St.prp. nr. 82 (2008-2009)

Om utbygging og finansiering av E6 på strekninga Dal – Minnesund i Akershus og Skaberudkrysset i Hedmark

Til innhaldsliste

6 Utbygging og finansieringsopplegg for E6 på strekninga Dal – Minnesund og Skaberudkrysset (andre utbyggingsetappe)

Det er lagt opp til anleggsstart på strekninga Dal – Minnesund og Skaberudkrysset hausten 2009 og opning for trafikk hausten 2011. Dersom vidare framdrift ikkje gjer det mogleg med anleggsstart før ved årsskiftet 2009/2010, vil anlegget bli opna for trafikk hausten 2012.

Forslaget til finansieringsopplegg for andre utbyggingsetappe bygger på det reviderte finansieringsopplegget for utbygging av E6 på heile strekninga Gardermoen – Kolomoen. Bomstasjonen på delstrekninga Dal – Boksrud er føresett plassert ved Andelva, medan bomstasjonen på delstrekninga Boksrud – Minnesund er føresett plassert ved Tømte.

I tråd med St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 blir det lagt til grunn 800 mill. kr i statlege midlar til utbygginga i perioden 2010-2013.

I St.prp. nr. 87 (2006-2007) vart det lagt til grunn at bompengeselskapet skulle stille til disposisjon om lag 90 mill. 2007-kr til planlegging og prosjektering av dei attståande strekningane mellom Dal og Skaberud. Av dette er om lag 45 mill. 2009-kr nytta på strekninga Dal – Minnesund. I tilegg er det venta eit forbruk på om lag 155 mill. kr på prosjektet i 2009. Midlane er føresette stilt til disposisjon av bompengeselskapet. Forslag til finansieringsplan for andre utbyggingsetappe er vist i tabell 6.1. Det er lagt til grunn at bompengeselskapet forskotterer delar av utbyggingskostnadene.

Tabell 6.1 Finansieringsplan for andre utbyggingsetappe

      Mill. 2009-kr
  2006-20092010-2013Sum
Statlege midlar0800800
Bompengar2001 3001 500
Sum2002 1002 300

Det er rekna med at bompengeselskapet vil stille til disposisjon inntil 170 mill. kr til planlegging, prosjektering, byggeplanlegging og grunnerverv på strekninga Minnesund – Skaberud (tredje utbyggingsetappe). Dette kjem i tillegg til om lag 60 mill. kr som bompengeselskapet alt har stilt til disposisjon til planlegging og prosjektering på denne strekninga, jf. St.prp. nr. 87 (2006-2007).

Eventuelle kostnadsoverskridingar for andre etappe skal dekkast slik at kostnadsauke opp til kostnadsramma skal finansierast med statlege midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som innafor styringsramma. Overskridingar ut over kostnadsramma er staten sitt ansvar og må følgjeleg finansierast med statlege midlar.

Basert på føresetnadene i denne proposisjonen er det rekna med at bompengeinnkrevjinga vil gi eit samla finansieringsbidrag til første og andre utbyggingsetappe på om lag 4,4 mrd. kr, fordelt med 2,8 mrd. kr til å dekke delar av investeringskostnadene og om lag 1,6 mrd. kr til å dekke renter. I tillegg kjem 220 mill. kr til å dekke innkrevjingskostnader og kostnader ved drift av bompengeselskapet.