9 Merknader til dei enkelte paragrafar
9.1 Kapittel I. Innleiiande føresegner
Til § 1 Formål
Føresegna er vid og gir heimel til å ta omsyn til m.a. miljø, eigarstruktur, regionale/lokale tilhøve og marked. Dette gjeld ved tildeling av løyve, fastsetting av vilkår og pålegg om drift m.v. § 1 er sentral for forvaltninga av dei øvrige føresegnene i lova.
I Verdskommisjonen for Miljø og Utvikling si anbefaling er «Bærekraftig utvikling» definert som «..utvikling som tilfredstiller dagens behov utan å ødelegge framtidige generasjonar si evne til å tilfredstille sine behov». Kort sagt er dette ei miljømessig forsvarlig utvikling av verksemda og næringa sett over lengre tid.
Ordet «balansert» refererer seg mellom anna til tilhøvet mellom marknad og produksjon og tek også sikte på ei fordeling mellom forskjellige regioner. «Balansert» gir, saman med omgrepet «lønsam», heimel til å regulere produksjonen utfrå marknadsomsyn. I «balansert» ligg det også at utviklinga skal ta omsyn til andre interesser som til dømes allemannsretten.
Omgrepet «lønsam» betyr at det skal leggast vekt på lønsemd ved tildeling og fastsetting av driftsvilkår. Dette stiller krav både til forvaltninga som skal legge til rette for økonomisk forsvarleg drift, og for næringsutøvarane som må drive i samsvar med dette.
Føresegna framhevar at havbeite skal vere ei kystnæring. Havbeite vil av omsyn til egna lokalitetar i alle høve vere ei distriktsnæring. Formålet med å nemne dette i lova er å videreutvikle praksis etter tilsvarande føresegn i lov av 14. juni 1985 nr. 68 om oppdrett av fisk skalldyr m.v. (oppdrettslova), som tilgodeser næringssvake områder og lokal tilknytning. Det er dessuten av betydning at det området som får innskrenka allemannsretten også får del i fordelane ved etablering av havbeiteverksemd.
Ved vurderinga av lokal tilknytning i lov om havbeite vil det vesentlige vere at tildelinga gir positive ringverknader for det området verksemda skal ligge, og styrker det lokale næringslivet på kysten. Reell økonomisk tilknytning mellom rettshavaren og den region der verksemda er lokalisert, herunder interesser i beslekta næringsverksemd, vil vere eit sentralt vurderingstema.
Til § 2 Virkeområde
Det saklige virkeområdet er avgrensa ved ein definisjon av havbeite; utsetting og gjenfangst av krepsdyr, blautdyr og pigghuder. Lova regulerer både utsetting og gjenfangst og det er ikkje nødvendig at organismane blir sett ut for at lova skal omfatte verksemda. Det kan også bli gitt løyve berre til gjenfangst. Dette betingar imidlertid at det ikkje dreier seg om tradisjonell fangst. Eit eksempel på verksemd som kan omfattast utan at det settast ut organismar er skjell som blir samla på tau i sjøen. Det kan tenkast at dette kan vere slik innretta at det vil vere behov for ein eksklusiv gjenfangstrett.
Verksemd som har løyve etter oppdrettslova blir ikkje rekna som havbeite. Tilsvarande blir det innarbeid ei føresegn i oppdrettslova som fastsett at havbeite ikkje treng løyve etter oppdrettslova. Ettersom havbeite i prinsippet kan vere likt med oppdrettsverksemd, når ein ser vekk frå gjenfangstretten, blir det ikkje ansett som hensiktsmessig å operere med definitoriske forskjeller. Ei slik avgrensing vil lett bli statisk og kan over tid fjerne seg frå realitetane. Det styrande for lovvalget vil vere om verksemda er innretta på ein slik måte at den mest hensiktsmessige driftsform forutsett bruk av eksklusiv gjenfangstrett eller oppdrettsanlegg.
I høve til kultivering (tiltak for å auke ein lokal bestand), oppstår spørsmål i høve til lov om saltvannsfiske § 4, siste ledd. Det avgjerande for om utsett krev løyve etter lov om havbeite, er om verksemda går under definisjonen i § 2, uavhengig av korleis ein ellers vil rubrisere den. Dersom verksemda ikkje fell inn under definisjonen, må søknaden handsamast etter lov om saltvannsfiske som før. Kultivering vil normalt skille seg frå havbeite ved at kultivering ikkje omfatter utsetting til næringsformål.
Siste ledd fastslår at lova gjeld i Noregs økonomiske sone, jf. lov om Norges økonomiske sone av 17 des. 1976 nr. 91, § 7. Ein har vidare vurdert spørsmålet om lova skal gjelde for Svalbard og kome fram til at dette ikkje er ønskeleg. Det er derimot ikkje nødvendig å fastslå dette i lova da dette følger av lov av 27. juli 1925 om Svalbard § 2, jf. § 3.
9.2 Kapittel II. Løyve til havbeite. Gjenfangst
Til § 3 Løyve til havbeite
I tråd med § 2 vil eit løyve til havbeite berre gjelde utsetting og gjenfangst. Verksemd som ligg i forkant av dette som til dømes produksjon av yngel, treng ikkje løyve etter havbeitelova. Det framgår av § 3 at havbeite ikkje er tillatt utan konsesjon og at departementet er konsesjonsgivande styresmakt. Krav om løyve er nødvendig av omsyn til å sikre ei miljømessig og samfunnsøkonomisk forsvarlig drift underlagt offentlig styring og kontroll.
Løyvet, og tildelinga av dette, er uavhengig av privatrettslege tilhøve som til dømes eigedomsrett og andre særlege subjektive rettar. Såleis vil ikkje tildeling av løyve medføre nokon endring i dei privatrettslege tilhøva. Det er konsesjonæren sitt ansvar å sørge for at dei privatrettslege føresetnadene for verksemda er avklart.
Føresegna sett skranke for adgangen til å tildele konsesjon ved fare for ulike skadeverknader på miljøet. Årsaka til denne skranken i tildelingskompetansen er i første rekke omsynet til å ivareta det biologiske mangfold, herunder å sikre at bæreevna i økosystemet er god nok til å oppretthalde eit tilstrekkeleg ernæringsgrunnlag. Masseutsetting av organismar kan skape risiko for fortrengsel av andre artar, spreiing av sjukdom og parasitter og forrykking av den genetiske balansen dersom det eksisterer ein naturlig populasjon i området. Dette blir betrakta som tungtvegande konsekvensar og derfor er det valgt ei streng formulering som må forståast slik at ein kvalifisert risiko er tilstrekkelig til at løyve ikkje kan bli gitt. Risikovurderinga kan uttrykkast matematisk som produktet av sannsynet for skadens inntreden, multiplisert med konsekvensane av den potensielle skade. Dette betyr at dersom dei aktuelle konsekvensar av skaden er små, vil kravet til sannsyn vere relativt stort. Omvendt vil ein ved store konsekvensar kreve mindre grad av sannsyn for skadens inntreden for å kunne konstatere at det føreligg ein kvalifisert risiko. Avgjerda om tildeling kviler på eit breitt fagleg skjønn som omfattar kunnskap om arten, lokalt økosystem og sjukdomsmessige tilhøve både for dei utsette og dei ville organismane. Opplysningane om disse tilhøva kan innhentast både av forvaltninga og søkeren (jf. § 12).
