Ei berekraftig, kostnadseffektiv og samordna bygg- og eigedomsforvaltning

Til innhaldsliste

5 Klima, miljø og energi

Veterinærbygget på Campus Ås, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet

Veterinærbygget på Campus Ås, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. Foto: Statsbygg/Hans Fredrik Asbjørnsen

Klima- og miljøpåverknaden frå statlege byggeprosjekt og statens bruk av lokale må reduserast. Staten skal gå føre og legge til rette for grøn omstilling i næringa. I tillegg til direkte effektar av tiltak på eigd og leigd eigedom kan statlege initiativ gi betydelege indirekte effektar i bygg- og eigedomsnæringa. Tydelege krav til redusert klima- og miljøpåverknad, sirkulærøkonomi og redusert energibruk vil bidra til å skape ein større marknad for klima- og miljøvennlege og innovative løysingar.

Tiltak i bygg- og eigedomssektoren er nødvendig for at Noreg skal nå klimamåla sine og internasjonale forpliktingar30 om CO2-kutt. Avgjerder i sektoren påverkar også utslepp i industri-, transport-, energi- og avfallssektoren.31

I Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–203032 presenterte regjeringa desse klimaambisjonane for statlege bygg og eigedommar:

  • Staten skal utnytte noverande bygningsmasse og sikre gjenbruk av fråflytta eigedom.
  • Staten skal bruke tidlegare bygningsmaterialar om att og legge til rette for at også andre kan bruke materialar frå statlege bygningar om att.
  • Staten skal samarbeide med bransjen for å fremme klimavennlege materialar.
  • Staten skal etablere felles metodikk for å måle den samla klima- og miljøpåverknaden frå bygg og eigedom i statleg sivil sektor, med sikte på framtidig forbetring og å etablere felles mål.
  • Statlege etatar skal legge stor vekt på miljøgevinstane ved gjenbruk av allereie utbygd areal og noverande bygningar og lokalisering nær sentrum av byar, tettstader og kollektivknutepunkt, i tråd med statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Dette skal gjelde når etatane bygger, kjøper eller leiger lokale.

Statens bygg- og eigedomspolitikk er eitt av fleire verkemiddel for å oppfylle Noregs klimaforpliktingar. For å oppnå best effekt og for at det skal vere mest mogleg føreseieleg, er det ein føresetnad at måla og ambisjonane for lokala er felles for heile den sivile sektoren. Kostnad og nytte ved ulike tiltak må vurderast, slik at dei mest kostnadseffektive klima- og miljøtiltaka blir prioriterte.

Tekstboks 10: Statsbyggs arbeid med klima og miljø

Gjennom ambisiøse miljømål og tiltak er Statsbygg ein pådrivar for ei grønare og meir klimavennleg næring, både for eksisterande areal og når det blir bygd nytt. Statsbyggs miljømål er forankra i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Det mest klimavennlege er å utnytte eksisterande areal best mogleg. Når staten må bygge nytt, er det avgjerande å bygge så klimavennleg som mogleg. Statsbygg foreslår alltid løysingar som kan gi ein klimagassreduksjon utover minstekrav i forskrifter og ordinær byggepraksis. Statsbygg bruker innkjøpsmakta si til å bevege marknaden i ei grønare retning gjennom byggeprosjekta. I tillegg gir Statsbygg råd for energieffektivitet, energiforsyning, fråvær av miljøgifter, gjenvinning, ombruk og avfallssortering.

For eksisterande eigedommar måler Statsbygg energiforbruket og kartlegg og vurderer aktuelle ENØK-tiltak. Det er fastsett interne mål om reduksjon i klimagassutslepp og energiforbruk for eigedommane. Statsbygg er også opptatt av å utvikle uteareala og takareala på eigedommane. Det biologiske mangfaldet på uteområda er kartlagt, og det blir vurdert tiltak for å auke det biologiske mangfaldet. Det er gjennomført ei takutgreiing som grunnlag for å prioritere kva takareal som kan utviklast for solceller, og kva takareal som kan utviklast som grøne tak.

