5 Førebels finansieringsopplegg for utbygging av E6 for heile strekninga Gardermoen – Kolomoen
Det er teke utgangspunkt i eit revidert kostnadsoverslag på om lag 7 100 mill. kr for utbygging av E6 til firefelts veg på heile strekninga Gardermoen – Kolomoen. Som omtalt i kap. 2.1 er overslaget basert på Stortinget si behandling av St.prp. nr. 87 (2006-2007) for første utbyggingsetappe, godkjente reguleringsplanar for andre utbyggingsetappe og Miljøverndepartementet sitt vedtak av kommunedelplanar for tredje utbyggingsetappe langs Mjøsa. Det reviderte kostnadsoverslaget er om lag 1,7 mrd. kr høgare enn overslaget (omrekna til 2009-prisnivå) som var lagt til grunn ved behandlinga av St.prp. nr. 87 (2007-2007).
Statlege midlar
I tråd med St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 er det lagt til grunn til saman 2 350 mill. kr i statlege midlar til den samla utbygginga inklusive 300 mill. kr til første utbyggingsetappe. Dette utgjer ein auke i statlege midlar på til saman 660 mill. kr, omrekna til 2009-prisnivå, i høve til det som var lagt til grunn i St.prp. nr. 87 (2006-2007). Med eit samla kostnadsoverslag på 7 100 mill. kr vil dei statlege midlane utgjere om lag 33 pst. av utbyggingskostnaden for heile prosjektet E6 Gardermoen – Kolomoen.
Bompengeopplegg
Det blir vist til utgreiing om bompengeopplegget i St.prp. nr. 87 (2006-2007).
Det er lagt opp til etterskotsinnkrevjing av bompengar i seks automatiske bomstasjonar. Det er ikkje føresett bomstasjonar på sidevegnettet. Innkrevjinga er føresett å starte etter kvart som delstrekningane blir opna for trafikk. Det er lagt opp til 15 års innkrevjing i kvar bomstasjon. I finansieringsanalysen er det førebels lagt til grunn følgjande innkrevjingsperiodar:
- | Hovinmoen – Dal: | 2010-2024 |
- | Dal – Boksrud: | 2012-2026 |
- | Boksrud – Minnesund: | 2012-2026 |
- | Minnesund – Hedmark grense: | 2015-2029 |
- | Akershus grense – Skaberud: | 2015-2029 |
- | Skaberud – Kolomoen: | 2010-2024 |
Seinare planavklaring enn tidlegare føresett og samordning av utbygginga av E6-prosjektet og jernbaneprosjektet vil føre til noko utsett anleggsstart og lengre byggetid for tredje utbyggingsetappe langs Mjøsa enn tidlegare lagt til grunn. Samtidig utbygging av veg og jernbane betyr ei innsparing på om lag 400 mill. kr. Bompengeinnkrevjing i ein eller fleire bomstasjonar vil pågå i perioden 2010-2029, til saman om lag 19 år.
Tabell 5.1 viser forventa takstnivå for lette kjøretøy basert på det reviderte kostnadsoverslaget for E6 Gardermoen – Kolomoen og statlege midlar til utbygginga som føresett i St.meld. nr. 16 (2008-2009). Det er lagt til grunn at tunge kjøretøy (totalvekt over 3 500 kg) skal betale dobbel takst.
Tabell 5.2 Takstnivå for lette kjøretøy
Delstrekningar | Takst (2009-kr) |
---|---|
Hovinmoen – Dal | 13 |
Dal – Boksrud | 14 |
Boksrud – Minnesund | 10 |
Minnesund – Hedmark grense | 14 |
Akershus gr. – Skaberud | 15 |
Skaberud – Kolomoen | 16 |
Sum | 82 |
Takstane vil føre til ein samla takst på om lag 82 kr (1,26 kr pr. km) for lette kjøretøy og om lag 164 kr (2,52 kr pr. km) for tunge kjøretøy som køyrer heile strekninga. Dei nye takstane er på same nivå som takstane som låg til grunn for fylkestinga si behandling av saka, jf. kap. 3 i denne proposisjonen.
For å stimulere til bruk av elektronisk brikke, er det lagt til grunn ei rabattordning som inneber 10 pst. takstreduksjon ved bruk av brikke. Det er ikkje føresett rabattar ut over dette, jf. St.prp. nr. 87 (2006-2007). Det er føresett at takstane blir regulerte i samsvar med prisutviklinga.
Basert på føresetnadene i denne proposisjonen er det rekna med at bompengeinnkrevjinga vil gi eit samla finansieringsbidrag på om lag 8,2 mrd. kr fordelt med 4,8 mrd. kr til å dekke delar av investeringskostnadene og 3,4 mrd. kr til å dekke renter. I tillegg kjem 380 mill. kr til å dekke innkrevjingskostnader og kostnader ved drift av bompengeselskapet.
Førebels forslag til finansieringsplan
Ein førebels finansieringsplan for utbygging av E6 på heile strekninga Gardermoen – Kolomoen, basert på samla investeringskostnader på 7 100 mill. kr og anleggsstart for andre etappe hausten 2009, er vist i tabell 5.2.
Tabell 5.3 Førebels finansieringsplan for den samla utbygginga.
Mill. 2009-kr | ||||
---|---|---|---|---|
2006-2009 | 2010-2013 | 2014-2019 | Sum | |
Statlege midlar | 130 | 970 | 1 250 | 2 350 |
Bompengar | 1 630 | 3 470 | -350 | 4 750 |
Sum | 1 760 | 4 440 | 900 | 7 100 |
Følgjande basisføresetnader er lagt til grunn for finansieringsanalysen:
Trafikkgrunnlaget går fram av kap. 4.
Takst- og rabattsystem går fram av kap. 5.
Lånerente: 6,5 pst.
Årleg prisstigning: 2,5 pst.
Årlege innkrevjingskostnader: 25 mill. kr.
Bruk av brikke: 65 pst.
I St.prp. nr. 87 (2006-2007) var det lagt til grunn at 60 pst. av kjøretøya vil bruke brikke. Erfaringar frå E6 i Østfold og E18 i Vestfold tilseier at det bør leggast til grunn at 65 pst. av kjøretøya vil bruke brikke.
Med desse basisføresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 15 år i kvar av bomstasjonane. Det er også rekna på ei løysing med følgjande pessimistiske føresetnader:
Kostnadsauke på 10 pst.
Årleg trafikkvekst blir redusert til 0,5 pst.
Ytterlegare 5 pst. reduksjon i betalande ÅDT i alle bomstasjonane som følgje av trafikklekkasje.
Bruken av brikke aukar til 80 pst.
Takstauke på 20 pst. etter to år.
Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden i kvar bomstasjon rekna til mellom 19 og 20 år. Dette viser at prosjektet let seg nedbetale på mindre enn 20 år med dei føresetnadene som er lagt til grunn.