4 Trafikkgrunnlag
Det blir vist til St.prp. nr. 87 (2006-2007) side 5-6, der det er gjort greie for utrekninga av trafikkprognosar og overføring av trafikk frå E6 til alternative ruter.
Statens vegvesen har utarbeidd eit oppdatert trafikkgrunnlag for prosjektet og nytta transportmodell for Region øst, utvikla i samband med arbeidet med Nasjonal transportplan 2010-2019. Det er teke utgangspunkt i årsdøgntrafikken (ÅDT) i 2007. Det er korrigert for faktisk trafikkutvikling i 2008. Deretter er det rekna med ein årleg trafikkvekst på 1,6 pst. fram til 2010 og vidare 1,4 pst. i perioden 2011-2014, 1,1 pst. i perioden 2015-2020 og 0,9 pst. frå 2021. Dette er i tråd med trafikkprognosar utvikla i samband med Nasjonal transportplan 2010-2019. Tabell 4.1 viser utrekna ÅDT ved dei seks bomstasjonane på E6 i 2010 utan utbygging og med utbygging og bompengar i 2010.
Tabell 4.1 Forventa ÅDT gjennom bomstasjonsnitta i samanlikningsåret 2010
Delstrekningar | Framskriven situasjon utan bompengeinnkrevjing (ÅDT) | Utbygd E6 med bompengeinnkrevjing (ÅDT) |
---|---|---|
Hovinmoen – Dal | 24 100 | 18 100 |
Dal – Boksrud | 15 700 | 14 600 |
Boksrud – Minnesund | 14 200 | 13 700 |
Minnesund – Hedmark grense | 13 000 | 12 300 |
Akershus grense – Skaberud | 12 900 | 12 100 |
Skaberud – Kolomoen | 13 000 | 12 300 |
Utbygginga vil føre til trafikkoverføring frå sidevegnettet til ny E6. På den andre sida vil bompengeinnkrevjinga føre til trafikkoverføring frå E6 til andre vegruter, i hovudsak til rv 4 og til riks- og fylkesvegar i korridoren. Bilreiser som blir overførte til buss og tog er i følgje utrekningane under 1 pst. Ei undersøking utført av Jernbaneverket og Statens vegvesen i 2001 konkluderte også med at overføringspotensialet frå bil til tog er lite sidan toget i liten grad dekker bilistane sine reisemål.
Trafikkoverføringa frå E6 til andre vegruter og til sidevegnettet etter at E6 er utbygd og bompengeinnkrevijnga er starta, er rekna til om lag 6 000 kjøretøy pr. døgn (25 pst.) i sør ved Kristenstudalen. For delstrekningane lenger nord viser utrekningane vesentleg mindre trafikkoverføring, mellom 500 og 1 100 kjøretøy pr. døgn (4-7 pst.). Årsaka til at trafikkoverføringa er størst i sør er at det er betre kollektivtilbod, meir omfattande sidevegnett og betre omkjøringsalternativ i sør enn i nord. I finansieringsanalysen er det lagt til grunn at betalande ÅDT blir redusert med ytterlegare 5 pst. i høve til tabell 4.1, på grunn av mellombels driftsstans i innkrevjingssystemet, manglande registreringar, tap av inntekter frå utanlandske kjøretøy m.m. Samferdselsdepartementet arbeider med å redusera dette mest mogleg.
Konsulenten har vurdert prognosen for trafikk på utbygd E6 til å vere for pessimistisk. Statens vegvesen er samd med konsulenten i at tungtrafikken blir noko undervurdert på grunn av manglar i trafikkmodellen som er nytta og at avvising av tungtrafikk frå E6 i innkrevjingsperioden kan vere overvurdert. Det vert tilrådd at Statens vegvesen sitt trafikkgrunnlag likevel blir lagt til grunn. Dette vil bidra til at trafikkgrunnlaget er meir robust.
Samferdselsdepartementet føreset at Statens vegvesen utfører trafikktellingar og i samarbeid med lokale styresmakter vurderer vidare tiltak på sidevegnettet for å redusere trafikklekkasjen og dempe uheldige verknader på grunn av auka trafikk på sidevegnettet.