Ot.prp. nr. 87 (2005)

Om lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m.

Til innholdsfortegnelse

1 Innleiing og samandrag

Ved behandlinga av St.meld. nr. 40 (2002–2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer gjorde Stortinget dette vedtaket:

”Stortinget ber regjeringa kome attende til Stortinget med eit forslag om lovfesting av kommunale råd for menneske med nedsett funksjonsevne i løpet av 2004.”

Jf. Innst. S. nr. 162 (2002–2003).

I denne proposisjonen legg regjeringa fram sitt lovforslag.

Formålet med lova er at menneske med nedsett funksjonsevne skal sikrast open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne. Dette gjeld mellom anna tilkomst 1 , arbeid mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne og tenester for menneske med nedsett funksjonsevne.

Regjeringa meiner at normalordninga bør vere at alle kommunar og fylkeskommunar har råd for menneske med nedsett funksjonsevne. I tråd med ei samrøystes fråsegn frå Stortingets sosialkomite om at kommunane bør stå fritt til sjølve å velje organisasjonsform, blir det likevel foreslått at kommunane og fylkeskommunane får høve til å organisere andre representasjonsordningar for menneske med nedsett funksjonsevne i staden for råd. Kommunane skal også ha høve til å velje interkommunale ordningar. Vidare skal det vere høve til å ha felles ordningar for menneske med nedsett funksjonsevne og eldre.

Lova kan føre til at kommunane og fylkeskommunane får nokre meirutgifter til råda. Regjeringa tek sikte på at kommunesektoren skal få kompensasjon for meirutgifter på grunn av lova. Kompensasjonsbeløpet vil bli lagt inn i rammetilskotet til kommunane. Regjeringa vil leggje fram forslaget sitt i Kommuneproposisjonen for 2008, i samband med at lova blir sett i verk.

Regjeringa foreslår at lova skal ta til å gjelde frå neste kommunestyreperiode, altså etter kommunevalet i 2007.

Fotnoter

1.

Bokmål: tilgjengelighet