Ei berekraftig, kostnadseffektiv og samordna bygg- og eigedomsforvaltning

Til innhaldsliste

3 Overordna grep

Politihuset i Arendal

Politihuset i Arendal. Foto: Statsbygg/Trond Isaksen

3.1 Berekraftsmåla skal vere retningsgivande

Noreg har forplikta seg til å arbeide for å oppfylle berekraftsmåla innan 2030. Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening – Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 blei lagd fram våren 2021.18

Berekraftsmåla er relevante for bygg- og eigedomsnæringa, og den statlege bygg- og eigedomspolitikken bidrar til å nå berekraftsmåla både direkte og indirekte. Det er for eksempel ein nær samanheng mellom berekraftsmål 12 om ansvarleg forbruk og produksjon og ambisjonen om at staten skal vere ein pådrivar for sirkulærøkonomi, jf. kap. 5.2.

Figur 2: berekraftsmåla

Berekraftsmåla

Mål 3 God helse og livskvalitet

Staten kan bidra til god helse ved å unngå farlege kjemikaliar og redusere forureininga på eigedommane sine og gjennom godt utforma og tilpassa område, lokale og arbeidsplassar.

Mål 4 God utdanning

Staten har eit ansvar for å stille kompetansekrav. Staten skal stille krav om bruk av lærlingar i kontraktane sine, tilsette lærlingar og tilby praktikantstillingar. Vidare har staten eit ansvar for å samarbeide med relevante forskingsmiljø.

Mål 5 Likestilling mellom kjønna

Diskriminering av kvinner i byggebransjen er eit kjent problem. Staten har eit særleg ansvar i eigne prosjekt for å unngå diskriminering og for aktivt å gå føre i kampen mot alle former for diskriminering.

Mål 6 Reint vatn og gode sanitærforhold

Staten kan bidra til betre vasskvalitet mellom anna ved å redusere forureining, unngå avfallsdumping og bruke materiale utan miljøskadelege stoff i bygg- og eigedomsforvaltninga.

Mål 7 Rein energi til alle

Sjølv om Noregs energiforbruk i stor grad er basert på fornybar energi, vil auka energieffektivisering og -produksjon bidra til å redusere etterspørselen etter energi og hjelpe til med å redusere behovet for ny kraftproduksjon og inngrep i urørt natur. Staten kan bidra med energieffektive løysingar i byggeprosjekta, energieffektivisering i eksisterande eigd og leigd bygningsmasse og produksjon av rein, fornybar energi på eigedommane sine.

Mål 8 Anstendig arbeid og økonomisk vekst

Delar av byggebransjen har ei utfordring med arbeidslivskriminalitet og useriøse aktørar. Staten har eit særleg ansvar for å unngå slike forhold, både på sine eigne eigedommar og ved leige i marknaden. På den måten kan staten bidra til ei meir berekraftig næring. Vidare er arbeid med sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA) og universell utforming av bygningar viktige bidrag.

Mål 9 Industri, innovasjon og infrastruktur

Midlane til statlege bygg og eigedommar går i stor grad til innkjøp. Ved å innrette innkjøpa riktig kan staten bidra til grøn omstilling, innovasjon og teknologiutvikling, mellom anna ved å stimulere utviklinga av meir berekraftige tenester og produkt. Dette kan mellom anna gjerast ved å stille tydelege og føreseielege krav til berekraftige leveransar. I tillegg bør staten vere ein pådrivar ved å sette i gang forskings- og utviklingsprosjekt i samarbeid med relevante aktørar.

Mål 10 Mindre ulikskap

Universelt utforma lokale kan bidra til å sikre like moglegheiter og redusere forskjellar i levekår og er eit viktig verkemiddel for å bygge eit samfunn der alle kan delta. Staten skal vere eit førebilete i utforming av gode lokale som fremmer sosial, økonomisk og politisk inkludering av alle.

Mål 11 Berekraftige byar og lokalsamfunn

Statens arkitektur og statleg lokalisering har betydning for utvikling av berekraftige byar og lokalsamfunn. Lokalisering av statlege verksemder kan bidra til å skape attraktive og levande senter. Når ei statleg verksemd skal lokaliserast, må det vurderast korleis alternative lokaliseringar påverkar lokalsamfunnet. Det er viktig at dei statlege eigedommane har god arkitektonisk kvalitet som er tilpassa stadlege rammer og historie, og som sikrar kvalitet på og tilgjengelegheit til bygg, uteområde og offentlege rom. Mange statlege eigedommar har stor kulturhistorisk verdi. Det er avgjerande at desse eigedommane blir forvalta på ein berekraftig måte.

