10 Ny selskapsstruktur for Telenorkonsernet
Telenor er i dag organisert som eit konsern med Telenor AS som morselskap. Delar av verksemda blir drive i morselskapet, men dei fleste av forretningsområda er skilte ut i eigne selskap som Telenor AS eig direkte eller indirekte, jf. figur 10.1.
EDB Business Partner
I dette selskapet ligg Telenor sine tidligare heileigde programvareverksemder, mellom anna innan bank, helse og televerksemd, og drift av stormaskinparkar. Desse verksemdene blei i 1998 slått saman med EDB ASA og børsnotert som EDB Business Partner, der Telenor i dag eig 54 pst. Selskapet har hatt ei meget positiv utvikling etter dette.
Andre verksemder kor ei tilsvarande omleggjing er aktuelt er:
Bravida
Dette er Telenor si installasjons- og dataservice-verksemd. Denne verksemda utgjer ein stor del av den totale bemanninga til Telenor (ca.1/3). Verksemda er ein kritisk underleverandør av slike tenester til andre delar av konsernet, særleg nettverksemda. Ei framgangsrik vidareutvikling av dette selskapet medfører behov for auka konkurransekraft m.a. gjennom å utvide produktmarknaden når det gjeld tenesteinnhald og geografi. Målet er å utvikle ein totaltilbydar av tenester og produkt til hus og anlegg, medrekna elektronikk, elektrisitet, VVS, tryggjingstenester osv., både for bedrifts- og privatmarknaden. For å realisere ei slik utvikling ønskjer Telenor å invitere inn medeigarar som kan komplettere og styrkje Bravida, og redusere sitt eige eigarskap til under 50 pst.
Katalogverksemda
Telenor har utvikla ei meget framgangsrik internasjonal verksemd basert på lokale katalogar og gule sider, med utgangspunkt i den norske katalogverksemda. Papirbaserte katalogar utgjer framleis hovudtyngda av denne verksemda. For å oppnå vidare vekst er det avgjerande å finne medeigarar som m.a. kan tilføre større salsvolum. Ambisjonen til Telenor er å redusere sitt eigarskap til fordel for ein internasjonal medeigar frå denne marknaden. Samtidig vil selskapet halde på ein strategisk eigardel, m.a. for å utnytte synergiar mellom dei Internett-portalar som er i ferd med å bli etablert på basis av konseptet med gule sider og utviklinga av Telenor sitt samla Internett-tilbod i kjerneverksemda.
Omorganisering og konsernstruktur
Departementet er kjent med at Telenor arbeider med forslag til ny organisering av konsernet. Forslaget inneber eventuell oppretting av eit nytt holdingselskap. Føremålet med denne omorganiseringa er først og fremst å leggje til rette for større organisatorisk fleksibilitet og effektivitet. Samtidig oppnår ein at Telenor, på same måte som private konsern, får høve til å gjere seinare organisatoriske omleggjingar i konsernet utan at sjølve omleggjinga eller seinare eigarendringar i underkonserna utløyser skatt.
Departementet ventar på forslag frå styret i Telenor. Det vil vere naudsynt at staten medvirkar til omorganiseringa ved at staten sine aksjar i Telenor AS byttast med aksjar i eit nyetablert holdingselskap som blir det nye morselskapet. Det statlege eigarskapet i Telenor vil då bli utøvd gjennom det nye holdingselskapet. Styret i Telenor AS og andre selskap i konsernet vil bli valde av styret i holdingselskapet.
Regjeringa meiner at forslaget kan leggje til rette for ein meir føremålstenleg og tilpasningsdyktig organisasjonsstruktur for Telenorkonsernet, og ynskjer at det blir arbeidd vidare med forslaget med sikte på ei eventuell gjennomføring av omstruktureringa før børsintroduksjonen. Regjeringa ber om fullmakt til å selje staten sine aksjar til eit nystifta eigarselskap mot vederlag i aksjar i dette selskapet.
Norsk Telemuseum
Norsk Telemuseum vil bli omgjort til stiftelse i år 2000.