Ot.prp. nr. 63 (1999-2000)

Om lov om havbeite

Til innhaldsliste

6 Lovstruktur

Høyringsforslaget

Utvalet avga si innstilling i NOU 1994:10, med utkast til eiga lov om havbeite. Hovedinnhaldet i dette forslaget var å vedta ei eiga lov som åpna for konsesjonar til havbeite på kommersiell basis. Utvalet meinte at ei eiga lov om havbeite ville vere det mest brukervennlige alternativ. Fiskeridepartementet fremmet eit forslag i samsvar med dette i høyringsutkastet.

Høyringsinstansane sine synspunkt

Norges Fiskarlag:

«Etter Norges Fiskarlags mening vil den beste løsning være å stimulere til virksomhet som kan organiseres og reguleres med hjemmel i eksisterende lovverk som Saltvannsfiskeloven, Oppdrettsloven og lakseloven. Dette vil bidra til å lette forvaltningen av den totale fiskerivirksomhet i kystområdene»

NTNU:

«Etter vår oppfatning vil en lov som bygget på andre regulerings- mekanismer kunne føre til et enklere lovverk og gi mer fleksible resultater»

NTNU angir deretter som et eksempel at et alternativ er å bygge på :

«...gjeldende ordninger med tillatelse til utsetting av akvatiske organismer iht. lakselov og saltvannsfiskelov».

Fiskeridirektoratet meiner at det vil vere rasjonelt med ei felles lov for havbruk som omfatter både havbeite og oppdrett, muligvis også kultivering av marine arter. Ein vil då få ei rasjonalisering ved at det ikkje er nødvendig å ta stilling til skildnaden mellom havbeite og oppdrett.

Departementet si vurdering

Spørsmålet om lovstruktur er vurdert på nytt etter dei endringer som er gjort i høve til innstillinga til utvalet og etter høyringa. Lakselova er ikkje eit egna alternativ då den foreslåtte regulering berre gjeld krepsdyr, pigghuder og blautdyr. Forslag til lov om havbeite og saltvannsfiskelova regulerer verksemder med so ulike driftsformer at det ikkje er hensiktsmessig å regulere havbeite her. Etter departementet si oppfatning er regulering av havbeite i oppdrettslova det mest aktuelle alternativet til ei eiga lov om havbeite. Når denne løysinga ikkje er valt skuldast dette fleire høve.

Havbeite reiser spørsmål med omsyn til økologi i lokaliteten som krev andre miljømessige vurderinger enn etter oppdrettslova. Eit døme på dette er at organismane skal leve tilnærma naturleg saman med andre artar i havbeite, medan oppdrett er meir intensivt med skjerma anlegg. Det er også eit skille i spørsmålet om sjukdomsregulering som krev andre vurderinger for havbeite enn for oppdrett.

Det største skillet er imidlertid etableringa av gjenfangstretten, som krev andre reguleringar enn det som i dag gjeld for oppdrett. Å samle begge reguleringsregimer i oppdrettslova blir derfor ikkje vurdert som meir brukervennlig enn å innføre ei eiga lov om havbeite. Dette gjeld både i høve til forvaltninga og andre som har rettar og plikter etter lova.

Ein annan grunn til at havbeite blir foreslått regulert i ei eiga lov, er at oppdrettslova er under revisjon. Ei eventuell innarbeiding i takt med dette arbeidet vil gjere at havbeite ikkje kan starte opp før om fleire år. Det er viktig å få eit regelverk slik at interesserte næringsutøvarar kan starte opp verksemd. Spørsmålet om å samle oppdrett og havbeite i ei felles lov vil bli vurdert på nytt under revisjonsarbeidet med oppdrettslova.