5.1 Klimagassutslepp

Ambisjon: Statlege bygg og eigedommar skal ha låge klimagassutslepp

Eit effektivt tiltak for å redusere klimagassutslepp er å bygge mindre. Staten skal utnytte og gjenbruke eksisterande bygningsmasse framfor å bygge nytt, jf. tiltak 27. Når det likevel er behov for å bygge nytt, er det viktig å ha med seg at det vi bygger i dag, skal stå i framtidas nullutsleppssamfunn. Det same perspektivet gjer seg gjeldande ved rehabilitering. Dette medfører at klimafotavtrykket frå statlege bygningar som blir oppførte og rehabiliterte, må reduserast mest mogleg gjennom heile verdikjeda.

Energibruk i bygg bør reduserast så langt det er mogleg og økonomisk forsvarleg. Dagens energikrav i byggteknisk forskrift (TEK) er på passivhusnivå, noko som gir energieffektive bygg med låge utslepp av klimagassar. Det er mogleg å etablere ein høgare klimaambisjon for statlege bygg. Enkelte statlege prosjekt kan veljast ut med ein ambisjon om å overoppfylle dagens krav. På den måten kan statlege byggeprosjekt utvikle seg vidare i klimavennleg retning. I vurderinga skal det takast omsyn til kva nivå som gir størst samfunnsøkonomisk lønnsemd.

Tiltak 23: Staten skal etablere ein felles metodikk for å måle den samla klima- og miljøpåverknaden frå bygg og eigedommar

Klimaplanen slår fast at staten skal utvikle ein felles metodikk for å måle den samla klima- og miljøpåverknaden frå bygg og eigedommar i statleg sivil sektor. Metodikken skal gi grunnlag for forbetring og felles mål. For å måle den samla påverknaden må bygging, eigedomsforvaltning og leige inkluderast. Dette er eit arbeid som må gjerast med tilstrekkeleg grundigheit og involvering, slik at nytteverdien blir størst mogleg.

Ein fungerande metodikk må inkludere ein klimagassrekneskap for det totale livsløpet for statlege bygg og for den samla effekten av leigekontraktar i marknaden. Klimagassrekneskapen skal inkludere utslepp frå arealbruksendringar, materialbruk og andre indirekte utslepp. Klimagassrekneskapen skal brukast til å velje løysingar og materiale med lågast moglege utslepp. I tillegg må metodikken inkludere påverknad på lokalmiljø og effektar av lokalisering.

Tiltak 24: Statlege byggeplassar skal bli fossilfrie

Statens byggeplassar skal vere fossilfrie innan 2025. For å sikre at byggeplassane blir fossilfrie, skal det stillast krav i kontraktane og krav til dokumentasjon frå entreprenørane. Det skal deretter arbeidast for utsleppsfrie byggeplassar, noko ein kan oppnå ved å bruke for eksempel elektriske eller hydrogendrivne maskiner.

Tiltak 25: Klimagassutsleppa frå materialbruk skal reduserast

Materialbruk er eit av hovudelementa i det samla klimafotavtrykket til ein bygning. Klimagassutsleppa frå materialbruk må reduserast, for eksempel gjennom bruk av lågutsleppsmateriale og ombruk av byggemateriale, jf. tiltak 28. Det er også eit potensial i meir bruk av førehandskutta materiale og prefabrikkerte element, noko som kan bidra til å redusere materialsvinnet. Klimagassutsleppa skal estimerast i kvart byggeprosjekt.

Tiltak 26: Staten skal samarbeide med bransjen for å fremme klimavennlege materiale

Bygg- og eigedomssektoren kan redusere utslepp i industrien ved å stille krav til lågutsleppsmateriale. Klimagassutslepp frå produksjon og transport av materiale og utstyr utgjer ein stor del av dei totale utsleppa i livsløpet til eit bygg.

I byggeprosjekta skal staten gjere innovative innkjøp for å stimulere til samarbeid og utvikling av framtidsretta løysingar. Det er ofte private entreprenørar som kjøper inn byggevarer på vegner av staten. Krav til innkjøpa som sikrar at det blir brukt miljøvennlege materiale, er essensielt for å oppnå denne effekten. Ved å velje materiale som blir produserte med låge utslepp, vil staten bidra til å redusere klimautslepp frå bygg- og eigedomsnæringa.