Mål 12 Ansvarleg forbruk og produksjon

Større utnyttingsgrad, gjenbruk av eksisterande bygningsmasse og ombruk av byggemateriale er viktige bidrag til reduksjon av både materialbehov og avfallsmengder. Staten bør unngå å kjøpe bygningsprodukt som inneheld helse- og miljøfarlege stoff, og sikre at det er mogleg å sirkulere materiale og produkt når det skal rehabiliterast og byggast nytt. Betre utnytting av eksisterande lokale, arealeffektive løysingar og eit godt avgjerdsgrunnlag for lokalisering kan bidra til mindre belastning på naturressursane.

Mål 13 Stoppe klimaendringane

Bygg- og anleggsnæringa står for ein stor del av dei samla klimagassutsleppa, også i Noreg. Staten må ta eit enda større ansvar for å redusere direkte og indirekte klimagassutslepp frå eigen aktivitet. Staten har også ei rolle i utviklinga av nye løysingar og innovasjon for å redusere klimapåverknaden. Som ein konsekvens av klimaendringane må statleg eigedom byggast og tilpassast for å unngå framtidig skade.

Mål 14 Livet i havet

Produksjon og transport av byggevarer og utslepp frå eigedommar og byggeplassar kan påverke vilkåra for livet under vatn. Utslepp bør reduserast i størst mogleg grad og utsleppskjelder fjernast.

Mål 15 Livet på land

Statleg lokalisering bør ikkje bygge ned naturen, men heller utnytte eksisterande bygningsmasse eller allereie utbygde område. Utsleppskjelder på byggeplassen bør fjernast og utslepp frå produksjon og transport av byggevarer reduserast i størst mogleg grad. Ved planlegging av byggeprosjekt skal biologisk mangfald og økosystem tilleggast vekt. Utandørsareal kan bidra til å bevare artsmangfaldet.

Mål 16 Fred, rettferd og velfungerande institusjonar

Det er nulltoleranse for korrupsjon og bestikking i all statleg bygg- og eigedomsforvaltning. Staten skal følge krav om etisk handel i innkjøpa sine.

Mål 17 Samarbeid for å nå måla

Staten er ein stor bygg- og eigedomsaktør med betydeleg innkjøpsmakt. Det gir høve til å stimulere til utvikling, innovasjon og større produktivitet i næringa og grunnlag for samarbeid i det offentlege og mellom det offentlege og det private.

Austrått, Ørland

Austrått, Ørland. Foto: Statsbygg/Jiri Havran

3.2 Einskapleg tilnærming

Staten har fleire eigedomsforvaltarar i sivil sektor, og av dei er Statsbygg den største. Det er behov for å utvikle samarbeidet og etablere felles rammeverk og standardar og ein meir einskapleg praksis. Slik kan staten lettare sikre ei forsvarleg og kostnadseffektiv forvaltning.

Når det oppstår eit nytt behov for lokale, er alternativa gjenbruk av eksisterande statlege lokale, eit statleg byggeprosjekt eller leige i marknaden. Statlege verksemder må ha ei felles tilnærming for å finne den løysinga som er best eigna for staten samla sett. Samtidig er det eit grunnleggande omsyn at verksemdene skal ha lokale som støttar formålet deira.

Staten er den største leigetakaren i marknaden og leigde i 2019 kontorlokale for om lag 6 mrd. kroner. Innføringa av kravet om at Statsbygg skal vere obligatorisk rådgivar for leigekontraktar på over 30 mill. kroner, har gjort staten til ein meir profesjonell og samordna aktør i leigemarknaden. Med Statsbygg som rådgivar har statlege verksemder oppnådd betydelege reduksjonar i areal og leige.

Databasen Statens lokaler, sjå tekstboks 1, er eit nyttig verkemiddel når det gjeld å redusere leigekostnader og etablere ei betre oversikt over den samla porteføljen av lokale. Med betre oversikt over porteføljen er potensialet større for meir rasjonell bruk av lokale og betre styring av framtidige behov, både innanfor den enkelte sektoren og for staten samla. Databasen kan utvidast med ytterlegare informasjon – for betre samordning og samarbeid mellom statlege verksemder og som eit meir fullstendig avgjerdsgrunnlag.

For å auke effektiviteten i statens bygg- og eigedomsforvaltning er det naturleg å søke å utnytte stordriftsfordelar. Statsbygg er statens sentrale fagmiljø for bygg og eigedom i sivil sektor. Det kan derfor vere formålstenleg å vurdere om ansvaret til Statsbygg skal utvidast, slik at staten i større grad kan utnytte stordriftsfordelar og auke kompetansen på relevante område. Det er naturleg at Statsbygg er ein ressurs overfor andre statlege verksemder. Strategien peiker på enkelte område der Statsbygg kan få ei sterkare rolle.

