Ei berekraftig, kostnadseffektiv og samordna bygg- og eigedomsforvaltning

Til innhaldsliste

8 Seriøsitet

Byggeplass for prosjekt nytt nasjonalmuseum, Oslo

Byggeplass for prosjekt nytt nasjonalmuseum, Oslo. Foto: Statsbygg/Geir Anders Rybakken Ørslien

Ambisjon: Staten skal tiltrekke seg seriøse leverandørar

Staten skal vere ein attraktiv oppdragsgivar for seriøse leverandørar. Arbeidslivskriminalitet har alvorlege konsekvensar for arbeidstakarar, verksemder og samfunnet som heilskap. Bygg- og eigedomsnæringa er ei av næringane som er særleg utsette for useriøse og kriminelle aktørar.

Regjeringa la fram ein revidert strategi mot arbeidslivskriminalitet i februar 2021.41 Regjeringa vil nedkjempe arbeidslivskriminalitet med målretta tiltak, større kontrollinnsats og samarbeid mellom myndigheitene og partane i arbeidslivet.

Tiltak 39: Staten skal effektivisere og styrke arbeidet med seriøsitet

Informasjonsdeling er ein av de viktigaste premissane for å få til eit effektivt samarbeid mot arbeidslivskriminalitet mellom ulike offentlege myndigheiter. Det gjeld både i deira ordinære verksemd og i særskilde formaliserte samarbeid, både på strategisk og operativt nivå.

Statsbygg samarbeider med skatteetaten, Arbeidstilsynet og andre kontrolletatar om å førebygge arbeidslivskriminalitet.

Leverandørar har ofte kontraktar med fleire offentlege byggherrar. Dersom offentlege byggherrar kan dele informasjon om leverandørar seg imellom, kan kontrollar vere målretta, og det vil vere mogleg å unngå kontraktar med useriøse leverandørar. Ein ny forskriftsheimel som opnar for at Kongen kan gi reglar om større grad av informasjonsdeling mellom offentlege organ, tredde i kraft 1. juli 2021.

For å legge til rette for informasjonsdeling mellom offentlege byggherrar skal Statsbygg ta initiativ til å opprette eit formelt samarbeidsforum.42 Forumet skal fremme erfaringsutveksling og oppfølging av arbeidslivskriminalitet i byggenæringa. Tiltaket skal bidra til betre samordning, informasjonsdeling og kompetanse, med formål om ein meir koordinert innsats mot arbeidslivskriminalitet.

Harmonisering av krav og metodar for oppfølging, og informasjonsdeling om leverandørar vil bidra til eit meir effektivt arbeid for seriøsitet.

Dei seriøse aktørane er einige om at det ikkje skal konkurrerast på kostnad av sikkerheit og seriøsitet. Bygg- og eigedomsnæringa er prega av godt samarbeid på dette området, og næringa har på eige initiativ etablert arenaer for samarbeid som omfattar heile verdikjeda.

Tiltak 40: Seriøsitetskrav skal kontraktfestast og kontrollerast

Staten skal stille seriøsitetskrav i alle anskaffingar av lokale. Krava skal trekke byggenæringa i riktig retning, med mellom anna krav til faglærte, lærlingar og fast tilsette. Denne typen krav bør stillast av alle statlege verksemder. Staten skal derfor etablere felles seriøsitetskrav, og krava skal kontraktfestast i alle avtalar om bygging, drift og vedlikehald og leige av lokale.

Brønnøysundregistera arbeider for å gjere informasjon om seriøsitet tilgjengeleg. Skatteetaten bidrar i arbeidet.43 Når arbeidet er ferdigstilt, vil informasjonen komme til nytte i anskaffing av tenester til bygg og forvaltning og leige av lokale.

Seriøsitetskrav er nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg. Det er viktig å følge opp med å kontrollere at krava blir etterlevde. Dette krev kompetanse, riktig informasjon og gode kvalitetssystem og verktøy. Den verksemda som inngår ein kontrakt på vegner av staten, bør vere ansvarleg for å følge opp etterlevinga av krava.

Økokrim peiker i trusselvurderinga frå 202044 på at utbytte frå kriminalitet blir investert i eigedom som blir leigd ut til offentlege etatar. Det er derfor viktig at staten stiller seriøsitetskrav i alle leigeavtalar og gjer ein grundig bakgrunnssjekk og risikovurdering av utleigaren. Det er også viktig å vurdere risiko for sal til useriøse aktørar. Seriøsitetskrava må følge leigekontrakten ved eigarskifte.

Tekstboks 12: Seriøsitet og SHA

Statsbygg er ein pådrivar for ei tryggare og meir seriøs byggenæring og stiller strenge krav til sikkerheit, helse og arbeidsmiljø. Statsbygg stiller seriøsitetskrav i alle anskaffingar, inkludert bygging og leigekontraktar. Seriøsitetskrava er utarbeidde i samråd med partane i byggenæringa. Statsbygg har innført nokre av landets strengaste seriøsitetskrav med mellom anna krav til lønns- og arbeidsvilkår, faglærte handverkarar, lærlingar og fast tilsette, i tillegg til krav som reduserer bruken av innleige frå bemanningsføretak.

Statsbygg samarbeider med skatteetaten, Arbeidstilsynet og andre kontrolletatar om å førebygge arbeidslivskriminalitet. Statsbygg deltar også aktivt i ei rekke bransjeforum for å fremme seriøsitet og sikkerheit, helse og arbeidsmiljø i bygg- og eigedomsnæringa.

Fotnotar

41.

Departementa (2021) Strategi mot arbeidslivskriminalitet.

42.

Departementa (2021) Strategi mot arbeidslivskriminalitet.

43.

Departementa (2021) Strategi mot arbeidslivskriminalitet.

44.

Økokrim (2020) Trusselvurdering 2020.