Sjølv om dei miljømessige tilhøva ikkje er til hinder for havbeite, kan løyve likevel nektast etter ei samla vurdering av nytte- og skadeverknader for øvrig. Noko rettskrav på konsesjon ved tilfredstilling av vilkåra oppstår altså ikkje, men det tilkjem forvaltninga sitt skjønn om tildeling skal skje. «Nytte- og skadeverknader» anviser ei brei skjønnsmessig vurdering der ein i vid utstrekning kan ta omsyn til samfunnsspørsmål av forskjellig karakter. I første rekke gjeld dette verksemda sin innverknad på konkurrerande utnytting av ressursane som til dømes rekreasjon og anna næringsverksemd. Vidare vil det også vere relevant å vurdere målsettinga om ei balansert og bærekraftig utvikling slik at omsynet til mellom anna marknad og regional utvikling kjem i betraktning. Ordlyden i § 3, 3 ledd er dynamisk og innebærer at dei relevante omsyn kan endrast over tid, alt etter kva utfordringar samfunnet står overfor.
Vurderinga forutsett ei avveging av potensielle skadeverknader opp mot nytte. I dette ligg det at ein kan akseptere visse skadeverknader dersom ein i ei totalvurdering kjem til at dette blir vegd opp av nytteverknadane. Eit døme på dette er at ei tildeling av løyve vil innebære eit inngrep i til dømes fritidsfiske som vil bli avgrensa eller utelukka, men at havbeite vil vere av så stor betydning for regionen at det likevel blir gitt løyve.
Strukturen på næringa både nasjonalt og regionalt med hovedvekt på lønsemd og verdiskaping vil også vere eit sentralt tildelingskriterium. I videre forstand vil det også omfatte all næringsverksemd, både i regionen og nasjonalt, slik at det samla sett blir oppnådd ein hensiktsmessig struktur for næringslivet. Lokale styresmakter si tilrettelegging for næringa vil vere med i vurderinga.
Det vil òg vere viktig at verksemda kan innpassast i det regionale næringsliv slik at det samfunnsøkonomiske utbytte av verksemda blir størst mogleg. Samarbeid med annan verksemd i tilknytning til havbeite som til dømes slakteri, transport og økonomiske og administrativt samarbeid ellers, vil telle positivt. Betydninga av integrasjonen må også vurderast for andre verksemder og næringar enn havbeite. Ei positiv regional og lokal utvikling vil vere avhengig av at verksemda er lønsam og blir integrert med næringslivet i området.
Lokal tilknytning er nemnt særskilt som eit eksempel på positive samfunnsmessige verknader. Det er rimelig at det området som får innskrenka allemannsretten også får del i fordelane ved etablering av havbeiteverksemd. Lokal tilknytning kan prioriterast ved tildeling dersom dette totalt sett gir eit bedre samfunnsøkonomisk resultat.
Til § 4 Særskilt løyve til fôring og andre tiltak
Det må søkast særskilt om løyve til foring og andre tiltak (intensivt havbeite). Dette kjem i tillegg til løyve etter § 3. Tildeling av løyvet kan skje samtidig med innvilging av søknad om havbeite etter § 3, eller på eit seinare tidspunkt. Intensivt havbeite reiser andre spørsmål i høve til miljø og sjukdom enn ekstensivt havbeite, og har mykje til felles med oppdrett. Derfor er det nødvendig å etablere ei særleg regulering for dette. Det kan stillast vilkår i løyvet som i § 3.
Omgrepet «andre tiltak» er tatt med i lova for å sikre at også andre inngrep i drifta må ha løyve sjølv om det ikkje språkleg sett kan kategoriserast som «fôring». Dette vil kunne vere gjødsling eller andre tiltak som ein i framtida vil benytte. Innhaldet i omgrepet er ubestemt for å skape dynamikk i lova, slik at denne ikkje blir utilstrekkelig ettersom den tekniske utviklinga aktualiserer nye driftsmåtar. Veterinærmessig behandling fell likevel utanfor omgrepet og blir regulert i annan lovgivning.
Til § 5 Innhaldet i løyvet
Konsesjonen gjeld for geografisk avgrensa områder (lokalitetar). Begrunninga for dette er at det ikkje skal oppstå tvil om avgrensinga av området for utøvinga av gjenfangstretten, både av omsyn til rettshavaren og øvrige interesser. Vidare er dette avgjerande for at det kan takast ei konkret miljømessig vurdering av økosystemet. Løyvet kan også avgrensast ved at ein begrensar antall individ som kan settast ut, og antall gongar det kan settast ut. Tidsavgrensing kan også vere aktuelt slik at inngrepa i andre interesser ikkje blir større enn det som er nødvendig for å sikre ein nødvendig gjenfangst. Den nærare avgrensinga må vurderast særskilt for den enkelte art og dei lokale tilhøva. Merkinga av området blir fastsett ved forskrift.
Det blir gitt heimel for å sette vilkår i løyvet til m.a. beskytting av miljøet og allemannsretten. Vilkåra i løyvet blir sett innafor ramma av lova, og spesielt vil §§ 1 og 3 vere relevante. Vilkåra kan til dømes settast med omsyn til plassering og slakt, organisasjon og leiing av verksemda, relevante og nødvendige kvalifikasjoner, pålegg om beredskapsplaner eller samarbeid med institusjoner. Framhevinga av miljøomsyn og omsynet til allemannsretten er meint som ei understreking av at dette er særlege viktig moment.
Samla sett vil føresegna kunne medføre omfattande plikter for rettshavaren til å sørge for at andre interesser som blir berørt av verksemda blir ivareteke. Det følger av alminnelege forvaltningsrettslige prinsipp at tyngda av vilkåra ikkje må stå i eit misforhold med det som blir oppnådd ved pålegget.
Til § 6 Gjenfangst
Føresegna gir konsesjonæren ein eksklusiv rett til fangst av den utsette art, i høve til utøvarar av allemannsretten. Retten omfatter ikkje fiske etter andre artar, eller anna bruk og utnytting av verken av lokaliteten eller buffersona, jfr. §10. Det må skillast mellom eksklusiviteten som hindrer andre i å drive fangst av den utsette art, og rettshavaren sin eigen rett til å drive fangst etter den utsette art. Fangstretten til rettshaveren kan regulerast, og det kan til dømes settast avgrensingar og forbod mot fangstmetoder og fangsttider m.v.
