Ei berekraftig, kostnadseffektiv og samordna bygg- og eigedomsforvaltning

Til innhaldsliste

6 Lokalisering

Gulating lagmannsrett, Bergen

Gulating lagmannsrett, Bergen. Foto: Statsbygg/Ivan Brodey

Ambisjon: Lokalisering av statlege verksemder skal støtte ei berekraftig lokal utvikling

Lokalisering av statlege publikumsretta verksemder og kontorarbeidsplassar skal medverke til redusert biltransport, meir bruk av kollektivtransport og betre bymiljø, i tråd med dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging35. Val av lokalisering skal bidra til å utvikle berekraftige byar og tettstader, legge til rette for verdiskaping og næringsutvikling og fremme helse, miljø og livskvalitet.

I denne strategien omfattar val av lokalisering val av konkret plassering innanfor eit avgrensa område. Eigne retningslinjer viser kvar i Noreg statlege arbeidsplassar og tenester skal lokaliserast.36 Vidare viser vi til Strategi for småbyer og større tettsteder som regionale kraftsentre, som blei lagd fram våren 2021.

Tiltak 33: Statlege verksemder med mange tilsette og/eller besøkande skal lokaliserast nær kollektivknutepunkt

Statlege verksemder med mange tilsette og/eller besøkande skal lokaliserast i område som har god kollektivdekning og er lett tilgjengelege med sykkel eller gange. Lokalisering av statlege verksemder skal fortrinnsvis bidra til fortetting i allereie utbygde sentrumsområde eller i transformasjonsområde, men utan å fortrenge publikumsretta aktivitet. Statlege verksemder kan slik bidra til god stad- og byutvikling. Dette vil vere ein viktig faktor i småbyar og kan bidra til at dei styrker rolla si som regionale kraftsenter. Verksemdene vil kunne bidra ved å fortette og transformere med god arkitektonisk kvalitet tilpassa størrelsen på byane, stadlege rammer og historie.

Eit bevisst val av lokalisering og utforming kan fremme stad- og byutviklinga. Operaen i Oslo er eit eksempel på korleis lokaliseringa kan skape meirverdi i form av mellom anna byutvikling og næringsutvikling.37

Tiltak 34: Statlege verksemder skal normalt lokaliserast på allereie utbygd areal

Lokalisering av statlege verksemder skal ikkje bygge ned overordna grønstrukturar, viktig naturmangfald eller god matjord. For å minimere belastninga på naturen skal ein søke å etablere verksemdene i allereie utbygde område og avgrense arealbeslaget så mykje som mogleg. Det skal vere ein høg terskel for å omdisponere verdifull dyrkbar jord, karbonrike areal eller viktige areal for naturmangfald, kulturmiljø, grønstruktur eller friluftsinteresser. Utbygging på myr og torvmark bør ein heilt unngå. Konsekvensane av inngrepet og potensialet for fortetting og transformasjon skal vere kartlagde og vurderte.

Saman med klimaendringar utgjer arealbruk og arealinngrep den største påverknaden på norsk naturmangfald.38Staten skal vareta naturmangfaldet gjennom valet av lokalisering og forvaltning av grøntareal og naturmangfald på statlege eigedommar.

Tiltak 35: Tidlege utgreiingar skal belyse konsekvensane av alternative lokaliseringar

I konseptfasen, sjå tekstboks 2, skal konsekvensar av alternative lokaliseringar og eventuelt tomteval belysast for å vurdere og avvege i kva grad ein skal ta omsyn til dette i valet av lokalisering. Det gjeld både kostnadskonsekvensar og konsekvensar for eksempelvis stad- og byutvikling, verdiskaping, næringsutvikling, klimagassutslepp, naturmangfald og eventuelt statleg, fråflytta eigedom. Eit element i utgreiinga skal vere å vurdere om det finst ledige statlege lokale som eignar seg for verksemda, jf. tiltak 27. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil utarbeide ei sjekkliste som skal brukast for å sikre at dei ulike sidene av den statlege lokaliseringspolitikken er vurderte.

Statsbygg tilbyr rådgiving om lokalisering, mellom anna gjennom aktiv bruk av databasen Statens lokaler. Databasen gir ei oversikt over utløpet av kontraktane og eventuelle ledige lokale.

Fotnotar

36.

Retningslinjene inneheld krav og prosedyrar for utgreiing av alternativ og avklaring av kvar i Noreg ei verksemd skal lokaliserast.

37.

Whist, Kalhagen og Henningsen (2017) Nytt operahus – Etterevaluering, desember 2016.

38.

Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfold.