1 Innleiing
Ved behandlinga av St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015 slutta Stortinget seg til utbygging av vegprosjektet E6 Gardermoen – Kolomoen. Første utbyggingsetappe av prosjektet er under anlegg og er føresett opna for trafikk i oktober 2009, jf. St.prp. nr. 87 (2006-2007) Om utbygging og finansiering av E6 på strekningane Gardermoen (Hovinmoen) – Dal og Skaberud – Kolomoen i Akershus og Hedmark.
I St.prp. nr. 87 (2006-2007) vart det lagt til grunn at utbygginga av E6 Gardermoen – Kolomoen skulle delast i to etappar. I samband med behandlinga av St.prp. nr. 87 (2006-2007) ba fleirtalet i transport- og kommunikasjonskomiteen Regjeringa vurdere å komme tilbake til Stortinget med utbygging av strekninga Dal – Boksrud – Minnesund før endeleg opplegg for utbygging og finansiering av heile strekninga Gardermoen – Kolomoen er avklart.
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av E6 på strekninga Dal – Minnesund i Akershus og Skaberudkrysset i Hedmark. Prosjektet vil utgjere andre utbyggingsetappe av prosjektet E6 Gardermoen – Kolomoen. Det er lagt opp til anleggsstart hausten 2009 og opning for trafikk hausten 2011. Dersom vidare framdrift ikkje gjer det mogleg med anleggsstart før ved årsskiftet 2009/2010, vil anlegget bli opna for trafikk hausten 2012.
Miljøverndepartementet vedtok 25. februar 2009 kommunedelplanar for strekninga Minnesund – Skaberud som vil utgjere den tredje og siste utbyggingsetappen av E6 frå Gardermoen til Kolomoen. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til endeleg finansiering av heile prosjektet E6 Gardermoen – Kolomoen og utbygging av den tredje etappen E6 Minnesund – Skaberud når det ligg føre tilstrekkelege avklaringar.