Eksklusiviteten gjeld berre i den utstrekning den ikkje strid mot særlege rettar. Ein særleg rett vil mest praktisk vere eigedomsrett, men kan også vere andre begrensa rettar som til dømes bruksrett. Motstrid mot disse rettane vil foreligge dersom havbeiteverksemda gjer det umogleg å utøve retten eller i vesentleg utstrekning minskar retten sin verdi. I ein slik situasjon opnar lova for at løyve ikkje blir gitt, eller at gjenfangstretten blir begrensa av øvrige rettshavarar, eventuelt at striden blir løyst gjennom avtale eller eksproriasjon. Det siste alternativ innebærer at ein enten kompenserer inngrepet ved ei privat ordning, eller at det blir utbetalt skjønnsmessig ekspropriasjonserstatning etter ekspropriasjonserstatningslova av 6. april 1984 nr. 17.
Gjenfangstretten vil fortrenge einkvar fangst av den aktuelle art i gjenfangstområdet. Den øvrige regulering i lokaliteten gir ikkje rettshavaren nokon ytterlegare rett eller plikt forskjellig frå andre interessenter i området. (Sjå § 10).
Korleis reguleringa vil vere er avhengig av korleis området blir utnytta av andre interesser, og behovet for å sikre gjenfangsten. Havbeite vil normalt ikkje vere til særleg hinder for utøving av allemannsretten, og vass-søyla kan nyttast til fiske, rekreasjon og anna dersom dette ikkje skader gjenfangsten, men det kan vere aktuelt å innføre restriksjoner etter § 10.
Styresmaktene vil ha oppsyn med at reguleringane i området blir overhaldne, men har ikkje eit særleg ansvar for å kontrollere at tredjemann ikkje krenkar rettshavaren sin rett. I den utstrekning brot på reguleringane medfører ei krenking av rettshaveren sine interesser vil dette likevel kunne meldast til påtalemakta, og til fiskeristyresmaktene som handhever reguleringane.
Retten til gjenfangst blir motsvart av ei tilsvarande plikt. Plikten blir imidlertid avgrensa av kva som er praktisk mulig.
I andre ledd blir det slått fast at gjenfangsten skal utøvast på ein slik måte at det er til minst mulig skade for ville bestandar. Dette omfatter alle ville bestandar, også av den utsette art. Nærare føresegner om dette må skje ved forskrift eller i det enkelte løyve. Praktiske døme på slike reguleringer kan vere reglar om fangsttid, redskapsbruk, minstemål etc.
Departementet kan regulere gjenfangsten uavhengig av den øvrige fiskerilovgivning. Denne føresegna skil seg frå § 10, andre ledd, ved at den berre gjeld sjølve gjenfangsten av den utsette art, og ikkje fisket ellers.
§ 6 må i høve til allemannsretten og særlege rettar sjåast i samanheng med § 3, som fastsett at det skal leggast vekt på hensynet til allemannsretten ved avgjerda om løyve skal tildelast. Dersom inngrepet i andre rettar blir omfattande er dette eit sterkt argument for at løyve ikkje blir gitt.
Til § 7 Oppryddingsplikt
Føresegna pålegg einkvar som driv havbeite, med eller utan løyve, å gjenopprette miljøtilstanden i området ved opphør eller avvikling av verksemda. Dette gjeld uavhengig av om opphøret skjer frivilleg eller etter pålegg. Omgrepet «område» er nytta for å angi at oppryddingsplikta ikkje berre gjeld i lokaliteten og buffersona, men også i berørte områder utanfor.
Plikta er avgrensa til det som er «mogleg». Dette må forståast som kva som er praktisk mogleg, og ikkje kva som er fysisk mogleg. Omfanget av plikta må vurderast konkret i det enkelte tilfellet. Ved vurderinga må ein sjå på kostnadane ved opprettinga i forhold til den skade eller ulempe restane av verksemda representerer for miljøet og andre interesser i området. Det er likevel ikkje eit krav at det skal ligge føre skade eller fare for skade for at plikta aktualiserast. Plikta gjeld uansett. Dersom det skulle foreligge skade/ulempe eller fare for dette vil omfanget av plikta bli større slik at ein kan kreve ein større økonomisk og praktisk innsats frå drivaren av verksemda enn ellers. Omsynet til andre interesser i området må tilsvarande tilleggast stor vekt ved avgjerda av plikta sitt omfang. Ved inntrådt skade vil verksemda sitt forhold vere eit relevant moment i vurderinga av kva ein kan kreve. Dersom verksemda sjølv har handla slik at ulempene har blitt større enn dei ellers ville vore, eller har unnlatt å avgrense skaden, vil omfanget av plikta auke. Særleg vil dette gjelde i dei tilfeller verksemda har handla rettsstridig.
I andre ledd blir det gitt heimel for å kreve at innehaver av løyve skal stille sikkerhet for ei eventuell oppretting. Med dette siktar ein til økonomisk sikkerhet i form av til dømes ein bankgaranti. Denne plikta kan gjelde frå søknadstidspunktet og heilt fram til ei opprydding er ferdig. Storleiken på garantien blir fastsett etter ei konkret vurdering av departementet utfrå mellom anna antatt kostnad ved opprydding, fare for eventuelle skader og storleiken på disse.
Til § 8 Overføring av løyve, endringar i eigartilhøva
Løyve til havbeite kan ikkje overførast. Årsaka til dette er at utsetting og gjenfangst krev særskilt kompetanse for å sikre ei miljø- og sjukdomsmessig forsvarleg drift. Dessuten er det viktig at innehaver av løyve også ellers er i stand til å drive verksemda i tråd med dei til ei kvar tid gjeldande driftsvilkår som også skal ta omsyn til allemannsretten. Derfor er det nødvendig med ein offentlig kontroll av kven som driv verksemda.
Andre ledd seier at løyvet kan pantsettast. Panthaver har kun ein begrensa rett i løyvet som ikkje grip inn i drifta. Pantsettinga får rettsvern ved tinglysing på eigarens blad i lausøyreregisteret. Det presiserast at panthaver ikkje vil få ein bedre rett enn rettshaveren etter lova eller føresegner gitt i medhold av den. Adgangen til pantsetting av løyvet er ei særordning for havbeite i høve til øvrige offentlige løyve i fiskerisektoren.
Det er sjølve løyvet som reelt representerer den økonomiske verdi for rettshavaren og dette innebærer at det er gjenfangstretten til organismane som blir pantsett. Det kan såleis vere nødvendig for rettshaveren å bruke løyvet for å finansiere investeringar. Særleg er dette aktuelt i byrjinga når næringa er ny og relativt ukjent for investorar og långivarar.
I § 8, tredje ledd, blir det gitt heimel til å innføre ei godkjenningsordning for endringar i eigartilhøva hos rettshavaren. Bakgrunnen for å kunne regulere dette er den samme som for overføring av løyve. Dersom eigarandelar i selskap fritt kan overførast vil ein ikkje ha tilstrekkelig kontroll med at verksemda blir driven forsvarleg.