Det skal vurderast å etablere eit felles mål- og rapporteringssystem for bygg og eigedommar i statleg sivil sektor. Staten bør ha like mål for alle eigedomsforvaltarar og felles krav til leige i marknaden og utvikling av byggeprosjekt.

3.3 Effektiv ressursbruk i eit samfunnsperspektiv

Det er eit grunnleggande prinsipp at ressursbruken i staten skal vere effektiv. Alle verksemder har eit ansvar for å sørge for dette. Framover er det venta at utgiftene til staten vil auke utan at inntektene aukar tilsvarande. Samtidig skal samfunnet gjennomføre det grøne skiftet og nødvendige omstillingar.

Det er behov for å vurdere den heilskaplege ressursbruken i bygg- og eigedomsforvaltninga. God oversikt over porteføljen av lokale – kommande behov og planar, prosjekt under utvikling, leigekontraktar som går ut, mv. – legg grunnlag for ei heilskapleg prioritering og betydelege ressursinnsparingar.

For å danne eit godt grunnlag for avgjerder om statlege tiltak blir det i utgreiingsinstruksen stilt krav om utgreiingar som er tilpassa omfanget av og kompleksiteten ved tiltaket.19 Alternative konsept må vurderast, også for mindre tiltak. Gode utgreiingar og samfunnsøkonomiske analysar legg grunnlaget for kostnadseffektive konsept som dekker behova til verksemdene og er til beste for samfunnet. Når det oppstår eit behov, er det viktig at utgreiinga klargjer behovet og moglege løysingar og i tillegg vurderer fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Behov og løysingar må vurderast i eit livsløpsperspektiv og inkludere relevante sektorovergripande omsyn. Mellom anna må det avklarast tidleg om behovet skal dekkast ved leige i marknaden, gjenbruk av eksisterande eigd bygningsmasse, nybygg eller andre tiltak. Omorganisering, ombygging, arealeffektivisering og nye arbeidsformer kan også vere løysingar på eit antatt behov for lokale.

Samfunnsperspektivet inneber også å sjå på verknader utanfor den statlege bygg- og eigedomsforvaltninga. Det kan vere samfunnsøkonomisk lønnsamt å gjere val som aukar investeringskostnaden, eller som ikkje nødvendigvis er lønnsame for den enkelte statlege verksemda. For eksempel kan det vere samfunnsøkonomisk lønnsamt å velje ei dyrare tomt i eit sentralt og allereie utbygd strøk framfor ei meir perifer lokalisering i eit ubygd strøk. Likeins kan det vere samfunnsøkonomisk lønnsamt å legge inn særskilde seriøsitetskrav til leverandørar, å minimere inngrep i naturen og å utnytte naturressursane effektivt, sjølv om det kan auke investeringskostnaden. Nytteverknader av for eksempel klimakrav, seriøsitetskrav osv. er ofte krevjande å prissette. Det er viktig at staten alltid veg prissette og ikkje-prissette verknader opp mot kvarandre.

Arkitektur kan brukast som verktøy for å finne dei gode løysingane og redusere investerings- og livsløpskostnadene. Den største enkeltfaktoren i kostnadseffektivisering er redusert arealbruk. Framover bør det vere eit mål å møte behova med mindre areal og klimapåverknad til ein lågare kostnad, også når nytten og kvaliteten er haldne ved like. Nye eller endra behov må i større grad oppfyllast i den eksisterande bygningsmassen. Nøkkelen til areal- og kostnadseffektivitet eller til eit sirkulært livsløp for ein bygning kan ligge i den arkitektoniske utforminga. Samtidig som arkitektur kan redusere investeringskostnadene, kan det vere samfunnsøkonomisk lønnsamt å vurdere løysingar, materiale og produkt som varer lenger, som gir lågare drifts- og levetidskostnader, eller som kan brukast om igjen.

3.4 Strategisk kunnskapsutvikling

For fleire av temaa i denne strategien er det behov for å utvikle vidare og hente inn ny kunnskap for å sikre god gjennomføring og oppfølging. Dette omfattar kunnskap om tiltak og metodar som kan styrke porteføljeperspektivet. Det handlar også om kunnskapsutvikling for ei meir sirkulær og klima- og miljøvennleg byggeverksemd og forvaltning. Vidare er det behov for kunnskapsutvikling for ei meir kostnads- og ressurseffektiv verdikjede – frå utviklingspotensialet i den eksisterande bygningsmassen til prosjekt i tidleg fase, via bygging til forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling (FDVU) og eventuell avhending. Også endringar i arbeidsformer og arbeidsstader og nye krav til at statlege lokale skal vere robuste i kriser, krev ny kunnskap. I tillegg vil det vere nyttig å utvikle kunnskapen om korleis staten best kan vere eit førebilete for og bidra til å utvikle næringa.

Fotnotar

19.

Finansdepartementet (2016) Utredningsinstruksen