Ot.prp. nr. 63 (1999-2000)

Om lov om havbeite

Til innhaldsliste

7 Tilhøvet til andre lover

7.1 Oppdrettslova

Forholdet mellom lovene er slik at den som driv verksemd etter lov om havbeite ikkje treng løyve etter oppdrettslova. Tilsvarande treng ikkje den som driv verksemd etter oppdrettslova løyve etter lov om havbeite.

I lovutkastet er havbeite definert slik at det ikkje utelukker oppdrettsomgrepet i oppdrettslova § 2, 2 ledd. Begge lovene regulerer fôring og andre tiltak i samanheng med verksemda. Dette medfører at oppdrettsverksemd med krepsdyr, blautdyr og pigghuder utfrå noverande virkeområde i oppdrettslova omfattast av både oppdrettslova og havbeitelova. For å unngå dobbelregulering for disse artane blir derfor virkeområdet i oppdrettslova endra. For andre marine organismer og for anadrome arter vil det imidlertid ikkje vere noko samanfall, ettersom havbeitelova ikkje regulerer verksemd med disse artane.

Havbeitelova regulerer alle driftsformer som oppdrettslova regulerer, mens oppdrettslova ikkje gir den same gjenfangstrett som havbeitelova. Dette skuldast at konsesjonærens rett etter oppdrettslova er avhengig av ei fysisk innretning (eit anlegg), medan havbeitelova gir ein eksklusiv gjenfangstrett uavhengig av eventuelle anlegg. Etter havbeitelova kan ein nytte innretningar tilsvarande «anlegg» i oppdrettslova § 3. Dette er imidlertid ikkje nødvendig med omsyn til å få eksklusiv gjenfangstrett, då denne er knytta til ein geografisk avgrensa lokalitet. Bruk av tekniske innretningar som anlegg, avstengingar m.v. i verksemda er dermed ikkje avgjerande for lovvalget.

Det som styrer valget mellom lovene er om verksemda er innretta på ein slik måte at det er behov for ein eksklusiv gjenfangstrett. Dersom det ikkje er behov for ein slik rett vil verksemda best kunne henførast under oppdrettslova. Lovvalget beror derfor ikkje på ei rettsleg vurdering, men på kva som er mest hensiktsmessig. Årsaka til at ein har valgt denne løysinga er at havbruksnæringa omfattar eit vidt spekter av forskjellige driftsmåtar. Grensetrekkinga sikrer fleksibilitet og dynamikk i ei næring med differensierte driftsmåtar som stadig er under utvikling. Når valg av løyve er ei behovsvurdering risikerer ein ikkje at ei type verksemd som har behov for ein eksklusiv gjenfangstrett, ikkje får denne fordi lovene inneheld rettslege skranker.

7.2 Lov om saltvannsfiske

Lov om havbeite er ei spesiallov i høve til lov om saltvannsfiske. I § 5, 3 ledd er det dessutan bestemt at regulering av gjenfangst kan skje uavhengig av anna lovgivning. Det same gjeld med omsyn til tryggingsområde i § 6 Når det gjeld tilhøvet til lov om saltvannsfiske § 4, 4. ledd er dette behandla under merknadane til § 2.

7.3 Forureiningslova

Fôring eller behandling av organismane vil truleg krevje løyve etter forureiningslova § 11, med mindre utsleppa er av ein slik karakter at løyve ikkje er nødvendig etter same lov § 8. Ekstensivt havbeite vil normalt ikkje kreve løyve etter forureiningslova. Dette må imidlertid vurderast i det enkelte tilfellet.