Lova gir adgang til å regulere endringar i eigartilhøva ved forskrift. Årsaka til at denne løysinga er valgt er for å unngå at styresmaktene plikter å etablere ei godkjenningsordning, med dei byrder dette kan innebære for næringa, utan at det er nødvendig. Dersom det blir etablert ei slik ordning, vil denne kunne fastsette vidttrekkande reguleringar dersom dette er nødvendig for å sikre at vilkåra for tildeling og drift blir oppfylt. Dette innebærer også å forby endringar. På den andre side er det også ei avgrensing av forskriftskompetansen ved at det ikkje kan etablerast ei godkjenningsordning for endringar i eigartilhøva som er motivert av andre omsyn enn vilkåra for tildeling og drift.
Til § 9 Endring og tilbakekall av løyve
Etter denne føresegna kan vilkåra i eit løyve endrast, det kan stillast nye vilkår eller løyvet kan trekkast tilbake. Dette kan skje dersom føresetnadene som det bygger på, blir vesentlig endra eller dersom det er nødvendig for å sikre omsynet til miljøet. Endringsadgangen går videre enn etter dei tilsvarande reguleringane i forureiningslova og genteknologilova. I tillegg kan løyvet heilt eller delvis trekkast tilbake ved grove eller gjentatte brot på føresegner i medhald av lova. Føresegna gir også ein betinga rett til verdien av organismane i lokaliteten ved tilbaketrekking.
Det er ikkje adgang til å endre eller tilbakekalle med mindre det er «nødvendig». Det skal ligge ei fagleg vurdering bak vedtaket, men det er ikkje eit krav om at fare for skader skal vere overveiande sannsynleg. Uttrykket stiller imidlertid krav til kva grunner som kvalifiserer til endring eller tilbaketrekking. Det nødvendige sannsyn må sjåast i samanheng med kva type skade som er aktuell. Innhaldet i «nødvendig», kviler på ei totalvurdering av sannsyn og skadepotensiale sett i samanheng med kva endringer det er tale om og konsekvensane av disse for rettshavaren. Inngrepet i løyvet må ikkje vere uforholdsmessig i høve til sannsynet for skade. Under gitte omstende kan til og med eit tilbakekall kunne få små konsekvenser for rettshavaren og dermed vere tillatt sjølv ved liten risiko for skade. Dersom endring eller tilbakekall vil føre til større konsekvenser for rettshavaren, til dømes ved at investeringer går tapt, må krava til sannsynet og skadepotensiale derimot skjerpast. I den utstrekning verdien av organismane i lokaliteten kan realiserast etter fjerde ledd vil adgangen til tilbaketrekking blir utvida. Dette følger av at konsekvensane ved tilbaketrekkinga blir redusert.
Det er også adgang til endring og tilbakekall dersom føresetnadene som løyvet bygger på blir endra vesentlig. Det er utan betydning om endringa skuldast forhold på rettshavaren si side, eller andre tilhøve. Endringsadgangen er dermed videre enn i misleghaldstilfella etter andre ledd. Med «føresetnadane» meinast det både dei faktiske forhold og dei skjønnsmessige vurderingar som ligg til grunn for tildeling av løyve. Til dømes vil ei omvurdering av samfunnsmessige nytte- og skadeverknader i § 3 danne grunnlag for tilbaketrekking. «Endring» syner til føresetnadane, og må kunne karakteriserast som «vesentleg». Som ved vurderinga av «nødvendig» i første ledd må det også ved tolkinga av omgrepet «vesentlig» takast omsyn til betydninga for rettshaver. Tilsvarande vil adgang til realisasjon av verdiane i lokaliteten etter fjerde ledd utvide adgangen til endring og tilbakekall.
Etter andre ledd kan løyvet trekkast tilbake dersom verksemda ikkje kjem i gang eller ikkje driv i den skala som forutsett. Denne adgangen skal sørge for at rettshavaren ikkje fortrenger andre interesser utan at verksemda er i drift. Tilbakekall kan også skje ved grove eller gjentatte brot på dei rettslige vilkår for drift frå rettshavaren si side.
I siste ledd blir det bestemt at den som på privatrettslig grunnlag har rett til verdien av organismane i lokaliteten beheld retten til verdien i ein avgrensa periode etter tilbaketrekking av løyve. Retten er betinga av at gjenfangst kan skje i samsvar med lova. Føresegna medfører at den som har rett til verdien av organismane ikkje automatisk taper denne ved tilbaketrekking. Retten er eit motstykke til oppryddingsplikta etter § 7.
Rettssubjektet er den som på privatrettslig grunnlag har rett til verdien av organismane i lokaliteten. Normalt vil dette vere innehaver av løyvet, men kan også vere andre som har denne retten enten fordi dei har stått for investeringane i organismane eller avleder retten frå rettshaveren ved kjøp, overdragelse til pant, utlegg, gåve m.v.
Retten gjeld berre i den utstrekning gjenfangst kan skje i samsvar med lova. Dette betyr at føresegner om tildeling, og tiltak i tilknytning til gjenfangsten som er nødvendige for å gjennomføre gjenfangsten, må vere lovmessige for at retten skal oppstå. Konkret betyr dette mellom anna at både dei ufråvikelige og skjønnsmessige vilkåra for tildeling i § 3 vil kunne hindre realisasjon av verdien. Videre vil retten ikkje oppstå dersom nødvendige tiltak som fôring eller etablering av nødvendige innretningar ikkje kan gjerast i samsvar med lova. Dei same moment vil vere bestemmande for periodens lengde.
Uansett tilbakekallsgrunn inneber tilbakekallet at nytt løyve må tildelast enten til tidligere innehaver av løyve eller andre som har dei nødvendige føresetnader etter lova. Ein praktisk situasjon som kan oppstå er at innehaveren av løyvet eller den som har rett på verdien av organismane, ikkje har kompetanse til å drive i tråd med lova og føresegner gitt i medhald av den. Drift og gjenfangst må derfor bli forestått av andre som oppfyller vilkåra etter lova og kan tildelast løyve.
Løyvet er midlertidig. Dette er likevel ikkje til hinder for at eit nytt ordinært løyve blir gitt etter §§ 3 og 4 dersom det er aktuelt å fortsette verksemda som før. Føresetnaden er då at interessa til den som har rett på verdiane til organismane i lokaliteten blir ivaretatt i det ordinære løyvet. Årsaka til at løyvet er midlertidig er at tilbakekall inneber at føresetnadane for å drive havbeiteverksemd ikkje er oppfylt enten dette skuldast til dømes miljøtilhøve, overtreding av lova eller at området skal omdisponerast til bruk for andre interesser. Retten til verdien av organismane kan ikkje hindre at disse omsyna blir prioritert sjølv om dette kan vere til skade for den som har retten til verdiane.
