7 Bør alternative ordningar kallast «brukarrepresentasjonsordningar» eller «representasjonsordningar»? (§ 2 i lovforslaget)
Forslag i høyringsnotatet
Departementet vurderte i høyringsnotatet om alternative ordningar bør kallast ” brukar representasjonsordningar” eller ”representasjonsordningar”. I ei drøfting med organisasjonane og råda blei det framheva at nemninga «brukar» blir oppfatta som innskrenkande, ho indikerer at personen blir oppfatta som ein klient eller kunde for kommunale tenester og ikkje som ein fullverdig borgar. Det er i så fall i strid med den politiske tenkinga dei seinare åra, jf. at utgreiinga frå Manneråkutvalet, NOU 2001:22, fekk tittelen «Fra bruker til borger». Departementet har derfor valt å bruke nemninga «representasjonsordningar».
Vurderingar frå høyringsinstansane
Spørsmålet blir lite kommentert i høyringsfråsegnene.
Departementet sine vurderingar
Departementet held fast ved at alternative ordningar bør kallast ”representasjonsordningar”.