Staten skal invitere næringa til dialog om klimavennleg innovasjon som møter framtidas behov. Vidare skal staten bidra i utvalde utviklingsprosessar i regi av næringa.

5.2 Sirkulærøkonomi

Ambisjon: Staten skal vere ein pådrivar for sirkulærøkonomi

Noreg skal vere eit føregangsland i det grøne skiftet og overgangen til sirkulærøkonomi. Det viktigaste ein kan gjere for å redusere ressursbruken, utsleppa og avfallet frå statlege bygg og eigedommar, er å førebygge gjennom vedlikehald, gjenbruk av eksisterande bygningsmasse og ombruk og gjenvinning av tidlegare brukte bygningselement. Staten skal vere ein pådrivar for sirkulærøkonomi ved å gå føre i ombruk av byggemateriale. Nye bygg bør prosjekterast og produserast slik at produkt og materiale kan brukast om igjen. Ein eigen strategi for sirkulærøkonomi33 blei lagd fram i juni 2021. Direktoratet for byggkvalitet har utarbeidd ein rettleiar for ombruk av byggevarer, slik at det er enklare å vite kva krav som gjeld for at byggevarer kan brukast om igjen. Det blir også vurdert om nasjonale dokumentasjonskrav for byggevarer skal reviderast.

Å utnytte ressursane så effektivt som mogleg er eit grunnleggande prinsipp i sirkulærøkonomi. For statlege bygg og eigedommar betyr dette i prioritert rekkefølge (1) å redusere avfall og forbruket av naturressursar gjennom livsløpet, (2) å gjenbruke eksisterande bygningsmasse og ombruke materiale og produkt og (3) å resirkulere avfall som ikkje eignar seg for ombruk.

Tiltak 27: Staten skal utnytte eksisterande bygningsmasse og sikre gjenbruk av fråflytta eigedom

Når det oppstår nye behov for lokale, skal staten i hovudsak bruke den eksisterande bygningsmassen. Det inneber at statlege verksemder må vurdere potensialet for å effektivisere, utvikle og oppgradere funksjonaliteten i eksisterande lokale. Ein konsekvens av auka merksemd om arealeffektivisering er at bygningsmassen blir effektivisert og areal frigjort. Der det blir gjennomført arealeffektiviseringstiltak, bør så langt som mogleg andre statlege verksemder med behov for lokale ta i bruk dei frigjorde areala. Dette er klimavennleg og har eit betydeleg potensial for større kostnadseffektivitet.

Når statlege lokale står tomme, bør dei enten avhendast eller fyllast med aktivitet. Dersom det er aktuelt for ei verksemd å bytte lokale, skal det vurderast om det er ledige statlege lokale eller tomgangsleigeforhold i marknaden som kan dekke behovet. Databasen Statens lokaler er eit nyttig verktøy for å kombinere ledige lokale med nye behov.

Når staten leiger lokale i marknaden, skal det normalt vere i eksisterande bygningsmasse. Dersom staten utløyser eit privat byggeprosjekt fordi det ikkje er mogleg å løyse arealbehovet i eksisterande bygg, er det ein indikasjon på fråvær av ein velfungerande marknad. I slike tilfelle kan det vere av strategisk betydning at staten sjølv eig bygningsmassen, jf. kap. 4.1.1.

Før statleg eigde lokale blir fråflytta, må konsekvensar for bygningsmassen og kulturmiljøet vurderast, jf. tiltak 37. Dersom det ikkje ligg føre statlege behov, skal eigedommen normalt seljast til marknadspris. I ein salsprosess bør det innførast prinsipp for å vekte verdien av gjenbruk.

