12 Norske regler for tilskudd - 1995: Internasjonalt driftstilskudd. Kunngjøringsbrev, retningslinjer og søknadsskjema
Brev fra Barne- og familiedepartementet av 28. oktober 1994 til barne- og ungdomsorganisasjonene.
Ungdomsmidlene - tilskudd til internasjonalt ungdomssamarbeid for 1995
Med forbehold om Stortingets samtykke, vil det bli fordelt tilskudd til de frivillige barne- og ungdomsorganisasjonenes internasjonale samarbeid i 1995 i henhold til vedlagte retningslinjer. Barne- og familiedepartementet har delegert ansvaret for fordelingen til et eget fordelingsutvalg bestående av representanter for de tilskuddsberettigede organisasjonene. Departementet er ankeinstans.
Som det framgår av de vedlagte retningslinjene, vil hoveddelen av bevilgningen til formålet bli fordelt automatisk som et internasjonalt driftstilskudd etter reglene i pkt. 3. Søknad om tilskudd fra denne ordningen sendes på vedlagte skjema til Barne- og familiedepartementet, Barne- og ungdomsavdelingen, Postboks 8036 Dep., 0030 OSLO.
Søknaden sendes departementet innen onsdag 1. desember 1994 (poststemplet 1. desember). Søknaden kan leveres med bud til avdelingen (Møllergt. 4, 3. et.), men må da være registrert i departementet innen kl. 15.00 1. desember 1994. Søknader som kommer etter fristens utløp, blir ikke behandlet.
Tilskuddet fordeles på grunnlag av de internasjonale aktivitetene som er gjennomført de siste 12 månedene. Samme aktivitet kan ikke føres opp to år på rad. Aktiviteter som har fått tilskudd under ordningen for spesielle tiltak kan ikke føres opp i denne søknaden.
Ordningen med tilskudd til aktiviteter i Norge og spesielle internasjonale aktiviteter utlyses særskilt med søknadsfrist 1. desember og 1. mars hvert år.
Departementet kan be om ytterligere opplysninger om aktivitetene som føres opp i søknaden. Hvert år blir et visst antall organisasjoner trukket ut for kontroll av opplysningene som er gitt i søknaden. Organisasjonene må da kunne dokumentere at aktiviteten har funnet sted som opplyst, og at deltakerne har vært til stede i den perioden som er oppgitt.
Med hilsen
Inger Johanne Wremer (e.f.)
Birgitte Løes
12A Undervedlegg 1
Retningslinjer for tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonane sitt internasjonale samarbeid, av oktober 1994
Barne- og familiedepartementet forvalter den statlege løyvinga til internasjonalt ungdomsarbeid. Tilskotsordninga har som mål å fremje den internasjonale verksemnda til dei landsomfattande, frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane. Med internasjonalt ungdomssamarbeid forstår ein kontakten norske organisasjonar har i land utanfor Norden.
Ansvaret for tildeling av tilskott er delegert til Fordelingsutvalet for ungdomsmidlane. 1. Rett til å søke om tilskot
Dei organisasjonane som mottek driftstilskot frå ungdomsmidlane (Kap. 857 post 70), kan søke om tilskot til internasjonal verksemnd. Andre landsomfattande, frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar som har ei omfattande internasjonal verksemnd, kan få rett til å søke om tilskot etter særskilt vedtak i fordelingsutvalet. 2. Type tilskot
Løyvinga er delt i to:
3. Driftstilskotet
3.1 Aktivitetar som kan tas med i søknaden
Deltaking på internasjonale aktivitetar, møter, seminar, konferansar og delegasjonsreiser utanfor Norden, som vert organisert eller koordinert av sentralleddet til organisasjonen, kan tas med i søknaden. Aktivitetar som finn stad i eit nordisk land utanom Noreg kan også tas med i søknaden, dersom aktiviteten har internasjonal deltaking og innhaldet har ein internasjonal karakter.
3.2 Aktivitetar som ikkje kan tas med i søknaden
Aktivitetar i Norden
Sports- og idrettsaktivitetar
Deltaking som gjest eller observatør på landsmøter til søsterorganisasjonar.
Deltaking på aktivitetar der representanten ikkje representerer søkerorganisasjonen
Deltaking på aktivitetar organisert av LNU eller som LNU gir tilbod til medlemsorganisasjonane om
Aktivitetar som har fått tilskot frå Youth for Europe-programmet
Aktivitetar som er ein del av eit utvekslingsprogram eller reknast som ungdomsutveksling
Aktivitetar der arrangøren dekker reise- og opphaldskostnader
Aktivitetar som finner stad i Det europeiske ungdomssenter i Strasbourg, og som ikkje er sjølvfinansiert
Gjennomføring eller studier av utviklingsprosjekt i utviklingsland, misjonsprosjekt og liknande aktivitetar
Om ein deltek på fleire aktivitetar under same reise, blir desse godkjent som ein aktivitet.
3.3 Søknaden
Det er eige søknadsskjema for det internasjonale driftstilskotet. Tilskotet vert rekna ut fra den poengsummen søkaren får for dei aktivitetane som er gjennomførde dei siste 12 månadene. I 1995 nyttar ein denne poengberekninga:
Internasjonalt møte, seminar eller konferanse som finn stad i Europa der deltakarane har hatt minst 2 overnattingar utanfor Noreg: 1 poeng pr. aktivitet + 1 poeng pr deltakar på aktiviteten, maksimalt 5 poeng for kvar aktivitet.
Internasjonalt møte, seminar eller konferanse som finn stad utanfor Europa der deltakaren har hatt minst 4 overnattingar utanfor Noreg: 1 poeng pr aktivitet + 2 poeng pr deltakar på aktiviteten, maksimalt 5 poeng for kvar aktivitet.
Delegasjonsreiser til organisasjonar i andre land som ein har eit organisatorisk eller nært samarbeid med, der deltakarane har hatt minst 3 overnattingar utanfor Noreg: 1 poeng pr deltakar på aktiviteten. Det vert gitt maksialt 10 poeng til saman pr år til aktivitetar under c) og d).
Studiereiser og deltaking på internasjonale festivalar, leire o.l. der deltakarane har hatt minst 5 overnattingar utanfor Noreg: 1 poeng pr deltakar på aktiviteten. Det vert gitt maksimalt 10 poeng tilsaman pr år-til aktivitetar under c) og d).
4. Tilskot til særskilte tiltak
4.1 Aktivitetar som kan få tilskot
Aktivitetar i Noreg (til dømes leiartreningsseminar, møter eller konferansar og delegasjonsbesøk) med internasjonal (ikkje nordisk) deltaking og eit internasjonalt tema.
Ein kan unntaksvis også søke om tilskot til deltaking på aktivitetar i utlandet som høyrer inn under ordninga med driftstilskot, om ein har særskilte grunner til ikkje å ta med aktiviteten på søknaden om driftstilskot.
4.2 Søknaden
Det er ikkje eige søknadsskjema for tilskotet. Søknaden skal innehalde ei skildring av prosjektet og budsjett. Når det gjeld aktivitetar i Noreg, må ein informere om internasjonale samarbeidspartnarar og kva for land og organisasjonar som skal delta. Når det gjeld aktivitetar utanfor Norden, må ein grunngje kvifor ein meiner tiltaket fell utanfor ordninga med driftstilskot.
5. Landsrådet for Norske barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU)
Tilskotet til dei internasjonale aktivitetane til LNU vert tildelt særskilt.
6. Generelle merknader
Barne- og familiedepartementet utarbeider søknadsskjema og fastset utfyllande forklaringar i utlysinga av tilskotsordninga.