2 Omtale av den samla utbygginga og andre utbyggingsetappe
2.1 E6 Gardermoen - Kolomoen
Prosjektet er delt i seks delstrekningar på til saman 65 km. Det er gjort nokre mindre justeringar i inndelinga samanlikna med St.prp. nr. 87 (2006-2007):
- | Hovinmoen – Dal | 10 km |
- | Dal – Boksrud | 11 km |
- | Boksrud – Minnesund | 8 km |
- | Minnesund – Hedmark grense | 11 km |
- | Akershus grense – Skaberud, | 12 km |
inkl. Labbdalen N – Skaberud (2 km) | ||
- | Skaberud – Kolomoen | 13 km |
Delstrekningane Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen utgjer første utbyggingsetappe og er føresette opna for trafikk hausten 2009. Styringsramma er 1 310 mill. 2006-kr, jf. Samferdselsdepartementet sitt brev av 20. november 2007 til transport- og kommunikasjonskomiteen.
Delstrekningane Dal – Boksrud og Boksrud – Minnesund inngår i andre utbyggingsetappe. Reguleringsplanar vart godkjende av Eidsvoll kommune i august 2007. Skaberudkrysset (Labbdalen N – Skaberud) inngår også i andre utbyggingsetappe. Reguleringsplan vart godkjent av Stange kommune i september 2007.
Delstrekningane Minnesund – Hedmark grense og Akershus grense – Skaberud (Labbdalen) utgjer tredje utbyggingsetappe. Miljøverndepartementet sitt vedtak av kommunedelplanar for strekningane av 25. februar 2009 er lagt til grunn. Reguleringsplanarbeidet er starta opp i Eidsvoll og Stange kommunar.
Det er førebels lagt til grunn eit samla kostnadsoverslag på om lag 7 100 mill. kr ved utbygging av E6 til firefelts veg på heile strekninga E6 Gardermoen – Kolomoen.
Dette er ein auke på om lag 1,7 mrd. 2009-kr i høve til det som vart lagt til grunn ved behandlinga av St.prp. nr. 87 (2006-2007). Vedteken løysing på strekninga Minnesund – Skaberud har ført til ein meirkostnad på om lag 690 mill. kr samanlikna med det som vart lagt til grunn då saka var på lokal høyring hausten 2008. Årsaka til meirkostnaden er at E6 er føresett lagt i ein 2,3 km lang tunnel ved Morskogen og at det er stilt strengare krav til avbøtande tiltak for å ivareta omsynet til strandsona og landskapet. Resten av kostnadsauken skuldast i hovudsak ugunstig marknadsutvikling. I kostnadsoverslaget er inkludert om lag 54 mill. kr til etablering av seks automatiske bomstasjoner og 72 mill. kr til avbøtande tiltak i Ullensaker, Eidsvoll og Stange kommunar.
Netto nytte (NN) for heile prosjektet E6 Gardermoen – Kolomoen er rekna til om lag 3 mrd. kr. Netto nytte pr. investert krone (NN/K) er rekna til om lag 0,4.
2.2 E6 Dal - Minnesund og Skaberudkrysset (andre utbyggingsetappe)
Strekninga Dal – Minnesund er 19 km lang og ligg i Eidsvoll kommune. Utbygginga omfattar utviding av eksisterande tofelts veg til firefelts veg. Utviding av Julsrud og Minnesund bruer (til saman 850 m) og nytt løp i Eidsvolltunnelen (1200 m) inngår i prosjektet. Vidare inngår 20 brukonstruksjonar, inklusive ny bru over Andelva, og nytt rasteplassanlegg ved Andelva.
Det er tatt ut massar mellom Labbdalen og Skaberud for å dekke masseunderskot på delstrekninga Skaberud – Kolomoen i første utbyggingsetappe. Utbygging av den 2 km lange parsellen Labbdalen N – Skaberud inngår no i andre utbyggingsetappe og omfattar utbygging av Skaberudkrysset og tilstøytande E6.
Det er gjennomført utvida ekstern kvalitetssikring av prosjektet. Denne tek utgangspunkt i Statens vegvesens kostnadsberekningar i 2007-kr. Den eksterne konsulenten foreslår ei styringsramme som er om lag 40 mill. kr høgare enn det Statens vegvesen opphavleg la til grunn. Årsaka er kostnadsauke knytta til meir nøyaktige masseutrekningar ved detaljprosjekteringa. Konsulenten foreslår ei kostnadsramme som er om lag 190 mill. kr høgare enn det Statens vegvesen opphavleg la til grunn. Årsaka er at konsulenten har vurdert at uvissa i kostnadsoverslaget er høgare enn det Statens vegvesen har lagt til grunn.
Vegdirektoratet har informert om at Langset bru (tidlegare E6-bru ved Minnesund) skal nyttast til omkjøringsveg i anleggsperioden. Det er behov for 15 mill. kr til forsterking av brua som følgje av stor trafikkauke. Samferdselsdepartementet meiner at det er viktig at endeleg styringsramme og kostnadsramme inneheld alle kostnadene ved prosjektet. Samferdselsdepartementet vil derfor auke styringsramma og kostnadsramma tilsvarande.
Samferdselsdepartementet legg etter dette til grunn ei styringsramme på 2 125 mill. 2007-kr og ei kostnadsramme på 2 305 mill. 2007-kr. Styrings- og kostnadsramma er i tråd med den eksterne konsulenten si tilråding med tillegg av bidraget til Langset bru som er tatt med etter at KS2 er gjennomført. Det har vore ein betydeleg vekst i prisane i anleggsmarknaden sidan etaten si kostnadsanslag i 2007. Det er vidare knytt uvisse til vidare prisvekst. Ved omrekning frå 2007-kr til 2009-kr har departementet derfor funne det rett å leggje til grunn noko høgare prisutvikling enn det konsulenten har gjort i sine vurderingar. SD legg etter dette til grunn ei styringsramme på 2 300 mill. 2009-kr og kostnadsramme på 2 490 mill. 2009-kr.
Kostnadene knytt til parsellen Labbdalen N – Skaberud utgjer om lag 130 mill. kr av styringsramma. I styringsramma inngår også 17 mill. kr til etablering av to automatiske bomstasjonar. Vidare inngår 44 mill. kr til avbøtande tiltak og trafikktryggleikstiltak i Stange og Eidsvoll kommunar.
Netto nytte (NN) for prosjektet (ekskl. Skaberudkrysset) er rekna til om lag 200 mill. kr Netto nytte pr. investert krone (NN/K) er rekna til om lag 0,1.