1 Innleiing
Noregs residens i Beograd, Serbia. Foto: Statsbygg/Branko Starcevic
Bygg- og eigedomsforvaltninga i statleg sivil sektor skal vere berekraftig, samordna og kostnadseffektiv. Denne strategien etablerer overordna ambisjonar og peiker på tiltak som vil bidra til å nå ambisjonane.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har det overordna ansvaret for bygg- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor.1 Kvart departement har ansvar for å sikre at lokala som deira underordna verksemder disponerer, blir rasjonelt utnytta. Dette ansvaret inkluderer mellom anna leigeavtalar og utvikling av byggeprosjekt. Staten er eitt rettssubjekt. I det ligg det at statleg fast eigedom er eigd av staten og ikkje av den verksemda som har forvaltningsansvaret for eigedommen.
Statleg bygg- og eigedomspolitikk i sivil sektor har samansette utfordringar. Det dreier seg om forhold som redusert økonomisk handlingsrom, klimaendringar og arbeidslivskriminalitet. Vidare dreier det seg om avgrensa oversikt over porteføljen, potensial for større kostnadseffektivitet, utnytting av lokale2, gjenbruk og tilpassing av eksisterande lokale, fragmenterte forvaltningsmiljø og fråvær av ei heilskapleg, overordna tilnærming til tematikken.
Noreg har dei siste tiåra hatt stor økonomisk vekst, noko som har gitt handlingsrom til å investere og forbetre tenestetilbodet i offentleg sektor. Med mindre utgiftsveksten i statsbudsjettet blir dempa eller inntektene aukar meir enn det no ligg an til, vil utgiftene i åra framover auke raskare enn inntektene.3 Staten har store finansielle verdiar bundne i fast eigedom i inn- og utland, og det er viktig å ta vare på og optimalisere forvaltninga og utviklinga av desse verdiane. Prognosane tilseier at potensialet for meir kostnadseffektive og innovative løysingar i bygg- og eigedomsforvaltninga må utnyttast betre. Dei seinare åra er det tatt viktige grep for å auke kostnadseffektiviteten. Dette arbeidet må halde fram, og det må gjerast heilskapleg, både i byggeprosjekt, i eigedomsforvaltninga og ved leige i den private marknaden.
Klimaendringane er ei stor utfordring både lokalt og globalt. Å gjennomføre tiltak som kan stoppe eller redusere klimaendringane, er noko av det viktigaste vi kan gjere for kommande generasjonar. Klima- og miljøpåverknaden frå statlege bygg og eigedommar må ned,4 og staten har eit ansvar for å bidra gjennom eigen aktivitet. Byggenæringa etterspør også statlege initiativ og at staten skal ha ei pådrivarrolle i klima- og miljøpolitikken. Tydelegare krav i den statlege bygg- og eigedomspolitikken kan bidra til å skape ein større marknad for grøne og innovative løysingar. Staten kan og skal bidra med både utsleppsreduksjonar, løysingar for ein meir sirkulær økonomi og større energieffektivitet. Samtidig krev klimaendringane robuste nybygg og tilpassa vedlikehald av bygningsmassen.
Trass i at norsk arbeidsliv i all hovudsak er prega av ordna forhold, er arbeidslivskriminalitet eit betydeleg problem i enkelte sektorar. Arbeidslivskriminalitet tar mange former, mellom anna skatte-, avgifts- og tollunndragingar og utnytting av arbeidstakarar.5 Bygg- og eigedomsnæringa er særleg utsett. Sjølv om dei fleste følger lover og regelverk, er useriøse aktørar ei stor utfordring i næringa. Staten har eit ansvar for å hindre arbeidslivskriminalitet i eiga verksemd og for å bidra til seriøsitet i næringa generelt.
Dei fleste statlege lokale blir leigde i marknaden. Det har vist seg at statlege verksemder leiger større lokale enn private og til ein høgare pris enn nødvendig, noko som understrekar at innsparingspotensialet er stort.
I statleg sivil sektor er det fleire eigedomsforvaltarar. Det er viktig at statlege eigedomsforvaltarar forvaltar statens eigedomsmasse profesjonelt og kostnadseffektivt. Dette har stor betydning mellom anna for å oppretthalde eller auke verdien av eigedommane, utvikle eigedommane slik at dei møter behova til brukaren6, unngå vedlikehaldsetterslep og kostbare rehabiliteringar og sikre effektiv drift. Mangelfullt vedlikehald er ikkje berre lite kostnadseffektivt; det gir også ein dårlegare bygningstilstand med potensielt negativ innverknad på arbeidsmiljø, produktivitet og kvalitet. Forvaltarar av statleg eigedomsmasse har til no ikkje hatt eit felles rammeverk å halde seg innanfor. Denne strategien etablerer nokre felles ambisjonar og tiltak.
Ansvar og prosedyrar i byggeprosjekt er regulerte i Instruks om håndtering av bygge- og leiesaker i statlig sivil sektor.7 Likevel må det takast mange val som ikkje er regulerte av instruksen. Der det finst sektorovergripande omsyn som regjeringa ønsker å prioritere, bør alle departementa handle på same måte. Denne strategien er meint å vere eit steg i etableringa av betre samordning og ein meir einskapleg praksis i prosjektutviklinga, uavhengig av kva departement som har ansvaret, eller kva verksemd som skal bruke lokala.
Den statlege bygg- og eigedomsforvaltninga bør i større grad bidra til berekraft og kostnadseffektivitet. Berekraft gjer seg gjeldande på mange område. I tillegg til miljø og klima omfattar berekraftsmåla mellom anna anstendig arbeid, innovasjon og utvikling av lokalsamfunn. Det er framleis eit potensial for større kostnadseffektivitet mellom anna gjennom betre porteføljestyring, samordning av eigedomsforvaltarane og eit felles sett av prinsipp for byggeprosjekta til departementa. Større kostnadseffektivitet er eit overordna mål med denne strategien.
Strategien er eit resultat av utstrekt samarbeid mellom dei aktuelle departementa, både dei som har fagansvar for dei ulike temaa, og dei som har flest saker som dreier seg om bygg- og eigedomspolitikken. Statsbygg, som er statens fagorgan for bygg og eigedom i sivil sektor, har også vore involvert i utarbeidinga av strategien. Det er i tillegg innhenta innspel frå private aktørar gjennom LO og NHO.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har det overordna ansvaret for å implementere strategien. Kvart enkelt departement er ansvarleg for å sørge for at strategien blir følgd opp på deira område.