7.4 Fiskesjukdomslova

Høyringsforslaget

Havbeite omfattast av fiskesjukdomslova både når det gjeld intensiv og ekstensiv drift. Regulering med omsyn til sjukdom bør gjerast ved forebyggande tiltak og ved å minske konsekvensane ved eventuelle sjukdomsutbrott. Dette gjeld ikkje berre etter at organismane er sett ut, men ein bør dessutan foreta kontroll i forkant av utsettinga. På denne bakgrunn blir omgrepet havbeite foreslått innarbeid i fiskesjukdomslova §§ 16 og 23 for henhaldsvis forebyggande og reparerande tiltak. I tillegg kjem krav om helseattest for organismar som skal settast ut i § 17.

Høyringsinstansane sine synspunkt

Landbruksdepartementetuttaler at tildeling av løyve etter havbeitelova må følge dei samme prinsippa som gjeld for oppdrettslova :

«Det må komme klart frem at tillatelse til havbeite krever tillatelse etter fiskesykdomslovens § 7. Slik tillatelse gis av Statens dyrehelsetilsyn.»

Departementet si vurdering

Det foreslåtte forvaltningsregimet samsvarer med det som gjeld for oppdrett i dag, med unntak av at det ikkje blir gitt løyve for etablering av havbeite etter fiskesjukdomslova § 7. Veterinærstyresmaktene vil delta i handsaming av søknader til etablering. Dei veterinærfaglige vurderingane vil bli tillagt stor vekt. Veterinærstyresmaktene får i vid utstrekning kontrollere og sette krav til dei organismane som skal settast ut. Fiskesjukdomslova § 17 vil også endrast på dette punkt, med krav om at utsettinga skal vere godkjend av veterinærstyresmaktene.

Årsaka til at det ikkje blir foreslått å innføre eit eige løyve etter fiskesjukdomslova, er også omsynet til ei enklare sakshandsaming i søknadsprosessen. Havbeite krev løyve etter fleire lover, og ein ser ikkje behovet for at det skal innhentast nok eit løyve etter fiskesjukdomslova. Krav om fleire løyver vil gjere prosessen unødig lang og vanskeleg for søkaren. Det er tilstrekkeleg at det må bli gitt ei godkjenning for utsetting av sjukdomsmessige omsyn. Dette vil forenkle arbeidet i dei forskjellige sektorane slik at styremaktene leverer betre tenester til brukarane.

7.5 Plan og bygningslova

Høyringsforslaget

Det blir foreslått at vedtak etter plan- og bygningslova ikkje utan vidare er bindande for vedtak etter lov om havbeite, men må tilleggast stor vekt ved tildeling av løyve. Havbeite er for øvrig ei verksemd som truleg ikkje vil skape nevneverdige konflikter med dei ulike arealkategoriane i plan- og bygningslova.

Høyringsinnstansane sine synspunkt

Miljøverndepartementet seier i sin merkanad :

«Departementet kan ikke slutte seg til det fremsatte forslaget. Vi mener dette bryter helt med prinsippet om plan- og bygningsloven som den samordnende felles arealstyringslov og at det er kommunen som i utgangspunktet skal vedta arealdisponeringsplaner.»

Vidare heiter det :

«Når det gjelder forholdet mellom sektorlov og plan- og bygningslov er rettstilstanden generelt slik at lovene gjelder hver for seg etter sitt innhold, og at tiltak må være lovlig i forhold til begge (alle) lover for å kunne gjennomføres. Det følger også av plan- og bygningsloven § 20-6 og § 31 at sektormyndighetene må legge til grunn bindende arealplaner.

For å unngå problemer med forskjellige og ukoordinerte vedtak etter havbeiteloven og plan- og bygningsloven kan det i havbeiteloven gis bestemmelse om at det i medhold av den ikke fattes vedtak om tiltak i strid med bindende arealplaner, med mindre kommunen samtykker i en slik behandling. En vil da være sikret at forholdet mellom arealplaner og konsesjon (løyve) er avklart før konsesjon avklares. Dette såkalte samtykkeprinsippet er lagt til grunn i flere sektorlover, bl.a. senest i petroleumsloven med forskrifter. Samtykkeprinsippet berører ikke de materielle virkningene av henholdsvis planvedtak og konsesjonsvedtak, men innebærer en lovregulert samordning av saksbehandlingen som vil gi ryddighet i saksbehandlingen og vedtaksrekkefølgen. På bakgrunn av ovenstående vil Miljøverndepartementet be om at samtykkeprinsippet legges til grunn også i havbeiteloven.»

