7 Fylkeskommunal garanti
Akershus og Hedmark fylkeskommunar har fatta garantivedtak for eit bompengelån på til saman 2 900 mill. kr, fordelt med 1 450 mill. kr i på kvar av garantistane. Vedtaka inkluderer tidlegare garantivedtak for første utbyggingsetappe. Maksimal lånegjeld for første og andre utbyggingsetappe er rekna til om lag 3,5 mrd. kr. Garantiane dekker såleis om lag 80 pst. av maksimal lånegjeld. Dei fylkeskommunale garantiane skal godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet. Sakgodkjenning vil skje etter at Stortinget har handsama proposisjonen. Garantien vil først kome til utbetaling dersom gjelda ikkje blir mogeleg å handtere etter at realtakstane er auka med inntil 20 pst. og bompengeperioden i kvar bomstasjon er forlenga med inntil 5 år.