Tiltak 28: Staten skal ombruke byggemateriale der det er formålstenleg

Staten skal gå føre i arbeidet for å auke ombruken av byggemateriale. Produksjon av materiale gir store utslepp; det er eit stort potensial i ombruk av materiale og produkt baserte på resirkulert innhald. Klimafotavtrykket blir redusert ved ombruk ved at ein unngår klimagassutslepp frå produksjon av dei materiala som elles ville blitt produserte. Materiala vil bidra positivt i økonomien i lengre tid før dei må resirkulerast.

Staten skal etterspørje brukte materiale og komponentar og produkt med ein stor andel resirkulert innhald. I statlege byggeprosjekt skal ombrukte materiale vurderast der det er mogleg. Andelen ombrukte byggevarer i byggeprosjekta skal målast med sikte på å auke ombruken vesentleg innan 2030. Når staten bygger, skal tanken på seinare ombruk vere med allereie frå tidleg planlegging. Staten skal kartlegge moglegheitene for ombruk og ta vare på materialverdiane i bygningar som blir rivne eller rehabiliterte. Når statlege verksemder leiger i marknaden, skal konkurransegrunnlaget etterspørje ombruk og gjenbruk.

Tiltak 29: Staten skal redusere byggeavfallet og auke gjenvinningsgraden

Bygg- og anleggsverksemd står for 24 prosent av avfallsproduksjonen i Noreg. Statlege byggherrar og forvaltarar skal jobbe for å redusere avfallsmengda frå statlege byggeprosjekt og frå eigedomsforvaltninga. Staten skal vere ein pådrivar for å stille strenge krav til sortering av næringsavfall frå byggeplassane. Dette vil bidra til at meir av avfallet kan gjenvinnast til nye produkt. Staten vil samarbeide med næringa om å utvikle tiltak for å redusere avfallet.

Riksarkivet ved Sognsvann, Oslo

Riksarkivet ved Sognsvann, Oslo. Foto: Statsbygg/Jaro Hollan

5.3 Klimatilpassing

Ambisjon: Alvorlege klimarelaterte skadar på statleg eigedom skal førebyggast

Klimaendringar skaper utfordringar både for eksisterande eigedomsmasse og for nybygg. Dette krev robuste nybygg og tilpassa vedlikehald. Klimarelaterte skadar kan få omfattande konsekvensar for eigedomsmassen og for drifta av statlege verksemder. Vidare kan alvorlege klimarelaterte skadar utgjere ein fare for liv og helse. Både den eksisterande og den kommande eigedomsmassen må vere rusta for å handtere klimautfordringane. Nivået på klimatilpassingstiltak må vurderast med jamne mellomrom, slik at risikoen er handterleg.

Tiltak 30: Klimatilpassingar skal gjennomførast ut frå ei kost–nytte-vurdering

Statens bygningar og eigedommar må tilpassast klimaendringane. Det er nødvendig å ha god oversikt over risiko og sårbarheiter for klimarelaterte skadar. Statlege eigedomsforvaltarar skal analysere behovet på eigedommane og legge planar for gjennomføring og finansiering av nødvendige klimatilpassingstiltak. Klimatilpassing bør gjennomførast når nytteverdien overstig kostnaden, og ved behov etter ei nødvendig avklaring i den ordinære budsjettprosessen.

Klimatilpassing handlar om å ta omsyn til dagens og framtidas klima. Klimarisiko må vurderast før nye byggeprosjekt blir sette i gang. Det billigaste tiltaket er å unngå å bygge nytt der risikoen er stor. Ifølge Statlige planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpasning34 skal høge alternativ frå nasjonale klimaframskrivingar leggast til grunn når konsekvensar av klimaendringane blir vurderte.

Klimatilpassing krev investeringar, men ikkje å klimatilpasse bygg og eigedommar har enda større kostnader.

5.4 Energi

Ambisjon: Den statlege bygningsmassen skal vere energieffektiv

Redusert energiforbruk frigjer energi til andre formål når behovet for elektrisitet aukar i takt med elektrifiseringa av samfunnet. Energieffektivisering gir brukarane av bygningsmassen lågare forbruk over straumnettet og tilhøyrande lågare driftskostnader. Regjeringa har eit mål om 10 TWh energieffektivisering i den eksisterande bygningsmassen innan 2030. Det vil bli utarbeidd ein konkret nedtrappingsplan for eksisterande bygg.