Perioden si lengde må også bestemmast utfrå ei avveging av dei ulike interessene der det, viss det er mulig, blir gitt ei rimelig anledning til å sikre verdiane. Lengda på perioden må dermed bestemmast konkret i det enkelte tilfellet etter ei skjønnsmessig totalvurdering og kan derfor variere. I vurderinga vil det vere av betydning kva muligheiter ein har til å få gjennomført ein lovmessig gjenfangst og også andre praktiske omstende i tilknytning til dette. På den andre side kan miljøtilhøve og andre samfunnsinteresser tilseie at perioden bør vere kortere enn det som er ønskeleg for den som skal sikre verdiane. Verdien på organismane vil også vere eit moment i totalvurderinga. Kva verdi organismane har, vil til dels avhenge av perioden si avgrensing. Den relevante verdi er den pris som kan bli oppnådd innanfor perioden.
Kompetansen til å bestemme periodens lengde og dei øvrige vilkår i løyvet ligg også her til departementet sitt skjønn etter lova.
Til § 10 Regulering av anna bruk og utnytting av lokalitet og buffersone
Medan § 6 regulerer rettshavaren sin gjenfangstrett, tek denne føresegna sikte på å regulere den alminnelige rett til bruk og utnytting av lokalitet og buffersone. Denne reguleringa vil binde både rettshaveren og andre sin bruk av området. Det som blir fastsett i medhald av denne føresegna er derfor ingen forlenging av gjenfangstretten. Reguleringa tildeler ikkje rettshaveren nokon rett eller plikt utover det som tilkjem eitkvart rettssubjekt.
Det er grunn til å presisere at det må takast omsyn til ei eventuell buffersone ved tildeling av lokalitet når det gjeld arealbruk. Det er likevel ikkje slik at det nødvendigvis vil vere ei buffersone rundt lokaliteten. Dette kan berre fastsetjast dersom det er nødvendig for å sikre gjenfangsten.
Gjenfangstretten kan bli innhaldslaus dersom fiske etter andre artar i gjenfangstområdet hindrer eller vanskeleggjer rettshavaren si verksemd. Dette er grunngjevinga for at det blir gitt heimel til å regulere den alminnelige rett å bruke lokalitet og buffersone. Mulige tiltak kan til dømes vere føresegner om redskapstyper og fiskemåter, eller å avgrense fisket til bestemte tidspunkt på året. Anna bruk og utnytting dekker eit stort spekter av handlinger og kan avgrense til dømes til fangst av andre artar, dykking og ferdsel. Eventuelle avgrensinger eller forbod kan gjelde berre visse varianter av verksemd som til dømes ferdsel med spesielle typer båter, eller spesielle former for dykking. Kva som blir begrensa og på kva måte avhenger av korleis bruken påverkar gjenfangsten. Innføring av eventuelle tiltak må vere nødvendige av omsyn til gjenfangstretten og kan heller ikkje vere meir inngripande enn nødvendig. Det må i vurderinga takast vesentleg omsyn til konkurrerande interesser. Føresegna må sjåast i samanheng med § 3, slik at løyve ikkje blir gitt dersom det viser seg at begrensingane på anna bruk og utnytting blir uforholdsmessig store.
Kompetansen til å fastsette begrensinger og forbod i buffersona er den samme som for lokaliteten. I buffersona vil det normalt vere eit svakare behov for regulering enn i lokaliteten, og reguleringsregimet vil følgelig bli mildere.
Paragraf 10 andre ledd presiserer at fiske i lokaliteten og buffersona blir regulert uavhengig av saltvannsfiskelova.
Til § 11 Skjønn
Krav om erstatning for inngrep i allemannsretten skal avgjerast ved skjønn. Denne prosessforma er valt av omsyn til å få avgjort tvister mellom utøver av allemannsrett og konsesjonær på ein effektiv og billeg måte. For sjølve saksgangen i skjønnsprosessen gjeld lov om skjønn og eksropriasjonssaker av 1. juni 1917.
Føresetnaden for å få erstatning er at allemannsretten har erstatningsrettsleg vern etter «alminnelege rettsgrunnsetninger». Vilkåra for erstattning er utvikla gjennom rettspraksis. Praksisen stiller relativt strenge krav for at eit inngrep i utøvinga av den alminnelige handlefridom, eller allemannsretten skal ha eit erstatningsrettslig vern. Regelen er snever og vil berre i sjeldne unntakstilfeller gi erstatning. I Rt. 1985 side 247 blir praksis oppsummert med spesiell henvisning til Rt. 1969 side 1220 og Rt. 1962 side 163, på denne måten:
«Slik jeg forstår de to avgjørelser og den øvrige praksis, må bruksutøvelsen til en viss grad ha vært eksklusiv og i tillegg ha vært av vesentlig økonomisk betydning for bruksutøverne dersom det skal tilkjennes erstatning for tap som påføres ved at fortsatt bruk hindres eller vanskeliggjøres...»
I dommen av 1985 gjaldt saka krav om erstatning for inngrep i allemannsrett etter at vasskraft utbygging førte til auka isdanning i Kåfjorden med den følge at fjordfisket etter torsk vart vanskeleggjort. Retten tilkjente erstatning utfrå ovanfornemde vilkår og la særskilt vekt på at fisket var drive av ein begrensa krins av personar innafor eit sterkt geografisk avgrensa område av liten utstrekning. Fisket hadde langt på vei ein eksklusiv karakter og vart respektert utad som næringsdrift. Det var dessutan av vesentlig betydning for å oppretthalde etablering og busetnad i eit næringssvakt område. Dersom fjordfisket skulle opphøre ville næringsgrunnlaget i fjorden bli vesentlig svekka.
9.3 Kapittel III. Gjennomføring av lova og vedtak i medhald av lova
Til § 12 Opplysingsplikt
Søker eller innehaver av løyve har opplysingsplikt både under behandling av søknad, under drift og ved opphør av verksemda. I søknadsfasen plikter søker eller innehaver av løyve å opplyse saka så godt som mulig før avgjerd blir treft. Det kan også krevast at dei foretek dei undersøkingar som forvaltninga finn nødvendige for å styrke beslutningsgrunnlaget.
Opplysingsplikta omfatter alle forhold i samanheng med drifta som blir regulert av lova og føresegner gitt i medhald av lova. Særleg sentralt vil miljøkonsekvensane av drifta vere. Ein vil her kunne pålegge rettshaveren å foreta løpande undersøkingar av tilhøva ved drifta for å sikre at dei er i samsvar med gjeldande driftsvilkår og at det ikkje ligg føre bortfallsgrunn. Det er rettshaveren som har ansvaret for at styresmaktene får dei nødvendige opplysingar for å kunne vere trygg på at verksemda blir driven i samsvar med lova og føresegner gitt i medhald av denne. Nærare regulering av opplysings- og undersøkingsplikta blir gitt i løyvet, eller ved forskrift etter § 18.
