Ei berekraftig, kostnadseffektiv og samordna bygg- og eigedomsforvaltning

Til innhaldsliste

9 Utvikling av bygg- og eigedomsnæringa

BIM-kiosk i bruk på byggeplassen for veterinærinstituttet på Campus Ås, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet.

BIM-kiosk i bruk på byggeplassen for veterinærinstituttet på Campus Ås, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. Foto: Statsbygg/Trond Isaksen

Ambisjon: Staten skal bidra til utvikling av bygg- og eigedomsnæringa

Staten er ein stor eigedomsaktør og skal bidra til å stimulere utvikling i bygg- og eigedomsnæringa. Dette kan gjerast gjennom utvikling av eiga verksemd, anskaffingar og samarbeid med sentrale aktørar.

Tiltak 41: Staten skal bidra til ei berekraftig utvikling av næringa

Staten skal bidra til ei seriøs og profesjonell bygg- og eigedomsnæring og vere ein pådrivar for oppfylling av berekraftsmåla i næringa. I innkjøp skal staten stille krav om ansvarlege leverandørkjeder både i Noreg og internasjonalt. Det skal leggast vekt på grunnleggande menneske- og arbeidstakarrettar og ansvarleg produksjon. Staten skal ta ansvar ved å stille krav om andel utførte timar av lærlingar og faglærte. Vilkår og fasilitetar på byggeplassane skal fremme likestilling og eit trygt arbeidsmiljø, og staten skal vere ein aktiv pådrivar for å førebygge diskriminering og trakassering.

Byggteknisk forskrift krev at byggverk for publikum og arbeidsbygningar skal vere universelt utforma med mindre byggverket eller delar av byggverket etter sin funksjon er ueigna for personar med funksjonsnedsetting. Staten skal vere eit førebilete når det gjeld å sikre tilgjengelegheit for alle.

Vidare skal staten bidra til utviklinga av ei meir miljø- og klimavennleg næring, jf. tiltak 43 og 44.

Tiltak 42: Staten skal gjennom innovative anskaffingar bidra til leverandørutvikling og nye forretningsmodellar

Regelverket for offentlege anskaffingar skal fremme effektiv bruk av ressursane i samfunnet. Det legg også til rette for at offentlege anskaffingar kan vere ei drivkraft for innovasjon og omstilling.45 Anskaffingar kan opne for nye løysingar og bidra til nytenking og utvikling i leverandørmarknaden. Bygg- og eigedomspolitikken skal legge til rette for meir innovasjon, leverandørutvikling og nye forretningsmodellar gjennom meir bruk av innovative anskaffingar og marknadsdialog. Dette inneber å beskrive behov heller enn detaljerte løysingar, gå i dialog med leverandørar for å avdekke moglege løysingar, osv. Det kan leggast opp til «innovasjonsvennlege anskaffingar» som oppfordrar til innovative løysingar utan at anskaffinga har dette som eit krav, eller «anskaffingar av innovasjon», der bestillaren aktivt søker eit produkt eller ei teneste som ikkje er tilgjengeleg i marknaden.

Tiltak 43: Staten skal vere ein pådrivar for sirkulærøkonomi i næringa

Statlege initiativ for meir sirkulærøkonomi skal innrettast slik at dei gir ringverknader i næringa. Dette kan skje i form av mellom anna utvikling av leverandørmarknaden, nye forretningsområde og auka sysselsetting. Tiltaka i punkt 5.2 gir tydelege bidrag til å halde fram utviklinga av sirkulærøkonomi i næringa. Transisjonen til sirkulærøkonomien vil gjere samfunnet meir ressurseffektivt og kan bidra til å auke verdiskapinga. Ein studie har vist at potensialet for større verdiskaping og sysselsetting i næringa er betydeleg.46

Tiltak 44: Staten skal samarbeide med næringa for å utvikle klimavennlege materiale

Staten skal samarbeide med næringa for å utvikle klimavennlege materiale, jf. kap. 5.3. Dette vil i hovudsak skje gjennom innovative anskaffingar, tildelingskriterium og krav i anskaffingane. I tillegg kan statlege aktørar bidra i utviklingsprosjekt som er initierte av private aktørar. Staten kan også bidra gjennom samarbeid med ulike forskingsmiljø.

Tiltak 45: Staten skal ta initiativ til å utarbeide nye standardar

I Noreg er standardisering gjennom Standard Norge noko som blir gjord av private og offentlege aktørar i samspel. Staten er i rollene som bestillar, faginstans og brukar ein viktig part i utviklinga av nye standardar.

Felles standardar bidrar til større produktivitet og betre kvalitet og legg til rette for innovasjon. Derfor skal staten stimulere til eit godt og tverrfagleg miljø for vidare utvikling av nødvendige standardar. Staten skal ta initiativ, vurdere behov for nye standardar og bidra i arbeidet med å utarbeide nye felles standardar på område som er viktige for å sikre ei effektiv bygg- og eigedomsnæring. Staten skal i eigne prosjekt og i eigedomsforvaltninga vere ein pådrivar for bruk av standardar som kan gi større effektivitet og/eller kvalitet.

Tekstboks 13: Statsbygg bidrar til utvikling av næringa

Statsbygg bidrar aktivt til utvikling av næringa innanfor ei rekke ulike område, for eksempel utvikling av klimavennlege materiale, sirkulærøkonomi og gjenbruk, bruk av nye entrepriseformer, varetaking av berekraftsmåla, utvikling og bruk av smart teknologi, mv. Dette blir gjort gjennom ulike samarbeids- og fagforum, deling av erfaringar og beste praksis, innovasjon, samarbeid med bransjen og forskingsmiljø og gjennom rolla som pådrivar og standardsettar. Statsbygg deltar også i ulike komitear og forum som arbeider med tema som bidrar til utvikling av bransjen. Bruk av anskaffingar som strategisk verktøy for å utvikle næringa og fremme innovasjon er også viktig, mellom anna ved at det blir stilt konkrete krav til varer og tenester, og ved bruk av tildelingskriterium.

Fotnotar

45.

Meld. St. 14 (2020–2021) Perspektivmeldingen 2021, Meld. St. 22 (2018–2019) Smartere innkjøp – effektive og profesjonelle offentlige anskaffelser, Meld. St. 27 (2016–2017) Industrien – grønnere, smartere og mer nyskapende.

46.

SINTEF (2020) Studie av potensialet for verdiskaping og sysselsetting av sirkulærøkonomiske tiltak – Utvalgte tiltak og case.