8 Samferdselsdepartementets vurdering
Samferdselsdepartementet viser til St.prp. nr. 87 (2006-2007) med orientering om prosjektet E6 Gardermoen – Kolomoen og utbygging og finansiering av strekningane Hovinmoen – Dal i Akershus og Skaberud – Kolomoen i Hedmark som utgjer første etappe av prosjektet.
Akershus og Hedmark fylkeskommunar har hausten 2008 slutta seg til forslaget om vidare utbygging og delvis bompengefinansiering av strekninga Dal – Minnesund i Akershus og Skaberudkrysset i Hedmark.
Kommunedelplanane for E6 langs Mjøsa er no godkjente. Ved at det er lagt inn ein 2,3 km tunnel ved Morskogen og det er stilt strengare krav til tiltak som betre ivaretek omsynet til strandsona, er kostnadsoverslaget for denne strekninga auka med om lag 690 mill. kr. Meirkostnaden er i hovudsak føresett finansiert med statlege midlar, jf. at dei statlege midlane er auka med 660 mill. kr i høve til det som var lagt til grunn i St.prp. nr. 87 (2006-2007). Akershus og Hedmark fylkeskommunar sine ønskje om at ein større del av prosjektkostnadene blir finansierte med statlege midlar er dermed følgt opp. Dei statlege midlane er med dette auka frå 26 pst. i forslaget som var på lokal høyring hausten 2008, til 33 pst.
Utbygging av veg og jernbane blir samordna på strekninga langs Mjøsa. Samtidig utbygging av veg og bane betyr ei innsparing på om lag 400 mill. kr og reduserer ulempene for busette og trafikantar langs denne strekninga i anleggsperioden
Det er ein føresetnad at bompengeselskapet inngår bindande avtale om ei lågare rente enn 6,5 pst. for ein periode på 10-15 år. Samferdselsdepartementet føreset at dokumentasjon for avtale om rentenivået blir sendt Vegdirektoratet før bompengeavtalen blir underskriven. På vanleg måte vil realtakstane kunne aukast med inntil 20 pst. og bompengeperioden med inntil 5 år dersom økonomien i prosjektet utviklar seg negativt.
Samferdselsdepartementet vil oppmode til størst mogleg grad å arbeide for å redusere driftskostnadane ved bompengeanlegga, m.a. ved å legge opp til auka brikkebruk.
Samferdselsdepartementet vil komme attende til Stortinget med endeleg opplegg for utbygging og finansiering av dei attståande strekningane på E6 mellom Gardermoen og Kolomoen så snart det ligg føre tilstrekkelege avklaringar.