6 Bør kommunane og fylkeskommunane kunne velje kva slags ordning dei vil ha – råd eller anna formalisert representasjonsordning? (§ 2 i lovforslaget)
Forslag i høyringsnotatet
Forslaget i høyringsnotatet tok utgangspunkt i at fleirtalet i sosialkomiteen på Stortinget klart uttalte at råd er den beste løysinga for brukarmedverknad, og at Stortinget vedtok å be regjeringa om å fremje forslag til lovfesting av kommunale råd for menneske med nedsett funksjonsevne.
På denne bakgrunn meinte departementet at den normale løysinga bør vere at kommunestyra og fylkestinga opprettar råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Tilrådingane i rundskriv I-42/99 frå Sosialdepartementet bør brukast som utgangspunkt for kommunane sine vurderingar av samansetjing, mandat, arbeidsoppgåver og administrativ tilknyting. 1
Departementet viste også til at ein samla sosialkomité uttalte at han støttar at kommunane fritt kan få velje korleis brukarrepresentasjonen skal organiserast, slik at resultatet blir best mogleg for alle grupper. Dette er i tråd med det alminnelege prinsippet i kommunelova om at kommunane og fylkeskommunane sjølve er ansvarlege for å organisere forvaltninga si på den mest formålstenlege måten.
I høyringsnotatet heitte det vidare at ein føresetnad for eit velfungerande kommunalt råd er aktive brukarorganisasjonar. Det kan vere problematisk i små kommunar. FFO har derfor teke til orde for at råd berre skal vere obligatoriske i kommunar med over 3500 innbyggjarar.
Departementet skreiv vidare at det har vurdert om høvet til å velje andre løysingar enn råd bør regulerast nærmare i lova. Det gjeld også høvet til å velje interkommunale råd.
Å knyte plikta til å ha råd til folketalet i kommunen verkar lite formålstenleg så lenge det underliggjande omsynet er om kommunen har aktive brukarorganisasjonar som er rimeleg representative for menneske med nedsett funksjonsevne. Også kommunar med meir enn 3500 innbyggjarar kan kome i ein situasjon der det ikkje er brukarorganisasjonar som gir det nødvendige grunnlaget for å opprette eit råd. Tilsvarande gjeld for høvet til å ha interkommunale råd.
Departementet fann det derfor ikkje formålstenleg å presisere i lovteksten kva for kriterium som skal liggje til grunn for at kommunen skal vere forplikta til å opprette råd eller kan velje ei anna form for brukarmedverknad.
Ei nærmare regulering av høvet til å velje andre medverknadsformer enn råd ville også, slik departementet såg det, vere i strid med merknaden frå sosialkomiteen om at komiteen støttar at kommunane skal stå fritt til å velje korleis brukarrepresentasjonen skal organiserast, slik at resultatet blir best mogleg for alle grupper.
Hovudsaka må vere at lova forpliktar kommunen til å vedta ei ordning som skal medverke til å oppfylle formålet med lova, som er at menneske med nedsett funksjonsevne skal sikrast open, brei og tilgjengeleg medverknad i saker som er særleg viktige for dei. Ein må kome fram til ei ordning som gjer at menneske med nedsett funksjonsevne blir høyrde og tekne med på råd. Om denne ordninga blir utforma som eit råd eller på ein annan måte, er ikkje det avgjerande. Men departementet minte om at erfaringane med råd hovudsakleg er gode ifølgje evalueringsrapporten 2 . Departementet rekna derfor med at det normale vil vere at kommunane vel denne løysinga.
Lovutkastet i høyringsnotatet la på denne bakgrunn opp til at kommunane skal stå fritt til å velje ei anna løysing enn den typen råd som er tilrådd i rundskrivet frå Sosialdepartementet.
Vurderingar frå høyringsinstansane
Spørsmålet i høyringsbrevet var: « Bør kommunane og fylkeskmomunane kunne velje om dei vil ha råd eller ei anna formalisert representasjonsordning? »
KS er for valfridom. Nokre kommunar seier at dei har andre ordningar enn råd. Ein del kommunar har gjort politiske vedtak om at råd bør vere obligatorisk. Det gjeld mellom anna Lørenskog, Bergen og Oslo . Dei andre fylkeskommunane som har uttalt seg, ønskjer valfridom.
Både FFO og eit klart fleirtal av dei organisasjonane som har uttalt seg , meiner at råd bør vere obligatorisk. FFO skriv:
”Lovteksten må vere tydlegare på at eigne kommunale råd for funksjonshemma er regelen, men at det kan opnast for interkommunale råd eller andre representasjonsordningar i mindre kommunar.”
Dei fylkesmennene som uttaler seg , er for valfridom.
Statens råd for funksjonshemma (SRFF) uttaler:
”Statens råd for funksjonshemmede mener at et politisk valgt råd ikke bare gir en mer ryddig struktur for medvirkning, men er mer forpliktende for kommunene og fylkeskommunene enn uformelle representasjonsordninger. (...)
Statens råd for funksjonshemmede anbefaler ikke at loven åpner for at kommunene kan velge en annen representasjonsform hvis kommunen ønsker det. Rådet frykter at dette vil svekke lovens intensjon om åpen, bred og tilgjengelig medvirkning.
SRFF ser imidlertid at det i noen kommuner kan være et problem at det ikke er lokallag av funksjonshemmedes organisasjoner. Kommuner som ikke har noe lokallag av funksjonshemmedes organisasjoner, kan eventuelt henvende seg til fylkeskommunens råd eller funksjonshemmedes organisasjoner på fylkesnivå for å få forslag til personer som kan representere funksjonshemmede i kommunens råd.”
Det er berre éin høyringsinstans som foreslår ei konkret avgrensing av plikta til å ha råd: Trafikk- og Ulykkesskaddes Landsforbund
”er enig i det FFO har tatt til orde for, at "Råd bare skal være obligatorisk i kommuner med over 3500 innbyggere".”
FFO tek ikkje sjølv opp att dette forslaget.
Departementet sine vurderingar
Departementet kan ikkje sjå at det i høyringsrunden har kome fram synspunkt som tilseier eit anna standpunkt enn det departementet gav uttrykk for i høyringsnotatet. Sjølv om mellom andre FFO vil opne for at små kommunar som ei unntaksordning bør kunne velje andre løysingar, ligg det ikkje føre noko forslag til unntaksreglar som har særleg mykje støtte. Lovforslaget legg på denne bakgrunn opp til at kommunane skal kunne velje ei anna løysing enn den typen råd som er tilrådd i rundskrivet frå Sosialdepartementet, utan at dette blir regulert nærmare i lova. Men departementet understrekar at det skal vere ei formalisert ordning. Kommunestyret må altså fastsetje vedtekter for ordninga.
Fotnoter
Både dette rundskrivet og departementet sitt rundskriv om eldreråd (der også eldrerådslova er teken inn) var vedlagt høyringsnotatet. Rundskriv I-42/99 om råd for funksjonshemma kan ein finne på h ttp://odin.dep.no/asd/norsk/dok/andre_dok/rundskriv/030081-990009/dok-bn.html. Rundskriv I-26/98 om eldreråd kan ein finne på h ttp://odin.dep.no/asd/norsk/dok/andre_dok/rundskriv/030005-990664/dok-bn.html
”Å ivareta underrepresenterte hensyn. Eldreråd og råd for funksjonshemmede i kommuner og fylker.” Tone Alm Andreassen, Arbeidsforskningsinstituttet, Oslo august 2001.