10 Økonomiske og administrative konsekvenser
Lovforslaget gir grunnlag for utøving av ny næringsverksemd. Siktemålet med havbeitelova er å legge til rette for ei ny og lønnsom kystnæring. Konsekvensane av forslaget vil i stor grad avhenge av korleis forvaltninga av næringa skal skje. Slik lova er utforma kan havbeite få innverknad på miljø, utøving av allemannsretten og konkurrerande næringsinteresser som til dømes tradisjonelt fisk. Fiskeridepartementet legg opp til ei forsiktig utprøving av utsett til havbeite i startfasen idet konsekvensane av dette er usikre. Verksemd som kjem i gang etter at lova trer i kraft vil derfor i ei viss utstrekning ha eit forsøkspreg. I den samanheng er det grunn til å framheve at regelverket og praktiseringa av det, må følgjast opp og revurderast.
Lova vil medføre nye oppgåver i forvaltninga i tilknyting til vurdering av søknader om havbeiteløyve. I startfasen forventast dette ikkje å medføre meirarbeid av betydning for forvaltninga slik ordninga skal leggjast opp med ein forsiktig oppbygging. Dersom vurderingar visar at næringa kan drive på ein lønsam og samtidig bærekraftig måte, vil søknadsmengda kunne auke. Det kan medføre at arbeidsbyrden til forvaltninga også aukar. For at forvaltninga ikkje skal vere ein flaskehals i utviklinga av ei ny havbeitenæring, vil forvaltninga sin ressursbruk derfor måtte aukast på sikt. Det er vanskeleg å anslå konkret kor store behova blir, det avheng av kor fort næringa veks og kor stor den faktisk blir.
I tillegg inneber lovforslaget at det skal førast tilsyn og kontroll med dei som driv havbeite. Interkontrollprinsippet medfører nye oppgåver for forvaltninga, men dette vil vere i eit avgrensa omfang då samarbeidet mellom dei impliserte direktorat på regional- og lokalplan gir ei god ressursutnytting. Konsekvensane for forvaltninga vil også her avhenge av kor fort havbeitenæringa veks.
Eksklusiv rett til gjenfangstrett for innehaver av løyve kan i enkelte tilfelle avgrense andre særlege rettar. En eventuell strid kan løysast ved at den som får havbeiteløyve i enkelte tilfelle må ekspropriere dei særlege rettar som blir berørt, og betale erstatning for disse. Behandling av søknad om løyve til ekspropriasjon vil innebere nye oppgåver for forvaltninga. Men forvaltninga kan unngå særleg meirbelastning ved at denne behandlinga kan skje parallelt med behandlinga av løyve til havbeite. Slik blir det ikkje forventa særlege administrative konsekvensar for forvaltninga. Dei forvaltningsorgan som lova kan få økonomiske og administrative konsekvenser for, er vist i figur 8.1.
Det kan krevast gebyr for behandling av søknad om løyve, samt utføring av kontroll- og tilsynsplikter. Satsane for gebyra skal i utgangspunktet settast slik at gebyra samla ikkje overskrider styresmaktene sine kostnader med dei oppgåvene som blir utført. Som kostnader reknar ein ikkje berre dei direkte utgiftene, men også dei indirekte administrative kostnadane.
Avslutningsvis kan det seiast at det er vanskeleg å gi noko utfyllande utgreiing av dei økonomiske og administrative konsekvensane av havbeitelova, fordi det finst så mange usikre faktorar. Søknadshandsaming, kontroll og tilsyn vil krevje auka ressurser i forvaltninga når det viser seg at næringa blir lønsam. Dersom forvaltninga skal halde følge med ei slik utvikling, må det følgast opp med nye stillingar på lengre sikt. På kort sikt blir det forventa at innføring av havbeitelova ikkje gir økonomiske og administrative konsekvensar av betydning for forvaltninga.