1 Hovedinnhaldet i proposisjonen
Utkast til lov om havbeite regulerer utsetting og gjenfangst av krepsdyr, blautdyr og pigghuder til næringsformål. Lova krev løyve for utsetting og gir ein eksklusiv gjenfangstrett til den utsette art innanfor eit avgrensa område. Havbeite kan få innvirkning på miljø, utøving av allemannsrett og konkurrerande næringsinteresser som til dømes tradisjonelt fiske. Reguleringa av havbeite tek sikte på å ivareta desse interessene både når det gjeld tildeling av løyve og reguleringa av drifta. Lova skal bidra til at havbeite kan bli ei lønsam næring for kyst-Noreg.
Miljø har fått ein sentral plass i forslaget og det vil ikkje vere høve til å gje løyve til havbeite dersom det er fare for skade på miljøet. Ved tildeling skal det leggast stor vekt på samfunnsmessige nytte- og skadeverknader. Sentralt her vil vere om verksemda kan integrerast i regionen slik at dette vil medføre ei positiv næringsutvikling. Lokal tilknytning kan prioriterast ved tildeling dersom dette totalt sett gir et bedre samfunnsøkonomisk resultat.
Utsetting og gjenfangst vil skje i samme lokalitet, men løyvet kan gjelde fleire lokaliteter. Innanfor lokaliteten vil rettshavaren ha einerett på gjenfangst av den utsette arten uansett om det enkelte individ er sett ut eller opphavleg levde vilt. Fangst av andre artar i lokaliteten kan skje i den utstrekning det ikkje hindrar utøvinga av gjenfangstretten.
Utanfor lokaliteten kan det fastsettast eit område med begrensa restriksjoner for å beskytte gjenfangstretten (buffersone). I dette området har ikkje rettshavaren nokon særleg rett, men er bunden av eventuelle reguleringar på lik linje med andre.
Det kan bli nødvendig med særskilde fangsttider og begrensinger i bruk av redskap m.v., både for rettshaveren og for andre fangstinteresser i lokaliteten og buffersona. Dersom havbeiteverksemd i eit område vil avgrense anna bruk i vesentleg utstrekning, skal det takast omsyn til dette ved vurdering av om løyve skal bli gitt, og i tilfelle kva restriksjoner som skal påleggast. Det kan også bli tale om erstatning i særlege tilfeller.
Lova gir heimel til kontroll med at verksemda driv på ein veterinær- og miljømessig forsvarlig måte. Det er sett krav om opplysingsplikt, og ein kan sette krav om internkontroll og rettshavaren sin faglige kompetanse.
Dersom verksemda blir driven i strid med lova kan løyvet trekkast tilbake og det kan benyttast pålegg, tvangsmulkt, iverksetting og inndraging av eventuell vinning frå den ulvolege verksemda. I tillegg kan brot på lova medføre straffansvar.