NOU 1997: 1

Regelverk om tilskudd til barne- og ungdomsorganisasjoner

Til innholdsfortegnelse

11 Norske regler for tilskudd - 1995: Nasjonalt prosjekttilskudd (utviklingsarbeid). Kunngjøringsbrev.

Brev fra Barne- og familiedepartementet av 8. februar 1995 til barne- og ungdomsorganisasjonene.

Tilskot til utviklingsarbeid i organisasjonane 1995

Fordelingsutvalet for ungdomsmidlane forvaltar på vegne av Barne- og familiedepartementet tilskot til utviklingsarbeid i organisasjonane.

Område som er gitt prioritet:

I 1995 vil departementet be Fordelingsutvalet gi prioritet til prosjekt som:

  1. skal styrke organisasjonane sitt arbeid blant barn og ungdom med innvandrarbakgrunn, særskilt i dei større byane (både rekruttering av medlemmer og leiarar samt utvikling og betring av aktivitetstilbodet)

  2. skal stimulere til auka deltaking og betre integrering av funksjonshemma i organisasjonslivet

  3. stimulerer nytenking og utvikling av betre arbeidsmetodar

Søknad

Det er ikkje eige søknadsskjema. Søknaden må innehalde:

  • forklaring av prosjektet

  • føremål og forventa resultat

  • organisering og styring av prosjektet

  • plan for framdrift

  • plan for budsjett / finansiering

Prosjektet skal leggast tilrette sentralt, men kan prøvast ut lokalt eller regionalt i organisasjonen. Rapport og revisorstadfesta rekneskap skal sendast departementet innan 2 månader etter at prosjektet er avslutta, seinast 1.03.1996. Ein gjer for ordens skyld merksam på at prosjekt som har fått utviklingstilskot i 1995 ikkje kan førast opp som aktivitet når organisasjonane søkjer om driftstilskot for 1996.

Søknad om tilskot skal sendast Fordelingsutvalet ved Barne- og familiedepartementet, Postboks 8036 Dep., 0030 OSLO innan l.mars 1995.

Med helsing

Inger Johanne Wremer (e.f.)

Birgitte Løes

Til forsiden