tenestenett (ein informasjonsinfrastruktur) som baserer seg på dei fysiske telenetta. Internett tek likevel etter kvart opp i seg karakteristika ved telenetta som ein påliteleg og trygg måte å kommunisere på. Samtidig skyv Internett gradvis store delar av teletenestene ut av telenetta sine tradisjonelle styrings- og produksjonssystem og over til andre dataprogrambaserte styringssystem som PC-nettverk og mobiltelefonssystem. På denne måten blir utviklinga mot IKT som ein gjennomgåande og grunnleggjande infrastruktur i samfunnet forsterka. Dette skaper i sin tur sterk etterspørselsvekst etter datakapasitet i telenetta.

I dei siste åra har fokus vore retta mot korleis dei tidlegare monopolbaserte teleaktørane møter ein marknad med konkurransevante aktørar frå IT-industrien og medieindustrien. Samansmeltinga av telekommunikasjon og Internett fører til at konkurransen blir sterkare. Samtidig vil vi venteleg sjå langt meir gjennomgripande verknader på bransjen sett undet eitt og på den rolla IKT vil spele i kvardagen. Forbruksveksten av IKT-baserte produkt og tenester vil i sin tur medføre sterkt aukande konkurranse om dei grunnleggande innsatsfaktorane kunnskap, kompetanse og kapital.

Konvergensutviklinga er blitt stimulert m.a. gjennom WTO sitt initiativ for liberalisering av telekommunikasjonane, EU sitt initiativ for fremje av «Informasjonssamfunnet», USA sitt initiativ for fremje av ein «Global Informasjonsinfrastruktur» og ei rekkje andre nasjonale initiativ for utvikling av «elektroniske motorvegar», m.a. i Noreg.

5.3 Fusjons- og oppkjøpsaktivitet

Det har i noko tid blitt danna regionale og globale alliansar mellom tradisjonelle teleoperatørar, og selskap er blitt fusjonerte eller kjøpte opp. Allianseperioden ser no i hovudsak ut til å vere over. Utviklinga er inne i ein fase med meir konsolidering til færre globale og regionale aktørar innen transport av datatrafikk. Gjennom den internasjonale restruktureringa blir særleg dei store «teletrafikkselskapa» større. Amerikanske teleselskap t.d. har gjort ei rekkje store oppkjøp, og bransjestrukturen er blitt vesentleg endra. I Europa kjøper og amerikanske selskap seg inn i strategiske eigarposisjonar i dei store nasjonale teleselskapa (t.d. Ameritech i TeleDanmark), og i andre «modne» selskap (t.d. Netcom). Innafor mobilområdet skjer det og ei utstrakt konsolidering gjennom fusjonar og oppkjøp, der målet ofte er å skape pan-europeiske aktørar. Det største oppkjøpet så langt er Vodaphone/Airtouch si overtaking av Mannesmann sitt mobilselskap.

Det veks og fram eit mangfald tenestetilbydarar som er uavhengige av teleoperatørane. Medan denne marknaden for nokre år sidan var konsentrert om nasjonale teletorg-type tenester basert på tradisjonell teleteknologi, er den no i stor grad blitt global som følgje av utvikling og kommersialisering av mange slags tenester som baserer seg på IKT, særleg mobiltelefoni og Internett. Mange av dei nye Internettselskapa har no so høge marknadsverdiar og så store eigarar at dei og er blitt strategiske aktørar innan IKT-bransjen. Dei har t.d. byrja å kjøpe opp tradisjonelle tele- og IT-selskap. American Online sitt kjøp av Time Warner (medieselskap) er eit slikt døme, der eit Internettselskap kjøper seg «medie-innhald» og medieprodusentar, tele-infrastruktur og kabel-TV-nett. Tilsvarande har databrikkeprodusenten Intel, gjennom det lille Internettfirmaet Pacific Century CyberWorks Ltd, teke over eit av dei mest vellukka teleselskap i verda, Cable & Wireless Hong Kong Telecom Ltd. Tele- og internettselskap er såleis både aktuelle som oppkjøparar, fusjonspartnarar og oppkjøpskandidatar. Partnarar og konkurrentar vil kunne vere så vel medieselskap og IT-selskap som andre aktørar som leverer, eller vil utvikle, IKT-baserte produkt.

Sjølv om konkurransen aukar, opplever dei tradisjonelle teleselskapa ein sterk vekst i trafikkvolumet. Trafikkveksten kompenserer i mange tilfelle det relative marknadstapet og prisreduksjonane. Dette gjer det på si side vanskelegare å få auge på dei store endringane som skjer i bransjen. Trafikkveksten, som globalt i snitt ligg i området 5-20 pst. pr. år, blir særleg driven fram av større utbreiing av mobilkommunikasjon. Internett-trafikk, og dermed krav til kapasitet m.m., har i det siste dobla seg kvar annan månad, men står likevel enno for ein liten del av den globale teletrafikken. Veksten på desse områda overgår sjølv dei høgaste overslaga som blei gjort for kort tid sidan.

Den høge veksten, saman med oppkjøps- og fusjonsaktiviteten, medvirkar sterkt til at telekommunikasjonsselskap har auka svært mykje i verdi og særleg gjennom dei to siste åra, og står saman med datateknologiselskap no for ein meget stor del av børsverdiane i verda.

5.4 Statleg eigarskap i teleselskap i Europa

Internasjonalt er dei aller fleste nasjonale teleselskap delprivatisert, jf. tabell 5.1 for ei oversikt over status innan EØS-området og nokre andre europeiske land.

Tabell 5.1 Statleg eigarskap i teleselskap i Europa

LandBedriftStartår for delprivatiseringStatlig eigarskap pr. februar 2000
BelgiaBelgacom199550 % + 1 aksje
DanmarkTeleDanmark19940,0 %
FinlandSonera199859,8 %
FrankrikeFrance Telecom199763,6 %
HellasOTE199651,0 %
NederlandKPN199443,58 %
IrlandEircom19961,5 %
IslandIsland Telecom100 %
ItaliaTelecom Italia19973,6 %
LuxembourgPT Luxembourg100 %
NoregTelenor100 %
PolenTelekomunikacja Polska (TPSA)199885,0 %
PortugalPortugal Telecom199510,5 %
RusslandOAO Svyazinvest199775,0 %
SpaniaTelefonica1987«gylden aksje»*
StorbritanniaBT19840,5 %
SveitsSwisscom199865,5 %
SverigeTelia100 %
TsjekkiaSPT Telecom199551,0 %
TysklandDeutsche Telecom199665,2 %
UngarnMATAV199357,5 %
ØsterrikeTelekom Austria199875,0 %

* Ein aksjevariant som blir utstedt av selskapet og som i dette tilfelle blir eigd av staten.

Kjelde: Kjelde: Cullen International, februar 2000

Til forsida