I tillegg til å redusere energibruken kan det vere aktuelt å produsere fornybar energi på eigedommane.

Tiltak 31: Kostnadseffektive energieffektiviseringstiltak skal gjennomførast

Redusert energiforbruk krev eit tett samarbeid mellom forvaltar og brukar. Relevante tiltak kan vere ENØK-tiltak, driftoptimalisering og bruk av smart teknologi. Krav om reduksjon i energiforbruket må stillast til både brukar og forvaltar. Det finst lønnsame tiltak som ikkje blir gjennomførte på grunn av manglande incentiv til å redusere energiforbruket.

For å kunne analysere potensialet for å redusere forbruket skal det utarbeidast ei oversikt over energiforbruket for eigedommane. Moglege tiltak skal vurderast på grunnlag av ein kost–nytte-analyse. Ein skal berekne og sjå på lønnsemda over levetida til investeringa. Lønnsame tiltak i eksisterande bygningsmasse skal gjennomførast. Brukarane av lokala, som vil dra nytte av reduserte driftskostnader, bør finansiere tiltaka.

Redusert energibruk i leigde lokale skal ein oppnå ved å stille krav om reduksjon i energiforbruk til både leigetakar og utleigar. Utleigaren skal dokumentere energiforbruket.

Tiltak 32: Det skal vurderast å etablere fornybar energiproduksjon der det er eit kostnadseffektivt alternativ

Produksjon av fornybar energi på eller i nærleiken av bygg utnyttar allereie utbygde areal til energiproduksjon. Dette bidrar til å auke tilgangen på fornybar energi og kan vere med på å redusere behovet for større kraft- og nettutbyggingar. Fornybar energiproduksjon skal vurderast der det kan vere formålstenleg.

Tekstboks 11: Ny teknologi i framtidas energisystem blir testa på Campus Evenstad

På Campus Evenstad ved Høgskolen i Innlandet har Statsbygg gjennom fleire år testa innovativ teknologi som legg til rette for nye løysingar for å realisere nullutsleppssamfunnet. Campus Evenstad er Statsbyggs pilotprosjekt i forskingssenteret for miljøvennleg energi ZEN (Zero Emission Neighbourhoods in Smart Cities; www.fmezen.no). Visjonen deira er å realisere berekraftige nabolag utan utslepp av klimagassar.

Campus Evenstad produserer eigen fornybar energi ved hjelp av både solcellepanel, solfangarar, flisbasert CHP-maskin (Combined Heat and Power) og biokjel, og det er installert eit stasjonært batteri. Statsbygg har også bygd sitt første nullutsleppsbygg i massivtre på campus.

Hausten 2019 demonstrerte Statsbygg for første gong i Noreg at ein kan overføre straum frå elbil til bygg og til straumnettet, gjennom konseptet Vehicle to Grid (V2G). Lading av elbilar påverkar kraftnettet, men representerer også eit potensial for energifleksibilitet ved at batteria i elbilane kan levere elektrisitet. Overskotselektrisitet frå fornybare energikjelder kan lagrast i elbil-batteriet og leverast tilbake til bygningen eller nettet når energibruken aukar. Bruk av batteri kan dermed vere eit alternativ eller supplement til nettinvesteringar. Praktisk erfaring med korleis V2G kan fungere i energisystemet, vil også vere nyttig for andre statlege eigedommar og i Noreg generelt.

Fotnotar

30.

I 2020 melde regjeringa inn eit nytt og forsterka klimamål under Parisavtalen om minst 50 prosent og opp mot 55 prosent utsleppskutt i 2030, samanlikna med 1990. Noreg skal oppfylle Paris-måla i samarbeid med EU. Gjennom klimaavtalen med EU har Noreg forplikta seg til å kutte klimautsleppa med minst 40 prosent samanlikna med 1990-nivået.

31.

Bygg21 (2018) Bygg- og eiendomssektorens betydning for klimagassutslipp.

33.

Departementa (2021) Nasjonal strategi for ein grøn, sirkulær økonomi