Forslag til vedtak:
Stortinget samtykkjer i at:
Samferdselsdepartementet får fullmakt til utan løyving å utgiftsføre utgiftene knytta til salet av aksjar i Telenor og til å inntektsføre salsinntektene. Framlegg til løyvingar for utgiftene og inntektene skal leggjast fram for Stortinget så snart dei er avklart, og seinast i samband med proposisjonen om nysaldering av budsjettet for 2000.
Regjeringa får fullmakt til å selje staten sine aksjar i Telenor AS gjennom ein kombinasjon av emisjon, og direkte nedsal av staten sine aksjar, men då slik at eigardelen utgjer minst 51 pst.
Regjeringa får fullmakt til å selje staten sine aksjar i Telenor AS til eit nystifta eigarselskap mot vederlag i aksjar i dette selskapet.
Regjeringa får fullmakt til å vurdere om aksjekapitalen i Telenor ved børsintroduksjonen skal utvidast med inntil 50 pst. av verdien av alle aksjane som blir selde, men maksimalt 25 mrd. kroner.
Regjeringa får fullmakt til å inngå avtale med tilretteleggarane av kapitalutvidinga i Telenor og utsalet av staten sine aksjar i selskapet om å halde tilretteleggarane skadeslaus for krav frå kjøparar av aksjar.