2 Tildelingspolitikk
Havbeite opnar for ei meir effektiv utnytting av kystsona ved bruk av multikultur. Dette kan til dømes vere aktuelt med hummer og blåskjell, men også andre kombinasjonar kan vere interessante.
Ettersom havbeite er ei næring i startfasen, er det ikkje klart kva forventningar ein kan ha til lønsemd og andre samfunnsmessige verknader i byrjinga. Havbeitelova gir anledning til fleire alternative driftsformer og ulike kombinasjoner av disse, enn dagens oppdrettslov. Det antas derfor at havbeitelova vil auke potensialet for lønsemd i havbruksnæringa. På grunn av manglande rettslige rammer har interessa til å investere i denne næringa vore liten, men med dette forslaget blir det lagt til rette for ei ny satsing.
Departementet vil legge opp til ei forsiktig utvikling av næringa for å skaffe seg nødvendig erfaring i forhold til den vidare næringsutviklinga. Kunnskapen om miljømessige konsekvensar må byggast opp. Næringsutøvarane må også kunne drive økonomisk forsvarleg. Økonomi og miljø vil derfor vere dei to mest sentrale parameter ved forvaltninga av næringa. Det må sørgast for at utviklinga ikkje går raskare enn at ein i prosessen har den nødvendige oversikt over miljø-konsekvensane. Havbeitenæringa vil vekse forsiktig og utvikle seg i takt med aukande kunnskap om miljøtilhøva. Ei større oppskalering må også skje på bakgrunn av marknadsforholda og produksjonskapasiteten i næringa. I første omgang vil dette få betydning for tildeling av løyve.
Tildeling bør følgeleg bygge på eit prinsipp om varsemd, slik at ein har ein forsvarleg oversikt over miljø- og samfunnsmessige konsekvensar før havbeiteverksemd får løyve til etablering og drift. Spesielt vil dette gjelde ved spørsmål om etablering i verna områder i medhald av naturvernlova, eller i dei tilfeller havbeite vil komme i konflikt med konkurrerande interesser, og då særleg allemannsretten.
Den praktiske framgangsmåten ved tildeling av løyve vil bli nærare bestemt i forskrift. Havbeite er i første omgang mest aktuelt for kamskjell og hummer, og i disse næringane er det skissert planar for korleis ein skal kome i gang med prosjekt med siktemål å skape ei levedyktig, kommersiell næring. Det kan i den samanheng bli aktuelt å vurdere ein forsøksmodell med kombinert offentleg og privat finansiering i eit avgrensa tidsrom. Dette kan enten skje gjennom ei særskild ordning tilknytta eit bestemt prosjekt, eller ved kanalisering av midler innan dei eksisterande ordningar.