Miljøverndepartementet kommenterer også i sitt høyringssvar at planlovutvalet har som ein del av sitt mandat å se på forholdet mellom plan- og bygningslova og konsesjonslover.

Kommunal- og regionaldepartementet går imot at vedtak etter plan- og bygningslova ikkje utan vidare er bindane for vedtak etter havbeitelova. Departementet uttalar blant anna :

«Vi anser plan- og bygningsloven som et viktig verktøy for samordning av arealbruk, og går derfor imot et slikt prinsipp. Ny lov om havbeite og plan- og bygningsloven bør gjelde side om side. Dersom havbeite ikke vil skape nevneverdige konflikter med de ulike arealbrukskategoriene etter plan- og bygningsloven, anser vi dette som uproblematisk. I alle fall bør planbestemmelsene også ha gjennomslagskraft overfor havbeite dersom slik virksomhet er uforenelig med planvedtak.»

Departementet si vurdering

Eventuelle bygningar og anlegg i forbindelse med havbeiteverksemd må behandlast etter plan- og bygningslova. I forhold til arealdisponering, omfattast arealbruk i sjø ut til grunnlinjene av plan- og bygningsloven, jf. § 1. Havbeiteverksemd må såleis på vanleg måte underleggast ein planprosess. Havbeiteverksemd kan ikkje drivast i strid med bindande planvedtak etter plan- og bygningslova.

Som departementet har bemerka i høyringsutkastet som vart sendt på alminneleg høyring, kan vi vanskeleg se at arten av verksemd etter havbeitelova vil få arealmessige konsekvensar som vil kunne vere i strid med kommunale planvedtak. Departementet meiner såleis at behovet for samordning ikkje vil vere aktuelt i forhold til havbeiteverksemd idet ein normalt ikkje vil stå ovanfor situasjoner som inneber konkurrerande interessar om areal.

Departementet vil, som Miljøverndepartementet, peike på at spørsmålet om forholdet mellom plan- og bygningslova og ulike særlover generelt, er ei av problemstillingane planlovutvalet skal arbeide med. Spørsmålet er satt opp på utvalet sin arbeidsplan for inneverande år. Departementet meiner at spørsmålet om i kva grad det eventuelt er behov for samordning mellom dei to lovene, samt om havbeitelova bør samordnast med plan- og bygningslova, bør takast opp i den forbindelse. Departementet meiner såleis at desse spørsmåla bør bero i denne omgang sidan problemstillinga i nær framtid skal behandlast generelt. Dette vil vere mest hensiktsmessig og samtidig vil ein ikkje foregripe utvalet sitt arbeid.

7.6 Oreigningslova

Havbeite kan gjere det nødvendig å oreigne grunn og rettar til anlegg for klekking, fôring og gjenfangst. I samsvar med reglane for ekspropriasjon vil dette berre skje i den utstrekning det er nødvendig for å sikre innehaver av løyve dei nødvendige rettar for drift av verksemda.

7.7 Hamne- og farvasslova

Havbeite kan medføre fysiske tiltak som kan tenkast å påvirke sjøtransporten eller Kystverket sine installasjonar. Dette kan vere tilfellet til dømes ved merking av lokaliteten med bøyer og lignende eller installasjonar på botnen for å stenge ute predatorar. I den utstrekning verksemda skal ha fysiske tiltak som er av ein slik karakter at dei grip inn i sjøtransport eller Kystverket sine installasjonar, vil dette kreve løyve etter hamne- og farvasslova. Som ved andre løyve i tilknytning til havbeite, må handsaminga av søknaden koordinerast mellom ei forskjellige etatane.