3 Bakgrunn for lovforslaget
3.1 PUSH-programmet
I 1990 vart programmet «Plan for Utvikling og Stimulering av Havbeite» (PUSH- programmet) igangsett. Målsettinga med programmet var m.a. å søke etter mulige avbøtande tiltak i samanheng med forbudet mot drivgarnsfiske etter laks, og å klarlegge føresetnadene for næringsmessig utvikling av havbeite som kystnæring.
I St. prp. nr. 95 (1989-1990) om gjennomføring av det finanspolitiske opplegget for 1990, er PUSH-programmet nærare omtalt. I hovedtrekk bestod programmet i fullskala produksjons-forsøk med artane laks, røye, torsk og hummer, juridiske/forvaltningsmessige utredningar, samt økonomiske analyser. Det framgår av PUSH-styret sin sluttrapport av mars 1998, at det på kort sikt truleg ikkje er mulig å få til lønsamt havbeite for nokon av dei artane som var med i programmet. M.a. har gjenfangsten vore for låg. Styret peikar imidlertid på at tiltak for å auke hummerbestanden kan vere samfunnsøkonomisk lønsame. I dag er det næringsutøvarar som meiner at havbeite vil være lønsamt for nokre artar. Dette gjeld i første rekke aktuelt for hummer og kamskjell. På sikt kan også andre krepsdyr, blautdyr og pigghuder vise seg å vere drivverdige.
3.2 Behovet for lovgivning
I forbindelse med PUSH-programmet vart det nedsett eit utval som skulle vurdere dei juridiske spørsmål i forbindelse med programmet. Sluttproduktet av utvalet sitt arbeid vart presentert i NOU 1994: 10.
Ein grunnleggande føresetnad for å kunne drive havbeite er at utsettaren får eksklusiv rett til å fange inn igjen dei utsatte organismane. I dag er det ingen rettslege reguleringar som sikrer eksklusiv gjenfangst for utsetter. Det er heimel til utsetting i lov av 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske § 4, tredje ledd, men denne heimelen omfattar ikkje gjenfangst. Det eksisterer heller ikkje offentlegrettslege reguleringar av slik verksemd med omsyn til løyve, vilkår for drift og miljø m.v.
3.3 Høyring av NOU 1994:10
Utvalet foreslo å sikre utsettaren ved ein einerett til fiske etter den utsette art, som kunne avgrensast i tid og rom. Vidare skulle det takast omsyn til lokale- og distriktsinteresser, miljø-omsyn m.m. Alminnelig høring av NOU 1994: 10 blei avslutta i 1996, og synspunkta var delte. Det kom m.a. innvendingar mot at det skulle lagast ei eiga lov om havbeite, at havbeite var uaktuelt, og det var særleg skepsis mot havbeite med anadrome artar. Det vart også hevda at forslaget innebar eit anslag mot allemannsretten.