Søker eller innehaver av løyve plikter også å opplyse om tilhøve som er av betydning for forvaltninga sine kontrolloppgåver. Dette er eit viktig ledd i oppfølginga av internkontrollen (sjå merknadane til § 18). I praksis vil driftsleiar eller ansvarshavande på staden oppfylle opplysingsplikta. Opplysingar kan vidare krevast av andre som leverer tenester og varer til rettshavaren som til dømes veterinær og produsent av organismar til utsetting. Til sistemnde kategori er det krav om at det må foreligge «særlege grunnar».
Det kan krevast opplysingar om alle tilhøve som er relevante for tildeling av løyve og for tilsynet med drifta. Opplysingsplikta er begrensa til «nødvendige» opplysingar. Dette er ei presisering av det som følger av alminnelige krav til sakligheit og er ikkje meint å vere ei skjerping av dette kravet.
Til § 13 Tilsyn
Føresegna gir ansvarleg tilsynsorgan adgang til eitkvart anlegg og område med tilknytning til havbeiteverksemd.
Ein må forstå omgrepet «tilknytning» slik at det ikkje berre er anlegg og områder som blir brukt direkte i havbeiteverksemd som er omfatta av føresegna. Føresegna gir adgang til all verksemd som har betydning for etablering, drift (inkludert utsetting og gjenfangst) og avvikling av havbeiteverksemd. Dette vil inkludere mellom anna klekkeri- og yngelanlegg, utstyrsleverandørar og fôrprodusenter. Føresegna må imidlertid avgrensast sakleg til å gjelde ovanfor verksemder i den grad desse faktisk leverar varer og tjenester som har betydning for havbeiteverksemda som sådan. Normal foretningsdrift, uavhengig av havbeiteverksemda si eigenart, vil som eit utgangspunkt ikkje tilfredstille kravet om tilknyting og fell utanfor føresegna sitt anvendingsområde.
Retten til å foreta inspeksjonar er vidare uavhengig av om anlegget er eigd av ein som innehar eit havbeiteløyve og om anlegget produserar til havbeite utan å ha særskilt tilknytting til noko bestemt havbeiteprosjekt.
Formuleringa «har adgang» inneheld ei plikt til medvirkning fra verksemd som har tilknyting til havbeite. Plikta består i å yte nødvendig bistand slik at tilsynsorganet kan utføre dei oppgåver det er pålagt etter lova.
Adgangen skal sikre at vedkommande tilsynsorgan skal kunne foreta de undersøkingar som er nødvendige for å utføre sine oppgåver etter lova. Tilsynsorganet må mellom anna bli gitt adgang for å se at tilstekkelege miljømessige omsyn takast, at vilkår sett i havbeiteløyve blir held og at reglar om internkontroll gitt med hjemmel i lovforslaget sin § 18 blir etterlevd.
Hva som reknast som nødvendige undersøkingar kviler på ei konkret vurdering, hvor ein må sjå oppgåva som tilsynsorganet søker oppfyldt i høve til dei aktuelle undersøkingar er relevante for å oppnå dette.
Til § 14 Tvangsmulkt
Første ledd gir departementet heimel til å gi forskrift om tvangsmulkt for å sikre at føresegner i lova eller vedtak treft i medhold av lova blir gjennomført. Formålet med å ileggje tvangsmulkt er å rette opp eller avslutte ulovlege forhold. Dersom eit ulovleg forhold rettast på innan den frist som blir gitt for dette, eventuelt at ein unnlatar å etablere det ulovlege forholdet, har tvangsmulkta virka etter si hensikt.
Tvangsmulkt vil gi høve til å oppfylle alle lovlege vedtak etter havbeitelova. «Vedtak» omfattar forskrifter og enkeltvedtak som er gitt med heimel i lova. Vilkår i løyvet er ein del av eit vedtak.
Tvangsmulkta er knytta til eit pålegg til innehaver av løyve om å drive verksemda si innanfor rammene lova oppstillar. Tvangsmulkt kan imidlertid som eit utgangspunkt ileggast einkvar som er ansvarleg for brot på føresegner i eller i medhald av lova. Er brotet skjedd på vegne av eit selskap eller foretak kan tvangsmulkten ileggast selskapet som sådan.
Tvangsmulkt er eit administrativt ilagt gebyr og ikkje straff i rettsleg forstand. Tvangsmulkt skil seg fra straff på fleire måtar. For det første må tvangsmulkt bli fastsett på førehand, mens straff blir fastsett når eit ulovleg forhold inntrer. Ilegging av straff forutsett normalt at subjektiv skuld ligg føre. Plikta til å betale tvangsmulkt er ikkje avhengig av subjektiv skuld, men kan utløysast av eit objektivt ulovleg forhold.
Føresegna angir ikkje tvangsmulkta si størrelse, men departementet kan gi nærare rammer for dette. Mulkta må settast så høgt at føresegna virker etter si hensikt, dvs. henholdsvis forhindre at eit ulovleg forhold inntrer og eventuelt retting av eit ulovleg forhold. Normalt bør beløpa vere så store at dei vil overskride den gevinst som den ansvarlege kan pårekne, dersom han ikkje rettar seg etter pålegget.
Etter andre ledd, første punktum byrjar mulkta fyrst å løpe om den ansvarlege oversitt fristen for retting av forholdet. Utgangspunktet her er at det i pålegget om retting blir gitt ein frist. Blir denne overhalden, vil tvangsmulkta ikkje byrje å løpe. Målet med tvangsmulkta vil såleis vere oppnådd. Ved fastsetting av frister vil ein måtte ta omsyn til spesielle forhold som tilseiar forlenging eller forkorting av fristen. Hvis det er umogleg for den ansvarlege å rette på forholdet innan den frist som er gitt, og ein ikkje kan klandre den ansvarlege for dette, kan ein fråfalle kravet om tvangsmulkt, jfr. tredje ledd.
Andre ledd, andre punktum bestemmer at tvangsmulkt også kan bli fastsett på førehand og at den løper frå eit eventuelt ulovleg forhold ligg føre. Føresegna gir heimel til å ta inn klausul om tvangsmulkt knytta til vilkår i løyvet. Om ikkje vilkåret blir overheldt vil den fastsatte tvangsmulkta byrje å løpe frå tidspunktet for det ulovlege forholdet.
Andre ledd, tredje punktum gir to alternativer til hvordan tvangsmulkta forfell. Etter fyrste alternativ vil den kunne løpe så lenge det ulovlege forholdet varer. Mulkta kan fastsettast som eit beløp pr. dag (dagmulkt), eller den kan knyttast til andre tidseinheter. Lovteksten inneheld ingen grense for hvor lenge mulkta kan påløpe. Den instans som har ilagt mulkta må løpende vurdere situasjonen. Under normale høve bør det settast ein siste frist for retting av det ulovlege forholdet. Etter andre alternativ forfell mulkta for kvart brot. Dette tar sikte på dei situasjonar hvor det ulovlege forhold er ein enkeltståande handling.
