4 Bør råd eller anna representasjonsordning lovfestast?
Forslag i høyringsnotatet
Høyringsnotatet tok utgangspunkt i at Stortinget har bede regjeringa om å leggje fram eit lovforslag, og at det er brei semje om at brukarmedverknad for menneske med nedsett funksjonsevne bør lovfestast. Det vil også vere i tråd med FNs standardreglar for like vilkår for funksjonshemma og dei forslaga som ligg føre til konvensjon om rettane til funksjonshemma.
Vurderingar frå høyringsinstansane
I høyringsbrevet bad departementet ikkje spesielt om synspunkt på lovfesting. Høyringsfråsegnene frå organisasjonane til dei funksjonshemma gir likevel brei støtte til lovfesting. Det same gjeld Statens råd for funksjonshemma og Statens seniorråd .
KS meiner at lovbestemte råd eller andre lovbestemte ordningar for brukarrepresentasjon i kommunane/fylkeskommunane bryt med prinsippa i kommunelova om at kommunane og fylkeskommunane sjølve er ansvarlege for å organisere si eiga forvaltning – med folkestyre og som folkevalde organ i høve til føresegnene i kommunelova. Lovbestemte råd vil vere særleg vanskeleg å innpasse for kommunar og fylkeskommunar med parlamentarisk styringsstruktur. På den andre sida har somme kommunar gitt politisk vedtekne høyringsfråsegner der dei seier eksplisitt at dei ønskjer lovfesting. Det gjeld mellom anna Oslo. 7 av 14 fylkeskommunar seier at dei ønskjer ei lovfesting.
Departementet sine vurderingar
Departementet forstår den prinsipielle motstanden frå KS mot lovregulering av råd eller brukarrepresentasjon, men legg til grunn at Stortinget har bede om at det blir lagt fram eit lovforslag, og at det også elles er brei semje om lovregulering.