13 Økonomiske og administrative konsekvensar
Lova kan føre til at kommunane og fylkeskommunane får nokre meirutgifter til råda. Regjeringa tek sikte på at kommunesektoren skal få kompensasjon for meirutgifter på grunn av lova. Kompensasjonsbeløpet vil bli lagt inn i rammetilskotet til kommunane, slik det blei gjort for eldrerådslova. Regjeringa vil leggje fram forslaget sitt i Kommuneproposisjonen for 2008, i samband med at lova blir sett i verk. Det vil bli lagt til grunn at kommunane også i dag har visse utgifter i samband med at dei må gjere seg kjende med kva syn ulike innbyggjargrupper har på utforminga av politikken. Utgiftene til råd er derfor til ein viss grad ei vidareføring av utgifter som kommunane alt har.