Tredje ledd, første punktum gir kravet om tvangsmulkt tvangsgrunnlag, jfr. tvangsfyllbyrdeslesloven § 3 pkt. 5.
Etter tredje ledd, siste punktum kan departementet heilt eller delvis ettergi krav om tvangsmulkt. Adgangen skal sikre at departementet ikkje plikter å krevje inn mulkt i tilfeller der brotet skuldast tilhøve utanfor overtreder sin kontroll, eller dersom innkrevjinga vil virke urimelig utfrå omsynet til verksemda, sjølve overtredinga og omstenda for øvrig.
Til § 15 Iverksetting
Første ledd, første punktum, bestemmer at om vilkår i løyvet eller pålegg gitt i medhold av lova blir brotne, kan styresmaktene sørge for iverksetting på den ansvarlege si rekning. Føresegna innebær at ein kan iverksette alle lovlege vedtak om pålegg etter lova
Formålet med føresegna er å gi styresmaktene ei adgang til å treffe nødvendige tiltak når den ansvarlege ikkje handlar sjølv. Føresegna skal sikre gjennomføring av gitte påbud. Eksempler på tilfeller der det vil vere aktuelt for styresmaktene å gjennomføre tiltak på den ansvarlege si rekning kan vere der den ansvarlege sin økonomiske situasjon er av ein slik art at tvangsmulkt ikkje virker etter si hensikt, eller arten av overtreding gjør at ein ikkje bør vente å se om den ansvarlege gjør det han er pliktig til. Eksempel på det første vil vere insolvens, og det andre at det ulovlege forholdet kan ha ein skadeleg effekt til døme på miljøet om ein nyttar tvangsmulkt først.
Omgrepet «den ansvarlege» omfattar så vel fysiske som juridiske personar. Vidare omfattar det einkvar overtreder, og ikkje berre innehaver av havbeiteløyvet. Føresegna vil særleg vere aktuell å nytte ovenfor innehaver av løyvet i forhold til gjenfangst, i situasjoner der innehaver av løyver ikkje vil eller ikkje evner å oppfylle gjenfangstplikta. Det vil imidlertid kunne vere aktuelt å nytte føresegna overfor andre, til dømes i situasjoner hvor plassering eller fjerning av konstruksjoner vil effektivisere gjenfangsten, eller for opprydding av verksemd utan løyve.
Styresmaktene kan sjølv foreta det nødvendige arbeid, eller overlate arbeidet til andre, herunder engasjere private. Om nødvendig kan politiet si hjelp bli krevd for å sikre gjennomføring av pålegget. Ein anser politiet for å ha ei generell plikt til å bistå andre forvaltningsorgan med gjennomføring av lovlege vedtak.
Styresmaktene må vurdere kva tiltak som er nødvendige for å bringe det ulovlege forhold til opphør. Tiltaka må ikkje vere av meir inngripande art eller vere meir omfattande enn det som er nødvendig for å nå det aktuelle målet. Ei side ved dette er at utgiftane som tiltaka førar med seg ikkje må vere urimelige høge. Ein må imidlertid ta hensyn til om den aktuelle situasjon styresmaktene har iverksatt tiltak ovanfor, som gjer at ein ikkje kan forvente at ein tar seg tid til å innhente anbud slik som den ansvarlege sjølv ville ha gjort.
Første ledd, siste punktum gir tvangsgrunnlag for utgifter som følger av iverksettinga, jfr. tvangsfullbyrdingslova § 3 nr. 5. Renter og utenomrettslege inndrivingskostnadar har ein også tvangsgrunnlag for, jf. tvangsfullbyrdingslova § 7- 2 e.
Andre ledd gir styresmaktene høve til å iverksette tiltak uten at pålegg er gitt, om det er nødvendig å iverksette tiltak straks. I særskilte tilfeller kan det vere nødvendig å iverksette tiltak raskt. Dette vil særleg vere forhold som har akutte miljømessige konsekvensar som gjer at ein ikkje vil oppnå den ønska effekten dersom ein må gå vegen om pålegg først. Det kan også vere spesielle tilfeller der ein risikerer å ødelegge resultatet av tiltaket dersom ein varslar om dette på førehand.
Til § 16 Inndraging
I første ledd blir det bestemt at uberettiga vinning som skriv seg frå ulovleg verksemd kan inndragast. Inndraging er ikkje straff, men ein administrativ reaksjon utan krav til subjektiv skuld. Det er derfor tilstrekkelig etter lova at det ligg føre eit objektivt rettsbrott.
Heimelen her er eit alternativ til adgangen etter straffelova § 34, dersom vinninga er oppnådd ved ei straffbar handling. Formålet med reguleringa er at den som bryt føresegner gitt i eller i medhald av havbeitelova ikkje bør få rett til overskottet av handlinga sjølv om det ikkje er utvist subjektiv skuld. Føresegna går dermed lenger enn straffelova § 34.
«Vinning» er ein nettostorleik som viser seg ved at utgifter med tilstrekkelig samanheng med overtredinga skal trekkast frå bruttoinntekta som er oppnådd ved overtredinga. Berekninga tek utgangspunkt i den faktiske verdi som er oppnådd ved den rettsstridige handlinga/ unnlatinga og kan dermed ikkje settast høgare enn forskjellen mellom brutto fortjeneste og relevante utgifter.
Kva utgifter som kan trekkast frå kviler på ei konkret vurdering av det enkelte tilfellet der ein legg vesentlig vekt på at det heller ikkje på utgiftssida skal oppstå ei vinning i kraft av rettsbrottet. Eksempel på dette vil typisk vere ei innsparing av utgifter i den øvrige verksemda eller utgifter i som har kome i forkant av den rettsstridige handlinga. Ein skal ikkje bli betre stilt dersom ein fullfører overtredinga enn når ein avstår frå dette.
I dei tilfeller ein kan slå fast at lovbrottet har gitt ei inntekt, men utan at denne kan godtgjerast konkret, gir føresegna adgang til å berekne eit sannsynleg beløp tilsvarande vinninga. Dette er grunna i at den som har inntekt på ulovleg verksemd heller ikkje i disse tilfella bør ha krav på å tene på lovbrottet, samtidig som det blir lettare å forvalte føresegna. Omsynet til overtredaren sin rettstryggleik er likevel tatt vare på gjennom kravet om sannsyn og at kravet kan prøvast i rettssystemet. Det framkjem av andre ledd at domstolane kan prøve alle sider ved vedtaket.
