7 Kulturmiljø
Heishus ved Olavsgruva, Røros koparverk. Foto: Statsbygg/Geir Anders Rybakken Ørslien
Ambisjon: Statlege eigedommar skal bidra til eit mangfald av kulturmiljø
Staten skal vere ein aktiv pådrivar og gå føre med eit godt eksempel for bruk og gjenbruk av eksisterande bygningsmasse, jf. tiltak 27. I behandlinga av kulturmiljømeldinga i 2020 slutta Stortinget seg til tre nasjonale mål for kulturmiljøpolitikken.39 Det første målet er at alle skal kunne engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø, noko som legg vekt på at menneske har rett til kulturarv, og at kulturmiljø er eit felles gode. Det andre målet er at kulturmiljø skal bidra til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging. Målet gjeld mellom anna betydninga av samfunns- og arealplanlegging. Det tredje målet er at eit mangfald av kulturmiljø skal takast vare på som grunnlag for kunnskap, opplevingar og bruk. Meldinga innførte omgrepet «kulturmiljø» som ei samlenemning for omgrepa «kulturminne», «kulturmiljø» og «landskap».
Delar av statens eigedomsmasse har stor kulturhistorisk verdi, både lokalt og nasjonalt. Eigedommane fortel om samfunnsutviklinga og utviklinga av statleg sektor. Mange bygningar har i tillegg stor arkitektonisk verdi. Gjennom prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar valde alle statlege sektorar ut kulturminne og kulturmiljø som representerer norsk samfunnsutvikling vist gjennom statens historie og utvikling.40 Sektoransvaret er eit viktig prinsipp og avgjerande for samarbeidet om miljø i offentleg sektor.
Tiltak 36: Statens kulturhistoriske eigedommar skal primært vernast gjennom bruk
God forvaltning av statens kulturhistoriske eigedommar inneber jamleg vedlikehald, men også at dei er i bruk. «Vern gjennom bruk» er eit viktig prinsipp i kulturmiljøforvaltninga. Vidare bruk og gjenbruk er viktige verkemiddel for å vareta kulturmiljøomsyn, klima- og andre miljøomsyn. Det skal leggast til rette for at eigedommane er attraktive å bruke. Det er viktig at vernemyndigheiter, bygningsmyndigheiter og forvaltarar har eit godt samarbeid, slik at nødvendige funksjonelle og tekniske endringar gjer det mogleg framleis å kunne bruke dei.
Tiltak 37: Det ansvarlege departementet skal vurdere konsekvensar for kulturmiljø før fråflytting
Staten skal verne kulturhistoriske eigedommar gjennom bruk, jf. tiltak 36. Vidare skal staten søke gjenbruk av eksisterande eigedom framfor nybygg, jf. tiltak 27. Dette legg føringar for kva som må gjerast før det blir bestemt at ei statleg verksemd skal flytte, og særleg dersom det er snakk om å flytte frå ein kulturhistorisk eigedom.
Før ei fråflytting kan avgjerast, skal konsekvensar for kulturmiljøet greiast ut. Potensialet for ny bruk skal også vurderast. Det kan også vere aktuelt å vurdere nye brukarar utanfor staten og eventuell avhending av eigedommen. Vidare må følgekostnader av flytting bereknast. Dette skal omfatte eventuelle behov for rehabilitering, tomgangskostnader og kostnader til ombygging og tilpassing for ein eventuell ny brukar.
Tiltak 38: Kulturarven skal vidareutviklast med ny arkitektur av god kvalitet
Arkitekturen og dei bygde omgivnadene bør ha høg kvalitet og bidra til attraktive byar og stader, slik at dei gir samfunnet ein meirverdi. God formgiving, godt materialval og riktige farger er viktig for å sikre eit godt samspel med eksisterande bygningar og landskap.
Ofte ligg kvaliteten i enkel, men bevisst utforma funksjonalitet; andre stader investerer staten i rom og materialkvalitetar som har ein verdi utover det som kan målast i kroner og øre. Det nye Nasjonalmuseet er eit eksempel på ein rik kulturbyggtradisjon, medan frøkvelvet på Svalbard viser korleis ein liten konstruksjon for ein spesiell funksjon kan bli ein markør for eit stort internasjonalt tiltak. Statens kulturhistoriske eigedommar er sentrale kjelder til historia om utviklinga av det norske samfunnet. Botsfengselet i Oslo, Bastøy fengsel, Halden fengsel og dei nye modulfengsla i Agder viser alle utviklinga i norsk kriminalomsorg.
Arkitekturen er i seg sjølv ein kulturberar og framtidas kulturarv. Ny arkitektur bør normalt også ha ei utforming som bidrar til redusert miljøpåverknad og er kjenneteikna av berekraftig materialbruk.