Til § 17 Gebyr
Departementet kan med heimel i denne føresegna kreve gebyr for behandling av søknader om konsesjon. Grunngjevinga for dette er at tildeling av løyve gir rettshavaren ein eksklusiv rett på bekostning av andre interesser, utan vederlag. Det er derfor rimelig at søkeren betaler styresmaktene sine kostnader ved behandling av søknaden. I tillegg kan det krevast gebyr for styresmaktene sine kostnader ved utføring av offentlige kontroll- og tilsynsplikter. Bakgrunnen for dette er langt på vei den samme som for ovanfornemnde, då disse oppgåvene blir utført også i næringa si interesse. Føresegna er eit supplement til forvaltningslova § 27a.
Omgrepet «oppgåver» skal forståast vidt slik at det omfatter mellom anna tenester, behandling av søknad, tilsyn og kontroll som styresmaktene utfører innanfor lova sitt virkeområde.
Gebyra kan standardiserast og treng ikkje å bli fastsett utfrå utgiftene knytta til den enkelte kontroll eller søknad. Til dømes vil eit standardisert årleg gebyr for kontroll som omfatter kostnadar ved kontroll av innsendt dokumentasjon og kostnader ved stikkprøvekontroll ved den enkelte verksemd, bli å betrakte som gebyr for «oppgåver som blir utført av offentlige styresmakter innanfor lova sitt virkeområde».
Satsane for gebyra skal i utgangspunktet settast slik at gebyra samla ikkje overskrider styresmaktene sine kostnader med dei oppgåvene som blir utført. Som kostnader reknar ein ikkje berre dei direkte utgiftene, men også dei indirekte administrative kostnadane.
Plikta til å betale gebyr vil kvile på den som driv verksemd som blir omfatta av lova. Føresegna er generell og gir adgang til å innføre gebyr også for framtidige oppgåver som ein ikkje er klar over i dag.
Til § 18 Forskrifter
I likskap med oppdrettslova er det for havbeite behov for å kunne regulere etablering og drift av verksemda ved forskrift. Denne føresegna gir såleis heimel til å kunne regulere m.a. hygiene, miljø, tekniske innretninger, eventuelt bruk av fôr og anna behandling, tildeling, saksbehandling, drift og markedsregulering. Slik heimelen er utforma vil den også gi grunnlag for tiltak som er naudsynte for å kunne nå målsettinga med lova under skiftande behov. Den er derfor ikkje berre formulert for dei utfordringart ein ser i dag, men også framtidige eventualitetar som ein ikkje har oversikt over no.
Internkontroll er særkilt nemnt i føresegna som eit eksempel. Krav frå styresmaktene om internkontrollsystem innebærer at verksemda må etablere systematiske tiltak for å sørge for at krava frå styresmaktene blir oppfylt og at verksemda kan dokumentere at slike tiltak er etablert og blir følgt. Ved tilsyn etter internkontrollprinsippet vil inspektøren granske dokumentasjon for å forsikre seg om at det er innført eit tilfredstillande system. Det vil normal også bli gjennomført intervjuer av personar på ulike nivå i verksemda. I tillegg blir det gjort stikkprøver for å sikre at internkontrollsystemet fungerer i praksis og at aktivitetane er i samsvar med dei offentlege krava.
Innføring av internkontroll vil sikre gode rutiner i havbeiteverksemda og bidra til sikker drift og vedlikehald av anlegga. Eit godt internkontrollsystem er eit redskap for leiinga i den daglige drifta, og kan vere med på å auke lønsemda i verksemda. Eit system som trygger etterleving av havbeitelova med forskrifter vil vere i samsvar med rettshavaren sine egne interesser og inngå som ein naturleg del av verksemda sitt kvalitetssikringssystem. Ei rekke av føresegnene i regelverket for havbeite skal bidra til å avgrense/eliminere miljøproblem, herunder spreiing av sjukdom. Eit system som trygger oppfylling av desse føresegnene kan dermed bidra til å redusere belastninga på det ytre miljø.
Føresegna vil saman med dei øvrige reguleringane i lova, og særskilt §§ 1, 10 og 12, gi heimel for å kunne kreve omfattande undersøkingar av verksemda si miljømessige bæreevne. Dette kan skje før verksemda er komen i drift og seinare under drifta. Videre kan det bli stilt krav til kva undersøkingar som må gjerast og korleis disse skal utførast. Krava til undersøkinga kan variere mellom anna etter tilhøva på den enkelte lokalitet.
9.4 Kapittel IV. Straff
Til § 19 Straffansvar
Første ledd, første punktum, gjer det straffbart å opptre i strid med føresegner og vilkår fastsett i eller i medhold av lova. Ein har presisert at brot på vilkår også er straffbart. Dette klargjer at brot på vilkår som til dømes er fastsett i løyvet, omfattast av straffebodet.
Straffebodet rettar seg mot einkvar, ikkje berre innehavar av løyvet. Straffebodet vil såleis kunne ramme tredje person som fisker i strid med den eksklusive gjenfangstretten. Det kan vidare også vere aktuelt med ansvar for foretak dersom straffebodet blir overtrådt av nokon som handler på vegne av foretaket, sjølv om ingen enkeltpersonar kan straffast. Når det gjelder straff av foretak får straffelova sine alminnelege reglar om ansvar for foretak anvendelse, jfr. straffeloven §§ 48 a og 48 b.
Skuldkravet er forsett eller aktløyse.
Første ledd, andre punktum gjer førsøk og medvirkning like straffverdig som den fullbyrda handling.
Av første og andre ledd fremgår det at straffereaksjonane er bøter og fengsel inntil 1 år, og under særleg skjerpande høve, fengsel inntil 2 år. Med særleg skjerpande høve i andre ledd meiner ein blant anna brot som har medført omfattande skade på miljøet, eller der det var stort sannsyn for omfattande skadeverknadar. Brot på føresegner i eller i medhold av lova som kan reknast som alvorleg miljøkriminalitet, vil også kunne bli ramma av den strengare føresegna i straffelova sin § 152 b, generalklausulen om miljøkriminalitet. Brot på føresegna i eller i medhold av lova kan vere motivert ut fra ønske om ei uberettiga økonomisk vinning. Det vil også kunne vere særleg skjerpande om ein i stort omfang, eller ved gjentatte brot har omgått føresegner med sikte på vesentlig økonomisk vinning for ein sjølv eller andre.
Føresegna om straffansvar i § 16 er delt i to alvorsgrader. Skillet er mellom anna grunngjeve i at påtalespørsmålet bør kunne løysast ved førelegg ved brot av mindre alvorlig karakter.
Både etter første og andre ledd kan bøtestraff nyttast alene eller i kombinasjon med fengselsstraff. Fengselsstraff vil bare vere aktuelt i unntakstilfella. Bot vil vere den mest aktuelle straffa. Størrelsen på boten bør fastsetast i forhold til mulig gevinst ved brotet, eventuell fare for skadeverknader, eller omfanget av skadeverknaden.
Påtalen er offentleg, jfr. straffeloven § 77, og er derfor ikkje avhengig av ei begjæring frå nokon fornærma. Som fornærma reknast den som har eller representerar ei interesse som er blitt vesentleg krenka ved brotet.